Strand, Ambegard gnr. 123 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strand, Ambegard gnr. 123 bnr. 0a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre og nordre Strand er av dei eldste gardane i Ål. Saman med søre Strand låg nok også Skottebøl frå gamalt, båe bruka vert rekna som sjølvstendige høgmellomalder-bruk. (Saman med Amundsgard, Gudbrandsgard og Gurigard i nordre Strand.) (K.O. Solhjell: 1987).
    Namnet Strand vert i daglegtale uttala Strånd. Preposisjon: på Strånd, men i Fetagarden og i Larsstugu.
    Før 1600 vart Søre Strand delt opp i Søre-øvre Strand, Medgarden Strand og Søre-nedre Strand. Søre-øvre Strand var den største av desse gardane (24 laupsbol), og vart kalla Ambegard Strand. Namnet kjem truleg av mannsnamnet Arnbjørn. (NB. Det kan og tenkjast at Ambegard-namnet skriv seg frå den udelte søre Strand-garden.)
    Det opphavlege tunet til Ambegard skal ha vore oppe på Eggen, i dag i eiga til Halvorsgarden.
    Oldfunn. I 1873 vart funne tre spjutspissar ved utgraving av ein stor gravhaug på Strandaeggen. Grava låg høgt oppe på Eggen, like ved gamlevegen. Dette gravgodset er tidfest til folkevandringstida, 4-600 e.K. (Foto m.m. i Ål I s 87.)
    Strand-steinen vart funnen i 1868 i ei rund gravrøys på garden. Ein veit ikkje om funnet var på nordre eller søre Strand. Helst var Strand ein gard på den tida.
    Strand-steinen er eit brotstykke av ein flott dekorert raud sandstein (frå Ringerike?), og den er tidfest til omlag år 1000. Av liknande steinar her i landet (7) er Strand-steinen av dei som har finast dekor, den framstiller noko av eit fabeldyr som har klør på bakføtene. Sidan steinen er berre 5 cm tjukk, så har den truleg vore nytta til lok på ei gravkiste. (Ål I s 103-7)
    Gamle underbruk. Dokk og Leveld (Oleivsgard) var slottelende under Strand, dvs. underbruk fram til 1580-åra.
    Oppdeling. Utover i 1650-åra vart Ambegard delt opp i Larsgarden, bnr. 8 og Nilsegarden Strand, bnr. 34.
    I 1681 kom futen Christen Christensen på tinget med spørsmål om kor mange gardar det var i Strand. Ålmogen svara at det var sju Strand-gardar: Knut; Anders og Lars; Asle med fullgardar. Dessutan var det fire halvgardar, Ola; Svein; Helge og Halvor; Jon. Skulle det vera fleire gardar i matrikkelen, så måtte det vera av "mislighet." (Fullgard og halvgard er gamle skatte-klassar. Sjå ordforklaringar.)
    Stølar. Søre Strand gardane har alle stølar på sørsida av dalen, medan nordre Strand har stølar på nordsida.