Sundrebråten gnr. 110 bnr. 44
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sundrebråten gnr. 110 bnr. 44-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bråten var ein plass under nedre Sundre frå gamalt. Ola Knutson nedre Sundre makeskifte ein bråte sunnanfor Sundre til Ola Helgeson i 1698. Ein kjenner ingen husmann her før den tid.
    Bråten eller Sundrebråten lig på flatene ved vestenden av Oppsjø, og grensar mot sør til ei grein av Hallingdalselva (attfyllt?) og mot nord til Minna.
    Presten Ribe bygde nye bygningar i Sundrebråten i 1740-åra: stugu, låven var flytta, ein ny bygning innreidd som storstugu, med mura kjellar, forstugu, spisskammers, og to andre kammers. Det var omnar i bygnaden, og romma var himla. (1141)
    Sist på 1700-talet og fyrst på 1800-talet var her ekserser-plass på flata litt vest for tunet. Det kom av at major Rossing og deretter kaptein Lutzow hadde Bråten etter presten Ribe.
    Det var eigarane av Helgelien som tok seg av jordbruket i Bråten for presten og offiserane. Gjennom 1700-talet vart Bråten brukt saman med Helgelien ('Bråte-lien').
    Areal 1865: dyrka jord 10 1/2 mål, naturleg eng 21 mål. Avling 6 1/2 tunne bygg og 5 tunner potet.
    Vanleg buskap i 1960-åra var 3 kyr, 1 ungdyr og 5 sauer.
    Frådelt: Ål Idrettsplass, bnr 223 i 1938.
    Bråten vart kjøpt som tomt for sentralidrettsanlegget for Ål ('Bråta') kring 1980.

{5530} År: 1751

Hans Tomasson Rossing 1693-1763
Foreldre: Tomas Rossing og ... ..., Ullensaker.
Gm Charlotta Ulrica Holsten Rossing 1700c-
Foreldre: .... Holsten
*Barn
1. Margrete Sophie Rossing 1739-
2. Tomas Christian Hansson Rossing 1741-
Tomas var fenrik.
3. Hermana Christina Hansdtr. Rossing 04.08. 1745-

Kaptein Rosing vart kompanisjef for Øvre Hallingdal i 1740. Han kjøpte Bakketeigen i 1741 på auksjonen etter Asle Bakketeigen.
    Rossing vart etterkvart major og 1751 kjøpte han Bråten etter presten Nils Ribe.
    Rossing vart sekondmajor i 1752. Hjå Rossing budde også løytnantane Richter og Kierstad. Kierstad kjøpte bygnaden i Bråten og ein urtehage for 92 rd.
    I 1771 selde Charlotta Bråten til Helge Eirikson Lien for 180 rd.
    Ei Ingeborg Jonsdtr. Bærensten f. 1679 var inderst hjå Hans Rossing i 1762. Ho gjekk bort 85 år gamal i 1764.

{5531} År: 1771


Helge Eirikson Lien (1709-1789) og familien budde i 'Bråtelien' / Helgelien under Sundre. Han var lagrettemann i 1762.
    Helge kjøpte SundreBråten i 1771 for 180 rd hjå Charlotte Holstein, enkja etter major Rossing. Charlotte tok atterhald om bruksrett på livstid til fylgjande: husvåningen med urtehage, det fremste stabburet, den nye gar-lue (?) det vesle grisehuset og badstugu. For 3 rd skulle Helge stelle kua hennar. (1203) s 10
    Sjå meir om Helge og familien i Helgelien, gnr. 110/35. Sonen Ola overtok både Helgelien og Sundrebråten i 1778.

{5532} År: 1778


Ola Holgeson Helgelien (1751-1805) kjøpte også Bråten i 1778 for 260 rd. Sjå meir om han i Helgelien, gnr. 110/35. Ola dreiv litt handel med vin og brennevin. (1294)
    Ola selde husbygningen i Bråten (inklusive urtehage og to kakkelomnar) til løytnant Kjærstad for 92 rd i 1785.
    I 1800 var Ola i forlikskommisjonen på vegen av sonen Holge. Innklaga var korporal Richter. Saka enda med at Richter skulle rydde Bråten innan faredag 1801 mot å få løysesummen i skøytet justert etter taksering av eigedomen.
    Både Helgelien og Sundrebråten vart selt på auksjon for 1405 rd tilsaman.

{5533} År: 1806


Holge Olson Helgelien (1789-1868) fekk auksjonsskøyte også på Sundrebråten i 1806. Sjå meir om han i Helgelien, gnr. 110/35.

{5534} År: 1815

Bernt Ditlev Lutzow 1771-1819
Foreldre: .... Lutzow (ein kjent offisers-familie).
Gm Maren Ovesdtr. Holst Lutzow 1761-1827
Foreldre: Ove eller ... Ovesen og ... ... ... .

Lutzow var pensjonert kaptein då han kjøpte Sundrebråten i 1815. Han hadde gjort tenest i både Øvre og Ytre Hallingdalske kompani frå 1802, og fekk avskjed i nåde 1814.
    Lutzow gifte seg med enkja Maren Ovesdtr. i 1816. Frå fyrste ekteskap hadde Maren ein son Ola Gunnarson (Holst?) som vart innsett som einearving etter Lutzow. Sjå neste hushald.

{5535} År: 1819

Ola Gunnarson ... SundreBråten 1796.-1867
Foreldre: Gunnar .... .... og Maren Ovesdtr. Holst, Kr.ania.
Gm Margit Eilevsdtr. Sundrelien Bråten 17.11. 1793-
Foreldre: Eilev Torson Træet Huus (ungkar) og Ingeborg Eiriksdtr. Rue Sundrelien. (Hol IV s 364)
*Barn
1. Hans Olson Bråten 1820-
Gm Sigrid Arnesdtr. ..., Seljord 1821- . Barn: Olavus 1844- ; Hans Sigvard 1845- skipstømmermann; Marinius ....- ; Maren 1849- ; Ola 1856- arbeidar ved Nylands verkstad. (1378)
    Hans reiste til Drammen i 1835 som ukonfirmert. Han var inderst i Sandelien 1849 og hadde med familien. I 1849 reiste Hans og familien til Drammen att.
    I 1875 var Hans kol-målar på bryggene i Kr.ania og budde i Arbeidergate 1. Sigrid dreiv med vask.
2. Ellen Maria Olsdtr. Bråten 29.05. 1822-
3. Gunnar Olson Bråten 13.12. 1824-
Gm Marte Mattisdtr. ..., Laurdal 1820c- . Barn: Mina Olivia 1854- ; Gunnelius 1856- ; Bernhardt 1856- ; Torvald 1858- ; Oluf 1860- ; Martin 1863- ;...
    Gunnar var snikkar og budde i Møllergt. i Drammen i 1865.
4. Bernt Olson Bråten 16.05. 1828-1901
=Bernt Ditlef. Gm Rakel Gurine Andersdtr. Thu, Jæren 1843-1887. Barn: Marie Serine 1874- ; Ole Andreas 1878- ; Olava Andrea 1883-1963 g 1912 m Ole T. Tønnesen (5 barn); Elen Marie Serine 1887- . (1655)
    Bernt var 'fraverende i mange år. Bernt arbeidde ved gruvene ved Visnes koparverk.
5. Eirik Olson Bråten 07.06. 1831-
Eirik reiste ut og var ei tid i Kr.ania. Eirik var skomakar.
    I 1852 budde Eirik på "Slåtten i nærheden af Sundre. Han vitna då at han hadde vore oppe i Vestlia og funne seg sissel-rot. I 1867 var han i Borgund.

Ola og Margit gifte seg i 1822. Margit hade truleg dottera Ågot f. 1817 med Ola Andersen Haraldsrud på Modum.
    Ola Gunnarson var født i Kr.ania. Han overtok Bråten etter stefaren kaptein Bernt Ditlev Lutzow ved testament i 1819. Ola selde Bråten til Tore Larsson i 1834, og budde deretter i 'Slåtten'. Slåtta var ein støl eller plass i Vestlia, ligg under Kapteinstølen, bnr. 56.
    I 1865 var han husmann med jord og enkjemann og budde i 'Kapteinstølen eller Slåtten.' I 1867 vart opplyst at 'konen Margit Olsdtr. er død for mange år siden i Drammen hos sin søn Gunder Olsen.'

{5536} År: 1834


Tore Larsson Ruud hadde Sundrebråten frå 1834 til 1842. Han og familien står oppført i Smedplassen, gnr. 110/4.
    Tore selde til Sevat Steingrimson Rudningen i 1842.

{5537} År: 1842


Sevat Steingrimson (Noss) Rudningen f. 1799 kjøpte Sundrebråten i 1842. Sjå meir om han og familien på Aslegarden Strand.
    Sevat selde garden i 1864 og reiste til Amerika som enkjemann i 1868.

{5538} År: 1864

Ola Ellingson Bekkestad Sundre 18.06. 1815-1880
G 1840 m Ågot Olsdtr. Nyhus 1818-1872. Han skreiv seg Sundre eller Bråten. Foreldre: Elling Knutson Bekkestad og Anne Persdtr. Lybekk.
Gm Ågot Olsdtr. Nyhus Sundrebråten 27.02. 1818-1872
Foreldre: Ola Nilsson Nubgarden Nyhus og Lukris Larsdtr. Tune.
*Barn
1. Margit Olsdtr. SundreBråten 27.02. 1841-
Til Am.
2. Lukris Olsdtr. SundreBråten 09.09. 1842-
G 1869 Asker m ?Anton Andersen (eller var det systera Margit?) Barn: 10 (8 til Am.)
    Gm ... ... ( i Am.) Barn: ingen.
3. Elling Olson Hakkerud Sundry 20.10. 1844-1926
G 1873 m Ingeborg Knutsdtr. Haugen (Hefte), Gol 1823-1900. Barn: Olaf ....- spelte fele; Casper 1878-1962; Emma 1882-1961 gm ... Swain; Ida ....- ; Ellen ....- ; Siver 1889-1968 død i Otter Tail County; (?- ei dotter var gm Olavus Swain).
    Elling reiste til Amerika 1870: La Crosse, Wisconsin, seinare til Zumbrota, MN. Død i Goodhue Co. Skreiv seg 'Sundry'.
4. Ågot Olsdtr. SundreBråten Ulshagen 05.12. 1846-
G 1870 m Daniel Olson Ulshagen 1845-1935 til Oleivsbråten i Gol. (Gol III s 602) (Truleg var han gift.)
5. Guri Olsdtr. Sundrebråten Sundre 09.09. 1850-1917
G 1875 m Ola Ankerson Sundremyren Bråten, sjå neste hushald. Til Chicago.
6. Ola Olson Sundrebråten 29.09. 1852-1941
G 1880 m Ågot Helgesdtr. Langeland. Barn: Ågot 1880- ; Holge 1881- , sjå Langeland, gnr. 123/30.
    Til Am. 1882: Gary, MN. Farma i Nedstrand, MN.
   
7. Margit Olsdtr. Sundrebråten Olson 05.12. 1857-
Gm Oluf Olson, Blekinge i Sverige 1841-.... . Barn: Arthur 1889-1968 gm ... ... ; Sigvart Oskar 1891- ; ...
    Oluf var vedhoggar,- ho dreiv hustell og vask. Dei leigde bruket Alme på Norderhov i 1900. (1232)
    (Epost frå Janice Koperski)
8. Per Olson Sundrebråten 30.01. 1860-
Til New York som arbeidar i 1881.
9. Tolleiv Olson Sundrebråten 04.03. 1863-1957
Gm Anna T... . 1865-1941. ("Godt gift" skreiv far hans.)
    Til Am. 1880: Farmar ved Goodhue, MN.

Ola var skraddar og skinnfeldmakar, og vart kalla 'Hakkeruden'. Sjå Hakkerud, gnr. 123/50a.
    Skridene 1860 for hardt fram med plassen dei budde på oppe i Hol. Ola kjøpte Sundrebråten i 1864 for 300 rd og flytta dit.
    Ola Ellingson reiste til Am. i 1880: St. Ansgar, Iowa. (Hol III s 309)

{5539} År: 1877

Guri Olsdtr. Sundrebråten Sundre 09.09. 1850-1917
Foreldre: Ola Ellingson Bekkestad Hakkerud og Ågot Olsdtr. Nyhus.
Gm Ola Ankerson Richter Bråten 28.08. 1840-1928
Foreldre: Anker Karlson Richter og Gro Jonsdtr. Sundremyren.
*Barn
1. Ola Olson Bråten Sundre 23.07. 1875-1952
Til Am. 1880: Chicago.
2. Gro Olsdtr. Bråten 30.01. 1877-1877
3. Anker Olson Bråten Sundre 31.10. 1878-1952
Anker fekk utflyttingsattest i 1880.
   
    Barn i USA: Carl Sundre 1883-1937; Anna 1890-1964 g 1921 m Alfred Mostad (2 barn). (J. Marler)

Ola og Guri gifte seg i 1875. Ola Ankerson overtok farsgarden hennar for 1600 kr. i 1877.
    Ola tente hjå lensmann Pleym ei tid. Ein dag vart han sent til byen for å hente 80 spd for fattigkassa. Men Ola kom i dårleg selskap, og dertil vart det sterk drikke. Berre 12 spd hadde han med seg heim til fattigkassa.
    Etter dette dreiv Ola som smed fram til han og familien utvandra til Am. i 1881: Chicago. Dei setla i Mayville, Dakota, kom sidan til Minot, Ward Co der farmen deira gav opphavet til Sundre township. Dei skreiv seg Sundre.

{5540} År: 1896

Lars Torkjellson Trintrud-eie Bråten 26.10. 1845-1906
Foreldre: Torkjell Arneson Bakke Trintrud-eie og Margit Larsdtr. Holo.
Gm Mari Larsdtr. SundreBråten 20.05. 1852-1928
Foreldre: Lars Larsson Bråten (Sundre) og Margrete Persdtr. Sundre.
*Barn
1. Torkjell Larsson Trintrud-eie Bråten 23.02. 1880-1895
2. Margit Larsdtr. Bråten Nilssen 09.08. 1881-1959
Barn: Magnhild 1909- med Frans Otto Larsen, Råde.
    G 1910 Ål m Kristian Ditlev Berg Nilssen, Brønnøysund. Sjå eige hushald jarnbanen.
3. Lars Larsson Bråten 05.05. 1883-
Ugift. Skomakar. Sjå neste hushald. Lars reiste til Amerika.
4. Margrete Larsdtr. Bråten Midtskog 25.02. 1885-
G 1911 Ål m enkjemann Mads Hermannson Midtskog frå Modum. Barn: Olaf ....- gm Selma ... (ingen barn).
5. Guri Larsdtr. Bråten 01.04. 1887-1888
6. Olaf Larsson Bråten 25.01. 1889-
Olaf reiste til Amerika. Han fekk eit tre over seg og omkom.
7. Arne Larsson Bråten 28.04. 1891-1978
Arne var ugift. Han var dreng (og langt på veg bonde) for broren som hadde Bråten. Broren Torkjell arbeidde på lokstallen.
8. Torkjell Larsson Bråten 30.03. 1895-1982
Gm Brita Bjørndal, Voss. Sjå år 1937. Barn med Gro O. Bakko: Anne 1919-1919 og Lars 1919-1919.
9. Knut Larsson Bråten 23.04. 1897-1972
G 1920 m Guri Olsdtr. Logsengard. Sjå eige hushald.
*Barnebarn
1. Magnhild Bråten Tandberg 19.08. 1909-
Gm Olav Tandberg, Asker. Barn: Gunnar ....- gm Jannicke ... (3 barn).
    Foreldre: Frans Otto Larsen, Råde (ungkar) og Margit Larsdtr. Bråten. Magnhild er født i Røyken.

Lars og Mari gifte seg i 1879. Lars var timremann, og budde i Trintrud dei fyrste åra.
    I 1896 kjøpte han garden for kr. 1200. Lars fall ned frå eit hus og slo seg i hel i 1906.

{5541} År: 1899

Lars Larsson Bråten 05.05. 1883-
Foreldre: Lars Torkjellson Trintrud-eie Bråten og Mari Larsdtr. Bråten.

Lars Larsson kjøpte Bråten hjå faren for kr. 1200 i 1899. I 1900 var Lars skomakar.
    'En af bygdens beste 'lausdanserar' (en nevø av statsråd Knudsen), en prektig bondegut, som dansed slig at man blev rent hypnotisered. Han var tusind ganger skjønnere i bevegelse, interessannere og morsommere end alle de danserer jeg så der ude. - Og nu tror jeg hver kveld i ens liv er såre forspildet når en ikke har danset springar med med Lars Bråten.' (Dagboka etter Hulda Garborg.)
    (NB. Statsråd Knudsen var ein av sønene til Knut Larsson nedre Sundre, dvs. bror til Lars Larsson som kom til Bråten (under Bråten), gnr. 110/44a og som var far til dansaren si mor, Mari Larsdtr. Såleis var det mora som var syskenbarn med Knudsen.)
    Lars reiste til Amerika. Den vidare lagnaden hans er ikkje kjent.
    Broren Torkjell Larsson fekk auksjonsskøyte på garden i 1937.