Nos, Tolleivsgarden gnr. 117 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nos, Tolleivsgarden gnr. 117 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Jørgensgard Noss var det gamle namnet på Tolleivsgarden før oppdelinga. Opphavleg landskyld var 18 2/5 laupsbol. Truleg var dette den garden som ein Jørgen eller Jørund fekk då den opphavlege stor-garden Noss vart delt opp. Sjå innleiinga til Noss.
    Garden er nemnt i jordebøkene frå 1577, frå 1588 med 4 kalvskinn i årleg skatt og 1 album i frelse. I 1641 hadde Ål kyrkje (4 laupsbol i garden med 1/2 rd årleg leige.)
    Under omtalen av Ola Syverson Noss på Reinton (Hol III s 40) vert Jørgengard også kalla Jørundgard. Eit dokument frå 1617 nemner lagrettemannen 'Oluf Jørensgard på Noss'. Jørund er ei folkeleg form av namnet Jørgen. Inne i Nasalia, ovanfor Endrestølen, er det registrert stadnamn etter ein eller to nedlagte stølar, Hovdestølen og Jørandstølshovda. Ein veit at Tolleivsgarden hadde Hovdestølen, Jørandstølen kan vera Jørundstølen.
    Midt på 1700-talet gjekk namnet Jørgensgard over til Tolleivsgarden, det kom av at det hadde vore mange Tolleivar på garden. Merk bruken av preposisjon: det heiter 'frami' Tolleivsgarden. Garden ligg frampå ein bergnabb med godt utsyn.
    Ved oppdelinga av Arnegard Noss i 1830-åra kjøpte bonden i Tolleivsgarden fylgjande: åkeren Djupseikra med omkring-liggande slåttelende; langstølen Holu; eit stolphus. Dessutan fylgde hamnerett til dei dyra som kunne fødast på denne gardparten og 1 3/8 laupsbol andel i fem skogteigar i Nasalia. Prisen var 260 rd.
    Plassar: Jøto og Belluteigen.
    Frådelingar: Jøto (1776); Tveito, bnr. 2 (samanføyd med Tveito gnr. 118/2); Traktor-teigen (dvs. den brattaste delen av nedre jordet vart samanføyd med nabogarden Skottebøl kring 1960.)
    Den beste åkeren i Tolleivsgarden var Tårand-dokkji. Ein settung korn frå denne åkeren vog 24 mark. I gode år kunne det bli 60 tunner korn i Tolleivsgarden, fortalde Emil Noss.
    Fram på Natten nedanfor tunet var det ein liten danseplass.
    Areal 1865: dyrka jord 20 mål, naturleg eng 30 mål, utslått 66 mål. Avling 22 tunner bygg og 21 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 10 mål, anna areal 8 mål, produktiv skog 600 mål, anna utmark 100 mål. Våningshus hallingstugu som vart ombygt 1933, loft, gamalt fjøs, låve (bygd omlag 1860 av Nobbe-lensmann, Ola Nilsson frå Tveitemoen) og stallar. Eit loft vart selt til Bygdaheimen.
    Stølar. Heimstølar: Nystølen, Hovdestølen (evt. Jørandstølen) nedlagt, denne stølen låg oppe i hovdene ovanfor Jøteslåtta. Langstølar: Holu (frådelt til turistverksemd) og Holle (frådelt til Mykinghaugen gnr. 93/2 i 1960).

{6040} År: 1754

Knut Tolleivson Noss Jørgensgard Noss 1720-
Foreldre: Tolleiv Knutson Noss og Mari Arnesdtr. Geilo.
Gm Torand Olsdtr. Løken Noss 1721c-
Foreldre: Ola Ellingson Løkensgard d.y. og Eli Oleivsdtr. Haug.
*Barn
1. Ola Knutson Noss 30.01. 1749-1749
2. Mari Knutsdtr. Noss Haug 31.05. 1750-1828
Gm Ola Larsson Kvinnegard søre Haug, gnr. 59/1.
3. Tolleiv Knutson Noss 01.01. 1753-1819
G 1782 m Margit Knutsdtr. søre Leksvol. Sjå neste hushald.
4. Anne Knutsdtr. Noss Noss Torkjellsgard 31.03. 1755-1822
Gm em Lars Knutson Aslaksgard Noss til Torkjellsgard Noss, gnr. 118/1.
    Anne fekk eit sylvbelte i morgongåve hjå Lars.
5. Ambjørg Knutsdtr. Noss Huus Jøto 19.02. 1758-1833
Gm Eirik Olson ... Jøto, gnr. 117/5.
6. Ingeborg Knutsdtr. Noss Huus 16.10. 1760-1845
Gm Levor Torson nordre Huus, gnr. 112/6.
7. Elling Knutson Noss Jøto 04.04. 1763-
I 1783 fekk Elling skøyte på Jøto for 120 rd og kår til foreldra. Med Jøto fylgde: all åker i søre jordet; engeteigen Hallebråt m/noko skog; heimstølen Beithogg-stølen m/skog; heimstølen Slåtta m/hus; langstølen Torsbu m/hus; ei liten slåtte kalla Rudningen. (1206) s 221b
    Elling makeskifta Hallebråt og 30 rd med faren i 1784 og fekk att teigen "Kiuchen" ved Bergaåkeren og ei bu med loft. (1206) s 243b
8. Torand Knutsdtr. Noss Jøto 08.12. 1765-1834s
Barn: Elling Olson f. 1789 og Birgit Olsdtr f. 1792. Sjå barnebarn.
    G 1818 m ungkar Tolleiv Ivarson Holto 1784-1849. Ingen barn.
    Torand fekk skøyte på plassen Jøto i 1789. Til plassen høyrde: "Kiukerjen-teigen", Beithoggstølen, Slåtta og Lauvstølen, Torsbugjerda og slåtta Rudningsgjerda. Dertil skulle plassen Jøto ha ei bu og eit loft frå garden. Pris: 250 rd og eit lite kår til foreldra. (1221) s 150
    Torand og Tolleiv hadde ingen barn, dei var inderstar i Belluteigen og på Halleset, bnr. 7.
*Barnebarn
1. Elling Olson Noss Brattegard Aakvik 18.01. 1789-1850
Gm Anne Persdtr. Turkarstad f 1805. På Brattegard-Slåtta, gnr. 84/4. Sidan til Aakvik i Namdalen.
    Foreldre: Ola Eirikson Granhagen Perplassen (ungkar) og Torand Knutsdtr. Noss.
2. Birgit Olsdtr. Noss Belluteigen 1792-
Birgit var ugift i 1834 og budde i Belluteigen.
    Foreldre: Ola Eirikson Granhagen Perplassen (ungkar) og Torand Knutsdtr. Noss.

Knut makeskifta Hallebråtteigen og 4 dalar i 1754 med Ola Svein Gunhildgard Noss og fekk att langstølen Feten. (Truleg på Torsbu, jfr. den gamle tufta på Holle-feten.)
    Knut pantsette halve garden mot eit lån på 180 rd i 1755.
    I 1763 sette Knut opp kårkontrakt med mora. Ho skulle ha ein åker kall Trolltind, engeteigen Stuguteigen og eit støkke av stølen Holle for 60 rd. Dette godset gav ho i takksemd til døtrene Mari og Anne. Knut skulle få bruke dette inn til dei vart vaksne.
    Knut selde garden Haug i 1770 (arven hennar Torand) til svigersonen Ola Larsson Kvinnegard for 600 rd.
    I 1776 selde Knut halve garden til sonen Tolleiv. Resten av garden brukte Knut som kårbruk fram til 1783 då sonen Elling fekk skøyte på dette. (Sjå Jøto, bnr. 5)
    Knut selde garden 1783 for 80 rd, og tok seg slikt kår: til bruk: nordre stugu på garden, stolphus, ein kålhage, teigen Øvre Kiuchen, 1 mål åker (valt ut av han sjølv før skurden), 4 pund salt, høve til å så humle på ein valfri åker, osv. (1206) s 313
    Knut har truleg gått bort i 1790-åra.

{6041} År: 1776

Tolleiv Knutson Noss 01.01. 1753-1819
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.
Gm Margit Knutsdtr. Leksvol Noss 13.01. 1760-1815
Foreldre: Knut Halvorson søre Leksvol og Gunhild Larsdtr. Kvinnegard.
*Barn
1. Torand Tolleivsdtr. Noss Bakketeigen 23.11. 1783-1869
G 1821 m Lars Olson Bakketeigen, gnr. 116/1.
2. Knut Tolleivson Noss 28.05. 1786-1786
3. Knut Tolleivson Noss 08.07. 1787-1808
Knut var ute i krigen 1807-14. Død på Christiania hospital i 1808 som 'Stave'.
4. Knut Tolleivson Noss 12.09. 1790-1879
G 1819 m Ingeborg Henriksdtr. Øvrejorde. Sjå neste hushald.
5. Elling Tolleivson Noss Jøto 17.11. 1793-
G 1830 m Anne Olsdtr. Toresgard. Sjå Jøto, gnr. 117/5.
6. Svein Tolleivson Noss 1794-1810c
Svein var musketer og ute i krigen 1807-14, han fall.
7. Gunhild Tolleivsdtr. Noss Hamarsbøen 29.01. 1797-
G 1822 m Svein Henrikson Gjivsgjord, Hol 1777-1835. Ingen barn. G 1835 m Ola Steinson Hamarsbøen 1785-1864. (Hol VI s 34 og 104)

Tolleiv og Margit gifte seg i 1782. Tolleiv fekk 1776 skøyte på 8 laupsbol i garden (av totalt 16 b.) for 250 rd.
    På skiftet etter Tolleiv i 1819 var det 735 spd å dele. Buet hadde 8 laupsbol i Jøto, - denne eigedomen var pantsett til systera Ambjørg (gm Aslak Holto). Etter hennar død skulle Jøto falle attende til Tolleiv sine arvingar ved at dei betalte 189 spd til Ambjørg sine arvingar. Sonen Elling var utpeikt av Tolleiv til å overtaka Jøto mot å svara for gjelda. Sonen Knut fekk skøyte på Tolleivsgarden Noss i 1808.
    Buet etter Margit var på 517 rbd og enkjemannen løyste inn garden for 420 rbd.

{6042} År: 1808

Knut Tolleivson Noss 12.09. 1790-1879
Foreldre: Tolleiv Knutson Tolleivsgarden Noss og Margit Knutsdtr. Leksvol.
Gm Ingeborg Henriksdtr. Øvrejorde Noss 17.09. 1797-1879
Foreldre: Henrik Torsteinson Huus Øvrejorde og Guri Eiriksdtr. Verpe. (Hol IV s 188)
*Barn
1. Tolleiv Knutson Noss 02.08. 1820-1848
Ugift. Sjå neste hushald.
2. Henrik Knutson Noss 22.10. 1825-1863
G 1853 m Guri Tomasdtr. Breiehagen. Sjå år 1859.
3. Knut Knutson Noss 02.02. 1828-1829
4. Guri Knutsdtr. Noss Kvelprud 04.03. 1831-1872
G 1852 m Torkjell Person Kvelprud, gnr. 28/1.
5. Svein Knutson Noss 09.12. 1833-1888
G 1868 m Anne Aslesdtr. Strand Halvorsgarden. Sjå år 1878.
6. Svein Knutson Noss 13.04. 1835-
Truleg død liten.
7. Margit Knutsdtr. Noss 26.04. 1839-1839
Margit døydde av koppar.

Knut og Ingeborg gifte seg i 1819. Knut overtok garden hjå faren i 1808.
    Knut kjøpte ein 1 3/8 laupsbol part i Arnegard Noss ved oppdelinga av denne garden kring 1830. Prisen var 260 rd. Sjå innleiinga.
    Knut T. Noss kjøpte Medgarden på auksjon i 1837. Han hadde tidlegare kjøpt noko eigedom i garden, og ottast å tape pengar ved auksjonen.
    Sonen Tolleiv overtok Tolleivsgarden i 1842 for 1000 spd og kår.

{6043} År: 1842

Tolleiv Knutson Noss 02.08. 1820-1848
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Ingeborg Henriksdtr. Øvrejordet.

Tolleiv var ugift. Han hadde Tolleivsgarden 1842 til han døydde 1848. Faren overtok garden att, og selde til sonen Henrik i 1859 for 600 spd og kår.

{6044} År: 1859

Henrik Knutson Noss 22.10. 1825-1863
Foreldre: Knut Tolleivson Noss og Ingeborg Henriksdtr. Øvrejorde (Hol).
Gm Guri Tomasdtr. Breiehagen Noss 20.06. 1836-1925
Foreldre: Tomas Olson Bakkegard (Hol) Breiehagen og Margit Olsdtr. Breiehagen.
*Barn
1. Tolleiv Henrikson Noss 25.08. 1854-1922
Barn: Asle 1877-77 m Sissel Aslesdtr. Storestølen.
    G 1877 m Mari Syversdtr. GurigutMoen. Sjå neste hushald. Til Amerika i 1877.
2. Knut Henrikson Noss 28.01. 1857-1943
G 1887 m Guro Knutsdtr. Holtegarden Strand. Barn: Henry 1887-1903; Gurine 1890-1935 g 1910 m Harry Hagy busett Gary, MN (8 barn); Carl 1893-1953; Gyda 1897-1979 gm Robert Otterness, busett Minneapolis; Inga 1900-1966, busett Minneapolis; Elvina 1905-1957; Theodore 1907-1998 busett Oregon; Edward 1910-1995 gm Clarice Johnson, busett Plaza, ND (2 barn). (1228)
    Knut var handelskar og held til på Tune. Barn m/Guri Aslesdtr. Haugerud: Henrik 1886-1926 ugift timremann. Reiste til Am. i 1887: Parshall, ND. Død i McLean i ND.
3. Margit Henriksdtr. Noss Vareberg 28.11. 1860-1906
G 1884 m Halvor Person Vareberg 1853-1920. Barn: Ragnhild 1884- farma i Canada, g 1903 m Jakop Dyrland frå Stavanger (4 barn); Guri (Julie) 1886- gm ... Philip; Peder 1888- gm Elvira ... ; Ingeborg 1891-1911.
    Barn i USA: Henry 1894- farmar, gm ... ... ; Bertha 1896-1980 lærar, gm Joe Lange, busett Oak Harbor WA; Selma 1898- gm Edwin Sonderal, busett Finley, ND; Oscar 1899-1976 farmar, gm ... ...; Clarence 1903-1932. (1228)
    Margit og Halvor reiste til Amerika 1892: Portland, Torill Co. ND. Sidan farmar ved Finley, ND.
4. Ingeborg Henriksdtr. Noss Ecktell 29.06. 1863-1948
Gm lensmann Henrik Jakop Ecktell. Sjå søre Huus/Leksvol, gnr. 112/1.

Henrik og Guri gifte seg i 1853. Guri vart attgift 1865 med Lars Ivarson Ivarsgarden Noss, sjå Fetagarden Strand bnr. 123/53.
    Sonen Tolleiv overtok Tolleivsgarden i 1866 for 1100 spd.

{6045} År: 1866

Tolleiv Henrikson Noss 25.08. 1854-1922
Foreldre: Henrik Knutson Tolleivsgarden Noss og Guri Tomasdtr. Breiehagen.
Gm Mari Syversdtr. Gurigutmoen Noss 27.11. 1852-1948
Foreldre: Syver Syverson Skjervheim Gurigutmoen og Margit Arnfinnsdtr. Roen.

Tolleiv fekk skøyte på garden i 1866 på skiftet etter faren. I 1875 var Tolleiv lauskar og gardbrukar, syskena Knut og Ragnhild var i tenest hjå han. Foreldra og ein inderst budde også på garden.
    Tolleiv og Mari gifte seg i 1877. Dei reiste til Amerika våren 1877: St. Peter, MN. Farmar i Hatton,Trail Co. ND.
    Same året fekk Tolleiv sonen Asle 1877-77 med Sissel Aslesdtr. Storestølen.
    Barn i Amerika: Julia 1877-1949 gm Ola Sanderson GrevsgardDokken; Henry 1879- pastor, gm Amanda Kleven; Margit 1881-1940 gm ... Daley; Ingeborg 1863-1951; Caroline 1885-1940 gm John S. Brye, busett Oakland, California; Selmer 1887-1971 g 1910 m Hannah Hogen, busett Hatton, ND; Louis 1889-1889; Louis 1890-1899; Alvin 1893-1930 soldat i Frankrike under 1. verdskrigen; Clarence 1896-1903. (1228)

{6046} År: 1878

Svein Knutson Noss 09.12. 1833-1888
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Ingeborg Henriksdtr. Øvrejordet (Hol).
Gm Anne Aslesdtr. Strand Noss 14.02. 1841-1888
Foreldre: Asle Tolleivson Halvorsgarden Strand og Mari Tolleivsdtr. Breie.
*Barn
1. Ingeborg Sveinsdtr. Noss Plassen 03.05. 1869-1948
G 1920 m em Peder Plassen, Nes 1861-1946, farmar i Winger, Norman Co. MN. Ingen barn. (1047)
2. Sigrid Sveinsdtr. Noss Myre/Holmvik 29.12. 1870-1958
G 1893 m Ola Pålson Nedremyr 1872-1897. Barn: Selmer 1895-1970 gm Alma Hermo; Olga 1897-1984 gm Herman Christianson; James Alden 1929(?) gm Nancy Keller.
    G 1902 m Peder M. Holmvik 1873-1952. Barn: Alton 1903-1959 gm ... ; Alvide 1905- , misjonær gm misjonær ... Salte, Stavanger; Marie 1907- gm ... ; Herman 1909- gm ... . (1242)
    Dei skreiv seg Myre. Utvandra i 1893. Busett i Winger, Norman Co. MN.
3. Knut Sveinson Noss 29.05. 1873-1954
Ugift. Farmar, busett i Winger, Norman Co. MN.
4. Asle Sveinson Noss 16.09. 1875-1966
Ugift. Til Am. i 1897. Reisemål: Fosston, MN.
    Busett i Winger Norman Co. MN. Farmar på heimebesøk 1914. Han skreiv fleire artiklar i Hallingen.
5. Tolleiv Sveinson Noss 02.02. 1877-1959
Ugift. Busett i Winger Norman Co. MN.
6. Astrid Sveinsdtr. Noss Løyten 08.07. 1879-1964
G 1901 m Arne Løyten, Hol. Barn: Clara 1901- gm Albin Fristrøm; Selma 1903-1966 ug. ; Agnes 1903-1948 ug.; Esther 1910-1984 gm Irving Wold; Ernest 1918-1935. (1248)
    Astrid vaks opp hjå morbror Ola på Strand. Til Am. Busett i Winger, Norman Co. MN.
7. Henrik Sveinson Noss 11.09. 1882-1970
Gm Hilda Fredrikson, Minot. Ingen barn.
    Henrik utvandra i 1898 og var meieribestyrar i Carpio, ND frå 1910. (Hadde eige meieri.) Ulvestad II s 945, (1245) Kom seinare til Seattle, Wash.
8. Olaf Sveinson Noss 24.01. 1885-1886

Svein og Anne gifte seg i 1868. Svein kjøpte Tolleivsgarden Noss i 1878 for kr. 7400.
    Nokre år tidlegare hadde Svein kjøpt søre Helling som vart teken på odel etter eit par år.

{6047} År: 1890


Sevat Eilevson Ruud kjøpte Tolleivsgarden for kr. 5350 frå skifteretten i Svein Knutson sitt dødsbu i 1890.
    Sonen Eilev Sevatson (1860-1923) og kona Sigrid Eilevsdtr. Kleppo (Hol) hadde Tolleivsgarden utan heimel i 1891. Dei kjøpte Reiersgard, gnr. 39/1 i 1901. Sjå meir om familien der.
    Tolleivsgarden gjekk attende til Sevat som selde vidare til Levor S. Råen i 1894.

{6048} År: 1894

Levor Sevatson Råen Noss 08.07. 1849-1912
Foreldre: Sevat Sevatson Vangen Råen og Liv Olsdtr. Asgrimplass.
Gm Guri Larsdtr. Noss 18.07. 1870-1955
Foreldre: Lars Ivarson Ivarsgarden Noss Belluteigen og Guri Tomasdtr. Breiehagen Tolleivsgarden Noss.
*Barn
1. Louis Nilsson Noss 02.09. 1890-1951
G 1917 m Astrid Håkonsdtr. Billehuset. Sjå neste hushald.
    Foreldre: Nils Olson Skrattegard og Guri Larsdtr. Belluteigen. Født i Northwood, MN.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Liv Levorsdtr. Noss Haugestølen 18.06. 1884-1947
Var gm Per Sveinson Dokklien. Sjå Vestvang, gnr. 30/3, Tveitemoen og Haugestølen, gnr. 115/20a.
*Barn i andre ekteskap
1. Sem Levorson Noss 05.10. 1891-1917
G 1910 m Ragnhild Olsdtr. Hove. Sjå nordre Stave, gnr. 114/12.
2. Guri Levorsdtr. Noss Breiehagen 07.01. 1895-1981
G 1923 m Tomas Olson Breiehagen, gnr. 128/1. Sonen Paul f. 1922 vaks opp i Breiehagen.
3. Oskar Levorson Noss 29.12. 1896-1960
Gm Margrete Sundby, Eidsvoll. (Gift i Am. ) Barn: Leonard 1924- musikar, seljar og trykkeri-eigar, gm Betty Louise Michener (2 barn); Gladys May ....- bankarbeidar, gm ... ... (omkom i Vietnamn-krigen) (2 barn).
    Oskar var ordblind, men lærde lett utanåt. Han var ein svært oppfinnsam skøyer.
    Oskar reiste aleine til Amerika som 16-åring. Han vart mekanikar og etterkvart formann på ein verkstad i Minneapolis, MN.
4. Ingeborg Levorsdtr. Noss Falck 25.11. 1899-1989
G 1928 m Axel Falck. Sjå Hallebråt, gnr 120/14.
5. Emil Levorson Noss 12.07. 1903-1991
G 1931 m Ingebjørg Eilevsdtr. Brenno. Sjå Tveitemoen, gnr. 121/2.
6. Margit Levorsdtr. Noss Slåtto 28.12. 1906-1996
Gm Lars Syverson Slåtto 1897-1939. Sjå år 1927.
7. Sigrid Levorsdtr. Noss 06.02. 1910-1945
=Sigrid Malene. Ugift. Sigrid dreiv hotell-arbeid.

Levor reiste til Am. i 1876: Albert Lea, MN. Han gifte seg 1883 med Mari Olsen/Løbben frå Eggedal 1865-1887. (Mari var datter til Ola Olson Moeneige Omland, dvs. 'Mannen med katten' på det kjende maleriet av Chr. Skredsvig. Jfr. Sigdal og Eggedal III s 1010.)
    Barn: Liv 1884-1947 på Haugestølen.
    Levor vart attgift 1891 i Amerika med Guri Larsdtr. Belluteigen. Ho hadde sonen Louis f. 1890 med Nils Skrattegard. Sjå neste hushald. Saman fekk Levor og Guri 7 barn.
    Levor var farmar i Trail county, ND, men lengta heim att til Ål. Mor hans skreiv og bad dei om å koma heim att. Guri tykte det var ille å reise frå den fine heimen i Dakota. Men i 1894 selde dei farmen og reiste heim.
    Levor kjøpte Tolleivsgarden same året. Dessutan kjøpte han nordre Stave, gnr. 114/12 kring 1902, men utan heimel. Sonen Sem Levorson feste eit kår på Stave til mor si i 1913.
    Guri var ofte med og kokte og stelte i samvær på bygda.