Myro gnr. 110 bnr. 47
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Myro gnr. 110 bnr. 47-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Myro eller i daglegtale 'Nigarde Sundre'.
    I 1875 kjøpte Anders Olson Bjella garden. Han reiv den gamle stugu, og bygde den tohøgda bygnaden ('Nigardsstugu'). Det var postkontor i kleven på Myro til utpå 1930-talet.
    1630: Niidgaarden sundre som Ingebret nu bebor ...
    Oppmålt med stong og snor dei 6 løb i nedre sundre som Johannes Hove og Sindre tvista om. Dei to vart stevna til å møte med sine heimelsdokument 'til sakens riktige Erfaring och enn gang for alle til enn Endelig Efterettning.' Tore Johanneson hadde kjøpt dei 6 laupsbol hjå far sin.
    Myro vart kjøpt av kommunen ein gong i 1970-åra. Her skulle kulturhuset koma. Husa vart rivne, Nigardsstugu vart sett opp ved Helsetunet som aktivitetshus for pensjonistar, loftet (eigentleg eit påbygd stolphus) vart flytta til Prestgarden og brann opp våren 1991.

{5567} År: 1765

Thomas Henrikson Arøe 1737-
Gm Ellen Christiane Hjort, Askim. Barn: .... Foreldre: Henrik Arøe og ...

Arøe kom til dalen 20 år gamal som sjef for Øvre Hallingdals Kompani.
    I sin ungdom hadde Arøe gjort ein avtale med major H. Rossing om "Øvre Hallingdalske Regimente". Verga til Arøe, presten Werring på Jevnaker, hadde lagt ut 400 rd til majoren, og i 1757 vart dette omgjort til pantelån.
    Arøe kjøpte nedre Sundre hjå Abel Friis for 700 rd i 1765. Han pantsette garden Sundre for 650 rd. Beløpet vart betalt inn i enkekassa.
    Arøe fekk slik attest i 1767: "fører i og udenfor tjeneste en god og anstendig conduite, samt er en flittig offiser."
    Arøe vart oppnemnt som skifteforvaltar (1 av 3) då kaptein Georg Schlambush var død i 1765.
    Arøe vart stevna for gjeld 1772 av Sr. Lars Ridder. Og i 1782 vart han stevna for 78 rd av lensmann Album.
    I 1788 vart Arøe vart bataljonskommandør og flytta då frå Ål. Han selde garden til Mikkel Larsson Sundre for 810 rd. Og Mikkel selde att etter to år til kaptein Fredrik Juell.

{5568} År: 1791

Fredrik Juell 1748-
=Friderik Otto. G 1785 m Anna Selmer, Nes. 1749-1825. Foreldre: Jens Juell (fut i Østerdalen) og Petronelle Lemmich.

Juell var kaptein og kompanisjef for Øvre Hallingsdals kompani. Frå 1803 sjef for Landske kompani. Sjå meir under militære.
    Då Juell overtok Sundre nedre i 1791 for 810 rd var garden i 'meget brøstfeldig stand.' Juell gjekk laus på garden med liv og lyst. Han mura bakaromn, sette opp mistbenkar i hagen, la nye jord-isolerte golv i stugu og kontoret, bygde nytt fjøs på Bosset og vølte mange tak. Jordvegen var grøfta og det var påkøyrt 600 lass myrjord på skrinn mark. Dessutan var det brote mykje stein og køyrd bort. Og han flytta på stabburet som stod for nær låven til Eirik Sundre. (Sjå detaljar i Ål III s 392)
    I 1797 held Juell gardsyn og fekk registrert påkostningar på garden til 360 rd. Jfr. namna Kapteinstølen og Fredriksminne.
    Juell selde garden i 1797 til løytnant Arøe for 1300 rd. Nokre dagar seinare kjøpte han garden attende for 2300 rd. I 1804 selde Juell garden til Per Halvorson Sundre og flytta til Land.

{5569} År: 1804


Per Halvorson på nedre Sundre kjøpte garden hjå kaptein Fredrik Otto von Juel i 1804 for 2300 rd. Per selde til lensmann Richter i 1810 for 3000 rd.

{5570} År: 1810

Karl Peterson Richter 26.12. 1771-1841
=Karl Adolp. Foreldre: løytnant Peter Friderik von Richter og Kari Embriksdtr. Hagaplassen/Helling.
Gm Birgit Bjørnsdtr. Arnegard Richter 15.09. 1765-1819
Foreldre: Bjørn Person Arnegard og Guri Knutsdtr. ... .
Gm Maria Trondsdtr. Myre Richter 20.10. 1793-1876
Foreldre: Trond Syverson Sundre og Margrete Holter Rasch.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Embrik Karlson Richter 1794-1802
Embrik var død 7 år gamal i 1802.
2. Ola Karlson Richter 1795-____
G 1826 i Oslo Domkyrkje m/ Gunhild Casparsdtr. Borgen. Barn: Caroline 1828-
    Ola var ute i krigen 1807-14. Budde i Grensen hjå madam Winther i 1828. Ikkje arving i 1841.
3. Fredrik Karlson Richter Myren 1796-1861
G 1819 m Guro Jonsdtr. Sundremyren. G 1845 m Sissel Olsdtr. Nerols-eie. Sjå Sundremyren, gnr. 110/37.
4. Anker Karlson Richter 1797-1847
=Bernt Anker Hagemann. G 1821 m Gro Jonsdtr. Sundremyren. Sjå neste hushald.
5. Guri Karlsdtr. Richter 1800-1801
6. Sofia Karlsdtr. Richter Breieeikro 15.08. 1802-1881
=Sofia Catharina. Barn: Embrik 1847- sjå barnebarn.
    G 1824 m Syver Torsteinson Breie. G 1837 m enkjemann Mikkel Sevatson Tune BreieEikro, gnr. 127/10.
7. Karoline Karlsdtr. Sundre 1808-1808
=Caroline Adolfine. Død 3 mnd gamal.
*Barnebarn
1. Embrik Eirikson Breieeikrene Ekern 11.02. 1847-
G 1872 m Helge Herleiksdtr. Tunehagen. Til Northwood, ND. Dei skreiv seg Ekern.
    Foreldre: Eirik Olson Hagajordet Breieeikrene og enkje Sofia Karlsdtr. Sundre.
   

Karl og Birgit gifte seg i 1794. Men sonen Embrik kom fyrst, og presten murra. Karl forlanga at sonen skulle døypast som 'ekte' sidan dei skulle gifte seg. Presten trudde ikkje på dette og nekta. Ekteskapet vart 'fullbyrdet nogen tid senere samme år.'
    Karl og Birgit budde i Bråten kring 1790 og i Sandeplassen i 1802.
    Karl var korporal og gardbrukar i 1801. Karl vart sersjant i 1802 og lensmann i 1808. Han kjøpte 6 1/4 laupsbol i Sundre i 1810. Han måtte pantsette garden til grev Wedel for 2000 rd i 1810.
    Ei natt sumaren 1813 vart det stole mat i Ulshagen. Ein mann var mistenkt og avhøyrt, og tilstod. Dommaren ville at tjuven skulle fenglast, men lensmann Richter greip inn: 'i nærværende reddsomme tider' (uår!) hadde ikkje Richter mat til nokon arrestant. Anten måtte lensmannen ta maten frå sine eigne, eller la arrestanten svelte i hel. Mat var ikkje å få kjøpt hausten 1813, og tjuven fekk gå fri mot kausjon. (1419) s 38
    Innkrevjing av sylvskatten kring 1818 til skipinga av Noregs Bank vart ei vanskeleg sak for lensmann Richter. Det vart utpanting og opprør og ein batalje der lensmannen fekk brote foten. (Ål II s 10)
    Det var skifte etter Birgit i 1821, og Richter ba om utsetjing pga. sjukdom etter eit beinbrot. (Skiftet vart avslutta 1828.) Richter sat trongt i det no og bad folk om hjelp til å koma seg 'af sin forlegenhet med hensyn til betroede offentlige midler.' Det vart auksjon over lausøyret fyrst og sidan over garden. Men då trødde Tolleiv Helling m.fl. til som sjølvskyldnar-kausjonistar.
    Karl fekk to barn før han vart attgift: dottera Maren Catrine i 1820 med Mari Persdtr. nedre Sundre; og sonen Ola i 1822 med Kristi Olsdtr. Moen. Sjå meir under mødrene.
    (Jfr. Sonen Anker er døypt Bernt Anker Hagemann. Det var tradisjon i familien at Peder evt. Bernt Anker skulle vera far til Karl Richter.)
    Karl vart attgift 1823 med Maria Trondsdtr. Ingen barn.
    I 1838 fekk Richter skøyte på 'Sundre eller Øien' for 155 spd. (Heimel frå Stein Hamarsbøen og Ola Olson Roaldset.) Unnateke handelen var ei stugu og ein kålhage på Bråten som Tolleiv Larsson Gjeldokk åtte. Sundreøyen vart taksert til 190 spd på skiftet i 1841.
    Blant noko tjuvegods som vart funne i 1851 var 'en Medaille, som afdøde Lensmand Carl Richter havde faaet af Landhuusholdningsselskabet i Kjøbenhavn. Den havde en Inscription hvis Indhold Deponenten ei erindrer, men paa Kanten af samme stod Carl Richter. Den havde et Hul paa Yderkanten til at beres i et Baand.'
    Maria vart attgift 1848 med enkjemann Ola Embrikson Kitilsplass Myrestølen.

{5571} År: 1828

Anker Karlson Richter 1797-1847
Foreldre: Karl Peterson Richter og Birgit Bjørnsdtr. Skrindo.
Gm Gro Jonsdtr. Sundremyren 25.09. 1800-
Foreldre: Jon Larsson Sundre og Anne Olsdtr ... f 1765.
*Barn
1. Birgit Ankersdtr. Richter 29.03. 1822-1875
G 1859 m Ola Steinarson Sjåheim Magnetunshagen i Gol 1834-1868. Barn: Bernt Anker 1858-1948 g 1885 Anne Eivindsdtr. Bustedokken, Grøndalen; Steinar 1860- til Am. i 1884 gm ... ... ; Ola 1862- til Am. ; Birgit 1867- g 1889 m Anders Kristofferson Rygg til Hestmyra i Mjøndalen. (Gol VIIa s 227)
2. Anne Ankersdtr. Richter Erdal 01.02. 1824-
G i Bergen m Torgeir Olson Erdal. Til Am. (937)
3. Karl Ankerson Richter Ulshagen 13.07. 1826-1864
Ugift. Barn m/Gro Embriksdtr. Hushaugen: Embrik 1857- .
    Karl tente hjå overkontrollør Løken på Hedmarken i sju år. Grunna dårleg helse flytta han heim att 1863 og budde hjå systera Karoline i Skardet. Karl var no arbeidsufør, han vart sendt på Rikshospitalet og døydde der 1864 etter 10 døgn. (Fattigkassa måtte legge ut.)
    Broren Ola tente hjå lensmann Pleym då, han vart sent til byen for å hente 80 spd som Karl hadde i banken. Men Ola kom i dårleg selskap og det vart for mykje sterk drikke. Berre 12 spd hadde han med seg heim til fattigkassa.
4. Karoline Ankersdtr. Richter Skardet 23.02. 1829-1868
=Lina. G 1854 m Ola Olson Hansebråten Ulshagaskardet, gnr. 109/1e.
5. Guri Ankersdtr. Richter 03.09. 1831-
Guri fekk utflyttingsattest i 1853. Ho reiste frå Kr.ania til Amerika på den tida.
6. Jon Ankerson Richter 07.01. 1834-1903
Barn i Flå m/Gunhild Olsdtr. Snaret 1840c-1870: Maria 29.10.1865 og Ole 19.01.1869.
    Jon var einøygd. Som liten var han heilt blind, - augene var dekte av ei hinne. Bestemora hans opna det eine auga i vanvare ein gong då ho reiv teppet av Jon i vogga. (937)
    Som barn var Jon var sett på legd i 1846. Han var tenar på ein gard i Flå i 1866. Så heiter det at han 'rømde' til Amerika. (Truleg grunna farskapssak.)
    Jon var fattigstøtta dagarbeidar på Bidne på Voss i 1900. Der døydde han 1903 som fattiglem.
7. Lars Ankerson Richter 20.05. 1837-
Ugift. Som barn vart Lars sett på legd.
8. Ola Ankerson Richter SundreBråten 28.08. 1840-1928
Gm Guri Olsdtr. SundreBråten, gnr. 110/44. Sidan farmar ved Minot, ND.
9. Bernt Anker Ankerson Richter 02.09. 1843-1848
Bernt Anker drukna i elva.
10. Embrik Ankerson Richter 09.03. 1847-
Truleg ugift. Han budde ei tid hjå systera og mannen i Magnetunhagen i Gol. Til Am. (937)

Bernt Anker og Gro gifte seg i 1821.
    Bernt Anker Hagemann Richter fekk garden Sundre på skiftet etter mora i 1828 for 782 spd. Han vart kalla 'Anker' og var ein god spelemann. Dei gamle spelemennene prata om "Anker-låttar."
    Anker delte garden i 1838, både innmark og stølar, og selde noko til Svein Tunehagen i 1838 (løpenr. 269b).
    I 1848 gjekk resten av garden på auksjon, og Johannes K. Foss vart kjøpar. I 1856 gjekk garden atter på auksjon, og Ola Olson Brattåker frå Hol kjøpte båe partane i garden. Ola Brattåker selde frå stølen på Bosset, og i 1861 selde han garden til Torkjell Torkjellson.
    Etter delinga i 1838 vart Anker buande i ei liten stugu nede ved elva, Ankermyrane kalla. Sjå Myrbø, bnr. 119.

{5572} År: 1861

Torkjell Torkjellson Opheim Sundre 18.06. 1823-
Foreldre: Torkjell Olson Tistilsgard Opheim og Ingeborg Torsteinsdtr. Opheim Vesledalstugu.
Gm Astrid Olsdtr. Hove Sundre 26.11. 1828-1864
Foreldre: Ola Trulsson Gjeldokk Hove og Astrid Eiriksdtr. Hove.
*Barn
1. Ingeborg Torkjellsdtr. Sundre Lunde 13.11. 1848-1924
Gm konstabel ... Lunde.
    Dei budde i Kr.ania 1884, i Larvik 1885, og i Amerika i 1916.
2. Astrid Torkjellsdtr. Sundre 24.07. 1852-1869
3. Torkjell Torkjellson Sundre 27.07. 1854-1940
G 1881 m Maria Forsan 1862-1940. Barn: Helmer 1883- ; Clara 1884- ; Emelia 1885- ; Thina 1888- ; Alfred 1891- ; Laura 1893- ; Olga 1896- ; Winfred 1898- . (Notat Thompson Norwegian Roots v/T. Dalseide)
    Torkjell reiste til Amerika i 1872. Han var i Amerika i 1916.
4. Ragnhild Torkjellsdtr. Sundre Skarsgardhagen 18.08. 1856-1939
G 1877 m Ola Ellingson Skarsgardshagen, gnr. 92/2.
5. Guri Torkjellsdtr. Sundre 06.07. 1860-1884

Torkjell og Astrid gifte seg i 1848. Torkjell skreiv seg 'Legvolden' då han gifte seg.
    Torkjell kjøpte Sundre i 1861 etter å ha hatt ein del i nedre Hove.
    Torkjell selde frå Grostølsslien og noko skog. Økonomien var vanskeleg, og Astrid gjekk bort. Torkjell pantsette garden for 800 spd og måtte dele opp garden. Fyrst kjøpte Chr. Urholt løpenr. 269a i 1868 og så kjøpte Nils Gudmundsrud løpenr. 269b i 1872.
    Anders Olson Bjella samla garden att i 1878.

{5573} År: 1878

Anders Olson Bjella Sundre 25.08. 1835-1892
=Andres. Foreldre: Ola Olson Ulshagen Bjella og Mari Olsdtr. ØvreLå.
Gm Kristi Olsdtr. Opheim Sundre 27.11. 1843-1930
Foreldre: Ola Olson Garnås Lien Medhus og Gunvor Helgesdtr. Tufto Rasmusgarden.
*Barn
1. Mari Andersdtr. Sundre Moen 08.01. 1867-1935
G 1886 m Eivind Eilevson Moen, gnr. 110/9.
2. Gunvor Andersdtr. Bjella Sundre 15.09. 1868-1944
G 1895 m Johan Olson Sundre. Sjå Stavejordet, gnr.
3. Ola Anderson Bjella Sundre 30.11. 1870-1951
G 1894 m Ågot Tolleivsdtr. Breie. Sjå neste hushald.
4. Ola Anderson Sundre 31.10. 1872-1954
Gm Kristi Margrete Olsdtr. Melhus frå Flåmsdalen. Snikkar. Sjå Storeteig, gnr. 123/17.
5. Holge Anderson Bjella Sundre 25.11. 1874-1910
Ugift. Holge var lensmannskontorist i 1900. Organist ved Ål kyrkje. Han døydde ved orgelet midt i 'Lover den Herre' ein messe-sundag i 1910.
6. Birgit Andersdtr. Bjella Sundre 19.02. 1878-1952
Ugift. Både Birgit og broren Ola tente på garden Brotnu i Ullensaker i 1900. Birgit flytte heim att og budde på garden.

Andres og Kristi gifte seg i 1866. Andres kjøpte opp partane i Sundre, løpenr. 269a og 269b og fekk samla garden Nigarden Sundre.
    Andres var skulelærar (men vistnok utan lærarutdanning) og poståpnar frå omlag 1874. Fyrste tida som postopnar brukte han å ta ein dag i veka til å ekspedere posten.
    Andres var også lensmanns-kar, og konstituert lensmann mellom Pleym og Abrahamsen i 1871-2.
    Andres var kasserar i Aal Sparebank i 20 år frå 1870. Som kasserar måtte Andres stille kausjon på 1000 spd, dvs. det same som grunnfondet i banken. 'Han var mer enn alminnelig skrivefør, og regnskabene var et mønster på orden og dyktighet.'
    Då skridene gjekk i 1876 hadde ikkje banken nokon safe. Andres sat på ein haug på Huusjordet med pengekista og protokollane under armen.
    Det hende at Andres sende eit innvilga lån attende til forstanderskapet dersom han meinte at sikkerheita for lånet ikkje var god nok.
    Andres fekk mykje av æra for framgangen i banken gjennom desse åra. Han fekk ei sylvkanne frå banken som takk då han slutta. (Banksoga s 188.)

{5574} År: 1896

Ola Anderson Bjella Sundre 30.11. 1870-1951
Foreldre: Anders Olson Bjella Sundre og Kristi Olsdtr. Opheim/Medhus.
Gm Ågot Tolleivsdtr. Breie Sundre 25.02. 1865-1943
Foreldre: Tolleiv Larsson Skottebøl Breie og Kristi Eiriksdtr. Noss.
*Barn
1. Kristi Olsdtr. Sundre Sataøen 19.10. 1894-1974
G 1922 m Sevat Sevatson Sataøen. Sjå eige hushald.
2. Anders Olson Sundre 13.08. 1896-1969
=Andres. Ugift. Sjå neste hushald.
3. Margrete Olsdtr. Sundre Olsen 22.06. 1898-1982
=Margrethe. G 1931 m Olaf Olsen. Sjå eige hushald.
4. Barbo Olsdtr. Sundre 28.07. 1900-1986
Ugift. Barbro var ute på tenest i unge år. Ho kom heim att, stelte foreldra og vart verande heime på garden.
5. Gunvor Olsdtr. Sundre Rolstad 01.10. 1902-1996
G 1936 m Erling Guneriusson Rolstad. Sjå eige hushald under jarnbanen.
6. Torleiv Olson Sundre 06.07. 1906-1982
G 1940 m Astrid Karoline Karlsdtr. Augustson eller Olsen f. 1906 frå Grimstad. Ingen barn.
    Juridisk embetseksamen 1938. Torleiv hadde sakførarpraksis på Gol. Torader-låtten 'Røyskatten' skal vera tileigna han. Aktiv i skyttarrørsla.

Ola og Ågot gifte seg i 1894. Han kjøpte garden hjå mora 1896 for 5200 kr og kår. Ola bygde nye uthus, vølte på stugu og dyrka ein del jord.
    Ole Anderson Sundre vart beskikka som poståpnar i 1892. Han skal ha vore sers dyktig som bonde og skogsmann. Ola laga mykje av redskapen sjølv.
    Ola vart æresmedlem i skyttarlaget Hadding etter 70 aktive år. I 1951 deltok han i ein parade på Heimevernsdagen på Torpomoen, det vart det siste han gjorde. Han døydde under paraden.