Stave gnr. 114 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Stave gnr. 114 bnr. 0-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Stave grensar mot Huus i aust, mot Gjeldokk og Leksvol i nord og mot Rime i vest.
    Namnet Stave er eit såkalla vin-namn, garden vart skrive Stafvin i 1309, Stafue i 1526 og etterkvart Stave. Tydinga av vin er eng. Førelekken stav er meir uviss. Oluf Rygh reknar at Stave-namn kjem av ein spiss bergkolle, som til dømes har ved Stavn på Nes. Andre finn forklaring i den gamle nemninga 'innan og utom stavs.' Altså ein grense-stav eller merke. Korvidt Stave har lege innved ei gamal grense er ikkje mogleg å påvise i dag, men det er ikkje utenkeleg.
    Gardsnamnet Stave finnst minst 21 stader i landet frå Nordland og sørover. Dessutan finnst det i ei rekke samansette namn.
    Stave skatta av 4 kalvskinn i 1557, frå 1577 av 8 kalvskinn. I 1597 var Stave (1 hud) mellom jordegodset til St. Laurenti Altar i Mariakyrkja i Oslo. Dette såkalla kanonigodset var på 9 skinn (1 1/2 hud), og vart bygsla til bonden som hadde 'bondeparten' i garden.
    I 1660-åra vart kanonigodset selt til private jordeigarar då kongen trong pengar. Borgarmeister Niels Lauritsen i Tønsberg er nemnt som eigar av gods i Stave i 1671. Og i 1683 selde rådmann i Kr.ania, Jakop Didriksen Roll kanonigodset i Stave til bonden.
    Stave vart skattlagt som fullgard i 1670 med 23 laupsbol i landskyld. Dessutan kjem dei 9 skinn kanonigods. Frå omlag denne tida vart garden delt i to nordre og søre garden med 20 1/2 laupsbol kvar, tilsaman 41.
    På Stave var eit praktfullt loft. Staveloftet er bygd av svært grovt og fint timmer (hogt år 1324), og er eit særprega lafte-arbeid. Dørane er prega av både gotisk og romansk stil, tydeleg påverka av kyrkjearkitektur. Loftet kom til søre Stave, og i 1908 overført til museet på Nesbyen.
    Segna fortel at det var ein kamar (=utedo) i nordre reane på Staveloftet. Det var eit stev lydde slik: Når Stave-olda e turr og Stavekamaren er full, skal verde gå omsull. Og det vart fortalt om ei jente som overlevde Svartedauden ved å stenge seg inne i loftet medan sotta herja.
    Det store romet i andre høgda var truleg bruka til samværer. Kanskje som ei gildehall.
    Det skal ha vore ein såkalla drombe-gang (bru,- overbygd gang) mellom Staveloftet og ei loftstugu som stod innved. Husa og drombegangen danna ein portal over vegen inn i tunet. Det var eit flott syn, fortalde gamle Lars Stavejordet.
    Garddeling. Frå 1658 var det to brukerar på Stave, fyrst frå omlag 1685 var garden delt i nordre (bnr. 12) og søre garden (bnr. 1).
    Stølar. Kuluset, Stavestølane. Opphavleg langstøl var Brekkene (Eller 'Syfteset Brecken' som Gunhild Gjermundsdatter sa i fylgje vitneprova i rettssaka om Mjåvasstølen i 1677. Men vollen på Brekkene var ikkje inngjerdt, difor leigde Asle Stave seg inn på Mjåvasstølen hjå broren Ola Rolfson frå 1640 og utover ei tid.
    Sjå vidare under søre og nordre Stave.