Strand, Aslegarden gnr. 123 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strand, Aslegarden gnr. 123 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Aslegarden Strand er den delen av Søre Strand eller Ambegard som vart kalla Medgarden Strand på 1600-talet. Fyrst på 1700-talet var namnet Tolleivsgarden. Frå omlag 1780 kom gardsnamnet Aslegarden i bruk, dvs. ei oppkalling etter dåverande eigar.
    Aslegarden vart skattlagt som halvgard og hadde 12 laupsbol i landskyld i 1681. Etter at Pletten vart frådelt ligg det 9 laupsbol til garden.
    Innmarka ligg mellom Halvorsgarden i vest og Holtegarden i aust.
    Plassar: Pletten, bnr. 1 (frådelt 1827) og Brenna (Brennehaugen frådelt i 1875).
    I 1875 vart reistane av Nilsegarden, bnr. 34 slegne saman med Aslegarden.
    Areal 1865: dyrka jord 16 (6) mål, naturleg eng 28 (5) mål, 54 mål (ingen) utslått. Avling 17 1/2 (6 1/2) tunne bygg og 14 (5) tunner potet. (Tala frå Nilsegarden i parentes.)
    Areal 1995: dyrka jord 25 mål som vert leigd bort, anna areal 30 mål, produktiv skog 417 mål, anna utmark 80 mål.
    Stadnamn: Gjestolhaug, rund haug i lia ovanfor utgarden i Aslegarden.
    Tunet: Våningshus bygt omkring 1865, restaurert 1900, låve med fjøs og stall 1911.
    Stølar. Heimstøl Strandestølen, selt i 1974. Stølen Feten vart fråselt i 1875. Langstøl på Nyset (fråselt).

{6387} År: 1758

Anne Sveinsdtr. Ulshagen Skottebøl 1715c-1773s
Foreldre: Svein Olson Ulshagen og Haldis Olsdtr. Lå.
Gm Knut Torjusson Helling Strand Myking 1735-1804
Foreldre: Torjus Botolvson Ulshagen Helling og Birgit Olsdtr. Hove.
*Barn i andre ekteskap
1. Birgit Knutsdtr. Skottebøl Myking 30.08. 1761-1804
Gm Ola Olson Hove Myking, gnr. 93/1.
2. Guri Knutsdtr. Skottebøl 19.02. 1764-

Anne vart attgift med Knut Torjusson og overtok Tolleivsgarden (Aslegarden) kring 1758.
    Knut løyste ut syskenpartar i garden i tida frå skiftet etter Ola Knutson Skottebøl i 1758, men hadde ikkje fått skøyte på godset.
    Anne vart stevna 1758 av futen for å ha teke i bruk den forsegla brennevinskjelen sin. Vidare hadde ho lånt den bort til andre.
    Knut Gjestson m.fl. frå Numedal la beslag i noko tømmer som Knut m. fl. hadde hogd. Tømmeret vart teke att og selt på "en voldsom og ran-aktig måde". Noko som førte til rettssak. I 1763 vart hallingane ilagt 50 rd i saksomkostningar og bot av sorenskrivar og krigsråd Styr på Nore tingstugu. (1305) s 7
    På skiftet etter Anne på søre Strand i 1773 var det 1011 rd å dele på enkjemann og 7 barn i 2 kull. Garden Strand (12 lb.) og plassen Brenna vart utlagt til arvingane og 4 laupsbol til Eirik Sevatson Tune som kravde for restanse på skiftet etter Ola Strand i 1758. Knut kjøpte plassen Brenna hjå Ola Tolleivson i 1773 for 163 rd.
    Knut makeskifte 1776 Amundsplassen mot Myking med Tor Danielson Myking og lånte seg 200 rd.
    Knut selde 1776 Tolleivsgarden Strand (12 lb.) til stesonen Asle Olson og hustru.
    I 1797 vart Knut attgift med enkje Guri Olsdtr. Rimehaugen Holto. Sjå Myking, gnr. 93/1.

{6388} År: 1776

Asle Olson Skottebøl Strand 12.09. 1751-1803
Foreldre: Ola Knutson Skottebøl og Anne Sveinsdtr. Ulshagen.
Gm Guri Larsdtr. Noss Strand 21.10. 1753-1824
Foreldre: Lars Knutson Noss Torkjellsgard og Ambjørg Larsdtr. Rime.
*Barn
1. Anne Aslesdtr. Strand 05.06. 1775-1814
G 1794 m Nils Knutson Rangdigarden Strand, gnr. 123/34.
2. Ambjørg Aslesdtr. Strand Huus 07.12. 1777-1856
G 1806 m Ola Torsteinson Øvrejorde (Hol) Stave Huus, gnr. 112/1.
3. Ola Asleson Strand 15.10. 1780-1861
G 1806 m Ingeborg Sveinsdtr. Sundbrei. Sjå neste hushald.
4. Anne Aslesdtr. Strand Baklien 22.02. 1784-1860
G 1814 m Asle Fingarson Baklien, gnr. 41/1.
5. Lars Asleson Strand 25.12. 1786-1838s
G 1822 m Birgit Olsdtr. Trettestølen. Barn: Asle 1822- til Am. i 1855 gm ... ... ; Ola 1824- gm Liv Torsdtr. Einsetlien, budde på Trettestølen til 1859- drog så til Øvstebø i Aurland og til Am. i 1861; Knut 1826-1853 soldat, omkom under minering på Øvrejorde; Guri 1828-1844; Svein 1833-1833; Helge 1835- gm Ola Rognaldson Gudbrandsgard; Lars 1838- gm Turid Nilsdtr. Grøvo, var på Gauteleine og seinare Sveingard, dette var den kjende Lars Lein som var hjelpesmann for lord Garvagh. Sjå Hol II s ..
    Lars og Birgit møttest som onnefolk på Gudbrandsgard i Sudndalen.
    Dei budde som inderstar på Trettestølen under Gudbrandsgard frå 1822, og kjøpte garden i 1837. Lars døydde hjå brordottera si på Reistad i Sigdal. Han var på ei ferd utover for å ta i mot hamnefe. Birgit sat att med sju små barn, og streva seg fram til 1855 då bruket gjekk på auksjon. Sjå Hol V s 460. Birgit døydde i Aurland hjå eldste sonen Ola.
6. Haldis Aslesdtr. Strand Sundbrei 01.03. 1789-1869
G 1816 m Syver Sveinson Sundbrei, gnr.
7. Guri Aslesdtr. Strand Vangen 26.12. 1791-1862
G 1812 m Lars Asleson Stave StoreVangen, gnr. 115/5a.
8. Knut Asleson Strand 1794-1881
=Asle-Knut. G 1838 m enkje Jørand Torsdtr. Bekkestad Strand. Meister-spelemann. Sjå år 1823.
9. Svein Asleson Strand 1797-
Ug. Innerst på Strand i 1865. Ikkje død i Ål.
    Svein vart kalla Tambur-Svein. Han deltok i slaget ved Matrand i 1814, men var lite lysten på å fortelja då han kom heim att. "Gu' bevare deg for krig. Då kan dauen koma fort!"
    Då krigen var slutt marsjerte dei gjennom gatene i Oslo, og Svein slo på tromma så rutene dirra.

Asle Olson Strand kjøpte odelsretten til Tolleivsgarden Strand hjå syskenbarnet sitt Rangdi Tolleivsdtr. i 1775. Pris: 63 rd.
    I 1776 kjøpte Asle Tolleivsgarden Strand hjå stefar Knut Torjusson. (12 laupsbol, inkl. plassane Pletten og Viskeplassen). Ingen pris vart oppgitt, men Asle lånte 240 rd mot pant i garden. Namnet Aslegarden skriv seg nok frå Asle. Asle selde Pletten og Viskeplassen att i 1785 for 165 rd.
    Asle kjøpte 1790 fylgjande for 195 rd hjå lensmann Album: langstølen Røungen med to buer, andel i slåttelendene Vangen og SkotvollJøtene, andel i Rødungsoset, åkrane Krokåkeren og Bjødnaåkeren. (1221) s 278b
    På skiftet etter Asle i 1803 fekk dei ugifte barna kvar si klede-kiste verd 4 rd og 1 ku (14 rd). Dei andre (gifte) syskena hadde kvar fått 18 rd tidlegare.

{6389} År: 1792

Ola Asleson Strand 15.10. 1780-1861
Foreldre: Asle Olson Skottebøl Strand og Guri Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
Gm Ingeborg Sveinsdtr. Nestegard Strand 1781-1826
Foreldre: Svein Sveinson nordre Sletto Nestegard (Hol) og Guri Olsdtr. Havardsgard.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Strand Reistadmoen 22.03. 1807-
G 1832 m Gulbrand Gulbrandson Reistadmoen frå Sigdal. (Båe systrene vart gifte i Holmen kyrkje 22. mars 1832.)
2. Anne Olsdtr. Strand 12.02. 1809-
3. Guri Olsdtr. Strand Reistad 26.02. 1811-1894
G 1832 m Sebjørn Gulliksen Skartum-eie, husmann under Reistad i Sigdal. Barn: Ola ....- til Am.; Gullik ....- til Am.; Ingebjørg ....- til Am., gm Lars Knutson Turkedalen; Anne 1840-1914 gm Tolleiv Olson Skjølet-Skrien, gnr. 125/12.
    Dei siste fire leveåra var Guri innkjøpt hjå dottera Anne for Sigdal fattigkasse.
4. Sissel Olsdtr. Strand 27.01. 1814-1851
Gm Andreas Olson Toverud, Sylling. Han var skomakar på Nes. Barn: Ingeborg f. 1846 gm ... ..., til Amerika.
5. Guro Olsdtr. Strand Skuledokken 29.05. 1816-1842
G 1841 m Arne Olson Bergsgard - Skuledokken (Hol). Ingen barn vaks opp. Arne var lærar i Hol.
6. Asle Olson Strand 14.04. 1819-
G 1843 m enkje Mari Olsdtr. Strand StoreTeig, gnr. 123/17.
7. Svein Olson Strand 08.07. 1822-
8. Svein Olson Strand 01.07. 1824-1824
9. Svein Olson Strand Teigen 21.12. 1826-
Svein var i Storeteig hjå broren Asle i 1861.

Ola og Ingeborg gifte seg i 1806. Ola Asleson kjøpte garden for 594 rd i 1792
    Ola kjøpte Pletten, Viskebråten og nokre slåttelende i 1799 for 199 rd. (1259) s 350
    Ola selde halve garden til broren i 1823. I 1835 selde han den andre halvparten til Sevat Steingrimson for 470 spd og slikt kår: årleg 2 tunner bygg, 1 ku og 6 småfe framfødd, 1/4 av åkeren til "jord-epler" (potet); m.m. (1544)470
    Garden vart taksert til 400 spd og lagt ut til kreditor og arvingar/stervbomann i 1829.

{6390} År: 1823

Knut Asleson Strand 1794-1881
Foreldre: Asle Olson Skottebøl søre Strand og Guri Larsdtr. Torkjellsgard Noss.
Gm Jørand Torsdtr. Bekkestad Strand 22.03. 1795-1881
Foreldre: Tor Knutson Strand Bekkestad og Mari Mikkelsdtr. Underberget Bekkestad.
*Barn
1. Guri Knutsdtr. Strand 02.05. 1839-1921
G 1860 m Nils Steinson Flaata, Uvdal. Sjå år 1861.

Asle-Knut var tambur i krigen 1807-14. Han skal ha vorte teken til fange og ført til Sverige.
    Asle-Knut var meister-spelemann. Han kunne gå inn att or arbeidet for å spela ein lått. Asle-Knut var kjent for fint, lognt spel. Han tok aldri del i kappspel. Om folk fekk han til å låte i eit lag, så tok han aldri spelepengar. Dei gav han gjerne til brura. (Sjå boka 'Det tilla og det læt' av Paul Breiehagen s. 227.)
    Knut kjøpte halve Aslegarden Strand hjå broren Ola i 1823 og den andre halvparten hjå Sevat Steingrimson i 1836.

{6391} År: 1835


Sevat Steingrimson Rudningen Sundrebråten f. 1799 fekk 1835 skøyte på halve Aslegarden Strand hjå Ola Asleson Strand. Pris: 470 spd og kår til seljaren.
    Asle, sonen til Ola Asleson, skulle få lov til å bu heime så lenge han skikka seg vel. (1544)470
    Sevat selde garden i 1836 til Knut Asleson Strand. Sjå nordre Rudningen, gnr 120/3. Til Amerika 1878.

{6392} År: 1861

Guri Knutsdtr. Strand 02.05. 1839-1921
Foreldre: Knut Asleson Aslegarden Strand og Jørand Torsdtr. Bekkestad.
Gm Nils Steinson Flåta Strand 27.07. 1833-1915
Foreldre: Stein Hansson Flaata og Guri Vilhelmsdtr. Sønstebø, Uvdal.

Nils og Guri gifte seg i 1860. Ingen barn. Men dei tok til seg tre fosterbarn. Dei budde på Aslegarden Strand.
    Nils kjøpte Aslegarden for 600 spd og kår i 1861. Så kjøpte han reisten av den utselde Nilsegarden i 1862 og selde Aslegarden 1872. Men i 1875 kjøpte Nils attende Aslegarden.
    Nils var rask av seg. Arbeidet gjekk kvikkt unda, og han gjekk til stølen på omlag halve tida av det folk elles brukte.
    Nils var ein av dei siste bygde-urmakarane. Mange fine stuguklokker i bygda kjem frå hans hand. (1224)

{6393} År: 1872

Lars Asleson Kyrkjedelen Lappegard 11.01. 1846-1926
G 1870 m Rangdi Olsdtr. Løkensgard. Foreldre: Asle Nilsson Rangdigarden-Strand Kyrkjedelen og Anne Tolleivsdtr. Vareberg.

Lars Asleson Kyrkjedelen, gnr. 64/2 (1846-1926) kjøpte Aslegarden i 1872.
    Lars selde Brennehaugen, Feten (bnr. 11) og Nysetjørna i 1875. Resten av garden selde han attende til Nils Steinson Flåta same året.

{6394} År: 1875


I 1875 kjøpte Nils Steinson Flåta attende Aslegarden. Sjå år 1861. Han hadde i mellomtida vorte eigar også av restane av Nilsegarden, bnr. 34. Sidan har Nilsegarden lege under Aslegarden.
    Nils restaurerte våningshuset kring 1900.