Vesle-Vangen gnr. 115 bnr. 28
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Vesle-Vangen gnr. 115 bnr. 28-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Vesle-Vangen vart rydda av Einar Karlson frå 1720 omlag. Denne plassen ligg på ei øy danna av Kvinda og ei sidegrein. Til bruket låg også ein bråte på sørsida av elva, truleg det som etterkvart vart Øyno, bnr. 4. Sjå også Store-Vangen, bnr. 5.
    Namnet på plassen vart etterkvart Kristi-Vangen.
    Vangen vart frådelt søre Rime bnr. 1 i 1887 og selt til kona frå Rimehaugen. Og i 1940 vart bruket selt attende til søre Rime.

{6002} År: 1842c

Levor Olson Helling Vangen 18.06. 1807-1873
Foreldre: Ola Gunvaldson Prestgarden (ungkar) og Birgit Levorsdtr. Helling Kolbotn.
Gm Kristi Tolleivsdtr. Strand Vangen 29.08. 1811-1899
Foreldre: Tolleiv Knutson Skottebøl Halvorsgarden Strand og Anne Aslesdtr. Stave.
*Barn
1. Birgit Levorsdtr. Vangen Rimehaugen 11.05. 1841-1924
G 1863 m Lars Eirikson Rimehaugen, gnr. 115/20. Sjå neste hushald.
2. Anne Levorsdtr. Vangen 04.11. 1843-1892
Ugift. Anne var inderst på Vangen i 1875, ho dreiv med spinning og dagarbeid.
3. Astrid Levorsdtr. Vangen 13.04. 1848-1853
4. Tolleiv Levorson Vangen 24.11. 1852-
G 1877 m Birgit Knutsdtr. søre Svarteberg. Barn: Levor 1877-1950 gm ... ... (minst 2 barn); Gunhild/Julia 1879- g 1901 m Anders K. Sorteberg (onkelen)(1 barn), g 1907 m Joseph Stephen Rennie (.. barn); Kristi 1882- ; Anne 1884-1884 ; Anne 1885-1886; Anne 1886- ; Carl 1889-1984; Borghild 1892- . (epost Pat Sorteberg)
    Tolleiv var ugift husmann, møllar og spelemann på Vangen i 1875. Han budde saman med mora og to systrer.
    Tolleiv og Birgit budde i Minna og på Styrkestad før dei reiste til Am. kring 1887: Lac qui Parle Co, MN.

Levor og Kristi gifte seg i 1841. Fyrste tida var dei i Kolbotnen. (Plassen Hakkerud er også nemnt.) Barna frå 1843 og 1852 er døypte på Vangen medan Astrid er døypt som Tunehagen i 1848.
    Levor var husmann på Vangen. I plikt-arbeid skulle han slå Rimeslåtta, men Levor tykte det vart mykje for han. Levor kjøpte då brennevin og baud inn til dugnad. "Då va det som me stunda!" sa Haugestølen. (Oppl. av Paul Breiehagen)
    Den kjende fele-låtten 'Kristi Vangen' har fått namn etter Kristi. Det hadde seg slik: Kristi var innom hjå Ola A. Strand på Vangen ein dag på sine gamle dagar. Ola tok då fram fela og let denne låtten.
    Då brast den 80-årige Kristi i gråt, - i hennar yngre år var dette den felelåtten som ho likte aller best. Denne vesle hendinga førte til at låtten fekk namnet hennar. (Paul Breiehagen: 'Det tilla og det læt', s 407) (1153)
    Martin Larsson Gjerdnesflåte bygsla LilleVangen i 1849. Sjå Vangodden.

{6003} År: 1892


Birgit Levorsdatter vart aleine då mannen Lars Eirikson Rimehaug reiste til Amerika. Birgit var inderst og budde hjå broren på Vangen i 1875 med sønene Eirik og Asle.
    I 1892 fekk Birgit skøyte på barndomsheimen Kristi-vangen.

{6004} År: 1899

Asle Larsson Rimehaugen Vangen 03.07. 1867-1940
Foreldre: Lars Eirikson Rimehaugen og Birgit Levorsdtr. Vangen.
Gm Margit Olsdtr. Langeland Vangen 31.12. 1868-1941
Foreldre: Ola Holgeson Langeland og Guri Olsdtr. Holmen.

Asle og Margit gifte seg 1914 i Kr.ania. Ingen barn.
    Asle overtok KristiVangen hjå broren Eirik i 1899. Margit kjøpte Vangeteigen, bnr. 27 i 1917.