Nos, Ivarsgarden gnr. 119 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Nos, Ivarsgarden gnr. 119 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Før 1664 var 1/2 hud i Gunhildgard Noss komen til søre Rime. Bonden på Rime har anten brukt dette godset sjølv eller hatt brukar. Landskyld 10 1/2 laupsbol.
    Kring 1710 hadde ein av sønene på Rime, Ivar Olson, overteke dette godset som eigen gard. Ivar gjekk tidleg bort, og broren Ola overtok garden etter han i 1713. Namnet Ivarsgarden kjem truleg av denne fyrste Ivar'en, men sidan vart det fleire Ivar'ar her.
    Ivarsgarden grensar mot Larsgarden i aust, Tjønndalen i sør, Tolleivsgarden i vest og Knutsgarden i nord. Nedre delen av heime-jordet heiter Brattol.
    Husmannsplassar: Helgeplassen, bnr. 3 (frådelt som eige bruk 1911); Nosse-slåtta. Kring 1760 var det fastbuande på Nosse-slåtta inne i Nasalia. Nedanfor vegen mellom Jøteslåtta og Ivarslåtta er det ei tydeleg stugu-tuft med kjellar. Sjå Holge Gudbrandson, også kalla 'Svarteguten' under Mykinghaugen, gnr. 93/2.
    Areal 1865: dyrka jord 22 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 85 mål. Avling 24 1/2 tunne korn og 21 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål og anna areal 50 mål som vert leigd bort, produktiv skog 350 mål, anna utmark 300 da.
    Våningshus bygt omkring 1850, kårhus 1926, restaurert 1985, 2 loft, eldhus, låve omkring 1745, fjøs.
    Stølar. Heimstølar i Nasalia: Ivarsslåtta og Rundeslåtta (fråselt 1928 som jakthytte til Harald Stange). Ved utskiftingane i 1860-åra vart den nedlagte stølen Øvre Aslagset overført frå Knutsgarden til Ivarsgarden. Langstøl er Ivars-Torsbu på Torsbu.

{6140} År: 1765

Syver Olson Noss Gunhildgard Opheim 1714-1765
Foreldre: Ola Olson Rime Gunhildgard Noss og 2.g Ingebjørg Kitilsdtr. Rue. Gm Ågot Kortsdtr. Styrkestad. G 1756 m Anne Knutsdtr. Sundre.

Syver budde på ein øygard i Opheim (1/4 av ein fjerdingsgard). Men han var truleg berre brukar då garden ikkje var nemnt i skiftet i 1765. Eige 191 rd.
    Tidlegare same året hadde Syver kjøpt Gunhildgard Noss for 300 rd hjå Ola Olson Noss og Lukris Knutsdtr. Sjå meir om Syver og familiane under inderstar 'Opheim'.
    Bror hans Syver, Ivar, overtok garden 1766, Anne Knutsdatter skulle ha som kår m.a. ein åker som Syver hadde brote opp. Ivar skulle gjødsle og vårvinne for henne.

{6141} År: 1766

Ivar Olson Ulshagen Tune Noss 1719-1784
Foreldre: Ola Olson Rime Ulshagen Gunhildgard Noss og 2.g Ingebjørg Kitilsdtr. Rue.
Gm Anne Eilevsdtr. Kortgard Noss 1732-1756
Foreldre: Eilev Kortson Styrkestad og Kari Larsdtr. Stave.
Gm Birgit Johannesdtr. Noss 1734-
Foreldre: Johannes Olson Aslaksgard Noss og Guri Sveinsdtr. Holto.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Ivarson Noss 19.08. 1759-1825
Gm Guri Sveinsdtr. Holto. G 1805 m Anne Olsdtr. Kvinnegard. Sjå neste hushald.
2. Anne Ivarsdtr. Noss 04.10. 1760-
Truleg død i 1790-åra.
3. Johannes Ivarson Noss Tune 27.01. 1768-
4. Guri Ivarsdtr. Noss 08.03. 1772-1790?
Guri var losjerande på Mykinghaugen i 1801. Barn med Ola Asleson Mykinghaugen: Ivar 1807- sjå barnebarn.
5. Jørand Ivarsdtr. Noss Arnfinnset 18.09. 1774-1854
G 1816 m Knut Torjusson Sundreplassen Vestafor. G 1849 m enkjemann Pål Knutson Jegermoen Branden Arnfinnset. Sjå Arnfinnset, gnr. 8/12.
    Jørand gjekk arbeidsledig og vart difor idømt tukthusarbeid i 1809. (Hallingdølen 18.02.95)
6. Johannes Ivarson Noss 1777-1777
*Barnebarn
1. Ivar Olson Noss SundreBråten 12.04. 1807-
Barn: Embrik 1834- m/Ingeborg Embriksdtr. 'Buansida', Nes; Hans 1839- m/Ragne Hansdtr. Lykken. (Løken, Hemsedal?) ; Eilev 1839- m/Ambjørg Kortsdtr. Kortgarden.
    G 1839 m Olaug Olsdtr. Hallingstadslåtta, Hol.
    Foreldre: Ola Asleson Mykingplass (ungkar) og Guri Ivarsdtr. Noss.
    Ivar var inderst på Noss ei tid og dreiv rosemåling. Fargesprakande og særprega måling. Lenge var Ivar den 'ukjende' 'Iver Olsen Maler'. (Rosemåling i Hallingdal s 75 og s 206) Ei kiste etter han står på Ål bygdamuseum.
    Ivar og Olaug kom til Sundrebråten, gnr. 110/8. Sjå meir om familien der. Dei reiste til Voss i 1846.

Ivar og Anne gifte seg i 1755. Han var landevernsoldat i unge år, og skattlagt som handelskar i 1753.
    Dei budde på Tune 1760-1770, sidan på Noss. Anne døydde i barselseng.
    Ivar skreiv seg 'Tune' då han kjøpte garden Gunhildgard Noss (11 1/2 lb.) i 1766 hjå Anne Knutsdtr. (Enkja etter broren Syver). Ivar skulle svara kår til Ola Olson og Lukris Knutsdtr.
    I 1782 vart halde takst på garden (6 lb.): 900 rd, ein ny takst i 1784 enda på 550 rd.
    På skiftet etter Ivar i 1784 var det 208 rd å dele på enkja og to barn. Birgit vart attgift med Ola Larsson Larsgarden Noss.

{6142} År: 1790c

Ola Ivarson Noss 19.08. 1759-1825
Foreldre: Ivar Olson Gunhildgard Noss og 2.g Birgit Johannesdtr. Noss.
Gm Guri Sveinsdtr. Holto Noss 02.02. 1768-1802
Foreldre: Svein Nilsson Tune Holto og Guri Olsdtr. Rimehaugen.
Gm Anne Olsdtr. Kvinnegard Noss Skalle 04.12. 1774-1860
Foreldre: Ola Olson Arnegard Kvinnegard og Gro Torgeirsdtr. Stakegard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Birgit Olsdtr. Noss Sundrelien 08.05. 1789-
Gm em Arne Larsson Myren Arnelien, gnr. 110/45.
2. Ivar Olson Noss 06.03. 1791-1840
G 1816 m Ingeborg Tomasdtr. Sire. Sjå neste hushald.
3. Guri Olsdtr. Noss 30.03. 1794-
G 1813 m Ola Knutson Skottebøl. Barn: Kristi(ana) 1811-1903; Ola 1816-1890c ; Knut 1818-1874.
    Barn i Botne: Svein 1826-1891 født i Botne, bonde på gard under Sklett, gm Anne Ivarsdtr. Sklettuset, Grong (3 barn), Ola 1826-6;
    Barn i Nærøy (?): Ola 1827-1869 Lofot-fiskar m.m. til Sklett, gm Anne Gurine Mortensdtr. Feset, Ogndal (2 barn); Ivar 1835-1915 bonde på Jørum i Grong, gm Oline Jensdtr. Aurstad, Harran. (1448)71
    Guri og Ola reiste til Botne og så til Nærøy. Sjå under Skottebøl, gnr. 122/1.
   
4. Birgit Olsdtr. Noss Minna 26.03. 1797-
G 1821 m Nils Knutson Granhagen (Toreplass) Minna, gnr. 110/57.
5. Svein Olson Noss Tveito 12.10. 1800-
Barn: Ola 1828- m/Guri Tolleivsdtr. Noss. G 1831 m Margit Persdtr. Håheim. Sjå Tveito, gnr. 118/2.
    Til Amerika i 1853.
*Barn i andre ekteskap
1. Guri Olsdtr. Noss Ivarsgarden 01.01. 1806-1806

Ola var ein røsleg kar på 72 tommar. (Omlag 1.80 m, det var mykje den tida.) Han var soldat i unge år, og svært sterk, men brukte ikkje kreftene i utide.
    Ola og Guri gifte seg i 1789. Han har nok brukt garden utan heimel frå den tid.
    Ein gong hjelpte Ola ein tater som hadde køyrt gjennom isen ved Bromma. Som takk for hjelpa lova tateren å koma innom på Noss ved eit høve. Ola rekna han berre hadde gjort ei vanleg tenest vegfarande imellom. Seinare kom mannen til Ola og bad om matrialar. Og ei tid etterpå fekk Ola ei flott klokkekasse som takk.
    Ola hadde ein grå hårdott,- den fekk han av ein skade frå eit slagsmål med ei slåstkjempe i Lærdal. Lærdølen hadde vore noko av ei plage for både lærdøler og tilreisande i mange år. Så ein dag møttest dei to, og då misrekna lærdølen seg. Han havna til slutt i kjellaren, og vart såpass mørbanka at han vart helselaus. (Mehlum 1904/46)
    På skiftet etter Guri i 1802 var det 1263 rd å dele.
    Ola vart attgift 1805 med Anne Olsdatter. Og Anne vart attgift med Botolv Olson Halvorsgard Skalle i 1826.

{6143} År: 1814

Ivar Olson Noss 06.03. 1791-1840
Foreldre: Ola Ivarson Ivarsgarden Noss og Guri Sveinsdtr. Holto.
Gm Ingebjørg Tomasdtr. Sire Noss Rime 14.02. 1796-1869
Foreldre: Tomas Sveinson øvre Tomasgarden Sire og Brynhild Larsdtr. Bakken (Nes).
*Barn
1. Ola Ivarson Noss 28.12. 1817-1886
G 1846 m Rangdi Gunnarsdtr. Arnegard. Sjå neste hushald.
2. Tomas Ivarson Noss 05.10. 1820-1883
G 1866 m Guri Olsdtr. Halleset. Sjå Kolbjørnstølen, gnr. 98/1.
3. Svein Ivarson Noss GjermundsOdden 30.01. 1823-1861
G 1852 m Kristi Eilevsdtr. Toreplass. Sjå Gjermundsodden, gnr. 127/1d. Til Am.
4. Guri Ivarsdtr. Noss Breiehagen 12.03. 1825-1890
G 1846 m enkjemann Tomas Olson Breiehagen, gnr. 128/1.
5. Brynhild Ivarsdtr. Noss 22.05. 1828-
Brynhild reiste ugift til Amerika. I eit brev datert 1849 vart opplyst at ho arbeidde på eit gjestgiveri. I 1869 gjekk det rykte om at Brynhild var død.
6. Ivar Ivarson Noss Sletto 28.10. 1830-1884
G 1870 m Mari Larsdtr. Minna. Sjå Sletto, gnr. 94/1.
7. Lars Ivarson Noss Strand 09.10. 1837-1901
G 1865 m enkje Guri Tomasdtr. Breiehagen Noss. Sjå Belluteigen, gnr. 117/3.

Ivar og Ingebjørg gifte seg i 1816.
    Ivar var ute i krigen 1807-14. Etter freden var offiserane frå båe sider samla. Svenskane trong litt oppmuntring, og ville ha Ivar til å danse laus, men han ville ikkje. Så kom ein offiser med den gullkanta offisershatten sin, og då dansa Ivar laus til hatten var sundsparka. (Mehlum 1904/46)
    Ivar kjøpte halve garden i 1814 og resten i 1817.
    Ingebjørg vart attgift 1843 med Ola Olson Sata Rime. Sjå gnr. 115/16. Etter 10 år flytta ho attende til Ivarsgarden Noss.
    Ivars-Ingebjørg var ein kjent lurblåsar. Ho brukte ein langlur på omlag 2 m. Det kunne høyrast frå stølen og like til Torpo når ho bles. Når det vanta noko på stølen, kunne Ingebjørg varsle folket heime med avtala lur-signal.
    Ingebjørg let eiga si gå til skifte i 1842. Der var 437 spd, derav 175 spd som stod i garden.

{6144} År: 1840

Ola Ivarson Noss 28.12. 1817-1886
Foreldre: Ivar Olson Ivarsgarden Noss og Ingeborg Tomasdtr. Sire.
Gm Rangdi Gunnarsdtr. Arnegard Noss 07.06. 1822-1910
Foreldre: Gunnar Hermundson Stakegard Arnegard (Vats) og Torand Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
*Barn
1. Ivar Olson Noss 02.06. 1846-1846
2. Ivar Olson Noss 26.08. 1847-1907
G 1889 m Gro Nilsdtr. Juvsjord. Sjå neste hushald.
3. Ingebjørg Olsdtr. Noss Skjervheim 23.06. 1851-1928
G 1883 m Ola Nilsson søre Skjervheim, gnr. 35/1.
4. Torand Olsdtr. Noss 02.01. 1855-1855
Torand levde 1/2 år.
5. Torand Olsdtr. Noss Strand 21.02. 1858-1911
G 1899 m Ola Sevatson Råen Tune, sjå Holtegarden Strand, gnr. 123/16.
6. Gunnar Olson Noss Holto 16.09. 1861-1948
G 1891 m Birgit Olsdtr. Huus. Sjå nordre Holto, gnr. 94/5.
7. Guri Olsdtr. Noss 27.04. 1869-1903
Guri var ugift tenar i 1900.

Ola og Rangdi gifte seg i 1846. Ola kjøpte garden for 700 spd i 1840.
    Ola pantsette garden for 200 spd, og selde frå skogremmen Åsestølsremmen til Ola Bjella.

{6145} År: 1888

Ivar Olson Noss Ivarsgarden 26.08. 1847-1907
Foreldre: Ola Ivarson Ivarsgarden Noss og Rangdi Gunnarsdtr. Arnegard.
Gm Gro Nilsdtr. Juvsjord Noss 04.12. 1851-1890
Foreldre: Nils Nilsson Holto Juvsjord og Liv Steingrimsdtr. Juvsjord.
*Barn
1. Ola Ivarson Noss 10.07. 1890-1979
G 1915 m Sissel Olsdtr. Hove. Sjå neste hushald.

Ivar kjøpte garden 1888 hjå mora for kr. 4000.
    Ivar og Gro gifte seg i 1889. Gro døydde i barselseng.