Leksvol, søre gnr. 113 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Leksvol, søre gnr. 113 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Leksvol (geografisk austre) vart frådelt hovudbølet i 1715 med 13 laupsbol.
    I garden hadde bonden sjølv 4 laupsbol, resten 9 laupsbol, måtte bonden bygsle hjå presten. Ål prestebol hadde årleg innkome på 2 1/2 pund smør frå prestgodset på 9 laupsbol i Leksvol. Dette vara fram til 1841 då bonden fekk kongeleg skøyte og vart sjølveigar.
    Areal 1865: dyrka jord 18 mål, naturleg eng 43 mål, utslått 32 mål. Avling 20 1/2 tunne bygg og 17 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 35 mål, produktiv skog 200 mål, anna utmark 500 mål.
    Våningshus bygt 1976, kårhus 1890, driftsbygning 1940, påbygd 1959 og 1985, stabbur 1919.
    Søre Leksvol vart slege saman med søre Huus, gnr. 112/1 i 1897. Frå 1948 har søre Torsgarden, gnr. 96/9 vore eigd og brukt under Leksvol.
    Stølar. Heimstøl Leksvolstølen tilkjøpt frå nordre garden i 1922. Støl på Bosset (gnr. 110/30) vart tilkjøpt frå Sundre i 1884.

{5769} År: 1757

Birgit Halvorsdtr. Leksvol 1731-
Foreldre: Halvor Olson Leksvol og Guri Olsdtr. Myregarden.
Gm Anders Anderson Morland Leksvol 31.12. 1727-1759
Foreldre: Andreas Andreasson Morland og Maria Fredriksdtr. Pays, N. Aurdal.
Gm Anders Olson Svarteberg Leksvol 1719-1785s
Foreldre: Ola Torkjellson Svarteberg nordre og 2.g Sunnev Torkjellsdtr. Opsata.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Anders Anderson Leksvol 25.03. 1756-1836
Gm Turid Olsdtr. Helling. Sjå år 1785.
2. Bendiks Anderson Leksvol 26.12. 1758-1785f
*Barn i andre ekteskap
1. Sunnev Andersdtr. Leksvol 10.01. 1762-1815
Ugift. Barn m/Ola Johansson Oppsjøplass: Birgit 1804- Sjå barnebarn.
    I 1801 var Sunnev losjerande dagarbeidar i Ulshagen.
2. Johannes Anderson Leksvol Perplassen 18.03. 1764-1845
=Jon. G 1805 m Margit Eivindsdtr. Granhagen. Sjå Perplassen, gnr. 123/6a.
3. Halvor Anderson Leksvol 29.03. 1767-1840
Halvor var losjerande ugift skreddar i 1801. Død 1840 som inderst på Stave.
*Barnebarn
1. Birgit Olsdtr. Leksvol 02.04. 1804-
Foreldre: Ola Johansson Oppsjøplass (ungkar) og Sunnev Andresdtr. Leksvol.
   

Birgit og Anders gifte seg i 1755. Anders var korporal, og soneson til ein prest i Aurdal. (1416)
    I 1756 bygsla Anders og Birgit på livstid 'et av prestebolets jordet', dvs. Leksvol hjå presten. Vilkår: dei skulle ta seg av foreldra hennar som frivilligt hadde gitt frå seg bygsla.
    Anders tok opp eit lån hjå major Morland i 1758 med pant i 4 laupsbol i Leksvol. I 1758 bygsla dei Leksvol på livstid hjå presten, men Anders gjekk snart bort.
    Det vart ikkje halde skifte etter Anders, men sonen Anders arva likt med halvsyskena frå Birgit sitt andre ekteskap.
    Birgit vart attgift 1761 med Anders Olson Svarteberg Leksvol pg fekk tre barn til.
    Anders løyste inn panten som Anders Morland hadde hjå major Rossing og vart eigar av 4 laupsbol i Leksvol. Dei resterande 9 lb. låg til prestebolet.
    Anders bygsla 1761 Leksvol på livstid hjå presten, årleg leige 1 laup smør. Og han hadde stølen Grønset i brukeleg pant hjå Ola Olson Ruud.
    Det var skifte samstundes etter Anders og Birgit i 1785.

{5770} År: 1785

Anders Anderson Leksvol 25.03. 1756-1836
Foreldre: Anders Anderson Morland Leksvol og Birgit Halvorsdtr. Leksvol.
Gm Turid Olsdtr. Helling Leksvol 09.09. 1759-1833
Foreldre: Ola Torjusson Helling og Birgit Helgesdtr. Ruud.
*Barn
1. Guri Andersdtr. Leksvol 1781-
Barn m/Eirik Knutson Torsteinsrud Bjøberg: Eirik 1816- sjå barnebarn. ...
    Guri var ugift mor med to søner i 1836. Ho flytta til Sogndal, og var i tenest hjå prest Peder Aabel i Sogndal, seinare prost Aabel i Land frå 1835 til 1869.
2. Birgit Andersdtr. Leksvol 1785-1831
Ugift. Barn: Torkjell Torkjellson 1821- sjå barnebarn.
    Birgit var tenestjente på Hovdegard i 1801. Ho fekk støtte frå fattigkassa, busett i NedreÅl eller Noss 1816-1836. Død 46 år gamal.
3. Birgit Andersdtr. Leksvol 1786-1801f
Birgit døydde som liten.
4. Birgit Andersdtr. Leksvol Bekkestad 1790-
Gm Mikkel Tolleivson søre Bekkestad. I 1833 var Birgit enkje og busett nær Svanøy.
5. Turid Andersdtr. Leksvol 1793-1869
Turid døydde som ugift inderst på Leksvol i 1869.
6. Ambjørg Andersdtr. Leksvol 1797-1833f
Ambjørg vart konfirmert 1812. Død før 1833.
7. Anders Anderson Leksvol 30.11. 1800-1870
Barn m/Turid Levorsdtr. Kulutunga: Rangdi 1835- .
    G 1827 m Randi Kristiansdtr. ..., Lærdal 1803-1832. Sjå neste hushald.
8. Anne Andersdtr. Leksvol 14.07. 1805-1805
Anne døydde 20 veker gamal.
*Barnebarn
1. Eirik Eirikson Leksvol Fløgo 1816.-
G 1841 m Sigrid Nilsdtr. Hustad, Hemsedal 1818-.... . Barn: Nils 1844c- ; Guro 1846c- ; Eirik 1849c- ; Ragnhild 1852c- .
    Foreldre: Eirik Knutson Torsteinsrud Bjøbergo, (Hemsedal) ungkar og Guri Andersdtr. Leksvol.
    Eirik budde på ein plass under Bjøberg i 1836. Truleg den plassen som var kalla Fløgo.
    Eirik og familien reiste til Amerika i 1852. Av skipslistene ser det ut til at dei reiste med Bjørgvin frå Bergen mai 1852, og hadde med seg 4 barn. (Oppl. v/ .... )
2. Torkjell Torsteinson Leksvol 13.10. 1820-
Foreldre: Torstein Torkjellson Hove (ungkar) og Birgit Andersdtr. Leksvol.
    Torkjell var på Leksvol i 1833.

Anders og Turid hadde åtte barn. Anders fekk skøyte på Leksvol 4 laupsbol i 1785. Sonen Anders brukte garden frå ca 1827.

{5771} År: 1833

Anders Anderson Leksvol 30.11. 1800-1870
Foreldre: Anders Anderson Leksvol og Turid Olsdtr. Helling.
Gm Randi Kristiansdtr. Leerdal Leksvol __.__. 1803-1832
Foreldre: Kristian Anderson ... ,Lærdal (Strandeie i 1847) og Borghild Knutsdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Anders Anderson Leksvol Hansebråten 08.08. 1828-1923
G 1855 m Lukris Sveinsdtr. Leksvol. Sjå Hansebråten, gnr. 112/23. Til Amerika.

Anders og Randi gifte seg i 1827. Randi døydde 1832 etter langvarig hovudpine. Buet etter henne var på 64 spd.
    Anders fekk eit barn med Turid Levorsdtr. Kulutunga: Rangdi 1835- .
    I 1834 fekk Anders utlagt 4 laupsbol etter mora. Han selde garden 1840 til Tolleiv Torjusson. Alt i 1838 vart Tolleiv eigar av 13 laupsbol i Leksvol.

{5772} År: 1840


Tolleiv Torjusson på søre Helling (1776-1860) dreiv med pengeutlån, og slo under seg fleire gardar. I 1841 fekk han kongeleg skøyte også på prestgodset i garden Leksvol, og hadde dermed heile garden. Svigersonen hans overtok i 1844.

{5773} År: 1844

Knut Olson Strand Leksvol 07.08. 1816-1875
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl Strand (Larsstugu) og Kristi Larsdtr. Strand.
Gm Ambjørg Tolleivsdtr. Helling Stave 29.03. 1807-1881
Foreldre: Tolleiv Torjusson Varaberg Helling og Anne Olsdtr. Myking.
*Barn
1. Ola Knutson Leksvol 24.05. 1839-1930
Ola gifte seg med Borghild Olsdtr. Hansebråten i 1861. Dei reiste til Am. i 1861: Norseland, Nicollet Co. MN.
    Barn: Kristi 1859-1920 gm Louis Solem; Knut 1861-1933 født på havet nær Quebec; Anetta 1863-1924 gm Knute Dekko; Beata 1865-1949 gm Ole Newgard; Carolina 1867-1870; Gustav 1869-1950; Carolina 1871-1945 g 1887 m Mikkel Løkensgard (13 barn); Olina 1874-1895; Olum 1876-1957 gm Gustav ... ; Antina 1878-1897. (1186)
    Ola hadde sonen Håkon f. 1860 med Birgit Håkonsdtr. Skrindo. I 1861 døydde Birgit Håkonsdtr. Skrindo. Då vart barnet 'bortsatt til forsørgelse av husmann Sevat Olson Sorteberg-eie som er i slekt med avdøde.' (Veslestølen).
2. Lars Knutson Leksvol 06.03. 1841-1841
3. Kristi Knutsdtr. Leksvol 18.10. 1842-1887
G 1871 m Anders Håkonson Svarteberg Leksvol. Sjå neste hushald.
4. Guri Knutsdtr. Leksvol 11.01. 1845-1867
Ugift.
5. Levor Knutson Leksvol 20.01. 1847-1919
Levor reiste til ... ... ? (1040)
6. Ambjørg Knutsdtr. Leksvol 09.07. 1849-
I 1875 dreiv Ambjørg med spinning og sying på Leksvol. Ambjørg fekk utflyttingsattest 1882.
*Barnebarn
1. Kristi Olsdtr. Leksvol Solem 21.10. 1859-1920
Gm Louis Solem. Til Am. 1861.
    Foreldre: Ola Knutson Leksvol og Borghild Olsdtr. Hansebråten.

Ambjørg var enkje etter Ola Olson søre Strand Stave.
    Knut og Ambjørg gifte seg i 1839. Knut var soldat. Dei hadde søre Stave frå 1839 til 1851. Deretter kom dei til Leksvol. Knut dreiv krambu ei tid.

{5774} År: 1872

Kristi Knutsdtr. Leksvol 18.10. 1842-1887
Foreldre: Knut Olson Strand Leksvol og Ambjørg Tolleivsdtr. Helling Stave.
Gm Anders Håkonson Svarteberg Leksvol 12.07. 1840-1886
Foreldre: Håkon Knutson Svarteberg og Birgit Andersdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Birgit Andersdtr. Leksvol Mykinghaugen 30.03. 1872-1939
Gm Knut Olson Mykinghaugen, gnr. 93/2. Sjå også Mykingstølen.
2. Knut Anderson Leksvol Dokken 31.01. 1874-
Knut Andresson var fehandlar. Sjå Randedokken, gnr. 121/7.
3. Ambjørg Andersdtr. Leksvol Sandelien 27.12. 1875-1915
Gm Kolbjørn Halvorson Sandelien. Sjå Slåtta eller Heimdal, gnr. 36/3.
4. Guri Andersdtr. Leksvol 29.07. 1878-
Ug. Guri var hushjelp i Kr.ania. M.a. hjå trelasthandlaren Ola Halvorson Sandelien.
5. Anne Andersdtr. Leksvol 10.07. 1881-1885
6. Kristi Andersdtr. Leksvol 10.07. 1881-1882
7. Kristi Andersdtr. Leksvol Løkensgard 30.06. 1883-
G 1908 m Arne Sevatson Løkensgard 1883-1963. Barn: Birgit 1909-1988 ug. kontordame; Gunvor 1912-2005 g 1945 m prest Rasmus Aurdal (3 barn); Aslaug 1916-1991 ugift forretningsdrivande på Lillehammer; Solveig 1920-2002 dekorasjonsmålar, gm Nils Høyland (2 barn).
    Kristi og Arne gifte seg i Lørenskog kyrkje. Arne var lærar i Fåberg i 39 år. Han gav ut fleire lærebøker.

Anders og Kristi gifte seg i 1871. Dei overtok garden hjå foreldra hennar i 1872. Anders var handelskar ved sida av garden.

{5775} År: 1887

Knut Embrikson Gjeldokk Leksvol 31.05. 1847-1894
Foreldre: Embrik Knutson Hago Gjeldokk og Birgit Ivarsdtr. Gjeldokk.
Gm Birgit Holgesdtr. Dengerud Leksvol 04.10. 1859-
Foreldre: Holge Holgeson Bjella og Margit Botolvsdtr. Gjeldokk.
*Barn
1. Margit Knutsdtr. Leksvol Gran 13.04. 1884-1944
G 1914 m Lars Olson Guroplass (Gran). Sjå Botolvshuset, gnr. 31/22.
2. Embrik Knutson Leksvol Veslestølen 22.08. 1885-1916
Ug. Sjå Veslestølen, gnr. 53/6.
3. Birgit Knutsdtr. Leksvol Veslestølen 04.10. 1887-1980
Ugift. Sjukesyster i Ål. Sjå Veslestølen, gnr. 53/6.
4. Holge Knutson Leksvol 30.05. 1890-1918

Knut og Birgit gifte seg i 1882. Knut kjøpte Leksvol for kr. 6700 i 1887.
    Knut dreiv fehandel. Men så måtte han innfri kausjons-ansvar for andre. Og dermed vart det konkurs 11. juni 1894.
    'Efter rygtet skal skyldneren være blevet sporløst forsvunden under et ophold i Christiania, på en handelsreise som han tiltrådte ved markedstider sist vinter. Konen Birgit Helgesdatter havde for et par dage siden reist til sæteren med kreaturene, fornødne melkekjøreld mm.' Det vart grannen Ola T. Huus som møtte i skifteretten.
    Knut vart funnen drukna i Røyken 8. juni 1894.
    Lensmannen kom nokre dagar etter auksjonen og ville hive ut enkja og ungane. Då sa ho Birgit:
    "Du får sjå te å få ordna uss på kyrkjigarden so me ikkji bi liggand' her!"
    Ivar bror hennar hjelpte til så Birgit fekk kjøpt Veslestølen, gnr. 53/6 i namnet til sonen Embrik. (År 1897.) Dei flytta dit og greidde seg bra. Skifteretten skøytte Leksvol til lensmann Ecktell for kr. 6800.

{5776} År: 1896

Henrik Karlson Ecktell __.__. 1854-1938
Foreldre: mølle-eigar Carl Ecktell og Karen Johanne Jensen, Vestre Aker. (1586)

Lensmann Ecktell kjøpte søre Leksvol i 1896. Han kjøpte også søre Huus i 1897 og slo gardane saman. Ecktell bygde ein romsleg bygnad som våningshus på garden. Om familien hans, sjå søre Huus, gnr. 112/1 år 1897.