Helgeplassen gnr. 119 bnr. 5
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Helgeplassen gnr. 119 bnr. 5-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Helgeplassen var husmannsplass eller underbruk under Ivarsgarden fram til 1911. Opphavleg var plassen kalla Josefplassen. Namnet Helge-plassen kjem nok av Helga Jonsdatter som budde her aleine i mange år fram til 1814.
    I 1911 vart Helgeplassen frådelt og selt. Og sidan har bonden vore sjølveigar.
    Den gamle Noss-vegen gjekk gjennom Helgeplassen fram til 1950 omlag.
    Areal 1960: 7 mål dyrka av ei innmark på 20 mål.
    Helgeplassen var i drift fram til omlag 1960. Sidan vart bruket onna fram til 1975 og våningshuset bortleigd. Og kring 1980 vart heile området lagt ut til bustadfelt. (Slektsopplysningar m.a. frå Ole Sigbjørn Vangen.)

{6153} År: 1750c

Josef Torbjørnson Slåtten Leksvolplassen 1700c-
Foreldre: Torbjørn Josefson ... (frå Vestlandet) Brattegardslåtta og Anne Olsdtr. Ruud.
Gm Gunhild Ingeleivsdtr. ... Viskebråten 1715c-
Foreldre: Ingeleiv ... ... og ... ... ... . (1102) s 29
*Barn
1. Ola Josefson Viskebråten 31.05. 1750-1755
Fadderar: Syver Tune, Eirik Sevatson Tune, Margit Hartvigsdtr., Jørand Olsdtr. Granhagen, Gjertrud Torsteinsdtr. Noss Viskeplassen.

Josef Torbjørnson frå Slåtta i Vats bygsla Leksvolplassen 1740. Josef overførte denne bygsla alt same året, men vart verande i området i fylgje fadderane i 1750. I same lei peikar det at sonen Ola døydde 5 år gamal som 'Viskebråten'.
    Dette er truleg den Josef som er opphavet til namnet Josefplassen. Josef var soldat, og hadde ei legemålssak kring 1738. Josef var stevnevitne på tinget.
    I 1743 skulle både Torbjørn og kona Gunhild vitne i rettssaka om Bakketeigen. Båe to kan vera frå Vestlandet. (Slik som Jon Olson Visk i Viskeplassen. )

{6154} År: 1762

Eilev Olson Granhagen Vangen 1734c-
Foreldre: Ola ... Granhagen og ...
Gm Birgit Arnesdtr. Skurdal Josefplassen 1733-
Foreldre: Arne Person Skurdal og Margit Sjugurdsdtr. Øvremyro, Hol.
Gm Turid Nilsdtr. Holto Nosseplassen 13.01. 1745-1815
Foreldre: Nils Sveinson Holto og Margit Aslesdtr. Havardsgard (?)
*Barn i fyrste ekteskap
1. Sigrid Eilevsdtr. Granhagen 09.04. 1756-
2. Ola Eilevson Granhagen 26.07. 1757-
3. Einar Eilevson Vangen Odden 09.09. 1759-1830
Soldat i major Hegermanns kompani. Barn: Ola f. 1785 m/Randi Birgesdtr. Birgeplassen.
    G 1806 m Guri Persdtr. ... . Sjå Odden (Myking), gnr. 93/2a.
4. Margit Eilevsdtr. Vangen 13.09. 1761-
=Margaret.
5. Margit Eilevsdtr. Josefplassen 25.03. 1763-
Truleg død før 1801.
6. Arne Eilevson Josefplassen 18.08. 1765-
*Barn i andre ekteskap
1. Anne Eilevsdtr. Noss Svarteberg 02.07. 1775-1830
Gm Botolv Pålson Trintrud, gnr. 57/3.
2. Birgit Eilevsdtr. Strand Glomsletten 02.07. 1775-1857
Gm Ola Oleivson ... Glomsletten. G 1815 m em Syver Olson Storedal Glomsletten, gnr. 54/6.
    G 1824 m Ola Eivindson Stranden.
3. Margit Eilevsdtr. Noss Hagabakkane 15.07. 1781-1835
G 1807 m Ola Torkjellson Svarteberg Ruggeplassen, sjå Rudning, gnr. 32/34.

Eilev og Birgit gifte seg i 1755. Dei flytta mykje, var på Odden under Myking og på Vangen.
    Eilev kjøpte Josefplassen hjå Ola Olson Ivarsgarden Noss for 20 rd i 1762. På plassen stod ei stugu og ei lu. Der var ein utpint åker, og rett til å hogge 6 lass beit og 1 lass ris i husbonden sin skog. (NB. Dette minnar meir om eit bygselsbrev enn eit skøyte.)
    Det kom ny bygselmann i Helgeplassen i 1787.
    Eilev vart attgift med Turid Nilsdtr. Holto og fekk tre barn til med henne. Eilev og Turid bygsla Hagabakkane (plass under Arnegard Noss) i 1796. Sjå meir om familien der.
    Eilev står oppført i fattigprotokollen 1780. På fattigstøtte i Strand/Breie 1816-1836.

{6155} År: 1787

Anders Anderson Gjeldokk Granhagen 1732-___
Foreldre: Anders Ivarson Gjeldokk og Åse Levorsdtr. Dengerud. Granhagen.
Gm Helga Jonsdtr. ... Granhagen 1735-1814
Foreldre: Jon ...

Anders fekk skøyte på Josefplassen for 34 rd i 1787. Einaste huset på Josefplassen i 1792 var ei ny storrlu. Anders bygde ny stugu av innkjøpt tømmer. Med plassen fylgde vanlege rettar i skog og beite. (1221) s 398
    I 1801 var Anders husmann med jord i Josefsplassen. (Truleg vart handelen frå 1787 omgjort.)
    I same hushaldet budde Margit Hermundsdtr. (ikkje 'Larsdtr.') som var losjerande og ugift dagarbeidar med sonen Tolleiv Larsson på eit år.
    Helga døydde på legd 1814. Truleg kjem namnet Helgeplassen av Helga. Anders ser ein ikkje meir til etter 1801. Truleg død utanfor Ål.

{6156} År: 1862c

Knut Hansson Turrhaug Helgeplassen 07.04. 1840-
Foreldre: Hans Knutson Strand Bakka (ungkar) og Astrid Torsdtr. Turrhaug.
Gm Gro Holgesdtr. Øyen Helgeplassen 07.08. 1831-
Foreldre: Holge Olsen Øyen og Mari Ellingsdtr. Tufto, Hol. (Hol III s 201)
*Barn
1. Marie Knutsdtr. ... __.__. 1854-1854
2. Marie Knutsdtr. Helgeplassen Miller 08.06. 1862-1926
Gm ... Miller. Reiste til Am. i 1885 i lag med mora. Siste bustad Bergen.
3. Ola Knutson Turrhaug Helgeplassen 17.05. 1864-
Handelsbetjent, til Am. i 1885. Født i Ål, siste bustad Bergen.
4. Knut Knutson Helgeplassen 11.11. 1866-
Snikkardreng, til Am. i 1885. Født i Ål, siste bustad Bergen.
   
    Gro og Knut sine barn utanfor Ål: Lars Hanson 1869- farmar Bemidji, MN, gm Emma Egtvedt (minst 2 barn), gm Anne Egtvedt; Helge 1872-1874; Helge Gustav 1875- . (853)
    Sonen Lars var gift med Emma Egtvedt f. 1872 og sidan systera Anne Egtvedt. Barn: Alma 1907-2000 gm Harold Duhamel, attgift med Howard St. Peter; Lila ....- gm ... Stout.

Knut og Gro gifte seg i 1860. Knut var husmann i Helgeplassen i 1865.
    Dei reiste til Bergen sist i 1860-åra, Knut var steinarbeidar i Bergen i 1875. Vidare til Am. i 1883. Gro vart kalla 'Gurine' i Amerika.

{6157} År: 1875c


Helgeplassen var ikkje busett i folketeljingane 1875, 1891 og 1900. Truleg brukt under Ivarsgarden.