Randedokken gnr. 121 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Randedokken gnr. 121 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Randedokken eller Dokken ligg på vestsida inne i Nasalia, i ei logn kvelv under Nobbehovda. Opphavleg var Randedokken støl og/eller husmannsplass under Arnegard Noss. Frå omlag 1790 sjølveigarbruk.
    Areal 1865: dyrka jord 4 mål, naturleg eng 18 mål, utslått 16 mål. Avling 2 1/2 tunne bygg og 1 tunne potet. Det var frostlendt.
    Areal 1960: innmark 35 mål, derav 25 mål dyrka.
    Frå 1947 har Randedokken vore underbruk til Teigen, gnr. 96/6.

{6282} År: 1790c

Ivar Olson Granhagen Noss 1733-1812
Foreldre: truleg Ola Ivarson Granhagen og Jørand Olsdtr. ... . G 1764 m Birgit Olsdtr. Arnegard Noss.
*Barnebarn
1. Ola Trulsson Randedokken Hove 1801-1858
G 1824 m Astrid Eiriksdtr. Hove.
    Foreldre: Truls Vee, Flå (ungkar) og Ambjørg Ivarsdtr. Randedokken.
    Ola vart kalla Trulseguten. Han var stor og sterk, og gjekk 'frikar' både i Hallingdal og på Branes-marken. Han skal ha vore vakker, venesæl og godmodig.
    Ola ville ikkje ha ufred og slagsmål, men sidan han var stor og sterk råkte det at sume slåsskjemper ville 'prøve' han. Dei fekk merke kven Trulseguten var.
    "Fri gate for Trulseguten!" ropte han etter å ha ordna opp på Lærdals-marken. Men då han skulle heim att hadde fem slåsskjemper lagt seg i bakhald ovanfor Tønjum. Ola lukta lunta og tok ein annan veg.
    Venene hans hekta ei strofe på verset om Rotneims-Knut: "Det finnst ikkje gut som kasta han ut, utta det kjem ein Trulsegut!"
    Sjå meir om Ola Trulsson på Trulsegarden eller Hove, gnr. 107/4a.

Ivar Olson på Arnegard Noss og Birgit Olsdatter selde Arnegard Noss i 1784.
    Dei overtok og flytta til stølen Randedokken ein gong mellom 1784 og 1797.
    Dattera Ambjørg var i Randedokken fram til ho gifte seg med Ivar Eilevson Granhagen i 1811. Ambjørg var mora til Ola Trulsson på Hove. Ho vart kalla Rande-Ambjør, - ein kjent ålingspringar er kalla etter henne.
    Ho Rande-Ambjør var eit modigt kvennfolk, fortalde spelemannen Kristian Øvrevollseie. Ho spente hallingkast som den beste kar, og ho dansa laus med ei mett ølskål i 'eine hånden og eit fullt drammeglas i hi, utan å spille ein dråpe.' (1145)
    I fylje folketeljinga 1801 var Ivar 'husmann' med jord. Men truleg var han sjølveigar sidan han i 1802 selde kunne selja sin 'påboende plads Dokken' til sonen Ola Ivarson. I salget var all innreiing som ikkje var naglefast; og nokre tylvter tømmer og rajer og staur 'som findes på plassen'.

{6283} År: 1802

Ola Ivarson Noss Randedokken 03.06. 1768-1809
Foreldre: Ivar Olson Granhagen Arnegard Noss og Birgit Olsdtr. Noss.

Ola fekk skøyte hjå foreldra i 1802 på Randedokken for 399 rd.
    Ola vart kalla Randeguten. Han kom skakkt ut i unge år.
    Ola var dømt for drap og sat i arrest i tingstugu hjå lensmann Sårbye. To gonger fekk han av seg låshelda og rømde or fengselet då vaktmennene sovna.
    Lensmannen fekk påtale m.a. for å ha nytta Ola som arbeidskar på garden. I kyrkjeboka til Kr.ania Tukthus står det om Ola: Død 1809.

{6284} År: 1804

Ivar Knutson Langeland Bjella 21.11. 1751-1839
Foreldre: Knut Olson ... Langeland og Margit Torsteinsdtr. ... .

Klokkaren Ivar Knutson Bjella kjøpte Randedokken i 1804. Han var gift med Kristi Holgesdtr. Sundrelien. Sjå meir om han og familien på myljo Bjella, gnr. 104/2.

{6285} År: 1820c

Lars Tolleivson Strand Randedokken 01.03. 1789-1860
Foreldre: Tolleiv Halvorson Strand Halvorsgard og Gro Larsdtr. Noss Torkjellsgard.
Gm Ingrid Olsdtr. Bjørøyen Randedokken 27.12. 1778-1847
Foreldre: Ola Herbrandson Bjørøyen og Helga Olsdtr. Skjerping.

Lars vart attgift med Ingrid i 1820. Ingen barn. Lars var husmann under Arnegard Noss frå før 1832, truleg kom dei til Randedokken like etter 1820.
    Lars vart kalla Dekken. Då han hadde brygga øl til jul, brukte han å saga av tunne-tappen slik at han ikkje vart freista til å opne tunna for tidleg. Dei hadde heller ikkje så mykje korn til brygging der inne i Nasalia. Men då tida var inne, så sette Lars ein vanleg tapp i øl-tunna si.
    Inn ved jul eit år var Lars og Ingrid komne av daga-talet. Dei starta julefeiringa ein dag for tidleg. Så måtte dei undrast neste morgon då det kom køyrande nasingar på veg til skogen. "Eg meina de era raspande galne! Køyre beit på sjølvaste joledagji!"
    Det vart herma korleis dei las kveldsbøna i Randedokken. Ingrid held tyri-spikji og Lars las: "Den lyse dag forgangen er, .. snu på spikji, Ingrid! ... og Natten den henger over oss .. ja ja, - no slokna ho lell!" (1408)
    I 1844 overdrog Lars og Ingrid all si eige til Lars Aslakson Holto, mot eit slikt kår frå han: årleg 3 tunner korn; 2 settung salt, framfødt og røkta 2 kyr og 4 sauer; varmt hus i kammerset i den nye stugu ("Hvor vi forbeholder os at have et tilholdsmenneske"); til bruk: åkeren Råbben og teigen under berget. m.m. (1545)55b
    Ingrid drukna i Kvinda. (NU 1904)
    Lars døydde som kårmann på Holto/Randedokken.

{6286} År: 1863

Sevat Knutson Brennehaugen Randedokken 26.03. 1828-1877
Foreldre: Knut Olson Moen Brennehaugen og Ågot Sevatsdtr. Holo.
Gm Turid Knutsdtr. Huus Randedokken 17.08. 1833-1921
Foreldre: Knut Levorson Huus og Gunhild Nilsdtr. Ruud.

I 1863 fekk Sevat Knutson auksjonsskøyte på Randedokken hjå Eilev Henrikson Huus for 445 spd.
    Sevat og Turid gifte seg i 1864. Ingen barn. Pleieson: Kristian Olson
    Sevat var timremann og ein sterk kar. Fekk han ein stokk opp på timra som måtte endevendast, så tok han stokken på midten og snudde den aleine. Etterkvart svikta helsa hans, det vart sagt han sleit seg forderva på timring. (1408)
    I 1865 var det tre hushald i Randedokken! Hjå Sevat og Turid budde den 15-årige Nils Henrikson. Vidare var Birgit Knutsdtr. Huus og dattera inderstar der. I same stugu budde dessutan dagarbeidaren Tor Olson Dokk med kona Kari Knutsdtr. BrenneHaugen og 4 ungar. (Desse var også i Stakkestøet nokre år.)
    Syskena hans arva etter Sevat, men Turid hadde fått noko lausøyre før registreringa og pleiesonen Kristian Olson fekk 80 kr.
    Turid vart attgift, sjå neste hushald.

{6287} År: 1879

Turid Knutsdtr. Huus Randedokken 17.08. 1833-1921
Foreldre: Knut Levorson Huus og Gunhild Nilsdtr. Ruud.
Gm Botolv Viggerson Gurigard Espegard 26.05. 1828-1901
Foreldre: Vigger Botolvson Espegard Gurigard og Guri Danielsdtr. Gurigard.

Turid vart attgift med Botolv i 1879. Ingen barn. Han var enkjemann etter Ågot Knutsdtr. Gurigard og Birgit Olsdtr. Espegard. Sjå søre-øvre Gurigard gnr. 63/2.
    Botolv budde i Randedokken etter 1875.
    Turid selde garden 1912 til Kristi Levorsdtr. Stave.