Strand, Halvorsgarden gnr. 123 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Strand, Halvorsgarden gnr. 123 bnr. 6-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Halvorsgarden Strand var opphavleg ein del av Ambegard eller søre Strand. Garden vart kalla Søre-nedre eller Nedre Strand på 1600-talet og utover til 1720-åra då namnet Andersgarden kom i bruk etter dåverande bonde. Frå Halvor Sata tok sete på garden i 1747 har namnet vore både Halvorsgarden og Søre-nedre Strand.
    Halvorsgarden var delt i to halvgardar fyrst på 1600-talet, truleg alt før 1619. Båe gardane skatta av 10 laupsbol. Den andre garden, bnr. 16, gjekk under namna Halvorsgarden, Urden og sidan Holtegarden.
    Halvorsgarden grensar mot Larsstugu i vest og mot Aslegarden i aust. Det opphavlege tunet til Ambegard låg truleg oppe på Eggen.
    Halvorsgarden var den einaste av Strandgardane som kongen var deleigar i. Krongodset i garden vart rekna til 3 bismarpund eller 2 laupsbol, bonden sat med reisten 18 (sidan 20) laupsbol odelsgods. Bonden var såleis både odelsmann og leiglending. I 1588 skatta bonden årleg av 8 kalvskinn og 1 album. Ål prestebol hadde årleg innkome frå søre Strand på 1 mæle korn i 1626.
    Bonden måtte betale bygselavgift av 3 bismarpund jordegods til kongen, og tredjekvart år måtte bygsla fornyast. ('Holding'). Sist på 1600-talet kom krongodset på handel, og bonden måtte forhalde seg til ymse pengefolk, madam Tolder, generalløytnant Hans Ernst Fritschler og Jens Grønbech.
    I 1718 vart bøndene sjølveigarar. Anders Olson og Ola Nilsson Strand kjøpte krongodset i garden Strand på auksjon etter Jens Grønbech. Kjøpesum var 200 rd, - Ola og Anders skulle dele godset seg i mellom. (1086) 148b
    Torkjellgard Strand bnr. 8 vart tilkjøpt i 1828, av dette vart Storeteig, bnr. 17 seld vidare i 1841.
    Areal 1865: dyrka jord 16 1/2 mål, naturleg eng 24 mål, utslått 28 må. Avling 18 1/2 tunne bygg 13 runner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 50 mål og anna areal 25 mål som vert leigd bort, produktiv skog 999 mål, anna utmark 2292 mål.
    Våningshus frå slutten av 1700-talet, restaurert 1894, låve 1916, eit loft (eit anna loft vart selt og står på Geilo) og eldhus frå 1700-talet, snikkarverkstad frå omlag 1940.
    Stølar. Heimstøl på Skalledokken. Langstøl på Store Nyset.

{6405} År: 1782

Ola Halvorson Strand **.08. 1745-1802
Foreldre: Halvor Olson Halvorsgard Strand og Birgit Olsdtr. Opsata.
Gm Astrid Torsteinsdtr. Skrattegard Strand 09.07. 1747-1776
Foreldre: Torstein Sveinson Søre Stave/Skrattegard og Margit Aslaksdtr. Hove.
Gm Anne Aslesdtr. Stave Strand 20.04. 1767-1849
Foreldre: Asle Larsson nordre Stave og Liv Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
*Barn i andre ekteskap
1. Halvor Olson Strand 12.10. 1788-1797
2. Asle Olson Strand 12.09. 1790-1801f
3. Astrid Olsdtr. Strand Myking 01.04. 1793-1817
G 1815 m Knut Olson Myking, gnr. 93/1.
4. Birgit Olsdtr. Strand 10.01. 1796-1837
G 1831 m Ola Sveinson Sundbrei Strand, sjå Holtegarden Strand, gnr. 123/16.
5. Embrik Olson Strand 02.09. 1798-1807f
6. Liv Olsdtr. Strand 31.08. 1801-1802
7. Ola Olson Strand Stave 24.10. 1802-1837
G 1827 m Ambjørg Tolleivsdtr. Helling. Sjå søre Stave, gnr. 114/1.

Astrid døydde i barselseng 1776. Ho hadde ikkje sterk helse. I 1766 heitte det at Astrid var sjuk og vanfør. Ola T. Rime kravde 13 års fosterløn for oppveksten hennar.
    Ola vart attgift med Anne Aslesdatter og fekk tre barn med henne.
    Ola fekk skøyte på Nilsegarden Strand i 1766 (unnateke Randeplassen med Langegardslåtta) for 612 rd og 1 rd årleg skattehjelp.
    Ola kjøpte 1785 Andersgarden Strand (= Halvorsgarden ein periode etter 1718). Og i 1791 kjøpte han plassen Turrhaug med Grothovstølet (?) i 1791 for 49 rd og 2 ort årleg skattehjelp til bonden i Nilsegard Strand hjå Anders Nilsson Vangen.
    På skiftet i 1807 var netto eige 4132 rd. Anne fekk kongeleg løyve til å sitja i uskifte den 28. juli 1807. Men Anne vart ikkje sitjande lenge, innan året var ute var ho attgift med Tolleiv Knutson.

{6406} År: 1807

Anne Aslesdtr. Stave Strand 20.04. 1767-1849
Foreldre: Asle Larsson nordre Stave og Liv Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Tolleiv Knutson Skottebøl Strand 1781-1833
Foreldre: Knut Olson Skottebøl og Kristi Eiriksdtr. Rikansrud.
*Barn i andre ekteskap
1. Asle Tolleivson Strand 14.11. 1809-1889
G 1840 m Sigrid Tolleivsdtr. Bjella. Sjå neste hushald.
2. Liv Tolleivsdtr. Strand Slettemoen 29.08. 1811-
G 1838 m Johannes Larsson Øvre-Lå - Slettemoen. Barn: Anne 1839- gm Lars Gunnarson Tune, til Am.; Kari 1840- til Am., gm Eirik Torsteinson Øvrejordet. (Hol III s 139)
    G 1845 m Tolleiv Sanderson Slettemoen. Barn: Tolleiv 1845-; Sander 1846- ; Astrid 1849- gm Lars Olson Strand - Hamarsbøen (2 barn); Kari 1850- ; Gunvor 1855- .
    Liv har fått skulda for at rosemålinga i loftstugu på Slettemoen vart røykt bort. Ho likte ikkje målinga. Om Liv var det fortalt at fekk ho ikkje viljen sin, så la ho seg føre, stundom fleire dagar. (1296) s 139
    Tolleiv sleit med økonomien. Etter eksekusjonar i 1859 og 1861 reiste Liv og Tolleiv til Amerika med alle ungane (båe kull) i 1864.
3. Kristi Tolleivsdtr. Strand Vangen 29.08. 1811-1899
G 1841 m Levor Olson Helling Vesle-Vangen, gnr. 115/28.

Anne vart attgift 1807 med Tolleiv Knutson. Dei fekk tre barn.
    Tolleiv kjøpte Torkjellsgarden Strand (9 laupsbol) i 1828. Som sidan har lege saman med Halvorsgarden.
    Dattera Birgit og mannen Ola Sveinson overtok Halvorsgarden, bnr. 16 i 1831.
    Då sonen Asle overtok resten av garden (dvs. bnr. 6) i 1835, ville Anne ha kår i staden for halve garden som enkjesete. (Kår: framfødd 2 kyr og 6 småfe, årleg 3 tunner bygg, 1/8 tunne rug, 1/4 mål potetland osv.)

{6407} År: 1835

Asle Tolleivson Strand 14.11. 1809-1889
Foreldre: Tolleiv Knutson Skottebøl Halvorsgarden Strand og Anne Aslesdtr. Stave.
Gm Sigrid Tolleivsdtr. Bjella Strand 16.01. 1814-1887
Foreldre: Tolleiv Larsson Bjella og Ingeborg Kitilsdtr. Liverud (Uvdal).
*Barn
1. Anne Aslesdtr. Strand Noss Tolleivsgarden 14.02. 1841-1888
G 1868 m Svein Knutson Tolleivsgarden Noss, gnr. 117/1.
2. Tolleiv Asleson Strand 26.01. 1844-1915
G 1872 m Birgit Larsdtr. Styrkestad. Sjå neste hushald.
3. Ingeborg Aslesdtr. Strand Ruud 30.09. 1846-1884
G 1876 m Ola Tolleivson Ruud, sjå søre Dengerud, gnr. 99/3.
4. Tolleiv Asleson Strand 11.07. 1850-1932
Gm ... Hedvig, København. Barn: Sigrid ....- gm H. G. Olson, ingen barn.
    Tolleiv var med broren og bygde Vangesmia. Utvandra for gå håndverkslære: teknisk skule i Horten. Ingeniør, til Am. i 1878, busett i New York, seinare Harrisburg, Penn. Tolleiv konstruerte store damp- og pumpe-maskiner. (1032) Tolleiv var ein god spelemann.
5. Guri Aslesdtr. Strand Nestegard 21.06. 1853-1909
G 1878 m Ola Sveinson Holto Nestegard 1842-1911. Barn: Svein 1879-1962 gm Gudrun S. Reinton; Dordei 1882-1919 gm Olav O. Reinton (5 barn); Sigrid 1883-1946 gm Torstein K. Seim (9 barn); Asle 1880-1950 til Slåtto (Nestheim) gm Sigrid O. Reinton (6 barn); Hans 1885- til Holshagen, gm Lilly Larsen (6 barn); Torleiv 1890-1967 til Knutsgarden Noss gm Borghild E. Noss; Ingebjørg 1889-1969 ug.; Guri 1892-1971 gm Ola Erikson Brenno.
    Ola kjøpte nordre Nestegard i Holet i 1875. Han kjøpte Iungsdalen i 1876 for 830 spd. Svein var handelskar og hadde drifte-fe i Iungsdalen. I 1890-åra tapte han pengar som kausjonist og dermed vart Iungdalen selt på auksjon i 1893.
    Ola fekk blodforgifting og døydde på sjukehus i Drammen etter sju dagar. Eit lite risp i handa starta det heile. (Hol III s 714, (1553)1911)
6. Astrid Aslesdtr. Strand 19.09. 1855-1875
Astrid var ugift.
7. Ola Asleson Strand 24.07. 1859-1945
Gm Guro Steinsdtr. Hamarsbøen. Smed, fotograf m.m. Sjå Bruteigen, gnr. 115/1.

Asle og Sigrid gifte seg i 1840. Asle overtok Halvorsgarden og Torkjellsgard på skiftet etter faren.
    Asle pantsette garden 1838 for 800 spd til Opplysningsvesenets fond. I 1841 selde han frå Storeteig, bnr. 17, og i 1847 selde han ein skogteig i Strandalien. Truleg kjøpte han attende halve skogen i 1873.
    Asle og Sigrid selde garden til sonen Tolleiv i 1881 og tok slikt kår: 3 kyr og 6 småfe framfødd, årleg 4 tunner bygg, 1/4 tunne salt, 1 mål åker, 1 mål eng, 1/2 potetland.

{6408} År: 1881

Tolleiv Asleson Strand 26.01. 1844-1915
Foreldre: Asle Tolleivson Halvorsgarden Strand og Sigrid Tolleivsdtr. Bjella.
Gm Birgit Larsdtr. Styrkestad Strand 11.11. 1854-1913
Foreldre: Lars Larsson Stavehaugen Styrkestad og Margit Eivindsdtr. Styrkestad.
*Barn
1. Margit Tolleivsdtr. Strand Øino 09.06. 1873-1911
Barn m/Ola Olson Strand, korporal og handelsbetjent på Sundre: Sigrid f. 1895, sjå barnebarn.
    G 1898 m Ola Asleson Øino 1861-1930, landhandlar på Sundre. Sjå eige hushald.
2. Sigrid Tolleivsdtr. Strand Noss 20.03. 1875-1957
G 1895 m em Eirik Eirikson Noss, sjå Knutsgarden, gnr. 120/1.
3. Asle Tolleivson Strand 05.07. 1877-1949
G 1903 m Mari Tolleivsdtr. Breie. Sjå neste hushald.
4. Lars Tolleivson Strand 22.04. 1879-1960
G 1901 m Barbro Eiriksdtr. Noss 1877-1970. Barn: Sissel 1903- ugift, på Borgerskolen i Kr.ania i 1916, dreiv forretning i Oslo.
    Lars T. Strand og ein Asle Larsson (Tunehagen?) kjøpte ein kolonialbutikk i Seilduksgt. 7 hjå kjøpmann Thoresen kring 1916. Busett i Stensgt. 32 i Kr.ania. Lars selde butikken og vart reisande forsikrings-agent for Hygea. (1553)1916/25
    Ei tid dreiv Lars og Barbro gard i Nedre Eiker. Så kom dei til attende til Ål og dreiv pelsdyr-al.
5. Tolleiv Tolleivson Strand 07.04. 1885-1885
*Barnebarn
1. Sigrid Olsdtr. Strand 10.09. 1895-1898
Foreldre: Ola Olson Strand (korporal og handelsbetjent på Sundre) (ungkar) og Margit Tolleivsdtr. Strand.

Tolleiv og Birgit gifte seg i 1872. Tolleiv kjøpte garden 1881 for kr 6400 og kår.