Skomakarmoen gnr. 120 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skomakarmoen gnr. 120 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skomakarmoen bnr. 8 vart frådelt Skomakarmoen bnr. 7 i 1886. Bruket vart kalla Blekkmoen i daglegtale sidan det var bleksmedar her.
    Tunet låg vest for bnr. 7 omtrent i noverande vegkryss bort til Skattebøl skule. Den fyrste stugu på Skomakarmoen hadde eit rom, den står no på museet som Blekken-stugu. Av husa elles var uthus og ei større stugu. (Står som hytte på Sangefjell.)
    Bruket vart nedlagt kring ...... . Eigedomen var selt til Ål kommune og lagt ut til bustadfelt i 1979.

{6215} År: 1886

Eilev Eilevson Skomakarmoen 28.04. 1854-1932
Foreldre: Eilev Olson ...Skomakarmoen og og Kari Syversdtr søre Skomakarmoen.
Gm Torand Guttormsdtr. Hagaøyen Skomakermoen 26.05. 1850-1917
Foreldre: Guttorm Eilevson Slettemoe-eie Hagaøyen og Anne Aslesdtr. Baklien.
*Barn
1. Kari Eilevsdtr. Skomakarmoen 28.04. 1883-1911
Ugift. Barn: Halvor Larsson 1910-1930 med Lars Halvorson Pletten. Sjå barnebarn.
2. Anne Eilevsdtr. Skomakarmoen 01.01. 1885-1898
Anne døydde av lungetæring i 1898.
3. Ingebjørg Eilevsdtr. Skomakarmoen 10.06. 1887-1888
4. Eilev Eilevson Skomakarmoen 15.07. 1889-1891
5. Eilev Eilevson Skomakermoen 24.08. 1891-
Døvstum i 1900. Ukjent lagnad.
6. Guttorm Eilevson Skomakermoen Moen 16.01. 1894-1969
Ugift. Guttorm kjøpte ei tomt oppe på Hallebråts-høgda like oppunder Noss-vegen for 60 kr, og sette opp ei lita stugu der.
    Guttorm var bleksmed som far sin. ("blekstyng") Han hadde verkstad, seng og bord i eit rom. I godvær sat han ute oppe på taket og arbeidde. Det vart kjelar og spann av mange slag, bærplukkerar, mjølkesilar m.m. Guttorm laga også store buskapskjelar som vart for-tinna innvendig. Dette var fagarbeid av høg klasse. Ein gong i 1950-åra kom jamvel statsminister Oskar Torp innom og kjøpte seg ein kjel.
    Guttorm sat og arbeidde med ryggen til døra. "Ja, eg visste det var du som kom!" sa han då folk kom på vitjing. Men Guttorm fylgde med ved hjelp av ein spegel.
    Ein gong ville Guttorm gjera eit lite pek mot ein av grannane sine. Han laga ein kjel med dobbel botn, og fyllte litt vatn i mellomrommet. Guttorm såg nok ikkje rekkevidda av dette peket. Til alt hell gjekk grannen ut or stugu før kjelen kom i koking og eksploderte.
    Guttorm hadde fleire interesser. Han laga ei rekke med penneteikningar med ymse motiv frå Ål. Og han var i brevskifte med forfattaren Johan Falkberget.
    Om bleksmeden viste seg på Sundre så vart han dynga ned i arbeid. Guttorm brydde seg difor lite om å gå til Sundre, han fekk gjerne folk til å handle for seg.
    Guttorm held seg på trygg avstand til jentene. "Dei syge ryggmargen or karadn!"
    Guttorm brukte heller ikkje mykje tid på reinhald. Men stundom tok han ein høvel og pussa av bordplata. I senga hadde han ein buhund. (Oppl. v. S. Grue m. fl.)
*Barnebarn
1. Halvor Larsson Skomakarmoen Pletten 11.04. 1910-1930
Ugift. Halvor budde i Pletten. Han omkom ved ei skyteulykke sumaren 1930. (967)
    Foreldre: Lars Halvorson Pletten (ungkar) og Kari Eilevsdtr. Skomakarmoen.

Eilev og Torand gifte seg i 1882. Eilev kjøpte Skomakarmoen for kr 350 i 1886 utan heimel. Han fekk auksjonskøyte i 1927 for 3500 kr.
    Eilev sette fyrst opp ei stugu med eit rom. Så bygde han uthus og ei større stugu. Eilev var blikkenslager og han dreiv tjøre-brenning for sal.
    Eilev og Torand hadde berre ei ku, men ho levde godt, var feit og blank. (1434)
    Det vart fortalt at Eilev og Torand arbeidde, spinka og spara i enkle kår og hadde lagt seg opp 16000 kr. Så lånte dei bort pengane til ein bonde, og rekna at det var trygt. Men han spekulerte bort det heile.
    Han hadde Breidekko i Gol frå 1918 omlag til 1925, men måtte gå frå bruket grunna odelssøksmål. I 1927 kjøpte Eilev bruket Hallebråt, gnr. 120/2.