Kolbotnen gnr. 111 bnr. 9
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kolbotnen gnr. 111 bnr. 9-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kolbotnen var husmannplass under Prestgarden. Fyrste gongen nemnt i 1720, eit bygselbrev frå 1816 er kjent. Namnet kjem av at her har vore kol-brenning ein gong.
    Plassen vart frådelt Prestgarden som sjølveigarbruk i 1889. Plassen vart nedlagt som bustad kring 1927. Tunet og tomtene syner enno.
    Frå 1916 var Kolbotnen lagt under Sutøy, gnr. 111/10. Kring 2004 vart eigedomen lagt ut til bustadfelt, men det gamle tunet skal bevarast som friareal.

{5694} År: 1760c

Helga Knutsdtr. Sæte Kolbotnen 1725-1764
Foreldre: Knut Bjørnson Kvamen-Sand- Håkeset/Sæte, Skurdalen og Birgit Pålsdtr. Gullstein. (Oppl. Ole O. Foss (1589))
*Barn
1. Birgit Tolleivsdtr. Kolbotnen 22.08. 1762-
Foreldre: Tolleiv Tolleivson søre Svarteberg og Helga Knutsdtr. Skurdalen.

Helga Knutsdatter var husmann eller inderst under Prestgarden i manntalet 1762.
    Helga fekk eit barn med Tolleiv Tolleivson søre Svarteberg i 1762. Truleg var dei meint på å gifte seg, men så drukna han.
    Helga var død i Kolbotnen 1764. Syskena var: Sigrid ....- (død som jente); Ola Knutson Hågeset i Hol gm Margit ... , (Sjå Levorplassen, Hol VII s 526 opplyser Lars Stavehaug); Dordei ....- gm .... (enkje i 1780), Bjørn ....- på Sata, budde hjå formyndar Ola Tufto.

{5695} År: 1765c

Åse Johannesdtr. Stave Sandeplassen 1732-1815
Foreldre: truleg Johannes Johanneson ... (Vestlandet) Kolbotnen og ... ... ... . (Påpeika av L. Stavehaug)
Gm Halvor Olson Dusegard 1730-
Foreldre: Ola Torbjørnson Slåtten Dusegard og Ingeborg Ørjansdtr. Kaslegard.
*Barn
1. Johannes Halvorson Helling 24.12. 1758-
2. Mari Halvorsdtr. Rime Rimehaugen 1777-1836s
Ugift. Mari fekk støtte frå kassa den siste tida. Lausøyre 23 spd.

Halvor og Åse gifte seg i 1763. Sonen Johannes vart døypt som Helling.
    I 1765 budde Halvor på 'prestgardens eiedeler'. (Kolbotnen?)
    Halvor og Åse kom til Rime før 1777. I 1801 var Halvor husmann utan jord på Rimehaugen. Åse døydde i Sandeplassen (Sandehuset?) i 1815. Halvor ser ein ikkje meir til.

{5696} År: 1816

Kitil Olson Sundremoen Kolbotnen 04.03. 1782-1875
Foreldre: Ola Knutson Moen (Sundremoen) Vangen og Kari Kitilsdtr. Kitilsplass.
Gm Birgit Levorsdtr. Helling Kolbotnen 14.01. 1776-1836
Foreldre: Levor Lambertson Gjeldokk Helling og Birgit Toresdtr. Hove.
Gm Gunhild Eiriksdtr. Foss Kolbotnen 11.06. 1803-1866
Foreldre: Eirik Knutson Foss og Margit Olsdtr. ..., Hol. (Sjå Hol VI s 393)
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Kitilson Kolbotnen 09.02. 1840-1900
G 1867 m Kari Knutsdtr. Kanafetmyrane. Sjå neste hushald.

Kitil og Birgit gifte seg i 1818. Ingen barn. Men Birgit hadde to barn med Ola Gunvaldson: Guri 1799-1800; Levor Vangen 1807-1873.
    Det vart fortalt at Kitil var ute i krigen 1807-14.
    Kitil bygsla Kolbotnen i 1816. Han står i husmannsmanntalet frå 1832 til 1841.
    Kitil var attgift med Gunhild i 1839.
   

{5697} År: 1875c

Ola Kitilson Kolbotnen 09.02. 1840-1900
Foreldre: Kitil Olson Sundremoen Kolbotnen og 2.g Gunhild Eiriksdtr. Foss.
Gm Kari Knutsdtr. Kanafetmyro Kolbotnen 11.06. 1836-1927
Foreldre: Knut Solveson Kanafetmyrane og Turid Olsdtr. Ulshagaplassen.
*Barn
1. Gunhild Olsdtr. Kolbotnen 17.02. 1867-1894
Ugift. Gunhild fekk eit barn med Lars Syverson Klyvset: Syver som døde 3 mnd gamal.
    I FT-1891dreiv Gunhild med husstell.

Ola og Kari gifte seg i 1867. Han overtok bygsla etter faren. I 1889 fekk Ola skøyte på Kolbotnen for 1005 kr.
    Kari dreiv med strikking. Ho døydde i 1927, då var mannen og dottera døde, og det var ingen ting å skifte.