Prestgarden gnr. 111 bnr. 1
Gardsregister ¤ Garden ¤ Bruksregister ¤ Forklaring

Prestgarden gnr. 111 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Prestgarden er ein av dei sentrale gardane i Ål, med eige på båe sider av hovudalføret. I nord grenser garden mot Hove, i aust mot Sundre og i vest mot Huus.
    Prestgarden vart kalla Ålsgard i Stavangerbispen si jordebok (Grågås) i 1625. 'Ecclesia Haal' skreiv dei pavelege nuntier om kyrkja i Ål i 1328. Namnet Ålsgard kan koma av det gotiske ordet alh som betyr tempel eller vern. Ordet alh har tidleg vorte fortrengt, men det skal finnast i Åseral og Frøjel på Gotland. (Jan de Vries: Altgermanische Religionsgeschichte.)
    Opphavleg har nok Prestgarden og den tilstøytande garden Hove vore ein gard. Desse gardsnamna gir nok eit lokalt døme på at kristendomen ofte overtok den gamle kultstaden i bygda.
    I diplom frå 1419 og 1510 er brukt namnet Prestgarden. (Prestgarden i Gol skal vera ein del av den gamle Gol-garden.) (Gol VI s 255)
    Jordfunn.
    I presten Ribe si tid (1743-1751) vart funne 'en bondebøtte av jern med to hemper og dekor: tvende kjemper til hest med skjold og hjelm, meget net forarbeidet og vel poleret.' (I. Wiel s 111)
    I 1901 støytte gravaren på ei gamal grav av store steinar. Det var eit rikt funn som syner ei mannsgrav frå vkingtida. (Evt. frå 1100-talet.) Av tinga kan nemnast: eit tve-egga sverd, rangle, øks, skjold-bule, sigg, munnbitt, eldstål og spjut- og pilespissar.
    I 1959 starta Riksantikvaren utgraving av stavkyrkjetufta ved arkitekt Håkon Christie. Der vart funne 969 myntar (offermynt?), ein blykross m/inskripsjonar (Dølaminne 1990), 114 kritpipe-delar, ein bergkrystall m.m.
    Prestegjeldet.
    Hallingdal låg under Selja bispedøme frå gamalt, frå omlag 1120 under Stavanger bispedøme som vart utskilt frå Selja. I 1631 vart Hallingdal og Valdres lagt til Kristiania stift, og i 1682 overført til Kristiansand. Frå .... under Tunsberg bispedøme.
    Biskop Håkon døydde under ein visitas til Hallingdal, han vart gravlagt under golvet i Torpo Stavkyrkje. (Det var to Håkon bispar, det er uvisst kven dette var.)
    Anneksa.
    'Prepositus a Thorpom' dvs. prosten i Torpo er nemnt 1328, diverre utan namn. I 1372 heitte det 'Dorppa sogn J Haddingdale'. (Torpo). Og 'Torpa kirkesogn' i 1527. Stavkyrkja på Torpo var større enn kyrkja i Ål. Torpo skal ha vore hovudkyrkja i soknet ein gong. Hol var eige sokn i allefall i 1358 og fram til 1483, men vart etterkvart anneks under Ål, og det vara fram til 1870.
    Tiende.
    Etter sagaen vart tiende-avgifta innført av Sigurd Jorsalfar fyrst på 1100-talet. Kyrkja skulle ha 1/10 av åkeravlinga, sidan også annan avling. I 1327 var der store restansar på 6-års tienda m.a. frå Hallingdal.
    I 1429 skulle Ål prestegjeld yte tiende til St. Andreas og St. Halvard. I eit hyrdebrev frå 1429 skreiv biskop Audun at det var ille stelt med Ål, mykje tiende stod ute og måtte drivast inn. Men biskopen sende nytt kyrkjeutstyr, kalkar, bøker og messeklede m.a. til Ål. (Hol I s 112)
    Tienda vart delvis avlyst ved lov i 1897 med verknad frå 1918. Preste-tienda vart oppheva i 1939.
    Stavanger-bispen si jordebok frå 1626 er kalla 'Grågås'. Jordeboka dekker Agder, Rogaland, Hallingdal og Valdres, og er i seg sjølv noko av eit kunstverk. Grågåsa inneheld lister over alt geistleg jordegods og kyrkjelege eige og inntekter.
    Under Ål prestegjeld er ført opp inventarliste for kyrkjene i Hol, Ål og Torpo. 'Derom er et besegled breff som alltid schall findis udi prestegaarden.' Av inventaret var m.a. 4 kyrkjeklokker både i Ål og Torpo, to store i stupulen, og to mindre inne i kyrkja.
    Tienda for heile prestegjeldet var 84 mælar korn (á 30 liter), derav 24 mælar frå Hol og 12 mælar frå Torpo. Dessutan hadde kyrkjene jordleige (landskyld) av 6 og 4 (Torpo) gardepartar.
    Om Prestgarden står det: 'Ved nafn Aalsgaard. Kan såes till 6 tønner korn og rug.' Det var eng nok til 20 kyr og to hestar. Underliggande øygardar: Barbas Echner (Eikro) og Anfinnsgarden. Stølar var Hovdegard, Einarset, Buhovd og 1/4 i 'Foudneset, liggendis nest elfen, vestenfor.'
    Sjølve prestebolet hadde dessutan landskyld av 21 gardepartar, og tienda totalt utgjorde tilsaman 230 mælar korn. (inkl. Hol anneks.)
    Dessutan hadde Ål kyrkje 20 og Torpo 12 såkalla kyrkje-kyr. Desse kyrne var utplasserte på bygda til røkting og stell, kyrkja skulle ha avdråtten. Og til sist, som 'en viss lønn til presten' skulle ytast 'offer-mæle' på 120 mælar korn.
    I 1679 vart tienda for heile prestegjeldet rekna til 51 tunner (255 mælar).
    Tienda skulle leverast på Kastebua i Prestgarden. Her vart nøye mælt og rekna. I tingbøkene ser ein stundom tvistemål når ein mann skulle levere korn for ein annan.
    Av tienda skulle 1/4 gå til dei fattige, presten var pålagt å ha 'omsorg for de fattige'. L. og S. Reinton reknar biskop Dorph var den fyrste som freiste å få til ei legdeordning for gamle og fattige kring 1740. (Hol I s 323.)
    Husa i Prestgarden.
    Stavkyrkja vart selt på auksjon i 1727, og kjøpar var presten Stockfleth. Sidan gjekk kyrkje-partar i mykje handel mellom både fut og bygdefolk. I 1752 var prisen 610 rd. Kyrkje-eigarane hadde ansvaret også for tiende-bua (Kaste-bua).
    Låven i prestgarden brann 1658, og i 1759 brann alle husa med unntak av kastebua, loftet, smiu, telthuset og badstugu. Det vart bygd nye hus etter brannen i 1759. Sjå Ål I s 325. Sjå meir detaljar om husa i Ål IV s 403-404.
    Tenestfolket hadde tilhald i Borgstugu. Det var ålmogen som hadde ansvar for vedlikehald av Borgstugu. Dei hadde også gjeve kakkel-omnane til borgstugu og Prestgarden. Fyrst på 1900-talet fekk konfirmantane undervisninga i Borgstugu.
    Prestegardslåven gjekk med i ein grasbrann saman med det nyleg oppsette Nigards-loftet frå Sundre 14. april 1991. Dei siste 10 åra hadde låven vore i bruk som kunstgalleri og museumsbygg (gardsreidskap.) Fjøset i Prestgarden var ei dobbel timre inne i fyrste høgda av låven.
    Prestgarden hadde tre kvernar i 1774. Dei var i god stand, men dammar og renner var dårlege. Kvernene skal vera bygd av presten Stockfleth.
    Prestgarden åtte den vestre halvdel av prestbrua. Her var det brupengar til kommunen tok over brua. (1374) s 35
    Garden.
    På tinget i 1702 spurde Eirik Gullhagen på vegne av presten grannane om Prestgardskogen var sameige. Grannane på både sør- og nordsida meinte at der var felles hogst og hamn.
    Areal 1865: dyrka jord 34 mål, naturleg eng 312 mål, utslått 98 mål. Avling 60 tunner bygg og 60 tunner potet.
    Under Prestgarden låg fire plassar med tilsaman 20 mål dyrka jord, 114 mål naturleg eng, 16 mål utslått tilsaman. I 1889 vart husmannsplassane i Vestlia fråselde.
    Plassar og underbruk: Eikro (i Øvre-Ål), Jonset, Kitilsplass, Hesthagen, Sandehuset, Brobakken og Sutøy. Eigedomen Klokkargarden vart frådelt 1866 og selt ut i tomter frå 1930 og utover.
    Synfaring 1908: Prestgarden hadde 95 mål steinut og tungdrive innmark. Buskap 1926: 2 hestar, 9 kyr og 10 sauer.
    Fram til siste halvpart av 1800-talet stod presten for gardsdrifta. Etter tid vart garden driven av forpaktarar fram til 1957. Fleire jordskrider har ramma prestgarden, den siste i 1860.
    Eigar av Prestgarden er Opplysningsvesenets fond. Frå omlag 1930 og framover vart Prestgarden frådelt 66 feste-tomter. Og kring 1960 vart Prestgardsjordet lagt ut som bustadfelt.
    Stølar. Dei eldste stølane til Prestgarden var Hovdegard, Einarset og Buhovd. (Sjå ovanfor.) Etter at hr. Niels Andersen sin nyrydda støl ved Rødungen vart nekta i 1696, så rydda Engelstrup stølen Olset aust for Rødungen kring 1700. Olset vart fråselt til Sundrehagen og Ulshagen i 1877. Buhovd vart fråselt til Holgelien i 1891. Øyestølen vart deretter brukt som langstøl og PrestNystølen som heimstøl fram til omlag 1930.
    (Sjå også boka 'Kyrkjene i Ål Prestgjeld' utgjeve av soknerådet i 1980.)

{5641} År: 1751

Niels Qvam 1720.-1773c
Foreldre: Niels Qvam og ...

Gm Isabell ... . Barn: Johan Ludvig ....-1795 ugift, klokkar i Ål, sjå søre Huus; Isabell 1752- gm prokurator Jens Hopstock i Solør.
    Gm Amalie Knutsdtr. Solberg 1715-1758. Barn: Hans Jørgen 1740-1780 gm Dordei Solvesdtr. Nubgarden, bonde på Sire og i Nubgarden; Nils ....- og Amund ....- (ingen hadde høyrt frå dei på lenge); Jakop ....- ridefogd på eit gods på Sjælland; Else ....- gm kapellan Ole Christian Hammer (Toten) (minst 4 barn) Ål og Fredrikstad; Inger Catharina 1755- ugift. (Ål II s 326. (1002))
    Truleg vart Qwam attgift med Karen Jakopsdtr. Falch. (Prestedatter frå Mandal.) NB. Rekkefølge (og mor) for barna er litt uviss.
    Qvam var sokneprest i Ål 1751-1774. Qvam let kjøpe skule- og salme-bøker frå Bragernes skule for utdeling til fattige. Årleg held han mat og klede for to-tre fattige ungar i Prestgarden og gav dei opplæring i eit år. I dårlege år kjøpte Qvam korn og delte ut til trengjande ved dei tre store høgtidene. Desse ytingane vart dekt av rentene av eit gavebrev på 500 rd som Qvam hadde gjeve til skule og fattige i Ål.
    Ved gardsynet i 1751 påviste Nils Qvam ein del feil ved førre gardsyn, og fekk ny vurdering av hus og gard. Prestgarden vart skyldsett i 1751 til 30 laupsbol eller 1 skippund og 5 lispund tunge. (1148) s 66
    Sundag etter påske 1759 var det brann i prestgarden. Det var sterk vind og mange hus vart lagt i oske saman med delar av prestearkivet, og eld-fnokk fauk i grannelaget. M.a. var stavkyrkja i høg fare. NB. Sjå meir under kapellan Floor, eige hushald.
    Nils Qvam vart saksøkt av lensmann Torkjell Villand 1764. Ankemåla var for tidleg buføring om hausten, og at hestane til presten hadde vore i rugåkeren til lensmannen. Åkeren var delvis "oppædet og Resten trædet under Fødder". (1288) s 3
    I 1770 tok presten hemn: han stevna Torkjell Willand for hogst i Prestgards-skogen. Då saka kom opp sa Torkjell at han undrast over at Qvam, som ein kjær nabo, kunne stevne han for retten utan minste årsak. Når det galdt hogsten, så viste Torkjell til ei kontrakt frå 1702 og bad presten om å fråfalle søksmålet. I fylgje Torkjell vart det berre penge-spill av eit slikt søksmål, betre var det heller å forlikast med nesten sin. Det burde vera "Rettesnor for alle gode Gemytter!" (1368)s 35
    Saka held fram og Torkjell utfolda seg i kjent stil: Det var ubilligt og narraktig av presten å anlegge rettssak utan alle berørte partar. Søksmålet var samanlikna med kalka graver, - "udentil beprydede, men nedentil og indentil aldeles stinkende."
    Saka strekte seg over fleire ting og vart eit bittert oppgjer. På 3. tinget sa presten sin sakførar: "Willand bruger for vane at lade opplese et skrift som i seg selv ikke er en Snus verdt!" Retten gjekk opp delene og beskreiv m.a. desse grensepunkta for Prest-skogen: Skavhol-sletta, Oksedjupet, Systerlyftet; Buhovd m.m. (1370) s 50
    Etter mykje diskusjon og utsetjingar fall dom i saka 1774. Stridens eple, tømmeret, var ikkje taksert, Lagretten dømde presten til å betale 50 rd i sakskostnader til Torkjell. Domar Michelsen derimot dømte Torkjell til å betale 50 rd til Qvam sitt dødsbu. Dermed gjekk saka vidare til lagtinget i Kr.ania.
    Prokurator Hopstock stevna Torkjell for "nederdrektige ord og lumpne uttrykk" under saka. Hopstock sa: "Høye Udrop og Store Ord fyller ingen Sekk, thi sådanne materialer går gjerne av sekker og forvandles i vær og vind, og .. fordrives av Kalde vinde." (1374) s 15 Retten ila T. Villand 2 rd i bot og 6 rd i sakskostnader for "høistfornærmelig beskjemmelse over Qvams person og Embete, alleger over den Hellige skrift."
    Kongen sin del av tienda i Ål, Nes og Gol vart 1769 selt av Caspar Storm, stiftsbefalingsmann til prokurator Jørgen Andersen Nachskoug.
    Qvam pantsette tienda og lånte pengar mange gonger, både hjå futen, major Rossing m.fl.
    I 1773 vart Qvam saksøkt av prestenkja madame Stockfleth. Ho skulle ha 40 rd i årleg pensjon. (1370) s 90 (EB i Dølaminne 4 1921)
    Qvam var ein mild innkrevjar. Arvingane hans måtte drive inn store mengdar uteståande avgifter til buet.

{5642} År: 1774

Hans Nimb 1713-1795c
Foreldre: ... Nimb og ... ... , født i Danmark eller Holland, av norsk ætt.

Nimb var sokneprest i Ål frå 1774 til 1795. Det er ikkje kjent om han var gift. Kring 1790 var her ein løytnant Nimb i Ål ei tid. (Ingen son til Hans.)
    Nimb var streng med konfirmantane. Det vart rettssak mot dei 'motvillige' evt. tunglærte som var uvillige til å 'la sig undervise i sin Saligheds Sag'. Futen var aktor og retten dømte slike folk til tvangsarbeid på tukthuset i Kr.ania "saa lenge det behager d' Herr Directeurer".
    I 1778 var det 5 hestar, 17 storfe, 15 norske sauer, 2 engelske sauer og 1 engelsk bukk, 11 geiter, 2 grabukkar og 4 gjeldbukkar. Det var 18 åkrar på tilsaman 32 mål.
    I 1780 vart Aslag Hove stevna for retten av presten Nimb. Aslak hadde vore på vitjing hjå ei tenestjente i prestgarden to netter og det hadde vorte oppdaga... (1396) s 5
    Etter vitneavhøyr og det faktum at "man bør ej kalde Presten troverdighed i tvivl", kom retten til fylgjande: Friaren vart bøtelagt med 2 rd og kostnader på 3 rd.
    Sine eigne plikter var ikkje Nimb så nøye med. Han tok det lettvint med kyrkjeboka. Nimb førte ingen dødsfall etter 1789. Dermed står det ope fram til Hofgaard overtok.

{5643} År: 1796

Andreas Hofgaard 1756-1826
Foreldre: Ambrosisus Floor Hofgaard og Else Schmidt, Nes i Akershus.
Gm Mette Pettersen 1768-1852
=Mette Abigael. Foreldre: ... Pettersen og ... ... .... , Solør.

Andreas og Mette Hofgaard hadde desse barna: Ambrosius 1788- tollkasserar i Kragerø; Else 1790- gm biskop Munck; Johanne 1791- gm stiftprost Edvard Munck; Kirsten 1797- ; Gabriel 1793- prest i Ål; Andreas Peter 1794- tollbetjent i Bergen; Jens Gerhardt 1799- krigskommisær og stallmester ved hoff-stallen; Poul ....- prest i Vestby; Anne Christine ....- gm krigskommisær ... Aars.
    Hofgaard var prest i Ål frå 1796 til 1801. Han kom i strid med haugianarane og reiste etter berre fire år. I 1801 budde desse familiane i Prestgarden: Jacob Schmidt Tronhus som kapellan; sersjant og ungkar Hans Emil Næss.
    "Hofgaard forvildet sig ind i den tanke at hans høiste kald var at ivre mod Hans Nielsen Hauge." Mange mislikte dette sterkt, og det vart sagt at dei beint plaga presten frå bygda i 1801. Noko slikt hadde ikkje hendt i Ål før.
    Hofgaard fekk kall i Sigdal 1801, men kom ikkje til å overta. Han fekk avskjed pga. "upasselighed", og flytta til Kr.ania og overtok garden Fornebu m.m. (1465) 1921
    Utanom haugianarane var Hofgaard godt likt i bygda, og fekk gjerne besøk då ålingar var på byferd.
   

{5644} År: 1801

Morten Andreas Leigh 1758-1819
Foreldre: Søren Leigh, prost i Gausdal og Kvikne og Karen Cold. (1519)

Gm Margrete Engelke Rynning, Vinger 1767-1797. (som arva gods i Reinton.)
    Barn: Carolina Maximilliana Leigh 1792-1857 gm løytn. David Dietrichsen; Sigvard Irgens 1793-1822 kontormann i Chr.ania, ug. ; Søren Leigh 1794-1870 til Sogndal, premierløytnant gm Birgitte Hielm Aabel. (1341)
    Gm Petronelle Louise Mørch 1763-1801. Barn: Margrethe Engelke 1800-1863 gm Peder Pavels Aabel (prost i Land); Bernt Ancher Leigh 1800-1872 prest i Overhalla, gm Anna Justine Coucheron.
    Gm Anne Margrete Grøntvedt, Kvikne 1781-1840. Barn: Lovise 1809-1809.
    Leigh var prest i Kvikne 1792-1801 og Ål frå 1801-1819. Han døydde i Ål. Anne Margrete sat i enkjesete i Ulshagen til 1824 då ho flytte til ste-dottera Margrete.
    Leigh ville betale 15 rd årleg til fattigkassa for å sleppe å bli 'bebyrdet med all slags omløpere og betlere' i sitt eige hus.
    Leigh var selskapeleg anlagt, var gjerne med i gjestebod. Men han reagerte på siste mote: uskikken med storslagen gjestebod-feiring. Gjesteboda hadde sklidd ut og kunne vare i mange dagar. Leigh gjekk fremst for å avgrense dette, og samla underskrifter for eit regelverk for bryllaups-feiring. '.. at indskrenke den overhåndtagende Ødselhet ved gjestebuder etc i Ål.. . .... Må ei forbruge mer end 15 settong korn ..'.
    Leigh tok del i styre og stell i bygda, men satsa mindre på skule og opplysning. (1402)
    Leigh spøkte slik med medhjelpar Tomas Sire: "Jasså, er det Tomas Vantro?" Tomas svara kjapt:" Ja, eg høyrde det skulle vera 'Leik' her i dag". (Leigh!)
    Også Leigh låg i strid med haugianarane. "De udspionerer min tale og vandel", sa Leigh, og fordømde dei som vranglærarar. Om kapellanen Petter Marqvat Otzen, sjå eige hushald.
    Det var uro i landet under krigen 1807-1815. Prestefrua tok med seg sylvtøyet og var på stølen på Buhovd ei tid. Og folk søkte kyrkje, meir enn vanleg.
    I 1814 pådrog Martin Leigh seg eit klagemål med 102 underskrifter. Han var skulda for å ta seg meir enn godt betalt, nekting av barnedåp og for uvøre språk-føring til prest å vera. Det var misnøye med konfirmasjons-lesing om sumaren, og at altarvinen var blanda med vatn. Bispen såg på klage-saka, men han gav Leigh medhald i det meste.

{5645} År: 1820

Strøm Grøtting 1767-1838
Foreldre: ... Strøm Grøtting og ... ... ..., Elverum.

Gm Helene Hartmann 1786-1828. Barn: Andreas 1816- ; Oluf Conrad 1822- ; Anne 1823- ; Tora 1826- ; Pauline 1826- ; Helene ....- ; Dortea ....- 'Jomfru Grøtting' var sjukleg. (Hole II s 38.)
    Grøtting overtok kallet etter Leigh i 1820.
    I 1832 held Grøtting gardsyn i Prestgarden. Han meinte det vanta det halve på at ålmogen held hovedbygningen i forsvarleg stand. Romma i hovedbygningen var: herre-kammer eller storstugu; sal ; kjøkenkammer; kjøken; 'pige-kammer' m.m.
    Det mangla 22 glas-ruter, veggene skulle panelast innvendig og målast med kvit kalk med lim, taket måtte vølast; taket skulle målast med "Brunrødt og tjærevand", bygnaden elles skulle målast med "Russisk Kompisasjonsfarge", døra skulle oljemålast med "blekhvidt". Totalt overslag på manglande vedlikehald vart sett til 162 spd. (1347)
    Grøtting var ingen hard preste-mann. Då han døydde etter 18 år, var det mange som aldri hadde betalt avgift.
    Opplysningsarbeid kunne vera tungt den tida. Då han skulle konfirmere to utskot i 1821, "Vestafor-kviten" og "Halling-tågjin" hadde Grøtting mista tålmodet. Karane var 26 år og utskrivne soldatar, og lære-lysta var heller låg. Dei måtte anten konfirmerast straks eller sendast på tukthuset. .. Konfirmantane kom blåslegne ut att, og det vart sendt klage til biskopen. Det førde til at kapellan Caspar Hansen vart tilsett i 1831. (1402)

{5646} År: 1839

Caspar Jakopson Hansen 29.07. 1808-1886
G 1833 m Inger Margrete Grøtting 1805-1848. Barn: Christine 1834-1919 ugift lærar; Helen 1836-1899 gm byggmester Fr. Gadem; Julie 1837-1905 gm Claus Kamstrup (8 barn; Jakobine 1838-1874 gm Theodor Hessler (2 barn); Victor 1840- til Am. G 1852 m Andrea Amalie Holst 1832-1899, Kongsberg. Barn: Caspar August 1854-1892 gm Valborg Hess (6 barn); Christian Wilhelm 1855-1916 skipsførar, gm Helene Sofie Blydt (6 barn); Amalia 1860-1928 ugift musikklærar; Thorvald 1862-1901 ug. til Am.; Ingebjørg 1861-1955 gm kontorist Chr. Olsen; Ragna 1861-1891 gm Ernst Schiedewitz. (1786) Foreldre: tollbetjent Jacop Hanssen og Karen Kaspersdtr. Holst, Kr.ania.

Caspar Hansen var prest frå 1839-40. Han tok teologisk eksamen 1831 og var kapellan i Ål i sju år før han vart fungerande sokneprest.
    Hansen var ein dugande skulemann og fekk orden på undervising, lærarar og skuleverk. Han reiste omkring og held eksamen. Det hadde ikkje hendt før. Slappe lærarar fekk anten gå eller legge godviljen til.
    Hansen vart den fyrste ordføraren i Ål. Han var svært oppteken av skulearbeid og bygdekultur. Saman med svoger Andreas Grøtting laga han ei ordsamling til hallingmålet.
    Hansen var mykje omtykt i bygda, dei søkte Kongen om få han som prest, og heradstyret støtta saka. Men Hansen søkte ikkje stillinga. Han vart prest i Rødøy i Nordland i 1840. Og kom sidan til Jølster. Fruktene etter hans virke levde lenge i bygda. (1457)
    I kommentarane til "Frk. Marie Hansens Dagbok 1834-1916" skreiv Claus Nitter:
    "At sokneprest Hansen og hans kone virkelig lengtet tilbake til Ål har vi bevis for, gjennom brevveksling mellom prestefolket og lensmann S. Hamarsbøen i Ål."
    Lærer Gjeldokk skreiv om Hansen: 'Denne mann var en riktig Skolemann, han tok sig af lærerne, skolestyret og konfirmanterne, saa det ble liv i leiren. Hansen var ofte til stede i skolen og holdt eksamen. I hans tid ble det dannet et bibliotek for lærerne, det første i Ål.
    Hansen var også meget interessert i bygdekultur, og sammen med svogeren, Andreas W. Grøtting, laget han en ordsamling: "Prøver paa Dialekten i Hallingdal", trykt i tidsskriftet "Samlinger til det Norske Folks Historie", IV, 610-620, og V, 360-365. Da "Landhusholdningsselskabet i Buskerud" ble dannet i 1830, som underavdeling til Selskabet for Norges Vel, fikk Hansen i 1836 dannet et "Aal Sogneselskab", det arbeidet for myrdyrking og bedre grøfting.'
    Sjå også artikkel av Magne Myhren i Dølaminne 1981.

{5647} År: 1840

Gabriel Hofgaard Stenersen 01.08. 1793-1850
Foreldre: John Stenersen (Stange) og Karen Tancke Anker Borch, Jevnaker.
Gm Anne Birgitte Irgens Stenersen 1800-1874
Foreldre: Albert Angell Irgens og Ingeborg Sveinsdtr. ... , Lesja.

Gabriel og Anna gifte seg i 1825. Barn: Jon 1828-1873 brennevinskontrollør, gm Torgerda Melby; Stener 1835-1904 dyrlege/statskonsulent, gm Helga H. Heltberg; Karen 1826-1906 ug. (Stenersen); Ingeborg 1830-1910 gm Vilhelm Tjodolf Berbom; Sophie Lagerta 1833- ; Abigell Elisabet 1836-1872 gm Fredrik Westby, Bergen; Eveline 1841- gm amtmann Hans Tomas Meinich. Og dessutan to adoptivsøner. (1465)1921
    Stenersen var født på Jevnaker, men fekk fire barneår i Prestgarden i Ål før foreldra flytta til neste kall. (Sjå år 1796.) Gabriel vart prest og tente i Trysil og Elverum. Så fekk han prestekall i Ål frå 1839, og var her til han døydde i 1850. Sjå Ål II s 178.
    Stenersen var ein røsleg gubbe, vog 1 skippund (160 kg). Han vart oppfatta som lat og doven. Sume meinte at både skulen og kyrkja var noko av ein tvang for han.
    Men på prekestolen var Stenersen i sitt ess. Han var ein god talar og noko av ein poet. Privat var han svallug og skjemtande, - noko sume fann 'anstøtelig'.
    I Stenersen si tid var det folksamt i Prestgarden. I tillegg til sju barn, hadde dei to adoptivsøner, samt 4-5 gamle trengjande som fekk husrom og stell. M.a den sinnsjuke systera hans, enkjefru/prostinne Johanne Andersen ....-1849.
    Gardsstyrar var Ola Knutson Torsteinsrud, ein eigenrådig dreng som ikkje gjekk av vegen for å sette presten i knipe. T.d. Dersom det var for-køyring i Prestgarden, så vart hestane brukte til det sjølv om presten skulle ut i soknebod. (Sjå meir på Torsteinsrud, gnr. 62/3 år 1778.)
    Anna dreiv med medikament og stelte sjuke folk. I hennar tid var Prestgarden noko av ein 'barmhjertigheits-anstalt' heitte det. (Sjå Ål II s 179 og boka 'En gammeldags prestegaard' der dottera Karen skildrar livet i Prestgarden.)
    Stenersen bygde stølshus både på Olset og Buhovd. Men så leigde han bort Buhovd til prost Ekchoff frå Ringerike. Med både prestens eigne kyr på Olset og dessutan leigekyr, så vart det klage frå grannane på Buhovd. Lensmannen rådde folk til å avstå frå forliksklage, han skulle i staden prate med presten. Men det vart utan resultat.
    På buføringsdagen våren 1847 stod husa på Buhovd i brann, og det var mistanke om at brannen var påsett. Avhøyr førte ikkje til oppklaring. (1521)12
    Registreringa av buet etter Stenersen vara tre dagar. Siste dagen var sonen Jon komen frå Kr.ania for å krevja inn tienda. Den gamle tenestejenta Gjertrud fylgde med prestenkja då ho flytta frå Ål omlag 1850. Men Gjertrud døydde same året.

{5648} År: 1851

Christian Fredrik Joakimson Kjelstrup 1803-1867
Foreldre: Joakim Fredrik Kjelstrup og enkje Madsi Maria Wind (etter sokneprest Peter von Cappelen i Lom), Ørskog og Hammerfest. (Ås Bygdehistorie I s 31)

Gm Maria Magdalena Fleischer 1813-1881. Barn: Joachim 1833-1836; Wilhelm 1834-1915 adjunkt og prest i Romsdal, g 1872 m Mette Katrine Cammermeyer; Marie Christine 1836-1840; Claudia Jørgine 1837-1856; Joakim Fredrik 1841-1845; Johan Fredrik 1845-1845; Fredrik Joakim 1849-1920 toll-inspektør, g 1875 m Karen Hansen, g 1891 m Marie Elisabeth Welhaven; Christine Marie 1851-1929 g 1873 m lege Nils Henrik Abel; Carl Johan 1853-1904 skipsførar, g 1880 m Laura Caroline Bull; Otto Georg 1857-1967 ugift.
    Kjelstrup hadde vore prest i Nordland og på Gol før han kom til Ål i 1851.
    Den mangeårige gardsstyraren i Prestgarden, Ola Knutson Torsteinsrud, baud sine tenester fram også for Kjelstrup. Men Kjelstrup hadde høyrt såpass om Ola at han svara at det var 'dreng' han ville ha. 'Husbonde' ville han vera sjølv. Då kjøpte Ola seg inn på Sando og levde på oppsparte midlar. (Sjå meir på Torsteinsrud, gnr. 62/3 år 1778.)
    Kjelstrup var ein kjempekar og ein fargerik person. I studietida var Kjelstrup i lag med Johan Welhaven som stundom kom i knipe grunna uvøren språkbruk. Welhaven vart redda av Kjelstrup sine krefter ved fleire høve.
    Ein som såg dei nakne armane til Kjelstrup sa: "Senane hans voro som ky-rovu ... ...". Kjelstrup sette seg i age då han sette den berykta slåsskjempa Rotneims-Knut på dør. Men det var fleire som prøvde seg på presten.
    Ein messe-sundag morgon vart Kjelstrup overfallen av ein olm okse i Prestgarden. Samaraien vart rivi sundt i eit villt basketak. Etter messa tok presten på seg uvande klede og banka oksen. Og deretter vart han slakta.
    Kjelstrup kunne også vera nokså handfast i omgang med sine soknebarn, dei mest "trengjande" fekk gjerne juling hjå den muskel-sterke presten. Sjå meir under Torgeir Olson f. 1838.
    Etter ei uroleg helg med dansing og leven hjå tenestfolket i Borgstugu, kom ein av natte-frierane inn på prestekontoret i eit anna ærend. Men Kjelstrup kjende han att, han hadde fått tak i skoen då karen rømde ut glaset. Kjelstrup tok og rista han grundig, og sette han på dør med fylgjande 'evangelium': "Holder du oftere Spetakkel her om Natten, skyder Jeg deg!" (1406)
    Kjelstrup og kaptein D. Unker rauk saman i eit julelag hjå lensmann Pleym ein gong. Det enda med at kapteinen vart sett på veggen. Då ropte Kjelstrup så det ljoma utover Sundre: " Nå kan dere komme, om det så er et halvt hundre mann!" Då var det ein som sa: "Er det slik preke han far heldt i dag!"
    I 1861 sende Ål menigheit klageskrift på Kjelstrup for eit ustyrleg temperament og nevebruk. Fleire gonger hadde han lova å koma til døyande folk utan å koma. Og han skamslo folk utan grunn ved fleire høve. Dessutan banna han så det lyste.
    I 28 punkt vart Kjelstrup klaga for slapp embetsførsel og hardhendt framferd. Klaga vart trykt i Morgenbladet, noko som førte til injurie-søksmål mot student Asle Vangen som var opphavsmannen.
    Klagene førte ikkje til anna enn at Kjelstrup vart pålagt å halde kapellan. E. Kaurin fekk det vervet, og han held seg meir til 'dei vakte' i bygda enn med presten. Sjå eige hushald. (Ål II s 179-84.)
    Kjelstrup hadde eit godt lag med ungar, og konfirmasjonførebuingane hans sette djupe spor.
    Siste våren køyrde Kjelstrup gjennom isen ved elvekanten. Han steig ut og lyfte hesten på fast grunn. Eit tungt tak vart det, - og våt og kald vart han. Dette var truleg medvirkande til hans tidlege død.
    Karen Stenersen: "Endog i kirken måtte prestens styrke til for at holde orden. De brugte at gjøre kast over alter-ringen medends presten stod for alteret, og da tog han dem ganske rolig i skulderen og satte dem ned på den anden side. Dette hendte ikke sjelden, men tilsist blev der dog stilt, og der herskede det bedste forhold mellom prest og menighed inden hand forlod dem." Meir: Dølaminne 1926 s 97.
    Kjelstrup hadde bygd eit hus med stugu, kjøken og steinsett kjellar i Prestgarden. (1113) s 15

{5649} År: 1870

Christian August Heyerdal 1810-1877
Foreldre: ... ... Heyerdal og ... ... ... .

Gm Marta Dortea ... Heyerdal. Barn: Marie ....- ; Hans ....- ; Einar ....- ; Emilie Josefine 1851-1905 gm Olaf L. Skottebøl (9 barn, sjå Skottebøl); Ragnvald ....- .
    Heyerdal kom til Ål i 1870, 60 år gamal. Av hans interesser var: kortspel og åkre-bråt. Som prest var han passert middagshøgda. Så fekk han svigersonen Olaf Skottebøl som kapellan.
    I 1870 vart Hol anneks utskilt som eige prestegjeld. Presten var mot dette endå det vart store avstandar.
    Det var 1000-års-feiring av riks-samlinga i 1872. Etter messa held Heyerdal fest-tale, og tilstades var både amtmann og to statsrådar. Heyerdal kåserte om samlings-tanken til Harald Hårfagre.
    Eiga var 4383 kr og gjelda 2706 kr på skiftet i 1877. Kappelanen Skottebøl (gm Josefine) hadde leigd Prestgarden eit år.
    Heyerdal døydde i Ål.

{5650} År: 1877

Johan Fredrik Monrad 24.06. 1837-1896
Foreldre: Knut O. Monrad og Gunhild Kristine Schlytter, Skien.
Gm Christine Lindemann Bull Monrad 09.05. 1842-1930
Foreldre: sorenskrivar Jacop Lindemann og Henrikke M. Sundt. (1587)

Johan og Christine gifte seg i 1865. Barn: Knut 1872-1916 amtsagronom i Buskerud gm ... ... (2 barn); Gunhild 1866- gm Ole Ulshagen (sjå gnr. 109/1 år 1851); Hans 1877-1959 møbeltapetser-forretning/ direktør i Norske Folk.
    Monrad vart prest i Ål i 1878 og prost frå 1884, vistnok den fyrste ålingpresten som var prost.
    Med Monrad kom det ein frisk vind i bygda. Det hadde vore ein periode med gamle, utslitne prestar. Monrad hadde store kunnskapar og arbeidskraft, sat m.a. i amtskulestyret og la seg hardt i selen med den nye skulelova.
    Jordvegen i prestgarden låg delvis nede etter skridene. Husa (bygde etter brannen 1759) var halvt nedrotna. Prestgarden's 'nærmeste omgivelser tydde ikke paa at den hadde vært hjem for en prest.'
    Monrad vølte alle husa på garden, og sette hovedbygningen i god stand. Gardsdrifta sette han bort til Per Vareberg og sonen Ola. Men hagebruk var han svært interessert i, han deltok i forsøksdyrking i samråd med venen professor Schybeler, og han bygde opp ein praktfull hage.
    Monrad fekk stogga rivinga av Torpo stavkyrkje i 1880. Likeeins var han frampå då Ål stavkyrkje stod for tur nokre år seinare. Monrad baud seg til å levere furustolpar til tårnet, evt. eit rentefritt lån på kr 400. Men så var det ikkje langt nok tømmer i prestgardsskogen. Heradstyret vedtok likevel å rive stavkyrkja.
    Det vart fortalt frå siste messa i stavkyrkja. I travlaste onna var kyrkja full, og Monrad kjende at stavkyrkja preka meir inntrengande enn han. Kyrkjelyden var djupt rørt. På ein spasertur tidleg neste morgon, før rivinga tok til, såg Monrad to kvite fuglar som sat på kyrkjetaket. Sjølv om Monrad var ein kyndig ornitolog, så hadde han aldri sett slike fuglar før. Dei flaug stille bort, nesten symbolsk.
    Monrad tok del i politisk arbeid, og han var medlem og delvis formann i nemnda for lov-arbeidet vedrørande preste-gardar og -løner. Det vart for mykje arbeid for han. Monrad søkte seg då til søndre Land, men døydde straks etter. Han var riddar av St. Olavs Orden.
    Då Monrad flytta frå Ål ville dei bevara sine band til bygda. Monrad familien sette opp ei hytte ved Huustjødne på Veståsen.

{5651} År: 1896

Wilhelm F. K. Christie 20.08. 1842-1931
=Wilhelm Frimann Koren. Foreldre: prest Johan Carl Christie og Rosalinde Isabella Carlsen, Askevoll.
Gm Sophie Amalie Uchermann Christie 15.03. 1850-
Foreldre: Wilhelm Hansen Heiberg Uchermann og 1.g. Emilie Leganger, Åmot i Østerdalen.

Wilhelm og Sophia gifte seg i 1877.
    Cand. theol. 1868. Kandidatlærer ved 'pikeskole' i Christiania 2½ år, vart 1870 kapellan hjå faren i Askevold, frå 1875 sogneprest i Masfjorden, frå 1880 sokneprest i Lavik og frå 1889 prost i Ytre Sogns prosti. Prest i Ål frå 1897 til 1914. Konstituert prost i Hallingdal i 1912. (Lampe: "Bergens Stifts biskoper og præster efter refomationen".)
    Christie var ein flittig forkynnar, han skydde 'ingen anstrengelsar og Besvær'. (1402)