Hallebråt gnr. 120 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hallebråt gnr. 120 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hallebråt var husmannsplass under Knutsgarden fram til 1882. Då vart Hallebråt frådelt som eige bruk, men truleg utan heimel. Hallebråt låg under Knutsgarden att i 1904. I 1919 vart Hallebråt frådelt og selt som eige bruk.
    Hallebråt hadde støl på Torsbu (Hallebråt-gjerda og Torsbu-gjerda, gnr. 120/4). Stølen vart liggande att under Knutsgarden då Hallebråt vart eige bruk i 1919.
    I 1953 vart Hallebråt slege saman med Hallebråtstykket eller Borglund, gnr. 118/12. ( frådelt Røyse.) Frå 1974 har eigedomen Røyse, gnr. 118/3 vore brukt saman med Hallebråt.

{6183} År: 1840c

Sevat Olson Noss Arnegard Brenno 16.04. 1786-1868
Foreldre: Ola Olson Arnegard Noss og Margit Botolvsdtr. Bakketeigen.
Gm Ambjørg Knutsdtr. Toreplass Hallebråt 1789-
Foreldre: Knut Eilevson Granhagen Toreplass og Birgit Nilsdtr. Vangen.
*Barn
1. Margit Sevatsdtr. Hallebråt Sveinunggard 07.09. 1815-1860
G 1844 m Knut Knutson Holgelien til nedre Sveinunggard i Skurdalen. Ingen barn.
    Margit var ei av dei vakraste jentene i dalen.
2. Birgit Sevatsdtr. Hallebråt 01.12. 1817-
Birgit fekk sonen Ola Sevatson f. 1847 med Sevat Anderson Jøtebakko Rudningen.
    Birgit reiste til Borre i 1836.
3. Ambjørg Sevatsdtr. Hallebråt Asgrimsplass 15.04. 1821-1892
G 1839 m Ivar Knutson Berg. Sjå Asgrimplass, gnr. 122/7.
4. Birgit Sevatsdtr. Hallebråt Sæte 22.11. 1823-1865
G 1855 m Kitil Olson Naustedokken Sæte i Skurdalen 1829-1918. Barn: Ambjørg 1857- gm Ola Wilhelmson Sanden, Nes til Ulen i MN (6 barn); Barbro 1859- levde 1875; Ola 1862-1948 til Am. med far og stemor i 1881.
    Birgit var vakker og vart kalla "Veneverden". Men det var også tæl i henne. Kitil hadde merka seg at ho var så drivande at ho ysta, kinna og vaska klede same dagen. "Slikt kunne me kalle jentu", vart det herma etter Kitil.
    Kitil vart attgift med Kari K. Pålgardshaugen i 1868 og reiste til Am. i 1881. (Hol VII s 533)
5. Sevat Sevatson Hallebråt 03.09. 1829-1829
*Barnebarn
1. Ola Sevatson Hallebråt 03.04. 1847-
Gm Barbro Hogenson Lysne 1870-1930. Barn: omlag 15.
    I 1865 var Ola truleg dreng hjå onkelen Knut Knutson på nedre Sveinunggard. Til Am. i 1871, Becker Co, MN.
    Ola skreiv seg Ole Syverson, gav opp 1850 som fødselsår og hadde ein halvbror ved namn Ole Kitilson. Summa summarum, ved å samanhalde ei rekke amerikanske kjelder så har J. Marler kome til at Ole Syverson og Ola Sevatson må vera same mann.
    Foreldre: Sevat Anderson Jøtobakko Rudningen (ungkar) og Birgit Sevatsdtr. Hallebråt.

Sevat og Ambjørg gifte seg i 1815. Dei budde på Skottebøl i 1821 og på Brenno i 1829.
    Frå omlag 1840 var Sevat husmann på Hallebråt.

{6184} År: 1860c


Ola Nilsson Tveitemoen (gm Anne Gjermundsdtr. Rimejordet) var husmann på Hallebråt i 1865. Sjå meir om familien deira på husmannsplassen Nobbe, gnr. 116/1b.
    Ola var tømmermann. Han reiste til Amerika som enkjemann og sonen Lars overtok Hallebråt i 1882.

{6185} År: 1882

Lars Olson Tveitemoen Hallebraat 30.05. 1852-
Foreldre: Ola Nilsson Tveitemoen Nobben og Anne Gjermundsdtr. Rime Håkonsgard.
Gm Anne Olsdtr. Brattåker Hallebråt 23.07. 1860-1933
Foreldre: Ola Olson Moen (Sudndalen) Brattåkerslåtta og Birgit Olsdtr. søre Sletto, Hol.
*Barn
1. Anne Larsdtr. Hallebråt 17.12. 1883-1904
Anne budde i Norman Co, MN.
2. Birgit Larsdtr. Hallebråt 28.11. 1885-

    Lars og Anne sine barn i Am. : Gunhild 1888-1906; Beata 1891-1909; Ole 1891-1954 g 1933 m Carrie Dovery (3 barn); Annette Nikoline 1892-1896; Albert Nikolai 1897-1974; Olaf 1899-1971; Leonard 1902-1978. (J. Marler).

Lars og Anne gifte seg i 1882. Lars kjøpte Hallebråt for 1360 kr i 1882.
    Lars og Anne reiste til Amerika før 1891 og slo seg ned i Gary, Norman Co, i 1920 budde dei i Polk Co, MN.
    Hallebråt fall attende til Knutsgarden fram til 1919.