Rimejordet gnr. 115 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rimejordet gnr. 115 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Rimejordet grensar mot Rimehaugen i aust, mot Kvinda i vest og mot nord til Skalle.
    Rimejordet vart eige bruk i 1802 ved delinga av søre Rime. Det er uvisst om bruket var busett før den tid.
    I stugu er innskore årstalet 1766. Stugu skal vera flytta til noverande stad i 1857. Dette årstalet står på ein stein i muren, fortalde A.K. Svensrud.
    Frådelingar. Rimeslåtta, bnr. 8 frådelt i 1877; nedre Rimeslåtta, bnr. 10 frådelt 1880, Øvre Rimeslåtta, bnr. 12 frådelt 1880.
    Areal 1865: dyrka jord 15 mål, naturleg eng 30 mål, utslått 75 mål. Avling 15 1/2 tunne bygg 14 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 28 mål, anna areal 20 mål, skog og utmark 300 mål.
    Hallingstugu bygd 1766, stabbur, eldhus (no hytte), låve med fjøs og stall omkr. 1800, stallen påbygd i 1910.
    Stølar. Langstøl Rødungen, bnr. 12 vart fråselt 1880. Heimstøl på Rimestølen.

{5896} År: 1802


Kitil Syverson Mørk Grøt Øvremyro (gm Sissel Torkjellsdtr. søre Rime) kjøpte Rimejordet for 999 rd hjå Gjermund Torkjellson søre Rime i 1802. (Hol III s 572)

{5897} År: 1810

Gjermund Torkjellson Rime 01.10. 1769-1845
Foreldre: Torkjell Larsson søre Rime og Anne Torjusdtr. Helling.

Gjermund Torkjellson på søre Rime delte garden i to i 1802. Han selde bnr. 1 til Lars Pålson Nerol og Rimejordet, bnr. 3 til Kitil Grøt.
    I 1810 kjøpte Gjermund attende Rimejordet hjå Kitil Grøt for 500 rd.
    Sjå meir om Gjermund og Anne Torsteinsdatter på søre Rime, bnr. 1. Sonen Torkjell Gjermundson overtok Rimejordet kring 1840.

{5898} År: 1840c

Torkjell Gjermundson Rimejordet 09.02. 1806-1880
Foreldre: Gjermund Torkjellson Rime og Anne Torsteinsdtr. Øvrejorde (Hol).
Gm Ambjørg Sveinsdtr. Sundbrei Rimejordet 03.07. 1803-1841
Foreldre: Svein Syverson Sundbrei og Margit Knutsdtr. Skottebøl.
Gm Margit Sveinsdtr. Sundbrei Rimejordet 11.11. 1798-1870
Foreldre: Svein Syverson Sundbrei og Margit Knutsdtr. Skottebøl.
Gm Anne Sandersdtr. Slettemoen Breiehagen 03.07. 1803-1876
Foreldre: Sander Larsson Nestegard Slettemoen og Gunvor Tolleivsdtr. Slettemoen, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Ambjørg Torkjellsdtr. Rimejordet 16.06. 1841-1858
Ambjørg var døvstum. Ho døydde 16 år gamal.

Torkjell og Ambjørg gifte seg i 1840. Ambjørg døydde i barnseng og Torkjell gifte seg pånytt 1844 med systera Margit Sveinsdtr. Ingen barn.
    Torkjell vart attgift 1873 med Anne Sandersdtr. Slettemoen Breiehagen. Ho var enkje etter Ola Knutson Oppigarden Noss Breiehagen. Ingen barn.
    I 1841 heitte det at Torkjell forpakta Rimejordet hjå staten. Torkjell fekk auksjonsskøyte på garden for 565 spd i 1843.

{5899} År: 1851

Henrik Torgeirson Stakegard Randedokken 12.09. 1815-1905
Foreldre: Torgeir Hermundson Stakegard og Turid Henriksdtr. Huus.
Gm Haldis Larsdtr. Kvinnegard Rimejorde 17.02. 1812-1891
Foreldre: Lars Ivarson nordre Kvinnegard og Ragnhild Olsdtr. Rue (Hol).
*Barn
1. Turid Henriksdtr. Rimejordet Baklien 02.06. 1845-1937
G 1890 m Anders Person søre Baklien, gnr. 39/3.
2. Ragnhild Henriksdtr. Rimejordet Guroplass 16.07. 1850-1939
Gm Ola Olson Guroplass, gnr.
3. Torgeir Henrikson Rimejordet 22.07. 1853-1934
G 1873 m Margit Tolleivsdtr. Tveito. Sjå neste hushald.
*Barnebarn
1. Haldis Torgeirsdtr. Rimejordet Andreasen 17.06. 1869-
Gm Syver Andreasen ..., Skiptvedt 1858- .Barn: Karl Trygve 1889- ; Christian 1891- ; Sigvard 1893- ; Ragnhild 1895- ; Håkon 1898- ; Christine 1900- ; ...
    Haldis flytta til Aker 1884 for å inngå ekteskap. Dei budde på husmannsplassen Haugen under Skolsegg i Skedsmo i 1900.
    Foreldre: Torgeir Hermundson Låeng, Hol (ungkar) og Ragnhild Henriksdtr. Rimejordet.

Henrik og Haldis gifte seg i 1844. Henrik kjøpte Rimejorde i 1851.
    Henrik fekk eit opphald på tukthuset i 1836 for eit slagsmål på ein auksjon i Sørbøen. Henrik la fram gode skussmål frå prest og grannar, - i edrug tilstand var han godt likt. Han var medlem i Arbeidarforeninga. (1292)
    Henrik bygde nye hus på garden.

{5900} År: 1874

Torgeir Henrikson Rimejordet 22.07. 1853-1934
Foreldre: Henrik Torgeirson Stakegard Rimejorde og Haldis Larsdtr. Kvinnegard.
Gm Margit Tolleivsdtr. Noss Tveito Rimejordet 04.11. 1855-1941
Foreldre: Tolleiv Larsson Bakketeigen Tveito og Sigrid Eilevsdtr. Toreplass.
*Barn
1. Haldis Torgeirsdtr. Rimejordet Svensrud 23.03. 1874-1936
G 1896 m Kristoffer Kristensen Svensrud 1870-1958 frå Ø. Eiker. Barn: Konrad 1897- gm Marie Berget (3 barn); Torleif-Morten 1899- arbeidde på jernbaneverkstaden i Drammen, gm Gunhild Gundersen (ingen barn); Margit Henriette 1902- ugift (1 son); Alf 1904-1905; Alfred-Kristian 1906-2002 gm Ingeborg Wandrup; Henrik 1909-1994 ugift, birøkar, overtok farsgarden Flataker på Burud i Øvre Eiker; Karl 1911- dreiv slaktar og pølsemakar-forretning i Krokstadelva, gm Signe Paulsen (3 barn); Sigrid 1914- gm Odd Bøthun (2 barn); Haldis 1920- gm Leif Steen Gulliksen (3 barn).
    Kristoffer var cellulose-arbeidar og budde på N-Eiker i 1896. Haldis og Kristoffer kjøpte garden Flataker på Burud i 1905. Kristoffer var tømmerfløytar ved sida av garden.
    Sonen Alfred-Kristian overtok Rimejordet i 1962. Og sonedottera Liv Randi overtok garden i 1994.
2. Sigrid Torgeirsdtr. Rimejordet Eriksen 22.09. 1875-
Gm Lars Eriksen, Lier 1872- . Barn: Edvin 1896- ; Sigrid ....- ; Marie ....- ; Arthur ....- ; Trygve 1898- ;
    Sigrid og Lars budde i Skoger i 1900. Lars arbeidde ved jernbanen.
3. Turid Torgeirsdtr. Rimejordet Hauger 18.04. 1878-
Gm Lars Hauger, Asker 1878- . Barn: Jørgen Kolbjørn 1900- ; Reidar ....- ; Jens ....- ; Ragnhild ....- ; Ingeborg ....- gm ... Lindberg; Margit ....- i Drammen; Astrid ....- i Mjøndalen; Arthur ....- i Oslo; .... .... ; Konrad ....- i Sande i Vestfold.
    Turid og Lars budde i Asker i 1900. Lars arbeidde ved NSB.
4. Henrik Torgeirson Rimejordet 19.02. 1881-1962
Ugift. Sjå år 1894.
5. Torand Torgeirsdtr. Rimejordet Årkvisla 01.10. 1883-
Gm Marius Årkvisla. Barn: Margit ....- ; Edvard ....- ; Torger ....- ; Ingolf ....- ; Karen ....- ; Hermund ....- ; Helga ....- ; Marie ....- ; Tordis ....- ; Nils ....- ; Torleif ....- . (982)
    Torand reiste til Øvre Eiker i 1906.
6. Tolleiv Torgeirson Rimejordet 06.04. 1886-
Gm ... ... Barn: Theodore ....- ; Margrethe ....- . Barnebarn: Donna Ellingson i Vashom, Washington.
    Tolleiv reiste til Amerika i 1902 og busette seg i Everett i Washington.
7. Guri Torgeirsdtr. Rimejordet 07.02. 1889-1926
Guri døydde tidleg. Truleg Guri Rimejordet som arbeidde på Blakstad sanatorium i 1911 og spelte på fele? (A. Mehlum 1911.)
8. Ragnhild Torgeirsdtr. Rimejordet Gjerdnes 03.01. 1892-1986
G 1922 m Anders Olson Gjerdnes, gnr.
9. Lars Torgeirson Rimejordet 09.11. 1895-1976
Gm Thora Hørven. Barn: Liv Margit 1931-1942; Thor Ole 1933- sportsdirektør i forsvaret m.m., gm Bjørg Aamodt (2 barn); Astrid Helga 1935- skipsradiotelegrafist, gm Leif Emberland (2 barn); Harald 1939- lastebileigar, gm Reidun Løken (3 barn).
    Lars arbeidde i vegvesenet. Dei hadde eit småbruk i Krødsherad.
10. Ola Torgeirson Rimejordet 25.02. 1900-
Gm Anna Willens, Everett, Washington ....-1956. Barn: Lars/Larry ....- lærar, gm Leann ... (2 barn) .
    Ola var fyrst trikkeførar i Oslo. Han reiste til Am. i 1929. Fyrste tida arbeidde han som bygningsmann. Sidan var han jeger, gullgravar og laksefiskar i Canada. Men gullgravinga stod ikkje til forventningane,- det vart meir graving enn gull!
    Ola flytta til Everett i staten Washington og arbeidde på cellulose-fabrikk. Han vitja Noreg fleire gonger.

Torgeir og Margit gifte seg i 1873. Torgeir kjøpte garden 1874 for 700 spd. Torgeir var smed i smia hjå O. A. Strand. Torgeir hadde smie heime og. Han skaffa seg ein smihamar som vart driven av vasskraft.
    Torgeir gjekk konkurs i 1880, og Truls Rimehaugen kjøpte garden for 2800 kr på auksjon i 1882. Sjå neste hushald.

{5901} År: 1882


Truls Rimehaugen kjøpte garden på auksjon i 1882. Han selde frå langstølen Rødungen i 1880, og overførte resten av garden til Henrik Torgeirson f. 1815 for 12000 kr.

{5902} År: 1894

Henrik Torgeirson Rimejordet 19.02. 1881-1962
Foreldre: Torgeir Henrikson Rimejordet og Margit Tolleivsdtr. Tveito.

Henrik var ugift. Han fekk skøyte på Rimejorde hjå bestefaren for kr. 2800 og kår i 1884. Henrik dreiv snikkering ved sida av garden i 1900.