Vangeteigen gnr. 115 bnr. 27
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vangeteigen gnr. 115 bnr. 27-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Vangeteigen eller Embriks-Vangen vart frådelt Rimehaugen i 1882. Plassen
    låg ovanfor Sevat-Vangen og grensa opp til den gamle ridevegen og Busteteigen. Elva Kvinda var grensa i aust.
    Vangeteigen var truleg underbruk under VesleVangen bnr. 28 fram til 1940 då bruket vart overført til Vangen, bnr. 5. Husa er forlengst borte, eit verkstadbygg står her no.

{5998} År: 1882

Embrik Sevatson Underberget Vangen 21.09. 1825-1918
Foreldre: Sevat Sevatson Toplass Underberget Vangen og Turid Levorsdtr. Espegard.
Gm Guri Torsteinsdtr. Vesle Dengerud Vangen 22.04. 1829-1864c
Foreldre: Torstein Torkjellson Hove Vesle Dengerud og Anne Amundsdtr. Hellinghaugen.
Gm Gro Ellingsdtr. Ellingsplass Vangen 28.10. 1837-____
Foreldre: Elling Tomasson Ellingsplass (Nerol) og Ingeleiv Halvorsdtr. Sveinsgard frå Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Torstein Embrikson Vangen 04.06. 1859-
Ugift. Torstein reiste til Am. 1884. Farmar i Rock Co. Fadder for Olga Bergitte Berg i Blue Mound 1893. (J. Marler)
2. Levor Embrikson Vangen 10.01. 1861-1950c
G 1898 m Gro/Julia Viken/Gulliksen, Bondalen i Tuddal. Barn: Georg 1898- farmarbeidar, gm Tilla Smith (2 barn); Gilbert 1899- farmar, gm Violet Karlsen (2 barn); Selmer 1900-1918; Mabel Sofia 1903- g 1924 m Paul Letsy (2 barn); Anne 1905-2000 ugift lærar; Eddy 1907- ugift farmar. (Oppl. i telefon frå Eddy 2006.)
    Levor reiste til Am. i 1885. Dei farma i ...., i 1913 flytta dei til ein farm i Sør-Dakota. Dei skreiv seg Wangen. Ungane er døypte ved Blue Mounds Lutheran Church. (J. Marler)
*Barn i andre ekteskap
1. Elling Embrikson Vangen 03.09. 1872-1877
2. Guri Embriksdtr. Vangen 26.01. 1875-1876
NB. Død som 'Liv' Embriksdtr. Vangen 1 1/2 år gamal i 2/8 1876.
3. Guri Embriksdtr. Vangen Hansen 06.10. 1878-1943
G 1900 m Kristoffer Hanssen 1877-.... ,N. Eiker. Barn: Henrik 1900- trikkekonduktør i Oslo, gm Irma Wolf (1 barn), gm Anna Thorsen (1 son); Gunvor 1903-1978 ugift kontordame ved Solberg Sp.; Helene 1905-1986 spinneriarbeidar, gm Einar (fotballspelaren 'Gubbe') Andersen (2 barn); Erling 1907-1967 arbeidde på Solberg Spinneri, gm Helga Steiner (2 barn); Agnes 1910-1977 spinneriarbeidar, gm Olaf Kristiansen (1 barn); Borghild 1912-1994 ugift; Kåre 1917-1994 arbeidde på gummivarefabrikk, gm Karin .... (1 son); Håkon 1914- lagerarbeider på Solberg, gm Ida Ellefsen (1 son); Per 1920-1986 ugift, spinneriarbeidar; Astrid 1922- spinneriarbeidar, gm Gunnar Kleven (3 søner) (Oppl. v/Tove Bakken)
    Kristoffer var steinhoggar, Guri tenestjente på Vinnes då dei gifte seg på N. Eiker. Dei budde i Gamlestua på Solbergelva. Ungane skreiv seg anten Hanssen eller Kristoffersen. (1421)
4. Elling Embrikson Vangen 27.02. 1882-1902
Elling Vangen frå Ål døydde '30 June 1902 Rock County, Minnesota'. (J. Marler)

Embrik og Guri gifte seg i 1859. Dei fekk to barn. Frå før hadde Embrik sonen Eilev 1851-1929 med Ågot Eilevsdtr. Svarteberg (som var tenestjente på Fly). Sjå gnr. 54/2.
    Embrik vart attgift med Gro i 1874. Ho var enkje etter Daniel Knutson Haugo i Hol.
    Embrik og Gro budde på Vangen i 1875. Dei fekk skøyte frå Rimehaugen i 1882. Embrik var soldat i unge år, han deltok i felttoget til Malmø i 1848.
    Embrik var gardbrukar på Vange-teigen i 1900. Embrik selde bruket 1917 for kr. 900 og kår.