Stave, nordre gnr. 114 bnr. 12
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Stave, nordre gnr. 114 bnr. 12-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Stave vart bygsla som 9 kalvskinn eller halve Stave i 1660-åra. Dette var kanonigodset i Stave, i 1683 vart det skøytt til bonden i Dengerud, og sidan overtok sonen hans.
    Landskylda var 20 1/2 laupsbol. Garden vart skattlagt som fullgard.
    Areal 1865: dyrka jord 28 mål, naturleg eng 60 mål, utslått 50 mål. Avling 31 1/2 tunne bygg og 28 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 26 mål, produktiv skog 1000 mål, anna utmark 480 mål. Leigd beite 20 mål. Buskap 45 vinterfôra sauer, 95 blå- og sølvrevar.
    Frådelt. Husmannsplassen Hefte vart frådelt i 1853. (Sjå nedanfor.) Husmannsplassen Stavehaugen bnr. 11 vart frådelt i 1861. Stave bnr. 12 vart frådelt og selt i 1868, og bonden rydda og bygde opp reisten av garden som bruket nedre Stave eller Stavejordet, bnr. 8.
    Tunet vart flytta ned til noverande stad kring 1960. Kårhus, loft, stall og reidskaphus står i det gamle tunet oppe i bakkane.
    Våningshus bygt 1960, kårhus, badstugu, loft, driftsbygning 1959, revefarm, stall, reidskapshus.
    Heimstøl på Stavestølane. Langstøl i Hollo (gnr. 112, bnr. 31)
    Frå 1967 har Hefte (gnr. 114/2) vore underbruk til garden.

{5849} År: 1774

Asle Larsson Nestegard 1738-1818
Foreldre: Lars Asleson nordre Stave-Nestegard (Hol) og Kari Larsdtr. Mehus (Hol).
Gm Liv Embriksdtr. Kolbjørnstølen Stave 1743-1831
Foreldre: Embrik Ivarson Gjeldokk Kolbjørnstølen og Liv Knutsdtr. Espegard.
*Barn
1. Anne Aslesdtr. Stave Strand 20.04. 1767-1849
Gm em Ola Halvorson søre Strand. G 1807 m Tolleiv Knutson Strand Halvorsgard, gnr. 123/6.
2. Lars Asleson Stave 05.02. 1769-1843
Gm enkje Lukris Johannesdtr. Skrindo. Sjå neste hushald.
3. Embrik Asleson Stave Rime 06.01. 1771-____
Sjå nordre Rime, gnr. 115/20 år 1788.
4. Asle Asleson Stave 11.06. 1773-
5. Kari Aslesdtr. Stave 05.06. 1774-1801f
6. Kari Aslesdtr. Stave Underberg 13.07. 1777-1807
G 1806 m Ola Olson Skarsgard Randen, sjå Strand Bakka og Underberg.
7. Knut Asleson Stave ØvreMyro 24.12. 1779-1839
G 1809 m Margit Olsdtr. søre Nestegard i Holet 1790-1863. Barn: Anne 1810- gm Bjørn Larsson Seim; Asle 1811-1879 til ØvreMyro, gm Anne Knutsdtr. Noss Nedremyr, gm Margit Larsdtr. Elven; Ola 1815- gm Sigrid Sveinsdtr. Rudning (Holet) til Am.; Liv 1819- gm Torstein Halvorson Berg (Hol); Embrik 1824- til Sindrol i Hol, gm Margit Knutsdtr. Sindrol.
    Knut og Margit hadde nordre ØvreMyro i Hol. (Hol III s 573)
    Knut var ein frisk kar. Han kunne gjera stemplakast på stål-isen med butel og glas i hendene. Av bygning var han stutt i føtene og lang i ryggen. Han var streng med seg sjølv, rekna m.a. at eit påbegynt arbeid skulle fullførast uansett vær og dagslys.
    Knut vart utkalla til krigen 1807-14 endå han var gift. Margit, som var på stølen, fall i uvit då det bodet kom. Men Knut kom velberga heim att. Knut var nytta til ymse offentlege verv i bygda.
8. Lars Asleson Stave Rimehaugen 14.07. 1782-1814
G 1807 m Ågot Larsdtr. myljo Rime. Sjå Rimehaugen, gnr. 115/20.
9. Kristi Aslesdtr. Stave 1785-1788

Asle vart oppnemnt til lagrette-mann i 1772.
    I 1779 vart Asle sett under tiltale av futen for å ha uttala seg mot 'Kongelige Anordninger.' Asle kunne ikkje hugse å ha gjort noko slikt, i såfall måtte det ha skjedd av 'Enfoldighed.' I allefall var det ikkje av "Ond Hensikt, da en enfoldig Bondemand ei kan sette sine Ord således. ..."
    Av vitnene var lensmann og klokkar, dei hadde vore hjå Asle ved jule-bel og spurt om han hadde brennevin-redskap. Asle hadde brennevinskjel, men ikkje 'redskap', han brende berre til husbruk, dvs. skjenking av ein god ven eller til sjukdoms bruk. Asle vart frikjend. (1397) s 38
    Asle kjøpte 1783 halve langstølen Varaldset i Hol hjå Ola Hermannson Nedrejordet for 24 rd.
    Det var auksjon i 1784 på Oppigard Noss (1/4 av Aslaksgard), men ingen vil by etter taksten. (400 rd) Ny takst 340 rd. Kjøpar vart Asle Larsson Stave på 3. gongs opprop - pris: 360 rd.
    Asle kjøpte nordre Rime for 990 rd og lånte 215 rd hjå presten i 1787.
    Asle vart innklaga 1798 av Lars Olson Rime. Det enda med slikt forlik: Asle skulle behalde det inngjerda stykket på søre kanten av Haugestølen, mot at han la ut tilsvarande mykje på nordre kanten. (1407) s 21
    Liv og Asle brukte halve Øvremyro i Hol nokre år i perioden frå 1799 til 1809.
    Asle kjøpte også 1/3 i Buvatnet i 1806. Skifte vart halde i 1818, men er ikkje komplett bevara. Eiga var på 96 spd, og banken hadde pant i ei ku.
    På skiftet etter Liv i 1831 vart Stave utlagt til eldste son Lars, Myre og Rimehaugen vart utlagt til Knut og Lars d.y.

{5850} År: 1806

Lars Asleson Stave 05.02. 1769-1843
Foreldre: Asle Larsson Stave og Liv Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Lukris Johannesdtr. Skrindo Stave 11.02. 1781-1857
Foreldre: Johannes Knutson Skrindo og Kari Olsdtr. Sehl.
*Barn
1. Asle Larsson Stave 26.12. 1802-1803
2. Asle Larsson Stave 02.04. 1804-1872
G 1834 m Guri Halvorsdtr. Kvinnegard. Sjå neste hushald.
3. Liv Larsdtr. Stave 06.10. 1805-1825
4. Johannes Larsson Stave 05.10. 1806-1857
Ugift. Fattig inderst på Stave.
5. Kari Larsdtr. Stave 22.03. 1808-
G 1832 m Asle Torsteinson Bøygard til Garnås. Sjå inderstar 'Stave'.
    Ei dotter til Kari var hovudpersonen i spøkriet på Tune, skreiv Mehlum.
6. Embrik Larsson Stave 03.02. 1811-1811
7. Astrid Larsdtr. Stave Tune 10.06. 1812-1859
G 1838 m Knut Gunnarson Tune, gnr. 124/
8. Kristi Larsdtr. Stave 16.03. 1817-1880
Ugift. Barn: Lars Asleson 1847- sjå barnebarn.
    Kristi døydde ugift i 1880 hjå systera Astrid på Tune.
9. Kari Larsdtr. Stave 26.10. 1818-1857f
Kari reiste til Am. i 1852. Det vart sagt at ho hadde vore lett-truen og levert pengane sine til ein framand mann. Kari omkom av naud snart etter at ho steig i land i Amerika.
10. Anne Larsdtr. Stave Tune 26.09. 1821-1881
G 1845 m Ola Gunnarson Tune, gnr. 124/2.
11. Borghild Larsdtr. Stave __.__. 1822-
Truleg til Kr.ania.
12. Lars Larsson Stave Stavehaugen 22.10. 1823-1903
G 1868 m Birgit Johannnesdtr. Skallehaugen. Sjå Stavehaugen, gnr. 114/11.
*Barnebarn
1. Lars Asleson Stave Myro 21.06. 1847-
Lars reiste til Am. kring 1877. Under eit skifte i 1907 vart opplyst: 'intet hørt fra han.'
    Foreldre: Asle Larsson Trettestølen (ungkar) og Kristi Larsdtr. Stave.

Lars og Lukris gifte seg i 1802. Ho var enkje etter Gjermund Asleson Høgset som døydde 1 månad etter bryllaupet.
    Lars kjøpte garden for 110 rd hjå faren i 1806. Dei selde garden 1834 til sonen Asle for 1200 spd.

{5851} År: 1834

Asle Larsson Stave 02.04. 1804-1872
Foreldre: Lars Asleson nordre Stave og Lukris Johannesdtr. Skrindo.
Gm Guro Halvorsdtr. Kvinnegard Stave 12.08. 1815-1898
Foreldre: Halvor Olson Kvinnegard og Gro Hermundsdtr. Stakegard.
*Barn
1. Lukris Aslesdtr. Stave Ruud 22.03. 1835-1900
G 1854 m Ola Olson Halleset Ruud, gnr. 95/1. G 1867 m Svein Asleson Rudningen (Hol) Ruud.
2. Gro Aslesdtr. Stave 22.08. 1839-1916
Gro var sjuk, truleg ugift. Ho arva i 1898, og var delvis på forsorg. I 1900 hadde ho 'Husligt arbeide på Kortgarden.'
    A. Mehlum skreiv om Gro Stave: Ho var over 70 år i 1912, men greidde seg sjølv. Om sumrane var ho onnejente på Kvinnegarden. Og så onna ho såpass at ho kunne fø to geiter. Om vintrane budde ho hjå Eirik Noss, der sat ho ved rokken.
3. Lars Asleson Stave 05.09. 1841-1927
G 1867 m Kari Tolleivsdtr. Rime. Sjå neste hushald og Stavejordet, gnr. 114/8.
4. Liv Aslesdtr. Stave 05.08. 1844-
Til Am. i 1881 med Lake Park, MN som reisemål. Ugift i Am. i 1904.
5. Guro Aslesdtr. Stave Kvinnegard 21.12. 1847-1917
Gm Lars Ivarson Kvinnegard, gnr. 96/1. Guro vaks opp hjå gommo si på søre Kvinnegarden, fire år gamal kom ho dit. (1507)
6. Anne Aslesdtr. Stave 25.08. 1849-
Anne reiste til Amerika 1879. På eit skifte i 1894 vart opplyst at: 'Til Am. for 20 år siden. Intet hørt siden.' Anne var ugift og i Amerika i 1904.
7. Rangdi Aslesdtr. Stave 17.03. 1852-1866
8. Halvor Asleson Stave Stavehaugen 07.04. 1855-1930
G 1889 m Kari Halvorsdtr. Sandelien. Sjå Stavehaugen, gnr. 114/11.
9. Kari Aslesdtr. Stave 04.03. 1858-1873

Asle og Guro gifte seg i 1834. Dei sat godt i det økonomisk, men Asle vart drankar og var nær ved å miste garden.
    Asle selde frå Stavehaugen til bror sin i 1861. I siste liten vart garden overført til sonen Lars.

{5852} År: 1862

Lars Asleson Stave 05.09. 1841-1927
G 1867 m Kari Tolleivsdtr. Rime. Foreldre: Asle Larsson Stave og Guro Halvorsdtr. Kvinnegard.

Lars Asleson overtok Stave i 1862. Garden var då så gjeldbunden at han såg seg ikkje råd til å greie seg der. Omlag 1868 selde han garden til Botolv Larsson Noss for å reise til Amerika. Men ho Kari tok til angre seg, så kjøpte dei att 1/3 av garden og det vart Stavejordet. Lars bygde opp hus frå nyo, både heime og på garden. Sjå meir under Stavejordet, gnr. 114/8.

{5853} År: 1868

Botolv Larsson Noss Stave 22.09. 1833-1919
Foreldre: Lars Larsson Torkjellsgard Noss (Larsgarden) og Ambjørg Persdtr. Håheim.
Gm Birgit Nilsdtr. Jøtebakko Noss 11.05. 1849-1928
Foreldre: Nils Syverson Kitilbråten Jøtebakko og Borghild Andersdtr. Jøtebakko.

Botolv og Birgit gifte seg i 1868. Ingen barn.
    Botolv reiste til Chicago i 1861. Han deltok i borgarkrigen. Etter tre års tenest i 10. Minnesota Regiment reiste han heim att til giftarmål og gardhandel.
    Botolv kjøpte Stave for 1266 spd i 1868. Men økonomien bar ikkje, alt neste sumar reiste Botolv og Birgit til Amerika. I skiftet frå 1869 står det: 'B. L. S. møtte ikke, trolig reist til Am.' Garden gjekk til auksjon i 1874.
    Botolv var pionergardbrukar ved Waukon, MN frå 1881. Så tok han seg land ved Gary, MN i 1884. Botolv selde Noss-farmen til brorsonen Per Larsson i 1893.
    I 1921 var Birgit aleine, ho budde i Gary, MN og fordreiv tida med å stelle eit par kyr. (1412, oppl. v/ J. Marler, Ulvestad Bind 2 s 831, brev i Hallingen 1914.)

{5854} År: 1874

Levor Knutson Huus Stave 30.09. 1825-1897
G 1847 m Guri Olsdtr. Strand. Foreldre: Knut Levorson Huus og Gunhild Nilsdtr. Ruud.

Levor Knutson Huus (1825-1897) fekk auksjonsskøyte på Stave i 1874. Sjå meir om han på myljo Huus gnr. 112/6.
    Sonen Knut overtok Stave utan heimel kring 1897.

{5855} År: 1897c

Knut Levorson Huus Stave 19.03. 1849-1917
Foreldre: Levor Knutson Huus og Guri Olsdtr. Larsstugu Strand.

Knut Levorson overtok både Huus og Stave utan heimel kring 1897. Han var ugift hestehandlar og gardbrukar.
    Knut selde Stave vidare fyrst på 1900-talet til Levor Sevatson Noss.
    I 1900 var Knut gardbrukar, han budde saman med systera Kristi, Guri (Holgesdtr.) Dengerud og Torkjell (Torsteinson Dengerud) Haugestølen.