Strand, Amundsgard gnr. 123 bnr. 0
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strand, Amundsgard gnr. 123 bnr. 0b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Strand var delt i Amundsgard Strand (20 laupsbol), Gudbrandsgard (24 laupsbol) og Gurigard Strand (12 laupsbol). Alle tre gardane vert rekna som sjølvstendige høgmellomalderbruk. (Kåre Olav Solhjell: 1987)
    I gamle dokument vart folka her kalla Nord-egges-menn, dvs. frå den Strandgarden som låg nordanfor Eggen. Desse gardane hadde stølar på nordsida av dalføret, Klyvset, Tjønnstølen, Fekjastølen, Stokksend, Djupedal og Skjelfet. (Medan søre Strand hadde stølseigene sine på sørsida av dalen.)
    Amundsgard Strand skatta av 4 kalvskinn og 4 album i 1557. Garden er vidare nemnt i jordebøker frå 1577 og fram til manntalet 1664. I 1604 betalte garden årlig skatt av 8 kalvskinn, frelse 1 album.
    I 1616 betalte Amundsgard Strand årleg skatt av 2 skinn i Breie og dessutan 1 skinn i Myking (krongods) og Holto. Underbruk var også søre Tune, Hallsteinsgard og Uthus og "Oppewalld" i Ustedalen.
    Landskyld 1670 var 20 laupsbol. Før 1700 vart 12 laupsbol frå Gudbrandsgard tillagt garden. Truleg var dette det som vart kalla "Britske luten". Tilsaman vart det 32 laupsbol, og det er no delt på noverande bruk med 21 1/3 laupsbol på Larsstugu og 10 2/3 laupsbol på Strandmyren.
    I 1782 hadde garden Strand eller Braaken (stundom skrive Bråten) kalla 10 laupsbol. Braaken, ein gardpart i nordre Strand, vart rekna for 10 laupsbol og selt til Tolleiv Halvorson i 1788. Jfr. stadnamnet Bråki eller Leirbråkji, eit leirtak i ein bratt bakke ved kløvvegen til Klyvset. Sjå også Urdehagen.
    Om det gamle drikkehornet frå Strand, sjå under sonen Asle under år 1695.
    Det opphavlege tunet skal ha vore oppe på Jordes-berget, dvs. omlag 200 m ovanfor noverande tun i Fetagarden (som skal vera frå 1600-talet). Amundsgard låg saman med Fetagarden (Gudbrandsgard Strand) fram til omlag 1840 då Lars Olson flytta tunet til noverande stad og garden fekk namnet Larsstugu. Sjå vidare under gnr. 123/52.
    Innmarka til nordre Strand og Tune var under utskifting 1880-82 (med overskjøn 1884). Fisket i Strandafjorden vart utskifta og lagt i 3 rotar i 1897. Dei mange stølane vart omlagde og samla ved utskifting i Strand-Tune-åsen 1916-1933.

{6360} År: 1762c

Eilev Eilevson Strand 1734-
Foreldre: Eilev Olson Amundsgard Strand og Ingeborg Nilsdtr. Halvorsgarden Strand (Holtegarden).
Gm Sigrid Lambertsdtr. Gjeldokk Strand 1738-
Foreldre: Lambert Kortson Styrkestad Gjeldokk og 2.g Åse Levorsdtr. Dengerud.
*Barn
1. Eilev Eilevson Strand 29.11. 1761-1762
2. Ingeborg Eilevsdtr. Strand 28.11. 1762-
Konfirmert 1781.
3. Astrid Eilevsdtr. Strand Odden 1763-1840
Gm Ola Jonson ... (husmann under Myking og Strand.) Sjå Odden under Breiehagen m.m.
4. Åse Eilevsdtr. Strand 01.07. 1764-
5. Eilev Eilevson Strand Sataøyen 13.12. 1767-1845
Gm Ingebjørg Bjørnsdtr. Sata. Sjå Sataøyen, gnr. 32/20.
6. Lambert Eilevson Strand Haugerud 15.05. 1769-1856
Barn m/Kari Olsdtr.Vestreim (Hol): Haldis 1794- gm Ola ...husmann m/jord på Holjtrudhagen på Modum.
    G 1795 m Kristi Narvesdtr. Medgarden, Hol. Sjå plassen Haugerud, bnr. 51.
7. Åse Eilevsdtr. Strand 20.04. 1772-
8. Ola Eilevson Strand 30.07. 1775-
9. Levor Eilevson Strand 29.03. 1778-

Eilev og Sigrid gifte seg i 1761. Dei fekk minst åtte barn, det er litt usikkert med Astrid.
    Eilev hadde desse barna frå før: Ola f. 1759 m/Borghild Josefsdtr.; Kari f. 1761 m/Ambjørg Olsdtr. Bakkegard.
    I 1752 kjøpte Eilev ei kvernstøe i Kulu hjå presten for 10 rd.
    I manntalet 1762 står Eilev og Sigrid som hushald nummer to på garden, dvs. under Knut Aslakson. I 1764 kjøpte Eilev skyldgods i garden for 144 rd (8 laupsbol).
    Kring 1775 vart Eilev eigar av 5 laupsbol i Strand Amundsgard, dette selde han vidare til Lars Olson Strand i 1782. Pris: 230 rd og dessutan bruksrett til ei stugu, ein åker og ei eng på levetid.
    I 1784 selde Eilev halve Strand til halvbror Aslak Knutson for 420 rd. Eilev held att: ein bygning, Fekjastølen, ei liten stugu på garden, eit mål åker nord på Stakken, samt ei ku framfødd årleg. (Strand eller Bråten kalla hadde 10 laupsbol).
    Eilev og Sigrid var kårfolk på garden i 1801. Sigrid fekk fattigstøtte i Strand/Breie 1816-1836.

{6361} År: 1781

Lars Olson Lå Strand 1730-1805
Foreldre: Ola Asleson Lå Lille og Kristi Torsteinsdtr. Stave.
Gm Kristi Knutsdtr. Breie Strand 1721-1785s
Foreldre: Knut Knutson nordre Breie og Birgit Aslesdtr. Juvsjord.
Gm Guri Olsdtr. ØvreMyro Strand 1750-
Foreldre: Ola Olson søre Nestegard Øvremyro og Sissel Olsdtr. Øvremyro, Hol. (Hol III s 522)
*Barn i fyrste ekteskap
1. Kristi Larsdtr. Strand 05.04. 1761-1801f
2. Birgit Larsdtr. Strand 19.01. 1765-1801f
3. Ola Larsson Strand 26.12. 1766-1801f
Ola var heimedøypt. Han kjøpte halve garden ('Matr. No 2') hjå faren for 299 rd i 1790. Død før 1801.
*Barn i andre ekteskap
1. Kristi Larsdtr. Strand 25.12. 1786-1825
Gm Ola Knutson Skottebøl Strand. Sjå år 1803.
2. Ola Larsson Strand 31.08. 1788-1801f
3. Sissel Larsdtr. Strand 07.11. 1790-1801f

Lars var soldat i 1756 då han gifte seg med Kristi. Dei fekk minst tre barn, truleg også Svein og Nils. Men ingen vaks opp. På skiftet etter Kristi i 1785 var buet på 666 rd.
    Lars vart attgift med Guri Olsdtr. Øvremyro frå Hol. Dei fekk tre barn, eit vaks opp.
    Lars vart skattlagt som handelskar i 1753. I 1756 kjøpte Lars skyldgods i garden Lå (12 lb.) for 120 rd.
    Lars kjøpte 10 laupsbol i Amundgard Strand og 12 laupsbol i Gudbrandsgard Strand.
    Ved auksjonsskøyte av 1782 vart Lars eigar av 5 laupsbol i Amundsgard Strand for 235 rd. (Tidlegare eigar Knut Aslakson) Same året kjøpte han 5 laupsbol hjå Eilev Eilevson Strand for 230 rd. ( Eilev skulle ha bruksrett på levetid til stugu, ein åker og ei eng. ) Odelsretten til Eilev Eilevson Strand vart kjøpt i 1791 for 40 rd.
    Det var brennevins-kontroll på Strand ein kveld i romjula 1788. Det hadde kome forbod mot brenning og sal. På vegner av lensmannen leita nokre over-ivrige medhjelparar seg gjennom husa på garden. Det vart slagsmål med kniv og øks då drikkesakene kom fram. Kven som gjorde kva var noko uvisst. Men Lars fekk eit knivstikk og ei syrpebytte i hovudet så han svimte av. Og kontrollørane fekk refs i etterkant. (1673)13
    Under dette basketaket var det ein kar som kalla Lars for "Britske sporve. Det kommer at han ejde en gaard de kaller "Britske luten." (1673)
    I 1789 kom Lars på tinget og prova at han vart skattlagt dobbelt. Det budde ikkje folk på underbruket matrikkelnr. 6 under Strand. Stefaren hans hadde prøvd, men gav det fort opp,- der kunne ingen fø ein familie. Lars brukte Strand No. 2. (1673)11
    Sonen Ola overtok matr.nr. 2 i 1790, men døydde utan arvingar.
    På sine gamle dagar sat Lars mykje i ein gamal kubbestol. Det hende at svigersonen Ola Knutson sette seg der, men då vart Lars ståande bak kubbestolen utan eit ord til svigersonen gav plassen frå seg. (Mehlum 1904)

{6362} År: 1801


Knut Olson Skottebøl kjøpte 10 laupsbol i Strand i 1801. Han selde dette til sonen Ola for 1050 rd i 1803.

{6363} År: 1803

Kristi Larsdtr. Strand 25.12. 1786-1825
Foreldre: Lars Olson Lå - Amundsgard Strand og Guri Olsdtr. ØvreMyro.
Gm Ola Knutson Skottebøl Strand 07.11. 1773-1832
Foreldre: Knut Olson Skottebøl og Kristi Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Jørand Torsdtr. Bekkestad Strand 22.03. 1795-1881
Foreldre: Tor Knutson Strand Bekkestad og enkje Mari Mikkelsdtr. Underberget Bekkestad.
*Barn
1. Sissel Olsdtr. Strand 06.01. 1807-1809
2. Sissel Olsdtr. Strand Holterudningen 16.07. 1810-1876
Barn m/Sevat Anderson Hove: Ola Sevatson f. 1842, sjå barnebarn.
    Gm Ola Nilsson Holto Holterudningen, gnr. 94/2. G 1857 m Lars Olson Sundremoen Sandehuset, gnr. 111/7. Sissel var på Holmen i 1865.
3. Lars Olson Strand 14.12. 1812-1887
G 1833 m Mari Holgesdtr. Gudmundsrud. Sjå neste hushald.
4. Anne Olsdtr. Strand 12.08. 1815-1815
*Barn i fyrste ekteskap
1. Kristi Olsdtr. Strand Bakke 06.10. 1805-1845
Barn: Lukris Knutsdtr. f. 1827, sjå barnebarn.
    G 1833 m Ola Sevatson Tune Bakke, gnr. 49/2.
2. Knut Olson Strand Leksvol 07.08. 1816-1875
G 1839 m enkje Ambjørg Tolleivsdtr. Helling Stave. Sjå Leksvol, gnr. 113/1.
3. Anne Olsdtr. Strand Helling 04.04. 1819-
G 1839 m Svein Sveinson Tunehagen Strand (1802-1871) til Helling i Hol. Barn: Tolleiv 1839- ugift landhandlar i Hol; Kristi 1840-1847; Birgit 1843- gm Ola Olson Kjoseslåtta Hallingstad; Ola 1845- til Am., gm Guro Persdtr. Sindrol (7 barn); Svein 1847- ugift på søre Hallingstad, sidan til Am.; Kristi 1850- til Am. gm ... .... (4 barn); Lars 1853- birøktar i Amerika, g 1873 m Guri Grangard (6 barn); Anne 1856- til Am., gm Eivind Guttormson Torjushagen (10 barn); Knut 1859- til Am. gm ... ... (9 barn). (Hol III s 684)
    I 1880 reiste Anne som enkje til Am. saman med sonen Tolleiv i 1880. Dei tok seg båe land ved Newburg, Steele Co., ND.
4. Guri Olsdtr. Strand Huus 06.11. 1821-1899
G 1847 m Levor Knutson nordre Huus, gnr. 112/6.
5. Margit Olsdtr. Strand 24.08. 1823-1847
Ug. Margit var sjukleg. Død som innerst på Stave i 1847.
*Barn i andre ekteskap
1. Kristi Olsdtr. Strand Bakken 11.09. 1831-
G 1860 m Knut Ivarson Rue-eie Bøkko (Bakken) Solheimslåtta 1835-1918. Barn: Ivar 1861- gm Olea Persdtr. Sindrol (Hol) (8 barn); Ola ....- gm Betta ... ; Andrew ....- gm ... ... ; Knute ....- gm Beatta ... ; Karl ....- ug. ; Julia ....- gm Hans Herberg (Hedmark); Jørand/Jane ....- gm ... ... .
    Kristi og Knut reiste til Am. 1861.
*Barnebarn
1. Lukris Knutsdtr. Strand Farkvam 09.05. 1828-
G 1862 m Tor Person Brattegard 1824-. Barn: Peder ....- til England?; Beate 1863- gm Arne Samuelson Hoel, Gloppen, busett i Molde (7 barn). (975)
    Frå 1863 arbeidde Tor som tømmermann i Molde under namnet Farkvam. (975)
    Foreldre: Knut Olson Breiehagen (ungkar) og Kristi Olsdtr. Strand (Bakke).
2. Ola Sevatson HolteRudningen 16.11. 1842-1968
Til Am. 1872: Charles City, Iowa eller Minnesota i 1876.
    Foreldre: Sevat Anderson Hove (ungkar) og enkje Sissel Olsdtr. Strand Holterudningen.

Ola og Kristi gifte seg i 1802. Ola hadde fire skøyter på Amundsgard Strand. (I åra 1803-1820, totalt 32 laupsbol.)
    Ola var ein spretten kar i unge år. Det vart fortalt då dei bygde ny stugu på Strand. Då mønsåsen var komen på plass skjenkte Ola mønsås-dram til timremennene. Deretter hoppa han ned frå mønsåsen med flaske i eine handa og fullt glas i den andre. Ikkje ein drope vart spillt.
    I eit drikkelag på Sundbrei tok slåsskjempa Nos' en (Knut Larsson Torkjellsgard Noss-Sundbrei) eit barn og hengde det opp i skjerdingen i peisen medan han lova juling til den som tok det der ifrå.
    "Det får vera som det vil, men der skal det ikkje hange!" sa Ola og tok barnet ned. Slåsskjempa våga ikkje seg ikkje på den fem år yngre Ola Knutson.
    Ola vart attgift 1827 med Jørand Torsdatter og fekk fem barn, berre ei datter vaks opp.
    På skiftet etter Ola i 1832 var det mykje gjeld, m.a. 300 spd til Torstein T. Kvåle på Voss, - og lausøyret kom på auksjon.
    Ola eller "Strånden" var ein dugande sylvsmed, skreiv Mehlum. Var det ein annan?
    Jørand vart attgift 1838 med Knut Asleson Aslegarden Strand, gnr. 123/2.
    Sjå vidare om denne garden under Larsstugu Strand, gnr. 123/52.