Pletten gnr. 123 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Pletten gnr. 123 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Pletten var husmannsplass under Aslegarden Strand. Fyrste kjende bygsling er frå 1733.
    Plassen vart fråselt 1785, fall attende til garden og vart frådelt pånytt i 1827.
    I 1785 vart Pletten seld saman med Viskebråten. Dvs. Ikkje Viskeplassen under Gunhildgard Noss, Viskebråten var eit nærliggande jordstykke som låg under Strand. Handelen omfatta også slåttelendet Mosarud; Grauthovddokken; eit stykke av heimstølen Feten; 4 fiskegarn samt vanlege rettar i skog og mark.
    I 1792 vart opplyst:' i Pletten avles kund 2-3 bøler rådt høe.'
    Pletten har eit hakk opp i eigna til Skomakarmoen. Dette skriv seg frå at ein i Pletten fekk jordstykket mot å skrive frå seg odel til Skomakarmoen. Truleg gjeld dette Nils Syverson Pletten som hadde mor si frå Skomakarmoen.
    Areal 1865: dyrka jord 6 1/2 mål, naturleg eng 30 mål, utslått 6 mål. Avling 6 tunner bygg og 3 tunner potet.
    Areal 1960: innmark 25 mål, derav 6 mål dyrka. Omlag 350 mål barskog og 150 mål bjørkeskog. I Pletten stod eit lite, gamalt fjøs med 3 stokkar i veggen. Det vart selt til Drammen Museum.
    Stølar. Heimstølar Smetbak og Mosarud (nedlagt.)
    Pletten vart lagt ut til bustadfelt i 1970-åra.
   

{6374} År: 1785


Ivar Knutson Langeland (1751-1839) (sjå Bjella, gnr. 104/2) kjøpte Viskebråten og Pletten for 165 rd i 1785. Handelen omfatta også slåttelendet Mosarud; Grauthovddokken; eit stykke av heimstølen Feten; 4 fiskegarn samt vanlege rettar i skog og mark.
    Ivar bygde stugu i 1789, og fekk namnet sitt innskore i mønsåsen. Bruket har nok falle attende til garden då Ivar kom til Bjella.

{6375} År: 1796c

Syver Herbrandson Gunhildgard Pletten 31.01. 1780-
Foreldre: Herbrand Pålson Kyrkjedeld Holo Reinton og Birgit Toresdtr. Håheim.
Gm Ingeborg Nilsdtr. Vangen Pletten 15.05. 1768-1835
Foreldre: Nils Hansson Storlien Skomakarmoen Vangen og Ambjørg Holgesdtr. Vangen.
*Barn
1. Anders Syverson Pletten 26.06. 1806-1806
2. Nils Syverson Pletten Thon 27.11. 1807-1890
G 1828 m Margit Torsteinsdtr. Trintrud. Sbm Borghild Syversdtr. LappeBakken. Sjå neste hushald.
3. Kari Syversdtr. Pletten Skomakarmoen 27.12. 1811-1894
G 1833 m Eilev Olson Rudningen Skomakarmoen, gnr. 120/7.

Syver og Ingeborg gifte seg i 1796. Syver hadde ein skade i høgre arm, og var såleis ikkje soldat.
    Syver var husmann med jord i 1801. Syver fekk skøyte på plassane Pletten og Viskebråten samt slåttelendet Mosarud og eit stykke på heimstølen Feten i 1807. Pris 608 rd. (1536)438
    Syver var smed. Han fekk smed-verkstøy hjå Anders Nilsson Vangen som nygift. Så lærde han sylv-arbeid hjå Ivar Eilevson, og dreiv som sylvsmed.
    Som enkjemann reiste Syver til Trondheim stift i april 1835.
    Sevat Ørjansson Holo sa at halvbror hans var Syver Herbrandson Pletten. Det vart også opplyst at Birgit Tomasdtr. Gunhildgard var mor til Syver Herbrandson f. 1780. 'Tomasdtr.' er nok feilsskrift sidan me finn 'Birgit Torsdtr. Laa død som Ørjans-Birgit' på legd i Øvre Ål i 1834.
   

{6376} År: 1827

Nils Syverson Pletten Thon 27.11. 1807-1890
G 1828 m Margit Torsteinsdtr. Trintrud. Sbm Borghild Syversdtr. LappeBakken. Sjå Plette-Ton, gnr. 75/1. Foreldre: Syver Herbrandson Pletten og Ingeborg Nilsdtr. Vangen.

Nils Syverson overtok Pletten i 1827. Han kjøpte ein del av nordre Thon i Vats i 1843, det bruket vart sidan heitande Plette-ton. Lars Halvorson kjøpte Pletten i 1843.

{6377} År: 1843

Lars Halvorson Kvinnegard Pletten 25.12. 1807-1860
Foreldre: Halvor Ivarson nordre Kvinnegard og Birgit Olsdtr. Tveito.
Gm Ambjørg Levorsdtr. Lå Pletten 03.09. 1811-1895
Foreldre: Levor Olson Søre Lå og 2.g Birgit Larsdtr. myljo Rime.
*Barn
1. Birgit Larsdtr. Pletten Pedersen 26.12. 1840-
Gm Karl Pedersen, Kr.ania 1842- . Karl var bankbud i Norges Bank, dei budde i Drammen i 1900.
2. Halvor Larsson Pletten 13.12. 1843-1919
G 1873 m Ambjørg Torsteinsdtr. Huus. Sjå neste hushald.
3. Birgit Larsdtr. Pletten Hushaugen 16.12. 1845-1914
G 1877 m Knut Olson Skjølet Sundrehagen Embrikshaugen, gnr. 112/15.
4. Levor Larsson Pletten 12.12. 1847-1873
Ugift.
5. Birgit Larsdtr. Pletten Larsen 09.11. 1849-1937
Gm Ole Sigvald Larsen, 1860- busett nær Kr.ania. Barn: Karen 1886- gm ... Sjøholm; Martin 1890- ; Mina Beate 1894-1975 gm Hans Teodor Kristiansen Bekkedal (5 barn). (1571)
6. Lars Larsson Pletten Tunehagen 24.07. 1853-1920
G 1879 m Guri Aslesdtr. Øyno. Sjå Tunehagen, gnr. 124/
7. Ola Larsson Pletten 14.10. 1856-1891
G 1884 m Anne Olsdtr. Myking. Barn: Ambjørg (Emma) 1883-1969 g 1906 m Christ Siverson; Lars 1885-1972 g 1915 m Margit Helling.
    Barn i USA: Ola 1889-1968 farmar i Williams Co, ND, gm Tillie Pederson 1892-1928 (1 datter), g 1955 m Emma Eide.
    Ola og Anne budde i Holterudningen før dei reiste til Am. 1886: Rock Co, MN.
    Anne vart attgift med Knut Olson Helling og fekk fem barn med han. Sjå Myking, 93/1.

Lars og Ambjørg gifte seg i 1841. Fyrste tida budde dei i Sandelien. Lars kjøpte Pletten i 1843.
    Ambjørg sat med garden til 1873 då ho selde for 200 rd og kår til sonen Halvor.

{6378} År: 1873

Halvor Larsson Pletten 13.12. 1843-1919
Foreldre: Lars Halvorson Sandelien Pletten og Ambjørg Levorsdtr. Lå.
Gm Ambjørg Torsteinsdtr. Huus Pletten 17.10. 1841-1919
Foreldre: Torstein Olson Stave Huus og Birgit Embriksdtr. Skrindo.
*Barn
1. Lars Halvorson Pletten 29.08. 1881-1957
Ugift. Sjå neste hushald.

Halvor og Ambjørg gifte seg i 1873. Halvor var gardbrukar og møllar (' i andres tjeneste'). Kjøpte også søre Vangen i 1876. (Ikkje barnebarnet med same namn)