Skottebøl gnr. 122 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skottebøl gnr. 122 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skottebøl, på Skottebøl. Gardsnamnet skal koma av Skopti, eit mannsnamn som ikkje lenger er i bruk. Eit bøle hadde same tyding som gard i gamal tid. Prest og sorenskrivar skreiv Skattebøl, og det vart også slektsnamnet. Skattebøl vart også namnet på skulekrinsen.
    Skottebøl ligg ved søre enden av Strandafjorden, og ligg inne i det gamle Søre-Strand-området. Garden grensar mot Noss i nord. Midt på 1500-talet var Skottebøl under oppbygging etter øydetida.
    Skottebøl vart skattlagt som øygard frå 1593, og som halvgard i 1670 med ei landskyld 12 laupsbol.
    Skottebøl er fyrst nemnt i skattelista 1588, men Mons Strand skatta av 7 skinn i 1560. Ivar betalte bygningsskatt 1593-4 og Mons betalte odelsskatt 1615 for 17 laupsbol i Strand og 12 laupsbol i Skottebøl.
    Ved ein grenseoppgang mot Strand i 1660 heitte det at Skottebøl strekker seg til steingarden .... ovanfor 'Reffsten' og like i Skottebøl-haugen. (1055) s 35.
    Dei fråskilde plassane under garden ligg spreidd innemellom plassar og bruk som er frådelt Strand.
    Plassar og underbruk: Asgrimplass bnr. 4 (frådelt 1876), Asgrimplass bnr. 7 (frådelt 1895), Asgrimplass bnr. 15 (frådelt 1932), Skjølet bnr. 17 (frådelt 1932, selt til Jonset i 1989), Skattelund bnr. 17 (frådelt 1941, attendekjøpt 1985).
    Areal 1865: dyrka jord 43 mål, naturleg eng 72 mål, utslått 174. Avling 39 1/2 tunne bygg og 30 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 39 mål, anna areal 100 mål, produktiv skog 1300 mål, anna utmark 8000 mål. Leigd jord 25 mål. Buskap 110 vinterfôra sauer, 1 hest.
    Våningshus bygt 1800, påbygt 1915 og 1955, restaurert frå 1980, loft frå 1600-talet bygt om til kårhus på 1700-talet, no restaurert til utleigehytte, stolphus frå 1600-talet, loft frå omkr. 1905, driftsbygning 1949, gamle fjøs.
    Til garden ligg småbruka Skattelund (bnr. 19) og Belluteigen (gnr. 117/3), kjøpt 1947.
    Stølar. Heimstøl Skotvollen, langstølar Rødungen og GamleNyset. Tidlegare stølar Storevieren (selt til Ulshagen og så til Jonset), StoreNyset (selt til Embrikshaugen).

{6302} År: 1770

Knut Olson Skottebøl 18.03. 1746-
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl og Anne Sveinsdtr. Ulshagen.
Gm Kristi Eiriksdtr. Rikansrud Skottebøl 10.09. 1747-1807
Foreldre: Eirik Olson Barskrind Rikansrud og Margit Olsdtr. Villand (Hol).
*Barn
1. Ola Knutson Skottebøl 16.12. 1769-
2. Margit Knutsdtr. Skottebøl Sundbrei 15.09. 1771-1856
Gm Svein Syverson Skrattegard Sundbrei, gnr. 125/1.
3. Ola Knutson Skottebøl Strand Amundsgard 07.11. 1773-1832
G 1802 m Kristi Larsdtr. Strand. Gm Jørand Torsdtr. Bekkestad. Sjå Larsstugu Strand, gnr. 123/52.
    Ola var ein spretten kar. I eit drikkelag på Sundbrei tok slåsskjempa Nos'en (Knut Larsson Torkjellsgard Noss-Sundbrei) eit barn og hengde det opp i skjerdingen i peisen medan han lova juling til den som tok det der ifrå.
    "Det får vera som det vil, men der skal det ikkje hange!", sa Ola og tok barnet ned. Slåsskjempa våga ikkje seg ikkje på den fem år yngre Ola Knutson.
4. Eirik Knutson Skottebøl 08.04. 1776-1838s
G 1808 m Guro Eiriksdtr. Svenkerud. Sjå neste hushald og Vangodden.
5. Anne Knutsdtr. Skottebøl Villand 13.09. 1778-1865
G 1798 m Knut Eirikson Verpe - nordre Villand 1775-1853. Barn: Eirik 1799- ugift kramkar; Kristi 1802-1866 g 1821 m Svein Tolleivson Raunsgard, gm Knut Olson Fjellberg; Knut 1805-1882 til Verpe g 1833 m Ragnhild Pålsdtr. Pålgard; Tolleiv 1808-1899 ug. handelskar; Margit 1811- g 1835 m Svein Torsteinson Breie; Ola 1814-1891 gm Birgit Larsdtr. Seim - Foss; Per 1818-1902 til Villand, g 1846 m Gro Steinsdtr. Hamarsbøen.
    Alle ungane er fødde i Verpe i Ustedalen. Knut og Anne fekk auksjonsskøyte på nordre Villand i 1835. Sonen Per overtok nordre Villand i 1845. Innskripsjon i på stugu-skåpet i Verpe: "Gud din Hustru så velsigne, Lea Rakel hun må ligne." (Hol IV s 330)
6. Tolleiv Knutson Skottebøl Strand Halvorsgard 1781-1833
G 1807 m Anne Aslesdtr. Stave. Sjå Halvorsgard Strand, gnr. 123/6.
7. Ola Knutson Skottebøl 21.03. 1784-1841
G 1813 med Guri Olsdtr. Ivarsgarden Noss f. 1794. Barn: Kristi(ana) 1811-1903; Ola 1816-1890c ; Knut 1818-1874. (Sjå barnebarn.)
    Barn i Botne: Svein 1826-1891 født i Botne, bonde på gard under Sklett, gm Anne Ivarsdtr. Sklettuset, Grong (3 barn), Ola 1826-6;
    Barn i Nærøy (?): Ola 1827-1869 Lofot-fiskar m.m. til Sklett, gm Anne Gurine Mortensdtr. Feset, Ogndal (2 barn); Ivar 1835-1915 bonde på Jørum i Grong, gm Oline Jensdtr. Aurstad, Harran. (1448)71
    Ola var sterk og noko av ein villstyring. Han var spelemann og frikar. Desse disiplinane dyrka han også i Namdalen. Svigerforeldra tykte lite om han. Guri lurte seg ut på dans med festarmannen når foreldra hennar hadde sovna.
    Ola vart kalla 'Vesle-Skottebølen'. Utskriven til soldat i 1804. Han var ute i krigen 1807-12. I militærrullane står det: av 'høy statur, 66 tommer, brun av hår, blå øine og brede skuldre.'
    Ola og Guri flytta til Botne i Jarlsberg i 1819. Dei var inn om Ål som innerstar i Tjørndalen i tida før 1826 då dei reiste til Nærøy i Namdalen. På Moritsøy i 1827. (1448)
    Ola døydde som husmann under garden Berre i Grong i 1841. Han felte eit tre over seg/ døde av blodstyrtning ved sida eit grantre, står det. (Ål II s 218)
8. Svein Knutson Skottebøl Tjønndalen 1786-1841
Gm Ambjørg Larsdtr. Torkjellsgard Noss. Sjå Tjønndalen, gnr. 123/32 og Øvre Sundbrei, gnr. 125/7.
9. Haldis Knutsdtr. Skottebøl Skaro 02.06. 1791-1872
G 1813 m Knut Holgeson nedre Skaro, Hol 1781-.... . Barn: Kristi 1815- gm Syver Helgeson Mogjerda til BrattåkerBøkko; Holge 1819-1822 ; Knut 1822-1894 spelemannen Skøren, gm Anne Sveinsdtr. Sundbrei, gm Ingebjørg Olsdtr. Satalien, sjå gnr. 32/23; Ingeborg 1825-1901 ug. ; Margit 1830-1909 døvstum; Holge 1834-1901 gm Rønnaug Ellingsdtr. Skøro. (Hol V s 526)
*Barnebarn
1. Kristi Olsdtr. Skottebøl Sørli __.__. 1811-1903
Gm Ola Olson Sørli, Verdalsøra 1819-.... . Barn: Bern Hardus 1845-liten; Kristine Oline 1847- ; Eveline Gurine 1850- ; Ole 1853- . (Oppl. P. V. Bredesen)
    Dei hadde garden Sørli i Namdalen. Ho vart kalla Kristianna og var ei uvanleg ferm og dugande kvinne like opp i alderdomen. (1448)70
    I 1900 var Kristi kårkone og enkje på garden hjå Hågon O. Bach i Foldereid.
    Foreldre: Ola Knutson Skottebøl og Guri Olsdtr. Noss.
2. Ola Olson Skottebøl Bjørnskinn 20.02. 1816-1890c
Gm Maria Stefansdtr. Liavik, Kolvereid. Barn: 3 døtre og 1 son, derav Olea Sofie 1847- ; Pauline Kirstine 1850- ; ...
    Ola kom til Bjørnskinn i Dverberg på Andøya. Han kjøpte attåt eit par gardar. Ola var bonde, kardemakar, messingstøypar, smed og snikkar.
    Foreldre: Ola Knutson Skottebøl og Guri Olsdtr. Noss.
3. Knut Olson Skottebøl Mjøsund 06.08. 1818-1874
Gm Ellen Jakopsdtr. Flott, Hølondo 1818-1914. Barn: 3
    Knut vart kalla "Halling-Knut" og var husmann i Mjøsundet under Flott, Hølondo i Namdalen. Han gjorde feler, lagga og snikkerte. Spelemann.
    Foreldre: Ola Knutson Skottebøl og Guri Olsdtr. Noss.
4. Ola Olson Tjønndalen Skottebøl 14.07. 1826-1826
Heimedøypt. Han døydde som liten.
    Foreldre: Ola Knutson Skottebøl og Guri Olsdtr. Noss.

Knut kjøpte skyldgods i garden i 1770 for 443 rd.
    Knut dreiv noko handel 'til sin Husholdnings fremme'. Knut fekk gode skussmål, men i unge år var handlane 'icke til altid til hans fordel'. (1370) s 19
    Knut inngjekk ei fletføringskontrakt 1787 med Torjus Knutson og Ingeborg Andersdtr. på plassen Tjønndalen. Knut skulle få eiga etter dei to mot at dei fekk bu i Tjønndalen og ha fylgjande ytingar: stuguhus, 6 tunner korn, 3 kyr og 12 småfe framfødd, 6 småfe som slakt kvar haust.
    Knut selde garden i 1806 til sonen Eirik for 1600 rd og tok seg kår. Eiga elles la han ut som heimegifte a 100 rd til dei fire yngste barna slik at dei skulle få likt med dei fire fyrste. Dermed var alt lausøyret delt før skiftet vart halde etter Kristi i 1807.

{6303} År: 1806

Eirik Knutson Skottebøl 08.04. 1776-1838s
Foreldre: Knut Olson Skottebøl og Kristi Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Guro Eiriksdtr. Svenkerud Skottebøl 08.04. 1776-
Foreldre: Eirik Trulsson Kolsrud Svenkerud og Rangdi K. Svenkerud, Nes.
*Barn
1. Knut Eirikson Skottebøl 02.07. 1809-
2. Knut Eirikson Skottebøl Strand 18.01. 1811-1896
G 1835 m Ågot Aslaksdtr. Holto. /Søre Strand. G 1867 m Gro Holgesdtr. Langeland.
3. Eirik Eirikson Skottebøl Strand 23.09. 1812-1842
Gm Mari Olsdtr. Fetagarden Strand. C. Eger frå Nes kravde buet 83 skilling for to turar og medisin. (M.a. 'spansk flue' for 36 sk.)
    Mari gifte seg pånytt 1843 med Asle Olson Strand.
4. Ola Eirikson Skottebøl 02.02. 1816-1816
5. Ola Eirikson Skottebøl 06.04. 1817-
6. Kristi Eiriksdtr. Skottebøl __.__. 1819-
Gm Gudbrand Andresson Bogstad f. 1818. Sjå eige hushald.
7. Ola Eirikson Skottebøl 05.04. 1822-1824
8. Ola Eirikson Skottebøl Dokk 13.10. 1827-
G 1855 m Ågot Embriksdtr. Dokk 1828 -1923. Barn: Olbjørn 1856- g 1884 m Helmine Olsdtr. frå Hadeland; Guro 1866- ; Kristi 1868- konfirmert 1883 i Canton.
    Barn i USA: Eirik 1872- konfirmert 1887 i Lands kirke, Lincoln Co, SD. (J. Marler)
    Ola og Ågot var i Dokk nokre år, så reiste dei til Am. i 1871 med Olbjørn og Kristi. Lincoln Co, SD.
9. Svein Eirikson Skottebøl 12.05. 1831-1836

Eirik og Guri hadde otte barn, desse var arvingar i 1838: Knut; Eirik; Ola og Kristi.
    Eirik kjøpte odelsretten til Skottebøl i 1806, og han kjøpte ei stor stugu hjå eldste broren Ola. Noko må ha svikta hjå Eirik og Guri, garden vart selt på auksjon i 1831.
    Eirik og Guri bygsla då Vangen eller Vangodden, men sat utan bygselbrev. Det står såleis i skiftet etter Eirik: 'Løsøre forefantes ikke, hvilket er synbart for enhver som har været inde i dette elendige hus.' Buet hadde eit fiskevatn (takst 12 spd) inne på Veståsen, også det utan heimel.
    Guro vart attgift 1841 med Knut Holgeson Huushaugen Vangodden, gnr. 123/38.

{6304} År: 1831

Lars Tolleivson Noss Skottebøl 21.04. 1794-1867
Foreldre: Tolleiv Olson Haugegarden Noss og Sissel Larsdtr. Noss Torkjellsgard.
Gm Ågot Tolleivsdtr. Opsata Skottebøl 28.11. 1810-1858
Foreldre: Tolleiv Nilsson søre Opsata og Margit Olsdtr. Skrindo Trintrud.
*Barn
1. Tolleiv Larsson Skottebøl 21.06. 1834-1834
Tolleiv døydde før han kom i kyrkja.
2. Tolleiv Larsson Skottebøl 31.10. 1835-1912
G 1858 m Guri Henriksdtr. Huus. Sjå neste hushald.
3. Tolleiv Larsson Skottebøl Breie 15.07. 1841-1914
G 1864 m Kristi Eiriksdtr. Knutsgarden Noss. Sjå nordre Breie, gnr. 127/17.
4. Ola Larsson Skottebøl Skattebøl 02.03. 1844-1929
G 1877 m Karen Christine Poppe Rømcke, Nes. Barn: Ågot 1878-1966 g 1910 m Enevold Falsen Schrøder (4 barn); Sverre 1883-1956 o.r.sakførar, g 1922 m Solveig Rechdal (2 barn); Margrete 1884-1970 kjent kvinnesakskvinne og skribent, g 1913 m Tomas Bonnevie (2 barn).
    Ola treivst treivst lite med gards-arbeidet unge år. Han ville heller lesa og koma ut på skule. Ein haustdag i hardaste skurden gjekk Ola frå arbeidet. Han var ikkje skapt til å skjera åker, sa han. Men neste morgon var han på plass i åkeren. Då spurde ei skurd-kjering:
    "Men, var det ikkje du som ikkje var skapt til dette arbeidet?"
    "Jau", svara Ola, "Men det va i går. Han far skapte meg om att i dag!"
    Ola tok realskule, var seminarist 1867 og tok juridisk embetseksamen i 1872. Sakførar og skrivar-fullmektig, og frå 1890 til 1899 var han sorenskrivar i Hallingdal.
    Ola var skifteforvaltar i Kr.ania før han var høgsteretts-assesor frå 1904-1913.
    'Ole Skattebøl' kom på Stortinget i 1877 for Venstre, men gjekk over til Høgre og var 4 periodar på tinget. Formann i Høgre i 1905. Ola kunne vorte justisminister, men takka nei. Han var riddar av St. Olavs orden i 1895. Død 1932 eller 1929. (889)
5. Olaf Larsson Skottebøl Skattebøl 07.02. 1847-1930
G 1876 m Emilie Josefine Heyerdal 1852-1905. Barn: Christian August 1878-1969 lærar på Filipinene i 1904, superintendent i USA, g 1914 m Nellie Campbell (2 barn); Ågot 1879-1918 lærar, gm Henry G. Myre handelsmann BC (4 barn); Arnfred 1881-1964 telegrafist og journalist, formann i The Canadian Press, g 1914 m Jane Byers; Dagny 1883-1978 g 1907 m John Tenwick (ingen barn); Harold 1885-1952c jernbanetelegrafist, g 1916 m Linda Fisher (4 barn); Signe 1887-1970 lærar, gm professor Johan Ulik Xavier (2 barn); Olga 1889-1969 stenograf, gm Georg Herbert Fisher (2 barn); Lars 1893-1893; Lars 1899-1970 forretningsmann i Sidney, Australia, g 1928 m Helene Louise Hinsdale. (Gol VI s 269) (epost frå Diana McCann)
    I oppveksten var Olaf gjætargut som alle andre. Han var svært flink til å låte på lur og prillarhorn. Olaf vart rekna for å vera ein av dei siste meistrane på prillarhorn. (1559)
    Olaf var kappelan under sokneprest Heyerdal og den fyrste bondegut frå Ål som gjekk på prekestolen som prest. Fyrste preka held han i Torpo i 1875.
    Olaf leigde prestgarden på kontrakt frå 1876. Han laga ei ordsamling til halling-dialekta. Men han greip inn i bunadbruken: han ville at konfirmant-jentene skulle ha pannelin og ikkje hårlag som skikken hadde vore.
    Det gjekk ei underskriftliste til departementet om at bygda ville ha kapellanen som prest. Bygda var lei av 'gamle, utslitne vinter-prestar.' Han skipa Ål Indremisjon i 1875. Teologisk kandidat i Kr.ania i 1876.
    Olaf vart prest i Borge, Lofoten, deretter i Gol og så i Hemsedal 1882-1888. Det vart injurier og bygdestrid i Gol. Olaf var ordførar-kandidat for Høgre og fekk sin eigen klokkar (Halvor Berg) som motmann for Venstre. Det var ein vond strid. Tilsist søkte han avskjed.
    I Hemsedal gjorde folk store auge då Skottebøl lyste til messe på danseplassen i Lykkja, same helga som Lykkjadansen skulle vera. Slik vart det slutt på denne berykta fjell-dansen.
    Olaf utvandra 1888 til eit preste-kall i Blue Earth, MN der han virka til 1894. Sidan reiste han til Parkland i Washington og hadde fleire kall. Han gav ut ein pamflett "Af en Prests erindringer" og vart professor ved Columbia college. (Ulvestad bind 2 s 916)
    Olaf budde i Tacoma. Då han var heim att ein tur i 1915 var han levande oppteken av å finne vassårer og forklaringa på dette fenomenet.
6. Sissel Larsdtr. Skottebøl Noss 16.03. 1850-1892
G 1872 m Eirik Eirikson Evjen Knutsgarden Noss, gnr. 120/1.

Lars og Ågot gifte seg i 1832. Lars tok til med fehandel i unge år. Det gjekk bra og i 1831 kunne han kjøpe Skottebøl på tvangsauksjon. Men han dreiv framleis handel og hadde tenestfolk til å drive garden. Som arbeidsgjevar og husbonde stod han seg godt med folka sine.
    Lars bygde seg sagbruk nede ved Vangen, og eit anna sagbruk i Kulu. Dette siste bruket vart flutt ovanfor Brotet ovanfor Kulufossen.
    I 1833 let Lars rosemåle veggene i kammerset. Meisteren Nils Bæra måla.
    Lars vart beskriven slik: høg og kraftig, klok og myndig. Ein gong kom ein hastig lensmanns-dreng til Lars og rekvirerte skysshest til Øvremyro i Hol. Drengen slo på hesten og sprengkøyrde oppover mot Hol. Då gjekk Lars til Øvremyro (15 km) og henta hesten sin. "Tenkji e køyre hesten sjål nedover att!"
    Livet som handelskar hadde si bakside, det vart mykje av det sterke. Då Lars var i drikkeluna, kunne han og ein svirebror gå til sengs med kvar sin butel. Men på sine gamle dagar vart han turrlagt.
    Då ho Ågot døydde i jula 1858 sa Lars: "No reiser ho burt, og kan ikkje koma til meg. Men so får eg ved Guds hjelp prøve å koma til henne."
    Han var flink til å syngja og fortelja eventyr. (1559)
    Arvingane la fram eit gåvebrev for skifteretten som samtlege var samde om. Det vart ikkje utført nokon registrering.

{6305} År: 1867

Tolleiv Larsson Skottebøl 31.10. 1835-1912
Foreldre: Lars Tolleivson Noss Skottebøl og Ågot Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Guro Henriksdtr. Huus Skottebøl 30.03. 1831-1880
Foreldre: Henrik Eilevson Huus og Guri Syversdtr. Skarsgard.
*Barn
1. Ågot Tolleivsdtr. Skottebøl Reinton 07.02. 1860-1938
G 1883 m Syver (Sigurd) Olson Reinton 1855-1932. Barn: Olav 1884-1884; Ragnhild 1884-1884; Olav 1886-1916 heradskasserar/organist og fotograf; Gudrun 1888- gm Svein Olson Nestegard; Torleiv 1890-1940 snikker, gm Margit Pålsdtr. Medhus; Ågot 1892-1985 ug. handarbeidslærar; Sigurd 1894-1976 ug. bygdebokforfattar; Lars 1896-1987 dr. philos. bygdebokforfattar m.m., gm Ingrid Evang (3 barn); Sverre 1898-1993; Torgny 1900-1968 lensmann i Hurum, gm Birgit Ramstad (2 barn); Ragnhild 1902- gm Olav K Øyo (3 barn); Einar 1903- bankassistent og forretningsførar. (1559)
    Syver var lærar og klokkar i Hol. Busett på klokkargarden Solvang i Hol. (Hol III s 51 og s 792)
2. Guri Tolleivsdtr. Skottebøl 17.04. 1862-1952
G 1897 m Henrik Knutson Bjella Skottebøl. Sjå år 1898.
3. Margit Tolleivsdtr. Skottebøl Helgesen 23.06. 1864-1939
G 1897 m Ivar Helgeson Dengerud. Sjå Storeteig, gnr. 123/17.
4. Lars Tolleivson Skottebøl 03.02. 1867-1946
Gm Ragnhild Trosterud, Oslo 1874-1932. Ingen barn.
    Lars tok militær utdanning. Han var kaptein 1899 ved Nordre Bergenhus Infanteri-regiment. Seinare i Statsrevisjonen, Oslo. Ein foto-album etter Lars er oppbevara i bygdearkivet.

Tolleiv og Guri gifte seg i 1857. Ho hadde uvanleg tjukt, mørkt hår. Dei måtte klyppe av mykje for å få på hetta då ho gifte seg. Av håret laga dei m.a. klokke-band til mannen.
    Tolleiv var høg, men ikkje så sterkbygd som faren. Han var svært håndug,- dreiv gjerne snikkering og smiing.
    I unge år var han med faren på driftehandel, og leid ofte under overnatting under åpen himmel. Helsa fekk ein knekk.
    Tolleiv hadde tenkt å bli lærar, han gjekk og las ei tid,- men så satsa han heller på garden. Alt i 1850-åra overtok han det meste av gardsdrifta då faren var ute på handel.
    Tolleiv hjelpte folk med skriving av dokument og Amerika-brev osv. Den tid broren Ola var sorenskrivar, hende det at dei tre brørne frå Skottebøl sat i overformynderiet: Ola, Tolleiv og Tolleiv d.y. på Breie.
    Tolleiv var ein av dei førande i striden mot presten Kjelstrup,- ein strid som lekmanns-rørsla kom vel i frå. Tolleiv rekna seg som haugianar. (1559)
    Guri vov og dreiv med farging av garn. (1559)

{6306} År: 1885


Eirik Eirikson Noss (gm Sissel Larsdtr. Skottebøl) kjøpte Skottebøl for kr. 8000 i 1885. (Sjå Knutsgarden Noss, gnr. 120/1.)
    Men i folketeljinga 1891 står svogeren Tolleiv Larsson Skottebøl framleis som bonde på Skottebøl.
    Eirik Eirikson Noss selde garden 1898 til Henrik Knutson Bjella.

{6307} År: 1898

Guri Tolleivsdtr. Skottebøl 17.04. 1862-1952
Foreldre: Tolleiv Larsson Skottebøl og Guri Henriksdtr. Huus.
Gm Henrik Knutson Bjella Skottebøl 08.12. 1863-1916
Foreldre: Knut Holgeson myljo Bjella og Anne Henriksdtr. Huus.
*Barn
1. Gudrun Henriksdtr. Skottebøl 06.04. 1899-1968
Ugift. I Skattelund saman med broren Knut. Gudrun var ivrig i indremisjonen, og ho dreiv sundagsskule.
2. Knut Henrikson Skottebøl 19.07. 1901-1983
Ugift. Knut og systera Gudrun bygde opp bruket Skattelund. Dei hadde eit par kyr.
    Knut var ein dugande skiløypar, flink i både hopp og langrenn. Dessutan stod han på skøyter. Det var fin hål-is på Strandafjorden før reguleringa.
3. Tolleiv Henrikson Skottebøl 19.07. 1903-1972
Gm Adele Nordgaard, Bergen. Ingen barn. Tannteknikar, busett i Oslo.

Henrik og Guri gifte seg i 1897. Dei var syskenbarn.
    Henrik bygde stugu i 1915.
    Guri vart tidleg enkje, ho og dottera Gudrun dreiv garden i fleire år. Etterkvart vart sonen Knut spurd om han ville overta, men då var han såpass oppe i åra at han sa nei.
    I 1918 fekk indremisjonen tomt til bedehus nede ved vegen.
    Då tok dei unna eit stykke av garden nedst i jordet, og bygde opp småbruket Skattelund, bnr. 19. Der står uthus og våningshus. Av omlag 20 mål innmark var 8 mål dyrka. Til bruket låg også skogremmen Hakkerudremmen.
    Reisten av Skottebøl vart selt 1941 til systersønene Lars og Torgny Reinton. (1559)