Granhagen gnr. 123 bnr. 6
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Granhagen gnr. 123 bnr. 6b

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Granhagen er den skrinne utmarka under søre Strand og Skottebøl sør mot Kvinda og opp mot Noss. Nokon opphavleg husmannsplass Granhagen er ikkje funne, om mogleg må ein langt attende i tid.
    Fyrst på 1700-talet vart det rydda mange plassar her, og mange av desse hadde eigne namn i daglegtale. Men når desse plassane skifta eigar, så vart det ofte nytt namn på plassen også.
    Dette vart brysamt for prest og lensmann, dei tok til å kalle desse plassane for Granhagen. Eit døme: ved nærare ettersyn ser ein at 'plassen Granhagen' i eit skifte frå 1736 gjeld Toreplassen. Avgrensinga av Granhagen har øvrigheita slurva med. Stundom vart til og med plassefolk oppe på Brenno-flata (dvs. Noss-eign) skrivne Granhagen!
    Dei fyrste plassane i Granhagen var Asgrimplass (etterkvart 3 stk.); Amundplassen (Tore-plass etterkvart); Pletten; Perplassen; Uthusplassen (Guro-plassen etterkvart); Håkonplassen (Leksvolplassen); Per-plassen og Branesberget.
    Sidan kom plassane Sagen; Turrhaug; Morehaugen; Hakkerud; Haugerud og Vangodden.
    Nedanfor vert ført opp Granhagen-familiar som ikkje let seg plassere sikkert på plassane nemnde ovanfor. Sume av desse folka kan vera husmenn, andre berre tilhaldsfolk og handverkerar. NB. Familiane står kronologisk etter omtrent år for giftarmål.

{6420} År: 1750

Embrik Olson Granhagen 1728.-
Foreldre: Ola ... ... og ...

Embrik Olson Granhagen var fyrst gift med Guri ... ... som han fekk tre barn med.
    Embrik kom til Ølve i Kvinherad på gruvearbeid. (Enkjemann med tre barn.)
    G 1765 m Lisbet Larsdtr. Bjelland. ( 1724-1793)
    G 1794 m Ingeborg Larsdtr. Øyjord (1747-1830) (Brev frå Peder Skår, Rosendal.)

{6421} År: 1760c

Eilev Sveinson Noss Gunhildgard Granhagen 1728-1801f
Foreldre: Svein Olson Noss Gunhildgard og Birgit Olsdtr. Gjeldokk.
Gm Anne Knutsdtr. Grevsgard? Granhagen 1723m-
Foreldre: Knut ... ... og ...
*Barn
1. Svein Eilevson Granhagen Tunehagen 13.03. 1757-1852
G 1786 m Birgit Eivindsdtr Tune. Sjå søre Tunehagen, gnr. 124/6.
2. Knut Eilevson Lå Granhagen 14.10. 1759-1817
G 1787 m Birgit Nilsdtr. Vangen. Sjå Toreplassen, gnr. 123/49.
   
3. Eilev Eilevson Strand 29.11. 1761-1762
Faddrar: Knut Ivarson Strand, Ola Tolleivson Rime, Astrid Sundbrei, Ambjørg Sandåker.
4. Margit Eilevsdtr. Granhagen Rudningen 08.11. 1761-
G 1790 m Steingrim Johanneson Sundrebråten nordre Rudningane, gnr. 120/3.
5. Birgit Eilevsdtr. Granhagen 26.12. 1762-
6. Sevat Eilevson Lå 26.12. 1776-

   

Eilev og Anne gifte seg i 1756. Anne fekk eit barn under ei reise i 1766, truleg dødfødt.
    Dei budde på Lå fram til 1762. Deretter i Bakketeigen, Sundbrei, ØvreLå og Granhagen.
    Asle Knutson Tangen og Eilev Sveinson Noss var tiltala for slagsmål på Sundbrei i 1751: dei brukte trespade og knivar.

{6422} År: 1783

Eilev Nilsson Hestebrekk Granhagen 22.09. 1748-
Foreldre: Nils Toreson Hestebrekk Trydalen og Jørand Eilevsdtr. Persplassen.
Gm Lukris Syversdtr. Bøygard Granhagen 1723-
Foreldre: Syver Asleson/Aslakson Storedal Bøygard og Birgit Olsdtr. Bøygard.

Eilev og Lukris gifte seg i 1783. Lukris hadde sonen Syver f. 1754 saman med Vigger Eivindson Oleivsgard.

{6423} År: 1791

Ola Eirikson Perplassen Granhagen Isungset 1755-1844
Foreldre: Eirik Person Perplassen Granhagen og Birgit Sevatsdtr. Svillegard.
Gm Margit Knutsdtr. Noss Knutsgarden Granhagen Isungset 28.11. 1776-1860
Foreldre: Knut Larsson Kvinnegard Tune Knutsgarden Noss og Gro Gunnarsdtr. Åker (Hol.)
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Perplassen 03.11. 1793-
Gm Lars Anderson Øyo-Bardølsgard, Hol. Ingen barn vaks opp.
    G 1816 m Ola Knutson Åker. Barn: Lars 1818-1897 bonde på Isungset, g 1845 m Ågot Olsdtr. Underberget.

Ola hadde to barn med Torand Knutsdtr. Noss Jøto: Elling 1789- og Birgit 1792. Med Lukris Larsdtr. Noss hadde han sonen Eirik f. 1791.
    Ola Eirikson var "hyrug og nærig," kjøpte og selde gardar og la seg opp pengar. Denne verksemda førte til at han var fast gjest i forliks-kommisjonen.
    I 1797 sende Ola eit lass med 'fedevarer' til marken på Bragernes med Syver Helling. Men Syver rømde med oppgjeret, truleg til Sverige. Ola hadde uteståande 369 rd hjå Syver, og i det buet var det lite å hente.
    Same år vart Ola innklaga til forlikskommisjonen av Asle Strand som meinte at Ola hadde sett eit steingjerde inne på hans eigedom.
    Ola kjøpte Breiehagen i 1804 og selde att etter ein månad. Så kjøpte han Arnegard i Vats, og der vart det strid om betaling og ryddiggjering.
    I 1809 kjøpte Ola garden Isungset i Hol på auksjon. Han hadde eit krav på 209 rd i garden. Ætta hans sit enno på Isungset. I 1834 slo Ola seg til på Helgegut-øyne i Hol.

{6424} År: 1793

Sevat Eirikson Granhagen 19.01. 1755-
Foreldre: Eirik Person Tjønndalen Perplassen og Birgit Sevatsdtr. Svillegard
Gm Ågot Eilevsdtr. Perplassen Granhagen 15.05. 1757-1813
Foreldre: Eilev Olson ... Strand og Lukris Håkonsdtr. Perplassen.
*Barn
1. Birgit Sevatsdtr. Granhagen 15.03. 1778-
Birgit var tenestjente på Rime i 1801.
2. Eirik Sevatson Vangen Underberget 22.08. 1784-1867
G 1813 m Torand Levorsdtr. Espegard. Sjå UnderBerget, gnr. 70/7.
3. Eilev Sevatson Noss 1794-

Sevat og Ågot gifte seg i 1793. Sevat hadde også Randi f. 1792 (ukjent) med Kristi Olsdtr. Granhagen. Sevat og Ågot budde i Granhagen.
    Ein sundags morgon i mars 1778 kom Sevat til å stikke Amund Hansebråten. Dei hadde rangla, spøkte og fjasa med kvarandre.
    "Kvifor rysker du meg?" spurde Amund. "Kvifor spenner du meg?" svara Sevat. Amund dytta Sevat opp i ei seng og dermed stakk Sevat. (1397) s 40
    I likferda etter Kolbjørn Moen i Hol trekkte Sevat kniv mot sersjant Ruud. I vegnaskjelet ved Solheim stod Sevat med kniven. Sersjanten drog fram sin "Hertsfænger" og sa: "Kjem du nær meg, så renner eg denne i livet på deg."
    Sersjanten avverga knivbruken den gongen, men Sevat vart anmeldt. (1397) s 44
    I 1778 vart Sevat tiltala for å ha fornærma lensmann Album. Det skjedde ein sundag då øvrigheita hadde reist frå tinget, og Sevat hadde vore med og skyssa. Sevat kom ridande drukken til Sundre, men fall av hesten og la seg norda garden ved ei "kjølne" (= badstugu). Kaptein Arøe og lensmann Album bar Sevat fram i garden på Sundre og så skulle dei gje han vatn. Om ei stund gjekk Sevat inn i stugu til Kristen Ånstad. Album fylgde etter inn, - og utan varsel dytta Sevat lensmannen over ende inn i peisen. Der var det varme, men Album spratt fram att utan skade.
    På vintertinget 1779 vart Sevat ilagt 18 rd i bot for dyttinga. På same tinget fekk Sevat tre bøter for knivstikking, tilsaman 57 rd i bot. (1397) s 47
    Det var truleg i overkant av det Sevat kunne betale. Og i juni 1779 vart han sendt til Akershus Festning. I 1784 vart Sevat idømt festnings-arbeid for sine tre legemål.
    Presten uttrykte seg slik om Sevat i 1788: "En sværmer og et uroligt menneske som for den almindelige sikkerhet burde ..... bevares".