Stave, søre gnr. 114 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Stave, søre gnr. 114 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Stave vart frådelt Stave i 1685 og sidan utvida med kanonigodset i garden. Sjå innleiinga under bnr. 0. Landskyld 20 laupsbol.
    Bytte dei gardar i fylla, bøndene på Hus og Stave. ?
    Areal 1865: dyrka jord 28 mål, naturleg eng 73 mål, utslått 48 mål. Avling 31 1/2 tunne bygg og 28 tunner potet.
    Garddeling. I 1870 vart søre Stave, bnr. 4 frådelt bnr. 1. Frå denne eigedomen vart Stavejordet bnr. 7 frådelt i 1880. Likeeins vart vart Sameigeskogen bnr. 5 (inkl. fiskerett i Rødungen) frådelt 1881, og så vart Stavehamna bnr. 13 frådelt 1898 og lagt til søre Dengerud bnr. 99/3. Den austre delen av garden vart frådelt 1940 og kalla Staveheim bnr. 28. (sjå der)
    Innmarka til søre Stave vart overteken av kommunen i 1968 og lagt ut til bustadfelt. I 1974 vart restane av garden lagt til myljo Bjella, gnr. 104/2.
    Staveloftet (sjå innleiinga under bnr. 0) fylgde med (evt. vart flytta til) søre Stave, det vart freda, og så flytta til museet på Nesbyen i 1908. Eit anna gamalt loft på Stave (frå 1500-talet) vart selt til bonden på Nygard (Torkelsgard) kring 1950. Kjøparen fekk velja mellom det nye loftet og det gamle. Tunet elles er no borte med unntak av kårhuset (bortleigd), hovedbygningen vart sett opp som hytte på Stavestølen.

{5802} År: 1768c

Ola Torsteinson Skrattegard Stave 02.02. 1750-1832
Foreldre: Torstein Sveinson Stave Skrattegard og Margit Aslaksdtr. Hove.
Gm Haldis Olsdtr. Skottebøl Stave 06.10. 1748-1827
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl og Anne Sveinsdtr. Ulshagen.
*Barn
1. Ambjørg Olsdtr. Stave 04.09. 1768-1795c
2. Torstein Olson Stave 26.12. 1771-1795c
3. Anne Olsdtr. Stave 26.02. 1775-
Truleg budde Anne i Skallehaugen då ho fekk sonen Knut f. 1810 saman med Per Knutson Bakketeigen Rime. Uviss lagnad.
*Barnebarn
1. Knut Person Skallehaugen Drengeplassen 09.06. 1810-1865f
G 1837 m Gro Herbrandsdtr. Hamaren. Sjå Drengeplassen, gnr. 116/1a.
    Foreldre: Per Knutson Rime (ungkar) og Anne Olsdtr. søre Stave.

Ola og Haldis fekk tre barn, alle døydde i 1790-åra. (Her er hol i kyrkjeboka.)
    Ola kjøpte 1/4 part i Hols kyrkje 1783 for 32 rd og selde att 1785 for 36 rd.
    Ola selde fiskevatnet Frosen til Mikkel Hove. Men måtte ta Mikkel til forlikskommisjonen i 1797 for å få dei avtalte 10 rd. (1407) s 3
    I 1785 var Ola og fleire på heimveg frå kyrkje. Dei bestemte seg for å jage frå seg fattiglemene som var i legd hjå dei. Karane vart bøtelagde 10 rd kvar.
    Ola var lagrettemann og ein sterk person. I 1794 tok han til å kritisere øvrigheita. M.a. fekk futen klage på at skattelistene var så snaue og rotute at dei kunne knappt sjå kva som var betalt. Likeeins tok Ola opp skyss-utgifter og andre pålegg.
    Futen prøvde å stagge Ola, men no Ola fått vatn på mølla. Han kunne godt la seg arrestere, men i såfall saman med futen! Tingålmogen var delvis samd i klagene, til sist fekk lensmannen ordre om å kaste han ut. Det vart sendt klage på futen, og ei granskingsnemnd vart nedsett. Futen slutta og reiste før nemnda var ferdig. Han kom i dårleg lys og Ola Stave var den som vann. I eit tidlegare hundreår hadde nok Ola havna på festningen for dette.
    I 1803 vart Ola bøtelagt 5 rd for skjellsord mot presten Leigh. Ola selde garden til systersonen Ola Torjusson Helling same år.
    Ola og Haldis skifta i levande live i 1806. Ola flytta inn hjå halvbror Svein Syverson Sundbrei i 1829. Avtalen var at Svein skulle yte Ola anstendig omsorg mot å overta eiga/gjelda hans. Ola og Haldis hadde lånt ut pengar, og det var såleis 1762 rd til deling.

{5803} År: 1803


Ola Torjusson Helling 1781-1859. (stortingsmannen på Svanøy) kjøpte Stave i 1803. Han selde garden neste år til broren Tolleiv Torjusson for 1898 rd. Og Tolleiv selde vidare i 1806.
    Sjå meir om desse karane på Helling 106/8.

{5804} År: 1806

Ola Torsteinson Øvrejordet Stave 1774.-1858
G 1806 m Ambjørg Aslesdtr. Aslegarden Strand. Foreldre: Torsteinson Henrikson Huus Øvrejordet og Ingeborg Olsdtr. Stave.

Ola Torsteinson Øvrejordet frå Hol kjøpte Stave i 1806. Sjå meir om han på Lå, gnr. 101/1 og søre Huus, 112/1.
    Ola makeskifte garden 1812 med Tolleiv Torjusson Helling, han dreiv med pengeutlån og handla mykje med gardar. (Sjå Helling, gnr. 106/8.)
    Det er uvisst kven som dreiv søre Stave i åra 1806 til 1834, truleg var garden bortleigd. Tolleiv selde garden vidare 1830 til Ola Halvorson Berg. Som selde 1834 til Tolleiv Torjusson sin svigerson, Ola Olson Strand.

{5805} År: 1834

Ambjørg Tolleivsdtr. Helling Stave 29.03. 1807-1881
Foreldre: Tolleiv Torjusson Varaberg Helling og Anne Olsdtr. Myking.
Gm Ola Olson Strand Stave 24.10. 1802-1837
Foreldre: Ola Halvorson søre Strand og 2.g Anne Aslesdtr. Stave.
*Barn
1. Ola Olson Stave 04.06. 1827-1894
Gm Elise Røren frå Eiker. (1838-1873) Barn: Sofia Azora 1859-1910; Ole August 1860-1860; Ambjørg Sofie 1862-1910 gm bokhandlar Mattias Reenskoug i Gamlebyen i Oslo; Oscar 1865-1948.
    Gm Henriette Hugsted frå Kongsberg (1850-1938). Barn: Sigurd 1877-1950 gm Astrid Nørgaard (1 barn); Ågot Marie 1879-1966 ugift; Gudrun 1884-1885; Ragnvald Nils 1887-1953 disponent, gm Bergliot Christophersen (1 barn). (e-post Anne-Cathrine Beauvalot)
    Ola var lærar i Kr.ania og gav ut ei rekke pedagogiske lærebøker i tidsromet 1860-1889.
    Sonen Oskar hadde leiande stillingar innan gruvedrift i inn og utland og var riddar av Æreslegionen. Saman med Adolph David gav han ut boka: 'Etude la legislation miniere en Norvege.' (Paris og Bryssel 1906)
    Sonen Sigurd grunnla det kjende Oslo-firmaet 'Sigurd Stave' i 1905. Firmaet er i full drift og sel anleggsmaskiner i Noreg og Sverike. Noverande Sigurd Stave (f. 1949 og sonen til Rolf) er direktør i firmaet med same namn. (867)
2. Tolleiv Olson Stave 14.05. 1829-
G 1854 m Ågot Håkonsdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
3. Embrik Olson Stave 03.03. 1831-
Ug. Embrik var urmakar, busett i Kr.ania i 1881.
    I 1900 losjerte Embrik i Sofies Gade 8 i Kr.ania hjå ei Henriette f. 1850 frå Kongsberg.
    Han var då ugift, ho enkje med tre barn - alle skreiv seg "Stave"! Embrik står oppført med "fl" - dvs. losjerande som høyrer til familien.
4. Anne Olsdtr. Stave Huus 11.08. 1833-1888
G 1862 m Ola Henrikson Huus. Sjå Eikro, gnr. 111/4.
5. Anne Olsdtr. Stave Helling 04.10. 1835-1906
G 1860 m Svein Olson Helling. Barn: Guri 1860-1921 gm Tomas Aass (2 barn); Ola 1862-1888 ugift; Ambjørg 1864- ; Ola 1866- ; Ola 1868- ; Tolleiv 1871- slaktar og kjøthandlar i Drammen, gm ... ... (sønene Svein og Leif overtok kjøthandelen, Svein starta sidan buss-selskapet S. Helling; Ambjørg 1873-1915 gm Hans Ruud; Tolleiv 1876-1948 gm Margit Torkildsen (3 barn).
    Svein forpakta øvre Gurigard i 1865. Så reiste dei til Drammen i 1867 og dreiv slaktarbutikk i basarane på Strømsø torg. Sonen Tolleiv overtok handelen og kjøpte garden Danvik. Om Helling kjøthandel og sidan SH buss-selskap, sjå Drammen byleksikon. (oppl. v/ J. R. Bergvitz-Larsen)

Ola og Ambjørg gifte seg 1827. Ola var skulehaldar frå før 1827.
    Ola kjøpte garden Stave i 1834 og dessutan ein skogrem frå Strand.

{5806} År: 1839

Ambjørg Tolleivsdtr. Helling Stave 29.03. 1807-1881
G 1827 m Ola Olson søre Strand Stave. G 1839 m Knut Olson Larsstugu Strand Leksvol. Foreldre: Tolleiv Torjusson Varaberg Helling og Anne Olsdtr. Myking.

Ambjørg vart attgift 1839 med Knut Olson Larsstugu Strand på Leksvol, gnr. 113/1. Sjå meir om familien der. Knut selde Stave til stesonen Tolleiv i 1851.

{5807} År: 1851

Tolleiv Olson Stave 14.05. 1829-
Foreldre: Ola Olson søre Strand Stave og Ambjørg Tolleivsdtr. Helling.
Gm Ågot Håkonsdtr. Skrindo Stave?? 01.12. 1825-1917
Foreldre: Håkon Olson Skrindo og Guri Olsdtr. Myking.
*Barn
1. Ambjørg Tolleivsdtr. Stave 08.09. 1854-
2. Ola Tolleivson Stave 02.07. 1856-
Død eller utflytt?
3. Guri Tolleivsdtr. Stave 14.02. 1858-
Før 1881: Til Am. med familien.
4. Håkon Tolleivson Stave 18.10. 1859-
Til Am. med familien i 1874.
5. Tolleiv Tolleivson Stave 09.11. 1861-1945
Til Am. med familien. Budde i Grand Forks i 1937. Truleg ugift. Død 1945 i Grand Forks.
6. Ågot Tolleivsdtr. Stave Sahl 23.09. 1863-1937
G 1890 m Knut Olson Bæra Sahl. Barn: Agnes 1896-1985 gm Fred Mattis; Olaf 1891-1958 pastor, g 1921 m Anna Odine Iverson (minst 2 barn); Enes Helmer 1894-1968, g 1931 m Amanda Braaten, budde i Kenyon i 1940- ; Theodore 1898-1976 budde i Minneapolis i 1940- ; Herman Bernt 1899-1989 budde i Kenyon i 1940; Clarence 1902-1984 budde i Kenyon i 1940. (1320) (1358)
    Ågot reiste til Amerika før 1881: Kenyon, MN. Dei skreiv seg Sahl.
7. Anne Tolleivsdtr. Stave 28.03. 1871-1904
Til Am. Anne budde hjå mora og stefaren. (1358)

Tolleiv og Ågot gifte seg i 1854. Tolleiv overtok Stave i 1851.
    Tolleiv selde garden til Anders Golberg for 2000 spd i 1866. Så kjøpte han Sjugurdsgarden Rotneim på auksjon i 1874, og så flytte dei til Gol. Til Am. med familien. Tolleiv døydde i Amerika før 1881.
    Ågot vart attgift med Ola Olson Sehl (1821-1906) kalla 'Tamburen'. (Brev v/Ola Hagen)

{5808} År: 1866


Anders Anderson Golberg på Gol kjøpte Stave for 2000 spd i 1866. Han selde frå ein del av garden (søre Stave, bnr. 4) i 1870 til Anders Olson Bjella (Sundre). Dette godset kom på handel og vart delt opp, sjå under innleiinga under garddeling.
    Reisten av garden selde Anders Golberg i 1871 til Embrik O. Bjella.

{5809} År: 1871

Embrik Olson Bjella Helling 06.06. 1824-1871
Foreldre: Ola Olson Ulshagen nordre Bjella og Mari Olsdtr. ØvreLå.
Gm Guri Torsdtr. Feten Stave 05.03. 1827-1900
Foreldre: Tor Olson Ulshagen Feten Helling og Turid Olsdtr. Håkonsgard.
*Barn
1. Ola Embrikson Bjella Stave 30.12. 1861-1951
G 1891 m Birgit Torsdtr. Strand. Sjå neste hushald.
2. Ola Embrikson Stave Rimeslåtta 12.12. 1863-1952
Gm Kari Knutsdtr. Skrindo. Sjå Rimeslåtta, gnr. 115/8.
3. Mari Embriksdtr. Stave 24.03. 1867-
I 1900 var Mari tenestjente hjå enkja Anne på nordre Helton, Ullensaker.
4. Turid Embriksdtr. Stave 20.11. 1869-1882

Embrik og Guri gifte seg i 1861. Embrik overtok garden 1871 for 2000 spd og eit kår til Anders Golberg.
    Garden søre Stave brann i juni 1871. Under brannen vart Embrik så forfæld at han gjekk på elva og drukna. Ål sparebank si eige var då på denne garden, men den vart redda. (1016) s 62
    Ved resolusjon datert 1877 vart skylda nedsett med 1 dalar 1 ort og 18 skilling.

{5810} År: 1891c

Ola Embrikson Bjella Stave 30.12. 1861-1951
Foreldre: Embrik Olson Bjella søre Stave og Guri Torsdtr. Helling.
Gm Birgit Torsdtr. Storeteig Stave 11.06. 1862-1940
Foreldre: Tore Olson Bjella Storeteig og Mari Olsdtr. ØvreLå.
*Barn
1. Ola Olson Stave 24.12. 1891-1974
G 1915 m Torand Halvorsdtr. Leksvol. Sjå neste hushald.
2. Tor Olson Stave 02.11. 1894-1943
3. Margit Olsdtr. Stave 11.09. 1897-1986
4. Guri Olsdtr. Stave 18.07. 1900-1932
5. Knut Olson Stave 19.07. 1903-1990
Gm Randi Helling. Sjå Austre Stave, gnr. 114/28.
6. Olav Olson Stave 27.01. 1907-1987
G 1935 m Torand Torsteinsdtr. Ødelien. Sjå Åsheim, gnr. 73/5.

Ola og Birgit gifte seg i 1891. Ola overtok garden utan heimel kring 1891. Han fekk skøyte i 1939.
    I 1893 skreiv Ola Embrikson under på ei fråsegn til Foreninga til norske fortidsminners bevaring om at korkje han eller etterkomarane skulle selja, ta ned eller bygge om det gamle loftet på garden. I 1908 vart Staveloftet selt til museet på Nesbyen.
    Gardbrukar og smed. Ved sida av garden dreiv Ola som blikkenslager og han arbeidde på sagbruk. Han var ein liten, stillfarande mann. Han var ein av dei mest nevenyttige menn i bygda. Han vølte både stort og smått, og han laga takrenner.
    Ola delte frå austre Stave til sonen Knut i 1940. Resten av garden overtok eldste sonen Ola same året.