Tjønndalen gnr. 123 bnr. 32
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tjønndalen gnr. 123 bnr. 32-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tjønndalen var ei slåtte under søre-nedre Strand (Halvorsgarden Strand). Før 1747 vart Tjønndalen frådelt med 3 laupsbol, kalla 'teigen Tjønndalen' og plassane Håkonsplassen og Hartre-Per-plassen. Den bortkomne Perplassen står som eigen plass under Halvorsgarden, den var ein del av Tjønndalen. Både Perplassen og Hartræet finnst som stadnamn på garden.
    Det var ei tjønn i Dalen, den gav namnet Tjønndalen til bruket, tjønna vart utgrøfta kring 1900.
    Frådelte plassar: Leksvolplassen og Perplassen.
    Areal 1865: dyrka jord 16 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 28 mål. Avling 18 1/2 bygg og 15 1/2 potet. Areal 1995: dyrka jord 50 mål, anna areal 100 mål, produktiv skog 2000 mål, anna utmark 5000 mål. Leigd jord 50 mål. Buskap: 24 fôringsdyr.
    Våningshus bygt 1894, restaurert 1969 og 1991, kårhus 1956, driftsbygning 1914, restaurert 1978, stolphus og loft omlag 1700, skogs- og stølshus.
    Haugegarden, gnr. 119/1 vart kjøpt som tilleggsjord i 1946.
    Stølar. Heimstøl Torjusdokken, Vollane og Talgedokkji i Vestlien. Langstøl Nyset og Teige-Nyset. Råagjerda på Torsbu tilkjøpt 1967.

{6508} År: 1760c

Ingeborg Andersdtr. Strand Tjønndalen 1721-1798
Foreldre: Anders Olson Rime Halvorsgarden Strand og Birgit Halvorsdtr. Sata.
Gm Halvor Knutson ... Tjønndalen 1720c-
Foreldre: Knut ... ... og ...
Gm Torjus Knutson Håkonsgard Tjønndalen 1737-1817
Foreldre: Knut Torjusson Håkonsgard Tunehagen og Guri Knutsdtr. Strand Bakka.

Ingeborg vart attgift med Halvor Knutson Tjønndalen. Dei lånte 60 rd med pant i Tjønndalsplassen i 1760.
    Halvor gjorde opptak til odelsløysing på Strand på vegner av Ingeborg. Men det kom til forlik før saka starta. Halvor skulle få kjøpe garden for 570 rd, men hadde ikkje pengane. For ikkje å miste eigedomsretten vart det ordna med eit pantelån på denne summen. Men i 1766 skøytte dei garden til Halvor Olson Strand for 570 rd. (1288) s 46
    I 1767 kjøpte Halvor Tuftedokken for 80 rd hjå Eilev Olson Tullegard.
    Ingeborg vart attgift 1776 med Torjus Knutson Tunehagen.
    Torjus og Ingeborg inngjekk fletføringskontrakt med Knut Skottebøl i 1787. Han skulle gje dei kår mot å overta all eiga etter dei. Dei var barnlause og ingen slektningar ville ha dei hjå seg, så Knut skulle få eiga etter dei mot at dei fekk bu i Tjønndalen og ha fylgjande ytingar: stuguhus til bruk, 6 tunner korn, 3 kyr og 12 småfe framfødd, og dessutan 6 småfe som slakt kvar haust.
    Torjus selde Håkonplassen i 1782 til Ola Halvorson Leksvol. Sjå Leksvolplassen, gnr. 123/33.
    I 1800 skulle Torjus gifte seg med enkja Kari Tolleivsdtr. Odden, men så ombestemte dei seg!!

{6509} År: 1797


Knut Olson Skottebøl f. 1746 overtok Tjønndalen 1797 etter kontrakta med Ingeborg og Torjus. Sønene Ola og sidan Svein overtok Tjønndalen.

{6510} År: 1810


Ola Knutson Skottebøl hadde bruket frå 1810 til 1813 då broren Svein fekk skøyte.

{6511} År: 1813

Svein Knutson Skottebøl Tjønndalen 1786-1841
Foreldre: Knut Olson Skottebøl og Kristi Eiriksdtr. Rikansrud.
Gm Ambjørg Larsdtr. Noss Sundbrei 15.11. 1789-
Foreldre: Lars Larsson Torkjellsgard Noss og Birgit Knutsdtr. Leksvol.
*Barn
1. Kristi Sveinsdtr. Sundbrei 12.07. 1812-
2. Birgit Sveinsdtr. Sundbrei Kjella 28.10. 1814-
G 1838 m em Ole Torgersen Kjella, busett i Norderhov 1790- . På Kjella i Norderhov i 1838. Busett 1859 på garden Brua på Ringerike.
3. Knut Sveinson Sundbrei 09.01. 1818-1898
Gm Ragnhild Larsdtr. Håkonsgard 1819-.... . Barn: Ambjørg 1851-1876; Guri 1858- g 1877 m Sander Tolleivson Moen; Maria 1860- konf. 1875 .. ; Kristine 1863- konf. 1878 ... . (1358)
    Knut var soldat og "bekjent Spetakkel-maker". Han reiste til Am. 1857.
4. Lars Sveinson Sundbrei 02.01. 1821-1896
G 1861 m Borghild Knutsdtr. Veslehaugen 1822-1913. Barn: Svein 1863-1933; Anne Gurine (Julia) 1864-1921 gm Oscar Amundsen Steberg (Fron); Anette 1867-1943 gm Ola Halvorson Haugen 1864-1947.
    Til Am. Medlem i Lands Church. (1344) (1358)
5. Ola Sveinson Sundbrei Strand 13.05. 1826-1896
G 1857 m Gunvor Eiriksdtr. Rue. Barn: Svein 1857-1858; Anne Marie 1860-1863; Swen 1862-1954 gm Mina Steberg; Anne 1864-ung ; Mathilde 1866- ; Erik 1869-1920 gm Alfreda (Frida) Hanson; Anne Christine 1871- gm ... (3 barn ). (1323) s 372 (1358)
    Til Am. med broren Eirik: Zumbrota. (Har Zumbrota namn etter dei 6 brørne frå Sundbrei?)(1047).
6. Eirik Sveinson Sundbrei 07.08. 1829-1911
G 1858 m Susanne Annethe Johansdtr. Ingebretson (Svelvik) 1841-1929. Barn: Anne Christine/Hanna 1859-1882 g 1875 m Sven Olson Finberg (3 barn); Mathilde 1862-1905 g 1879 m Torjus Kitilson Finnesgard (født i USA) (11 barn); Johanna Beate 1864-1944 g 1887 m Even Evenson Hulbak (Hems.); Swen Edward 1867-1951 g 1891 m Gina Serna Monson Kallar; John 1871-1954 g 1894 m Borghild Olsdtr. Rønningen; Dina Christine 1874-1946 g 1898 m Ole Johan S. Markussen; Caroline 1877-1972 g 1901 m Martin Henry Syverson Dokken (av nesningslekt ). (1358)
    Til Am. 1889 utfl. attest. Eirik var ein av dei fyrste setlarane ved Zumbrota, MN.
7. Tolleiv Sveinson Sundbrei 25.07. 1833-
G 1861 m Anne Halvorsdtr. Gjerdnes f. 1842. Farmar i Minneola Township, Goodhue Co MN.
8. Torkjell Sveinson Sundbrei Svensen 27.02. 1838-1908
Gm Martine .... Svensen, 1858- . Barn: 9, av desse vaks opp 5: Johanna 1878- lærar; Allette 1882- ; Selma 1884- ; Emma 1886- ; Clara 1893- .
    Farmar i Minneola, Goodhue Co, MN. Dei skreiv seg Svensen.

Svein var ute i krigen 1807-14. Han kvitterte for arv til Ambjørg i 1825.
    I 1829 lånte Svein tilsaman 800 spd hjå Lars Bårdson Sæbø i Eidfjord og Torjus Nerol.
    Svein selde Tjønndalen og Perplassen i 1834, og budde sidan på øvre Sundbrei.
    Ambjørg reiste til Amerika med fleire av ungane i 1857. Busett i Zumbrota, MN. Dei skreiv seg Sundbrei.

{6512} År: 1834

Knut Eilevson Strand Tjønndalen 1777-1834
Foreldre: Eilev Knutson Strand Bakka og Astrid Mikkelsdtr. Underberg .
*Barn
1. Astrid Knutsdtr. Foss Gjerdnes 01.03. 1815-
G 1839 m Kitil Nilsson Gjerdnes (og Hefte), sjå gnr. 123/45.
2. Hans Knutson Foss Hefte 24.05. 1820-1839
Barn: Knut f. 1840 m/ Astrid Torsdtr. Bakketeigen Kulutunga. (853)
    Han døydde 20 år gamal i Hefte.

Knut gifte seg 1807 med enkja Guri Hansdtr. Rauk frå Nes.
    Knut hadde søre Foss i Hol frå 1823 til 1833.
    Knut fekk skøyte på Tjønndalen i 1834, men døydde alt i 1835. Skiftet opplyser at det var smittsam sjukdom i huset i tre veker før Knut døydde. (Det gjekk såkalla nervefeber i bygda på denne tida.)
    Tjønndalen vart taksert til 650 spd. Enkja selde garden til Ola Larsson.

{6513} År: 1835

Ola Larsson Noss Tjønndalen 14.04. 1799-1886
Foreldre: Lars Larsson Torkjellsgard Noss og Birgit Knutsdtr. Leksvol.
Gm Ambjørg Tolleivsdtr. Noss Haugegarden Tjønndalen 31.08. 1800-1879
Foreldre: Tolleiv Olson Haugegarden Noss og Sissel Larsdtr. Noss Torkjellsgard.
*Barn
1. Birgit Olsdtr. Noss Tjønndalen 23.09. 1831-1852
Ugift.
2. Lars Olson Tjønndalen 28.10. 1834-1859
Lars omkom då han skulle velte ein stein, og fall utover Nysetknippen. (1016)
3. Tolleiv Olson Tjønndalen 15.12. 1837-1915
Ugift. Sjå neste hushald.

Ola og Ambjørg gifte seg i 1831. Han kjøpte Tjønndalen i 1835.

{6514} År: 1876c

Tolleiv Olson Tjønndalen 15.12. 1837-1915
Foreldre: Ola Larsson Noss Tjønndalen og Ambjørg Tolleivsdtr. Haugegarden Noss.

Tolleiv var ugift. Tolleiv overtok garden omlag 1876. Han hjelpte far sin i 1875.
    Langstølen på Rødungen (gnr. 123/13) vart frådelt Tjønndalen i 1877.
    Ved folketeljinga 1891 var Ågot Langeland f. 1871 losjerande hjå Tolleiv.
    Tolleiv selde garden i 1899 og tok kår.
   

{6515} År: 1899

Arnfinn Tolleivson Breie 21.07. 1883-1960
Foreldre: Tolleiv Larsson Skottebøl Breie og Kristi Eiriksdtr. Noss.
Gm Kari Syversdtr. Luksengard Breie 28.07. 1899-1978
=Kari Karoline. Foreldre: Syver Syverson Logsengard (Kongsvoll) og Liv Olsdtr. Vestenfor.
*Barn
1. Torleiv Breie 04.10. 1924-
G 1951 m Borghild Granholen. Sjå neste hushald.
2. Liv Breie Trøen 03.05. 1927-
Gm Ingvald Trøen, Romsdal. Barn: Arnfinn 1957- .................. ; Inge 1959- ................ ; Øystein 1961- ........................
    Liv var jordmor og Ingvald heradskogmester, busett på Voss.

Arnfinn og Kari gifte seg i 1923.
    I unge år var Arnfinn ein spretten kar som gjorde det godt både i skiløypa og på dansegolvet. Når han dansa laus vart det stillt i stugun. Arnfinn var også innehavar av 3. premie frå kombinert renn i Holmenkollen, han var ein av dei fremste skiløyparane i dalen. (1466) 93 ('Det tilla og det læt' av P. Breiehagen s. 287.)
    I 1913 fekk han ein tur til Berlin. Lessing-theateret sette opp forestillinga Peer Gynt, og hyra Arnfinn til å danse laus og Asle Perstølen til å spela fele.
    Arnfinn kjøpte Tjønndalen i 1899 for kr. 3600 og kår.
    Arnfinn var ordførar tilsaman i 18 år og har hatt ei rekke kommunale verv. Han fekk Kongens fortenstmedalje i gull.
    I 1923 skreiv bladmannen Anders Mehlum: "Altså er tusenårsriket kommet til Aal. Ordføreren (Helgesen) er ytterste Høyre og vara-ordføreren (Breie) decidert Venstremand!"
    I 1928 vart frådelt tomt til Skottebøl skule.