Stavejordet, søre gnr. 114 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Stavejordet, søre gnr. 114 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Stavejordet vart frådelt søre Stave, bnr. 4 i 1880. Det stod ein gamal låve (for-lu?) på eigedomen ved frådelinga. Innmarka var omlag 20 mål.
    Johan Sundre bygde stugu, uthus og eldhus i 1890-åra.
    Riksvegen delte eigedomen. Garden vart ekspropriert til bustadfelt sist på 1960-talet. Ein skogrem på 200 mål vart frådelt i 1977. Det attverande, tunet er på omlag 4 mål.

{5825} År: 1880

Markus Kristian Schnitler 1846-
Foreldre: ............. Schnitler og ..................... (Tyskland), Romsdal.

Schnitler var gift med Maren Steen Klyken. Barn: Gunvor 1880- lærarinne; Ebbe Carsten 1882- bankmann; Signe 1884-1886.
    Schnitler var født i Romsdal av tyske foreldre. Busett i Drammen i 1900. Han var ei tid på Nes. Han var distrikstlege i Ål frå 1878-84. Scnitler hadde berre eit auga. Det andre hadde han mista i ein duell, vart det sagt. (1434)208
    Ein gong opererte han si eiga dotter for difteri, men ho døydde under operasjonen.
    Schnitler kjøpte Stavejordet for 1400 kr. i 1880. Han fekk dyrka opp att den jorda som vart øydelagt av skridene i 1876.

{5826} År: 1890

Johan Olson Sundre 26.11. 1859-1954
Foreldre: Ola Syverson Gretegarden Sundre og Haldis Guttormsdtr. Hansebråten.
Gm Gunvor Andresdtr. Bjella Sundre 15.09. 1868-1944
Foreldre: Anders Olson Bjella (poståpnar) og Kristi Olsdtr. Medhus.
*Barn
1. Anders Johanson Sundre Stavejordet 18.02. 1897-1965
Ug.
2. Ola Johannesson Sundre 12.12. 1901-1975
Ugift.
3. Haldis Johannesdtr. Sundre Aspegren 09.08. 1905-1983
G 1935 m Harry Berntsen Aspegren frå V. Aker f 1911. Barn: Helge ....- ; ...
    Ho arbeidde på jarnbane-restauranten i Ål før ho gifte seg.
    ring helge aspegren
    22102068 eller 41634596
    ferie fram til 12. juli 2005.

Johan og Gunvor gifte seg i 1895. Johan gjekk i lære hjå ein bakar Sørensen på Rodeløkka i Kr.ania.
    Dei flytta attende til Ål og sette opp 'Bakarstugu' på Sundre kring 1880. Johan leverte bakverk til krambuene på Sundre, dessutan selde han noko direkte. Dottera fortalde at det kosta 7 øre for 3 wienerbrød.
    I 1890 kjøpte Johan bruket Stavejordet av doktor Schnitler for kr. 3000.
    Johan bygde stugu på Stavejordet og flytta etterkvart frå Bakarstugu. (Oppl. H. Ulshagen.)