Stavehaugen gnr. 114 bnr. 11
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Stavehaugen gnr. 114 bnr. 11-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Stavehaugen var delvis underbruk, delvis husmannsplass under Stave. Landskyld 1 laupsbol nemnt 1739, det fortel om eigarskifte, ikkje bygsling. Men så har bruket kome attende til Stave før endeleg frådeling som eige bruk i 1861.
    Stavehaugen er stundom kalla berre Haugen. Bruket ligg på flatene på sørsida av Hallingdalselva, vest for Embrikshaugen. Fyrst på 1800-talet var husmannen her ein velståande møllar.
    Areal 1865: dyrka jord 5 mål, naturleg eng 36 mål, utslått 16 mål. Avling 4 tunner bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 20 mål som vert leigd bort, produktiv skog 100 mål, anna utmark 100 mål. Våningshus bygt 1959, stugu frå omkring 1890, loft, låve, fjøs og staller.
    Heimstølar på Stavestølen og Løkene. Langstøl på Fekjadn, gnr. 123/44 og 91 har to vollar som vart tilkjøpte frå Strand i 1848 og 1920.
    Frå 1992 har noverande eigar hatt fritak for buplikt.

{5836} År: 1761


Guttorm Ivarson Nestegard (Hol) Skarsgard makeskifta 1761 Nestegard og fekk plassen StaveHaugen og dessutan 1000 rd hjå Lars Stave.
    Guttorm rota seg opp i den store falskmyntarsaka i Vats. Sjå Skarsgard, gnr. 92/1. Stavehaugen vart selt til lensmann Torkjell Willand 1761.

{5837} År: 1780c

Tor Eilevson Helling Stavehaugen 26.11. 1752-
Foreldre: Eilev Torson Helling og Kristi Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Astrid Holgesdtr. Gåsterud Stavehaugen 18.10. 1750-
Foreldre: Holge Holgeson Gåsterud og Anne Aslaksdtr. Hove.
*Barn
1. Astrid Torsdtr. Huus 23.05. 1779-
Astrid vart konfirmert i 1799, sidan ingen spor etter henne.
2. Kristi Torsdtr. Huus Sandelien 25.07. 1784-1857
G 1814 m Torjus Olson Svillegarden Varaberg øvre Sandelien, gnr. 52/2.
3. Eilev Torson Stavehaugen 27.03. 1791-
Ukjent lagnad.

Tor og Astrid gifte seg 1778. Dei budde i Stavehaugen i 1791. Tor var tømmermann og losjerande enkjemann på Huus i 1801.

{5838} År: 1790c


Knut Embrikson og Dordei var husmann med jord i Stavehaugen i 1801. Dei var i Smedplassen, gnr. 110/4 før og etter dette! Sjå meir om familien der.

{5839} År: 1815

Lars Syverson Helling Stavehaugen 14.03. 1779-1861
Foreldre: Syver Henrikson Helling og Anne Knutsdtr. Helling.
Gm Ågot Olsdtr. Langegardslåtta Stavehaugen 15.10. 1769-1859
Foreldre: Ola Olson Strand Langegardslåtta u/Strand og Ågot Syversdtr. Noss.
*Barn i andre ekteskap
1. Lars Larsson Stavehaugen Styrkestad 04.08. 1819-1857
G 1847 m Margit Eivindsdtr. Styrkestad, gnr. 103/1.

Lars gifte seg 1808 med Guri Steingrimsdtr. Opheim. Ho døydde på Opheim i 1811, truleg i barsel. Lars vart attgift med Ågot Olsdtr. Langegardslåtta og fekk ein son med henne.
    Lars Syverson bygsla Stavehaugen i 1815. Det skulle betalast 8 1/2 dalar i sylv i årleg avgift, dessutan skulle Lars slå det meste av Stavejordet, dvs. den delen som låg nedanfor vegen.
    Nokon vanleg husmann var nok ikkje han Lars. Den høge årlege leiga tyder på at her låg det verdfulle ressursar til bruket. A. Mehlum har notert seg forklaringa på dette: Lars hadde tre kvernar i Hallingdalselva, og tente svært godt. Til sist hadde Lars 1400 spd i pant hjå husbonden sin!

{5840} År: 1861

Lars Larsson Stave Stavehaugen 22.10. 1823-1903
Foreldre: Lars Asleson nordre Stave og Lukris Johannesdtr. Skrindo.
Gm Birgit Johannesdtr. Skallehaugen Stavehaugen 24.12. 1849-1874
Foreldre: Johannes Henrikson Torsgard Skallehaugen og Birgit Kitilsdtr. Rikansrud Hagen.
*Barn
1. Lars Larsson Stavehaugen 07.05. 1868-1931
G 1897 m Ingebjørg Herbrandsdtr. Nedreskorr. Faren ville at Lars skulle overta Stavehaugen, men han ville ikkje. Sidan angra han. Sjå Turrhaug, gnr. 123/29.
2. Johannes Larsson Stavehaugen 01.03. 1870-1926
Gm Marie Antonette Hanson ...-1914. Barn: Betina 1908-1972 gm Charles Tomasson (12 barn vaks opp); Clara 1906-2003 gm Glen J. Plocker (3 barn), attgift m Dickson (1 gut), attgift m ... Holman, attgift m Ray Nelson; Johnnie Melvin 1910-1928; Alfred Lewis 1912-1985 gm Edie ... (3 barn), gm Inez ... ; gut 1914-1914.
    Johannes utvandra til USA i 1902. Johannes hadde farm i Stevens Co i vestre Minnesota. (epost frå Lars Stavehaug)
    Johannes hjelpte fleire kjenningar over til Amerika ved å betale billetten mot å få arbeidshjelp på farmen. Han skreiv seg John Larson.
3. Lukris Larsdtr. Stavehaugen 10.07. 1872-1874

Lars og Birgit gifte seg i 1868. Lars Larsson fekk kjøpe Stavehaugen i 1861 då broren Asle Larsson held på å miste nordre Stave. Lars selde til brorsonen.

{5841} År: 1895

Halvor Asleson Stave Stavehaugen 07.04. 1855-1930
Foreldre: Asle Larsson Stave og Guri Halvorsdtr. Kvinnegard.
Gm Kari Halvorsdtr. Sandelien Stavehaugen 19.10. 1868-1954
Foreldre: Halvor Olson Sandelien og Kristi Kolbjørnsdtr. Sando.
*Barn
1. Halvor Halvorson Stavehaugen 05.09. 1890-1957
G 1926 m Sissel Syversdtr. Nygard (Rotebakkdokken). Sjå Sundbreijordet, gnr. 125/9.
2. Asle Halvorson Stavehaugen 08.01. 1899-1979
G 1947 m Birgit Myrestølen. Forpaktar på Stavejordet, sjå gnr. 114/8.
3. Kristi Halvorsdtr. Stavehaugen Toreplass 19.03. 1904-1982
G 1922 m Syver Toreplass, gnr. 123/
4. Kolbjørn Halvorson Stavehaugen 19.03. 1904-1922
=Kolbein. Ugift. Han omkom i pinsa 1922. Truleg ved eit slag eller ein stein i hovudet. Saka vart ikkje oppklara.
5. Mari Halvorsdtr. Stavehaugen Kristiansen 25.06. 1909-1984
Gm Trygve Kristiansen 1901-1965, Mjøndalen. Barn: Halvard Trygve 1938- g 1965 m Gerd Stallvik (1 dotter); Kari 1942- g 1969 m Olav T. Pedersen (2 døtre). (1692)
6. Gudrun Halvorsdtr. Stavehaugen Hop 25.06. 1909-1971
Gm Rasmus A. Hop 1900-1978. Barn: Arne Halvor 1931- gm Lovise Klåstad (3 barn); Kari 1938- bibliotekar, g 1965 m Egil Skiftesvik (1 son).
    Dei dreiv gard på Nesttun. (1692)

Halvor og Kari gifte seg i 1889. Frå før hadde ho dottera Sissel 1888-1995 med Asle Knutson Gurigard.
    Kari var skuleflink og far hennar tinga plass på amtskulen på Nes. Men då ho stod reiseklar fekk ho beskjed frå mora: "Du får bia heime!" Og slik vart det. (1692)
    Halvor var markarbeider og handelskar. Han kjøpte Stavehaugen for kr. 1630 i 1895. Halvor har dyrka mykje av jorda. I 1955 skøytte skifteretten bruket til dottera Kristi m.fl.