Arnelien gnr. 110 bnr. 45
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Arnelien gnr. 110 bnr. 45-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Arnelien var støl og/ eller plass under Sundremyren. Stundom heitte plassen berre Lien, frå 1811 og utovar var namnet Jonsstølen, og frå 1834 var namnet Arnelien, og det namnet vart verande.
    Arnelien hadde kvern i bekken like ved tunet.
    Areal 1865: dyrka jord 2 1/2 mål, naturleg eng 8 mål. Avling 2 tunner bygg og 1 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 6 mål og anna areal 10 mål som vert leigd bort, produktiv skog 100 mål, anna utmark ca. 50 mål.
    Våningshus bygt 1981, gamalt eldhus, stolphus omkr. 1938, garasje 1981.
    Stølar? Hamnerett på Bosset.

{5545} År: 1811


Jon Larsson SundreMyren (sjå gnr. 110/37) kjøpte Lien på auksjon i 1811. Enkja hans selde Myrestølen i 1824. Truleg kom ho til Lien då. Lien selde ho til bror hans, Arne Larsson i 1834.

{5546} År: 1834

Arne Larsson Sundremyren Lien 17.07. 1774-1841
Foreldre: Lars Jonson Myrestølen og Guri Olsdtr. ... .
Gm Birgit Olsdtr. Noss Sundrelien 08.05. 1789-
Foreldre: Ola Ivarson Ivarsgarden Noss og Guri Sveinsdtr. Holto.

Arne Larsson frå Myrestølen kjøpte Lien i 1834. Sidan vart namnet på plassen Arnelien. Fyrste kona var Anne Olsdtr. Tufte. (Sjå Myrestølen.)
    Arne vart attgift 1837 med Birgit Olsdtr.
    I 1834 var Arne tiltala for blodskam med tenestjenta Ingeborg Knutsdtr. Sandestølen. Dei fekk sonen Lars i 1832.
    Dessutan hadde Ingeborg hadde hatt barn med den avdøde sonen hans, Ola Arneson. Arne og Ingeborg hadde "sammenleie ude på Marken nogle gange." (Ingeborg var dotter til Knut Olson Hestehagen (Skavhølen) Sundrelien.)
    Dette vart rekna som blodskam i det gamle lovverket og båe to vart dømde "at have deres Liv forbrudt" og ilagt 10 spd i bot. Denne strenge domen vart omgjort av kongen.
    Arne Larsson Lien står i manntalet for husmenn 1834-1841.

{5547} År: 1864c

Tolleiv Knutson Bakketeigen Arnelien 31.12. 1834-1921
Foreldre: Knut Olson Bakketeigen Halleset og Birgit Olsdtr. Belluteigen(?)/ØvreLå.
Gm Kristi Eilevsdtr. Haugerud Arnelien 19.08. 1824-1878
Foreldre: Eilev Lambertson Haugerud og Anne Aslesdtr. Hanseplassen.
*Barn
1. Birgit Tolleivsdtr. Arnelien 27.11. 1862-1956
Gm Kristian Olson Arnelien. Sjå neste hushald.
2. Arne Tolleivson Arnelien 07.04. 1867-
Då systera Birgit fekk skøyte på garden i 1881, heitte det at kr. 50 av kjøpesummen skulle 'indestå i eiendommen til Arne.'
    I 1900 var 'Arne Tollefsen f. 1866 frå Ål' dreng hjå lensmannen Tore Engebretsen Strand på Lundheim i Asker. Det er ingen andre høvelege ålingar med same namn.

Tolleiv og Kristi gifte seg i 1861. Dei fekk to barn. Men Tolleiv hadde fleire barn: Ambjørg 1881-død m Kari Olsdtr. Ulshagen, og ei dødfødt jente i 1892 med Guri Martinsdtr. Bråten.
    Kristi hadde dottera Anne Hermundsdatter, ho var 27 år budde i Holmestrand i 1878. (Ukjent.)
    Tolleiv vart kalla Danil-Tolleiv. Til vigsla skreiv presten "Danielson" for Tolleiv som hadde Knut til far! Det var (vart?) eit oppnamn.
    I 1892 var Tolleiv enkjemann og møllar i Arnelien.
    På gamleheimen var Tolleiv romkamerat med originalen Eirik Sundbrei. Han Eirik brukte gå midt i vegen så bilane måtte vike. Men så ein vinterdag med dårleg føre fann Eirik på at han ville gå etter jarnbanelinja då han skulle besøke folk i Hol. Det gjekk gale.
    Då liket vart bore inn på gamleheimen, då kom det turt frå Tolleiv: "Detta kunne gjingi mykji verre!"

{5548} År: 1881

Birgit Tolleivsdtr. Arnelien 27.11. 1862-1956
Foreldre: Tolleiv Knutson Bakketeigen Arnelien og Kristi Eilevsdtr. Haugerud.
Gm Kristian Olson Paulsen Arnelien 24.04. 1861-1948
Foreldre: truleg Ola Paulson Hyggen og Sørine Olavsdtr. ..., Røyken. (Digital arkivet.)
*Barn
1. Kristine Kristiansdtr. Arnelien Ballangby 18.11. 1885-1971
Barn: Birgit 1920-2003, sjå barnebarn. Gm em Henrik Ballangby. Han arbeidde ved jernbanen. Dei budde på Austevoll.
2. Olaf Kristianson Arnelien 13.12. 1887-
G 1923 m Anne Eiriksdtr. Venedokken 1906-.... . Barn: Clarence 1924- gm ... ; Alfred 1925- gm ... ; Bernice 1927- gm ... ; Lloyd 1929- gm ... ; Allan 1931- gm ... ; Stanley 1941- ; Kenneth 1943- ; Larrey 1946- ; Gloria 1949- . (Halld. 9.12.1967)
    Olaf reiste til Am. 1908 og dreiv ymse skogsarbeid. Han tok seg land ved Cabri, Saskatchewan, Canada og farma frå 1916. Olaf og Anne overlet farmen til ein av sønene kring 1928 og flytta nærare byen.
3. Kristi Kristiansdtr. Arnelien Kolbjørnsen 21.01. 1890-1977
Gm Johan Kolbjørnson Plassen, Flå. Sjå 'Kolbjørnsen' under jarnbanen.
4. Birgit Kristiansdtr. Arnelien Swenson 02.02. 1891-
G 1916 m Lars Sveinson Søndrol 1888-1963. Barn: Bernice ....- gm ... Tengum; Christine ....- gm ... Avis; Clarence 1921-1959 gm ... ; ....
    Birgit reiste til Estervan, Sasc. Canada. Dei skreiv seg "Swenson".
5. Tolleiv Kristianson Arnelien 18.08. 1893-1944
Ugift. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Birgit Arnelien Rust 16.05. 1920-2003
G 1939 m Knut Asleson Rust f. 1912 på Gol. Sjå år 1945.
    Foreldre: Torkjell Olaf Henry Haugen, N.Telemark f. 1897 (ungkar) og Kristine Kristiansdtr. Arnelien.

Birgit kjøpte garden frå faren for kr. 600 i 1881. Kristian kom frå Røyken. Han dyrka det meste av jorda i Arnelien.