Myrestølen gnr. 110 bnr. 38
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Myrestølen gnr. 110 bnr. 38-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Myrestølen var heimstøl under Sundremyren fram til Halvor Kitilsplass kjøpte i 1839. Denne handelen vart truleg omgjort før 1840.
    Kring 1841 var ei dotter frå Sundremyren og familien eigar av Myrestølen. Slik var det også i 1865, men då var bonden i Helgelien forpaktar. Frå 1893 har brukar av Myrestølen vore sjølveigar.
    Areal 1865: dyrka jord 2 1/2 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 8 mål. Avling 2 tunner bygg og 2 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 27 mål, anna areal 17 mål, produktiv skog 315 mål, anna utmark 244 mål. Leigd jord 25 mål.
    Våningshus bygt 1989, stugu 1920, eldhus omgjort til kårhus 1947, stabbur, garasje, driftsbygning 1970.
    Stølar. Heimstøler på Torkjellset og Grostøllien, langstøl på Steinstølen. Ein langstøl på Bosset vart fråselt til H. Stange i 1892.

{5495} År: 1788


Lars Jonson Sundremyren f. 1737 selde garden 1788, men held attende Myrestølen. Sjå meir om familien på Sundremyren, gnr. 110/37.
    Sonen Arne Larsson overtok Myrestølen kring 1801. Sjå neste hushald.

{5496} År: 1801c

Arne Larsson Sundremyren Lien 17.07. 1774-1841
G 1800 m Anne Olsdtr. Kaupang/Tufte. G 1837 m Birgit Olsdtr. Noss. Foreldre: Lars Jonson Myrestølen og Guri Olsdtr. ...
Gm Anne Olsdtr. Tufte Sundrelien 1771-1836
Foreldre: Ola ... ... og ... ... ... . Anne var nok frå Hol. Ho er skriven både Kaupang og Tufte. Sysken: Helge Olsdtr. gm Ola ... Gudbrandsgard i Hol (ukjent); Ola Olson ... død i 1836, har dottera Åse; syster NN med dottera Birgit Olsdtr. som er gift og busett i Drammen i fylgje skifte av 16.06.1836
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ola Arneson Sundrelien 01.03. 1801-1829
Ola var soldat. Barn: Mari f. 17. august 1828 med Ingeborg Knutsdtr. Sundrelien.

Arne Myren vart dømt til tukthus-arbeid i 1798. Grunnen var at han hadde reist or tenesta to gonger. Det var for dårleg mat, og Arne reiste. Seinare vart han gåande arbeidslaus og dermed straffa som lausgjengar. Arne fekk sonen Lars (til Skallehaugen) i 1798 saman med Birgit Persdtr. Hefte.
    Arne og Anne gifte seg i 1800. Arne var dagarbeidar og husmann utan jord i 1801, men kom til Myrestølen like etter.
    Arne vart attgift 1837 med Birgit Olsdtr. Men i 1832 fekk Arne sonen Lars saman med tenestjenta. (Lars vitna i 1851, er sidan ikkje spurt.)
    I 1834 var Arne tiltala for blodskam med tenestjenta Ingeborg Knutsdtr. Sandestølen. Bakgrunnen for dette var at Ingeborg hadde hatt barn med den avdøde sonen til Arne, Ola Arneson. Arne og Ingeborg hadde "sammenleie ude på Marken nogle gange." (Ingeborg var dotter til Knut Olson Hestehagen (Skavhølen) Sundrelien.)
    Dette vart rekna som blodskam i det gamle lovverket og båe to vart dømde "at have deres Liv forbrudt" og ilagt 10 spd i bot. Denne strenge domen har nok vorte omgjort.
    Arne Larsson Lien står i husmannsmanntalet 1832-1841.

{5497} År: 1839


Fredrik Richter på Sundremyren selde Myrestølen til Halvor Olson Kitilsplass for 290 spd i 1839. Denne handelen vart truleg omgjort før 1841.

{5498} År: 1841c

Ola Embrikson Kitilsplass Myrestølen 10.02. 1812-1892
Foreldre: Embrik Holgeson Hushaugen (ungkar) og Anne Larsdtr. Kitilsplass.
Gm Ambjørg Jonsdtr. Sundremyren Myrestølen 18.04. 1810-1841
Foreldre: Jon Larsson SundreMyren og Anne Olsdtr. Styrkestad.
Gm Maria Trondsdtr. Myre Richter 20.10. 1793-1876
Foreldre: Trond Syverson Sundre og Margrete Holter Rasch. Født på Nes.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Lars Olson Sundremyren 18.07. 1839-1839
Foreldre: Ola Embrikson Prestelien (ungkar) og Ambjørg Jonsdtr. Sundremyren.

Ola og Ambjørg gifte seg i 1839. Dei fekk ein son som ikkje vaks opp.
    Ambjørg døydde i barselseng i 1841 31 år gamal. Ambjørg overførte heile eiga til mannen før ho gjekk bort, 'på grund af hans Bestandige mod mig udviste ægteskabelige Kjærlighed og Omhue, og kjærlig Omsyn og Pleie.'
    Dette førte til protest frå Fredrik og Anker som var gifte med systrene hennar Ambjørg. Taksten på Myrestølen var 180 spd.
    Ola vart attgift 1848 med lensmanns-enkja Maria Trondsdtr. Sundre Richter. Ingen barn. Med henne fekk han også Richterøyen, gnr. 110/41.
    I 1865 var Ola og Maria sjølveigarar til både Myrestølen og Sundreøyen. Trond Helgeson (Helgelien) var forpaktar og budde der med familien.
    I 1892 selde Ola Embrikson langstølen på Bosset.

{5499} År: 1865c


Trond Helgeson (Helgelien) var forpaktar av Myrestølen og Sundreøyen og budde der med familien i 1865. Sonen Helge overtok gardane i 1893.

{5500} År: 1893

Helge Trondson Helgelien 06.04. 1865-1954
Foreldre: Trond Helgeson Helgelien Myrestølen og Guri Levorsdtr. Kolbotnen.
Gm Guri Nilsdtr. Holto Myrestølen 22.04. 1871-1942
Foreldre: Nils Sveinson nordre Holto og Guri Larsdtr. Leksvol Rime.
*Barn
1. Tolleiv Myrestølen 06.08. 1897-1939
G 1922 m Berta Strømsodd, Sokndalen ....-1989. Barn: Helge 1923-1985 g 1947 m Astrid Langeland, Lillesand (ingen barn).
    Tolleiv var overkonduktør på Sørlandsbanen og budde i Kristiansand.
2. Guri Helgesdtr. Myrestølen Gjøta 05.02. 1900-1986
G 1943 m Torleiv Håkonson Gjøta. Sjå Richterøyen, gnr. 110/41.
3. Nils Myrestølen 21.09. 1902-1984
Ug. Nils hadde Syversteigen, gnr. 127/31 frå 1925 til 1950. Sidan arbeidde han som sveiser på Hokksund. Nils flytte heim att som pensjonist og budde på Evjens. Han brukte vera med i slåttten.
4. Svein Myrestølen 22.06. 1904-1986
G 1928 m Ida Knutsdtr. Høyland. Sjåfør. Sjå eige hushald.
5. Lars Myrestølen 13.05. 1906-1993
G 1947 m Ingeborg Halvorsdtr. Lislegård, Nes. Sjå neste hushald.
6. Birgit Myrestølen Stavehaugen 09.05. 1908-1983
G 1947 m Asle Halvorson Stavehaugen. Sjå Stavejordet.
7. Gunhild Myrestølen 15.11. 1911-1978
Ugift. Hushjelp i Drammen.
8. Kari Myrestølen Bakke 10.01. 1914-1993
G 1937 m Ottar Birting Bakke (frå Hol) til Kana i Hurum 1906-1977. Barn: Grete Marie 1940-1942; Inger Lise 1943- g 1969 m Helge Århus, Skien; Oddveig Karin 1946- g 1969 m Peter Torgersen, Kristiansand; Helge 1948- var gm Sissel Holtedal.
    Ottar var heradsgartnar i Hurum.

Helge og Guri gifte seg i 1897. Helge kjøpte Myrestølen for kr. 600 i 1893. Fyrst hadde han kjøpt Sundreøyen eller Richterøyne, gnr. 110/41 i 1892, ein eigedom som dottera Guri overtok.
    Helge var ein stillfarande arbeidskar. I 1912 fekk han Ny jords Diplom for innsatsen. Helge bygde stugu i 1920.