Belluteigen gnr. 117 bnr. 3
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Belluteigen gnr. 117 bnr. 3-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Endeleg manus. NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Belluteigen var husmannsplass under Tolleivsgarden. Bruket vart frådelt som eige bruk i 1878 og selt 1898.
    Belluteigen ligg i steinut og brattlendt mark og grensar mot Tolleivsgarden i aust og Skottebøl i sør. Namnet skal koma av bell, dvs. rundaktig høgd.
    Stugu er bygd 1935, uthusa i 1927. Ei stugu or Belluteigen kom til Sundre og vart brukt som krambu av E. Sorteberg og Kirkedelen.
    Det står ein bautastein i Belluteigen med mange innhogne namn frå tida 1832-1944.
    Ingen stølar.
    Belluteigen vart lagt under Skottebøl omlag 1946. Kring 2000 vart husa gjort i stand og brukt som bustadhus for eigarane av Skottebøl.

{6052} År: 1797

Torand Knutsdtr. Noss Jøto 08.12. 1765-1834s
Foreldre: Knut Tolleivson Tolleivsgarden Noss og Torand Olsdtr. Løken.
Gm Tolleiv Ivarson Holto Halleset 1784-1849
Foreldre: Ivar Olson Holto og Guri Olsdtr. ... .

Torand fekk barna Elling f. 1791 og Birgit f. 1795 med Ola Eirikson Granhagen Perplassen. Sjå Tolleivsgarden, bnr. 1.
    Torand fekk skøyte på plassen Jøto i 1789. Til plassen høyrde: "Kiukerjen-teigen", Beithoggstølen, Slåtta og Lauvstølen, Torsbugjerda og slåtta Rudningsgjerda. Dertil skulle plassen Jøto ha ei bu og eit loft frå garden. Pris: 250 rd og eit lite kår til foreldra. (1221) s 150
    Denne handelen vart nok omgjort. I 1797 fekk Torand bygsle Belluteigen.
    I 1818 vart Torand gift med Tolleiv Ivarson. Ingen barn.
    Tolleiv Ivarson Belluteigen står oppført i husmannsmanntalet, men utan nokon slags ytingar til presten i åra 1830-1840. Etter at Torand gjekk bort var Tolleiv inderst på Halleset, gnr.94/7.

{6053} År: 1830c

Birgit Olsdtr. ... Belluteigen 1740c-
Foreldre: Ola ...

I 1833 vart opplyst at Birgit Olsdtr. Belluteigen fekk ei ku (Rosenkoll, verdi 11 spd) hjå avdøde Dordei for pleie under sjukdom omlag 1830.
    Birgit var systerdatter til Eirik Olson Veslegarden Huus Jøto (opplyst på skiftet hans i 1833). Ungane etter Eirik si syster, Dordei Olsdatter 1749-1830, (gift med Halvor Person Sehl) arva reisten etter Eirik. Kona til Eirik var Ambjørg Knutsdtr. Tolleivsgarden, såleis fekk Birgit bu i Belluteigen.

{6054} År: 1835c

Anders Johannesson Perplassen Belluteigen 11.05. 1794-1853
Foreldre: Johannes Anderson Perplassen og Margit Eivindsdtr. søre Strand.
Gm Birgit Eiriksdtr. Mykingplassen Belluteigen 09.02. 1806-1880
Foreldre: Eirik Eirikson Bjella Mykingplassen og Ragnhild Sveinsdtr. Sata.

Anders og Birgit gifte seg i 1835. Ingen barn. Anders var ute i krigen 1807-14.
    Våren 1813 var Anders i fylgje med ein tjuv og henta seg mat i Vats. Anders orsaka seg med at han hadde fått lite vårarbeid denne våren, og at han og foreldra hadde svolte denne våren. Anders fekk 4 mnd på tukthuset. (1419)
    Anders gjekk på ymse dagarbeid og var husmann i Belluteigen.
    Birgit vart attgift 1866 med Ola Olson Tveito på BrennOdden, sjå gnr. 10/5.

{6055} År: 1878

Lars Ivarson Noss Strand 09.10. 1837-1901
Foreldre: Ivar Olson Ivarsgarden Noss og Ingeborg Tomasdtr. Sire.
Gm Guri Tomasdtr. Breiehagen Noss 1836-1925
Foreldre: Tomas Olson Bakkegard Breiehagen og Margit Olsdtr. Breiehagen.
*Barn
1. Ivar Larsson Noss 1865-1954
G 1890 m Gunhild Ramstad, Sigdal 1875-1955. Barn: Julia 1891- gm Tom Wilson; Ludwig 1892-1908 ; Gelena 1895- ; Gina 1896- gm Adolph Wamstad; Gunder 1899-1951 ; Ingvald 1901- ; Lottie 1904- gm Harold Brinkman; Melvin 1906-1924; Ludwig 1908-1996 gm Aida ... , busett Hatton, ND; Sanford 1914- ; Gilman Douglas 1916- ; Ida ... . (1228)
    Med forskotsbetalte billettar kom Ivar til Am. 1882. Budde hjå Tolleiv, bror til Ivar, fyrste tida. Gunhild kom til Amerika med foreldra sine. Dei farma i Golden Lake Township. Budde i Hatton på sine gamle dagar. Dei skreiv seg Strand.
2. Ingeborg Larsdtr. Noss Lien 1868-1896
Gm Herbrand Embrikson SataLien 1859-1950. Barn: Gurine 1889-1973 g 1924 m Svante Nelson (4 barn) farmar nær Wendell, MN. (1395)
    Herbrand reiste til Am. i 1878: New York. Herbrand dreiv landhandel og postkontor i Waukon, Norman C. MN. Sidan var han farmar ved Tagus i ND og hadde eit dampdrive treskeverk. På sine gamle dagar budde han hjå dottera i Wendell, MN. (epost G. Swanson)
3. Guri Larsdtr. Belluteigen Noss 1870-1955
Gm Levor Sevatson Råen. Sjå Tolleivsgarden, gnr. 117/1.
4. Guri Larsdtr. Noss Huus 1872-1967
G 1889 i Amerika m Ola Huus (Ola Anderson Hansebråten) 1866-1945. Barn: Andrew 1890-1965 gm Henrietta Erickson, busett Makoti ND; Laura 1892-1960 gm Joseph B. Olsen, busett Grand Forks ND; Louis 1893-1916 (soldat, fall i 1.verdskrigen medan han bar såra soldatar frå flagglina i Argonne, Frankrike); Theodor 1897-1974 gm Emma Skaar, busett Plaza ND; Gurine 1898-1986 gm Selmer Flom, busett Minot ND; Oscar 1900-1982 gm Pearl Paulson, busett Parshall ND; Inga 1902- gm Adolph Peterson, busett Kenmare, ND; Clarence 1904-1977 gm Palma Anstenson, busett Minot, ND; Marvin 1906-1970 gm Alice Tollefson, busett Minot, ND; Gina 1908-1973 gm James Spankie, busett Minot, ND. (1228)
    Guri skreiv seg Gurine i Amerika. Dei budde i Hatton, seinare i Minot.
5. Tomas Larsson Noss Huus 1875-1965
G 1904 m Kari Eilevsdtr. Huus. Sjå søre Hago og Huus, gnr. 112/2.
6. Gro Larsdtr. Noss 1878-1955
Gro budde i Solør i 1901.

Lars og Guri gifte seg i 1865. Ho var enkje etter Henrik Knutson Tolleivsgarden Noss.
    Lars Ivarson Ivarsgarden Noss var slaktar og bukkehornblåsar.
    Lars kjøpte Fetagarden Strand i 1867, men gjekk konkurs i 1878 og kom til Belluteigen. Dvs. Dei fekk kår av Tolleivsgarden i 1878.
    Lars og kona Guri Tomasdatter budde i Belluteigen til omlag 1883, då kom dei til nordre Tune.

{6056} År: 1894c

Sevat Sevatson Råen Belluteigen 02.02. 1846-1934
Foreldre: Sevat Sevatson Vangen Råen og Liv Olsdtr. Asgrimsplass.

Sevat Sevatson Råen i Brennehaugen kjøpte Belluteigen kring 1894. Kona Guri Eilevsdtr. f. Skomakarmoen låg sjuk i mange år.
    Litt før 1900 kom også faren til Belluteigen. Sevat bar far sin på ryggen.
    Sjå meir om familien til Sevat og Guri på Brennehaugen, gnr. 123/10. Sonen Levor kjøpte Belluteigen i 1924.
    Lensmann Ecktell kjøpte Belluteigen i 1898 og selde til bonden i Tolleivsgarden. (Svogeren.) Det kan ha vore fleire brukerar utan heimel i tida fram til 1924.