Viskeplassen gnr. 119 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Viskeplassen gnr. 119 bnr. 2a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Viskeplassen låg ovanfor Pletten. Her er no bustadfelt. Tunet i Viskeplassen var mellom husa til noverande Rolf Øyno og Seierslund, Viske-vegen er no ein avstikkar frå Helgeplassvegen. Eit lite steingjerde syner enno.
    Viskeplassen var husmannsplass under Ivarsgarden. Men plassen ligg nedanfor det gamle steingjerdet mellom Noss og Strand. Gjerdet gjer faktisk ein bøyg utanom Viskeplassen. Når husmannen kom i konflikt med husbonden Ola Syverson Rime på Noss, så må Ivarsgarden Noss ha hatt denne plassen ei tid. (Pant?)
    Namnet Viskeplassen kjem av Jon Olson, ein vestlending som vart kalla Visken eller Jon Visk. Grunntydinga kan vera rask eller vågal, jfr. uttrykket "på visk og våge."
    Viske-bråten ser ut til å vera eit tilgrensande jordstykke under Tolleivsgarden Strand.
    I 1776 skøytte Knut Torjusson Myking til sesonen Asle Olson: Tolleivsgarden Strand 12 lb. og plassane Pletten og Viskeplassen. Ein ser ikkje at Knut Torjusson hadde noko eige i Ivarsgarden. Truleg galdt dette Viskebråten under Strand.
    Viske-lyftet. I Viskeplassen låg ein såkalla lyfte-stein som friske karar målte kreftene på. Steinen vart redda då bustadfeltet kom, og ligg no på Ål Bygdamuseum. (Framma Bakkestugu.)
    I Viskeplassen låg ei vass-olde som ikkje vart tom korkje under turke og sprengkulde. Mange køyrde vatn or Viskeplassen når det var lite vatn i andre older. (Oppl. Lars Stavehaug)
   
   

{6151} År: 1750

Amund Jonson Viskeplassen 1700.-
Foreldre: Jon Olson ... Viskeplassen og ... ... ... .
*Barn
1. Jon Amundson Granhagen Hefte 1729-
Gm Anne Håkonsdtr. ... . Jon Viskebråten vart dømt til å betale konsumpsjonsskatt i 1752. Sjå Hefte, gnr. 114/2.
2. Ola Amundson Granhagen Viskeplass 1731-1806
G 1764 m Gjertrud Torsteinsdtr. Noss. Sjå år 1764.

Amund vart bøtelagt 12 rd for legemål i 1719. Trulova soldat under oberst Reichvin i 1720. Kona hans er ikkje kjent. (Ei Ingeborg kan vera oppatt-kalla.)
    I 1729 vart Amund stevna av presten for 3 års arbeidsdagar og 7 års avgift til kyrkja. Amund var stevnevitne på tinget i 1735, og fadder til Knut Ivarson Randen i 1745.
    NB. I 1755 døydde Ola Josefson Viskebråten av barnekoppar, 5 dagar gamal.

{6152} År: 1764

Ola Amundson Granhagen Viskeplass 1731-1806
Foreldre: Amund Jonson Viskeplassen og ... ... ... .
Gm Gjertrud Torsteinsdtr. Noss Gunhildgard Viskeplassen 1727-1819
Foreldre: Torstein Olson Noss Gunhildgard og Guri Olsdtr. ........
*Barn
1. Guri Olsdtr. Viskeplassen 10.03. 1765-
2. Ola Olson Viskeplassen Holeplass 24.02. 1768-1832
G 1799 m Rangdi Gunvaldsdtr. SundreHagen. Sjå Holeplassen, gnr. 50/2 og Sataslåtten, gnr. 32/18.

Ola og Gjertrud gifte seg i 1764. Gjertrud hadde sonen Ola f. 1747 med Ola Tolleivson Bekkestad.
    Ålmogen vitna på vintertinget 1769: Ola var så fattig at han ikkje kunne betale pålagt lausgjengar- eller handels-skatt.
    1784 vart han kalla Ola Amundson Nossehuset. Like oppunder jul 1791 skaut Ola Amundson ein vaksen ulv i Noss eigna.
    I 1791 heitte det at Ola Amundson var 'Knut Tunes husmand', truleg skulle det stått Ivar Tune. Eller så var han husmann under Knut Larsson Tune i Knutsgarden.
    Gjertrud gjekk på legd i Nasagardane i 1806. Truleg død 1819 som Gjertrud Torbjørnsdtr!?