Huus, nordre gnr. 112 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Huus, nordre gnr. 112 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tor Henrikson held attende nordre delen av nordre Huus då han delte garden i 1774. Eigedomen fekk 9 laupsbol og etterkvart løpenummer 275.
    Plassar og fråselt jord: plassen Hansebråten, bnr. 8 fråselt 1854.
    Frå 1854 vart garden skoren opp og selt ut i smått. M.a. vart dette fråselt: Huus bnr. 10 fråselt 1863 (ligg under bnr. 2); fråselt 1863: Huus bnr. 11 og Tolvmålsteigen bnr. 12 fråselt 1863 ligg under Nyheim; Huus bnr. 14 fråselt 1870, ligg under bnr. 2.
    Areal 1865: 15 mål dyrka jord, 27 mål naturleg eng og 45 mål utslått. Avling 14 1/2 tunner bygg og 12 tunner potet.
    Stølar: langstøl i Hollo (bnr. 9, fråselt til Håheim 1856), heimstøl Huus-stølen.
    I 1919 vart det attverande av garden, Huusstølen, lagt til nordre Brenno, gnr. 118/5.

{5731} År: 1774

Tor Henrikson Huus 1710c-
Gm Kari Larsdtr. Hagen frå Hol. G 1777 m Gunvor Håkonsdtr. Svarteberg. Foreldre: Henrik Toreson Huus og Turid Torsteinsdtr. Stave.

Om familiane til Tor Henrikson, sjå Huus, bnr. 2 år 1755.
    Tor måtte selja halve garden i 1783 'formedelst gjeld' til Eirik Olson Veslegard. Pris: 650 rd og 2 tunner korn årleg som kår. Dottera Kari var født på Strand i 1783.
    I 1809 var Gunvor enkje og busett to mil utanfor Kr.ania. (NB. Det var omlag 40 års aldersskilnad!!)

{5732} År: 1783

Eirik Olson Veslegard Huus Jøto 1742-1815
Foreldre: Ola ... Veslegard og ... ... ... .
Gm Ambjørg Knutsdtr. Noss Huus Jøto 19.02. 1758-1833
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.

Eirik Olson Veslegard og Ambjørg Knutsdtr. kjøpte halve Huus i 1783 for 650 rd og kår til Tor Henrikson. Dei selde Huus i 1789, og kjøpte Jøto 1797, sjå gnr. 117/5.

{5733} År: 1789

Levor Torson Huus 13.11. 1763-1815
Foreldre: Tor Henrikson Huus og Kari Larsdtr ........
Gm Ingeborg Knutsdtr. Noss Huus 16.10. 1760-1845
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.
*Barn
1. Tor Levorson Huus 20.03. 1791-1801f
2. Knut Levorson Huus 09.05. 1793-1860
Gm Gunhild Nilsdtr. Ruud. Sjå neste hushald.
3. Kari Levorsdtr. Huus Bjøberg 07.12. 1794-1871
G 1822 Ål m em Eirik Knutson Bjøberg, Hemsedal. Barn: Levor 1823- til Finnset i Hemsedal, sidan til Klanten i Gol; Ola 1837- til Bygdheim, gm Margit Nilsdtr. Venås; Birgit 1840-1923 gm Andres Torset.
4. Anne Levorsdtr. Huus Halvorstølen 30.10. 1796-1860
G 1823 m Knut Halvorson Halvorstølen, gnr.
5. Torand Levorsdtr. Huus 28.10. 1798-1799
6. Torand Levorsdtr. Huus Leksvol 28.09. 1800-1890
Barn m/Svein Olson ... : Lukris 1838- sjå barnebarn.
    G 1841 m Knut Halvorson Leksvol, gnr. 113/3.
7. Turid Levorsdtr. Huus 27.01. 1805-1815f
*Barnebarn
1. Lukris Sveinsdtr. Huus Hansebråten 14.04. 1838-
G 1855 m Anders Anderson Leksvol Hansebråten, gnr. 112/8. Til Am.
    Foreldre: Svein Olson ... (ungkar) og Torand Levorsdtr. Huus.

Levor fekk skøyte på Huus for 720 rd i 1789. Han lånte 299 rd hjå seljaren Eirik Olson Huus.
    Levor kjøpte 1794 odelsretten til halve Huus for 299 rd.
    I 1803 pantsette Levor garden for 299 rd til Ola Ellingson Løken.
    I 1813 vart garden skøytt til sonen Knut.
    På skiftet etter Levor i 1815 var det 397 rd å dele på barna Knut, Levor, Anne og Torand. Sonen Knut hadde fått skøyte på garden, men garden var ikkje betalt eller teke i bruk. Skifteretten ville ikkje godta skøytet då kjøpesummen syntest låg. Arvingane var samde om at skøytet skulle stå, men at kjøpesummen skulle setjast til 1000 rd.

{5734} År: 1813

Knut Levorson Huus 09.05. 1793-1860
Foreldre: Levor Torson nordre Huus og Ingeborg Knutsdtr. Noss.
Gm Gunhild Nilsdtr. Ruud Huus 24.03. 1796-1873
Foreldre: Nils Knutson søre Opheim til Ruud (Opheim) og Birgit Larsdtr. Løyte.
*Barn
1. Ingeborg Knutsdtr. Huus Lien 01.02. 1821-
G 1851 m Henrik Olson Lien, Hemsedal. (I 1846 vart Ingeborg K. Huusslåtta vart tildelt korn på kassa.)
2. Birgit Knutsdtr. Huus 15.01. 1824-1824
3. Levor Knutson Huus Stave 30.09. 1825-1897
G 1847 m Guri Olsdtr. Strand. Sjå neste hushald.
4. Nils Knutson Huus 31.08. 1828-1828
5. Birgit Knutsdtr. Huus 21.12. 1829-1924
Gm Eilev Eilevson søre Haugerud. Barn: Eilev 1869- g 1892 m Julia Mikkelson; Anna 1873-1952 g 1898 m Nils Mikkelson, Wallingford; ... ....- gm ... Sevatson.
    Dei var inderstar på Huus i 1868. Sidan reiste dei til Amerika.
6. Turid Knutsdtr. Huus Randedokken 17.08. 1833-1921
G 1864 m Sevat Knutson Hansebråten RandeDokken. G 1879 m em Botolv Viggerson Gurigard Randedokken, gnr. 121/7.
7. Gunhild Knutsdtr. Huus 12.11. 1837-
Gunhild reiste aleine til Amerika i 1869.

Knut og Gunhild gifte seg i 1819.

{5735} År: 1847

Levor Knutson Huus Stave 30.09. 1825-1897
Foreldre: Knut Levorson Huus og Gunhild Nilsdtr. Ruud.
Gm Guri Olsdtr. Strand Huus 06.11. 1821-1899
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl Strand Amundsgard og Kristi Larsdtr. Strand.
*Barn
1. Kristi Levorsdtr. Stave Dokken 08.02. 1848-1914
Ugift. Sjå Randedokken, gnr. 121/7.
2. Knut Levorson Huus Stave 19.03. 1849-1917
Ugift. Sjå neste hushald og Stave, gnr. 114/12.
3. Ola Levorson Stave 17.09. 1851-1903
Gm Randi Nilsdtr. Holo 1861-1915. Barn: Lewis Gustav Stave 1881-1886; Nicolai Ludvig Stave 1883-1957 g 1911 m Emma Nelson (3 barn); Carl Oscar Stave 1885-1886, Union, Cavalier Co, ND; Albert Oscar Stave 1886-1886; Lewis Oscar Stave 1888-1890; Gina Lovise Stave 1890-1915; Olvin Richard Stave 1892-1950 ugift gardsarbeidar Grand Forks, ND; Rangdi Christine Stave 1897-1982 g 1928 m George Schatz (2 adopterte døtre); Clara Sorine Stave 1900- gm Seymour Holt (2 barn); Gunda Bertine Stave 1902-1965 g 1930 m Elmer M. Berg (2 barn).
    Randi fekk eit barn med Anders Anderson: Leonard Stave 1906-1986 gm Violet Stewart Seattle, Washington.
    Ola reiste til Am. i 1881: farmar i Cavalier Co, ND. 1900 US Federal Census, North Dakota, Cavalier County, Montrose Township.
4. Nils Levorson Huus 06.08. 1853-1887
Nils omkom i unge år. Han datt utfor ein beinveg frå Gjeldokk til Stave og slo seg i hel.
5. Lars Levorson Stave 13.06. 1855-1899
Ug. Lars reiste til Am. i 1882: Grafton, ND. Han tok homestead i Tibor, Walsh Co, ND. Farmen vart selt for å dekke skuldig skatt. Død i Ål.
6. Gunhild Levorsdtr. Stave Holo 11.02. 1857-1906
G 1885 m Lars Nilsson Holo. Sjå Svillegarden, gnr. 51/2.
7. Levor Levorson Huus Stave 29.03. 1859-
Ug. Til Am. 1881: Emmetsburg, Iowa. Farmar i Leeds, ND. (1688)
8. Knut Levorson Huus Stave 21.04. 1861-1933
G 1899 m enkje Anne Arnesdtr. Nestegard Kamrud 1868-1907. Barn: Lawrence 1900-1970 g 1920 m Olga Dorothea Galland (3 barn); Ansel 1905-1932 g 1930 m Caroline Brager (1 son som ikkje vaks opp). (1688)
    Knut reiste til Am. 1881: Emmetsburg, Iowa. Dei farma ved Leeds, ND. (Anne var enkje etter Ivar Larsson Kamrud, Ulnes 1869-1896 og hadde 4 barn med Ivar. ) Hol III s 671
9. Nils Levorson Huus 21.08. 1864-1932
G 1898 m Mari Embriksdtr. nordre Tufto, Hol. Barn: Gena 1898-1983 sjukepleiar; Bertha 1900-1945 ug. stenograf; Laura 1901-1987 lærar, gm pastor Ingvald Norum (2 barn); Emma 1903-1986 sjukesyster, gm Carl Brye (1 son); Otto 1906-1967 farmar, g 1937 m Myrte Nelson (4 barn); Nora Marie 1910-1997 lærar, gm Joseph Blegen (5 barn).
    Nils reiste til Amerika, og vart farmar nær Leeds, ND. Dei skreiv seg Stave. (1047) (1170) (1404) s40

Levor og Guri gifte seg i 1847. Levor Knutson hadde også nordre Stave, gnr 114/12. Fleire av ungane brukte Stave som slektsnamn.
    Frå 1854 vart garden Huus delt opp og selt ut i smått.
    Levor fekk ein stein over seg ved nydyrking og døydde av det. Sonen Knut d.e. overtok både Huus og nordre Stave.

{5736} År: 1898c

Knut Levorson Huus Stave 19.03. 1849-1917
Foreldre: Levor Knutson Huus og Guri Olsdtr. Larsstugu Strand.

Knut var ugift gardbrukar og hestehandlar. Garden Huus var no ribba, og Knut budde på Stave og hjå systera i Randedokken dei siste åra. Knut hadde ikkje heimel på garden.
    Brørne hans i Amerika selde resten av garden 1919.