Gjerdnes gnr. 123 bnr. 45
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Gjerdnes gnr. 123 bnr. 45-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Gjerdnes vart delt frå Larsgarden Strand i 1732. Innmarka og tunet til Gjerdnes ligg på eit nes i Strandafjorden. Landskyld 3 laupsbol.
    Gardsnamnet har stort sett vore Gjerdnes frå gamalt. Men formene Jærnes og Gjærnes har også vore brukt. Slektsnamn i nyare tid er Gjernes. I daglegtale heiter det 'i' Gjerdnes og ikkje på!
    Areal 1865: dyrka jord 11 mål, naturleg eng 20 mål, utslått 46 mål. Avling 10 1/2 tunne bygg 9 tunner potet.
    Arela 1995: dyrka jord 25 mål og anna areal 20 mål som vert leigd bort, produktiv skog 250 mål. Våningshus bygt omlag 1953, loft 1760, bu bygd 1890 av eit stabbur frå 1761, eldhus omlag 1880, fjøs 1890, låve 1802, ombygd 1850 og 1890. Den gamle hallingstugu vart hytte på Ustaoset. (Eller Haugastøl.)
    Plassar. Slåtta var husmannsplass. (Ligg på Vestsida nord for Skjølet.)
    Stølar. Heimstøl på Holle (ved Høgebråt), langstøl på Nyset.
    Det vart slutt med husdyr i Gjerdnes omkring 1970. Hus og jordveg har sidan vore bortleigd.

{6549} År: 1750c

Rangdi Tolleivsdtr. Strand Gjerdnes 1710c-
Foreldre: Tolleiv Olson Ulshagen Tolleivsgarden Strand og Guri Olsdtr. Skottebøl.
Gm Knut Hansson Storlien Gjerdnes 1709.-1757
Foreldre: Hans Anderson Storlien Hanseplassen og Anne Syversdtr. Storlien.
*Barn
1. Anne Knutsdtr. Gjerdnes 28.01. 1753-
2. Guri Knutsdtr. Gjerdnes 27.02. 1757-

Knut og Rangdi budde m.a. på Gjerdnes ei tid. Knut fekk opphald og husvære på Skottebøl. Etter ein dom i 1757 var han skuldig Ola Olson Gjerdnes 8 rd.
    Truleg vaks ingen av ungane opp.
    I 1735 var Knut lauskar og handelskar og budde hjå Ola Dokk. Knut vitna at han nyleg hadde mista ein finger, og var difor ikkje god til korkje å arbeide eller å betale skatt. Neste år vart Knut bøtelagt 2 rd for å ha vore laus og ledig eit års tid.
    Knut vart bøtelagt som laus person også i 1737. Ålmogen opplyste at stundom budde han her i bygda, og stundom var han "nordafjelds" i Bergenhus len. Han var fattig og utan eige, - og fekk han seg noko fortenest, så drakk han det opp straks. (1128) s 34
    I 1745 var Knut tiltala for overfall på Håkon Olson Pletten i hans hus natta etter kyndelsmess 1745. Dei krangla litt om noko Håkon hadde sagt. Så kom kona til Håkon med ei ølskål og sa: "Drikk du ut Knut, eller vil du gå din veg eller legge deg her, så er det vel."
    Men Knut svara: "Ryk du fanden i vold," og så flaug han på Håkon.
    Knut pådrog seg søksmål etter eit lag på Vangen pinsen 1747, der han tok Knut Tangen i håret og smellte han i bordet.
    Knut og Rangdi kjøpte odelsretten til halve Strand (12 lb.) i 1754 hjå broren hennar i . Pris 99 rd (1174) s 423 b
    Knut døydde på sjukehus i Kristiania. På skifte 17.06.1757 var det stort underskot. Eiga var 18 rd.

{6550} År: 1766

Helge Eilevson Noss Gjerdnes 1712c-1801
Foreldre: Eilev Olson Amundsgard Strand og ... ... Noss. (frilleson, født på Noss.)
Gm Ingeborg Nilsdtr. ... Gjerdnes 1715-1800
Foreldre: Nils ... ... og ...
*Barn
1. Holge Holgeson Strand 26.06. 1746-1746
Tvilling, født og død 1746.
2. Eirik Holgeson Noss 20.08. 1747-
Faddrar: Sindre Hagen; Herbrand Embrikson; Guri Syversdtr. Noss; Guri Eiriksdtr.; Anne Eiriksdtr. Bakke.
3. Sigrid Holgesdtr. Gjerdnes Breiehagen 23.02. 1749-1831
Barn: Eirik f. 1768; Anne f. 1788, sjå barnebarn.
    G 1776 m Svein Asgrimson Neståker Sveinhaugen, gnr. 128/1a. Som enkje til Sagen, gnr. 123/48.
4. Nils Holgeson Gjerdnes 09.07. 1752-1835
G 1797 m Guri Kitilsdtr. Kitilsplassen. Sjå neste hushald.
5. Liv Holgesdtr. Gjerdnes 02.02. 1754-1826
Ugift 1801, formyndar Lars Rime. Barn: Embrik Eilevson f. 1789, sjå barnebarn.
*Barnebarn
1. Eirik Person Strand Gjerdnes 18.09. 1768-1801
G 1800 m Astrid Gautesdtr. Strand. Husmann og snikkar.
2. Anne Olsdtr. Gjerdnes 24.03. 1788-1801f
Foreldre: Sevat Olson Granhagen med Sigrid Holgesdtr. Gjerdnes Breiehagen.
3. Embrik Eilevson Gjerdnes Sagen 09.08. 1789-
G 1809 m Eli Halvorsdtr. Rudningen. Sjå Sagen, gnr. 123/48.
    Foreldre: Eilev Eirikson Strand Skottebøl Granhagen (ungkar) og Liv Holgesdtr. Gjerdnes - Sagen.

Helge / Holge var soldat. Han og Ingeborg var på Hallebråt frå 1748 og i 1762. Men i 1756 hadde Helge kjøpt ei kvernstøe i Storelv-oset med grunn til ein dam. Støa låg ved ei øy vest for Vangen og prisen var 2 rd.
    Helge fekk no både arbeid og fortenest. I 1769 skatta han 16 skilling som husmann med kvern under Rime. Det var like mykje som skatt som var pålagt Gullhaga-kverna! Plassen Sagvika eller Sagvollen hadde to kverner, ei i Kulu og ei i oset i Storelva. Sjå Sagen, bnr. 48.
    Etter 10 år som møllar og sagbrukar kjøpte Helge garden Gjerdnes etter forlik med enkja Birgit Olsdtr. i 1766. Helge fekk dessutan skøyte på odels og åsetesrett for Gjerdnes for 90 rd frå tre etterkomerar etter Knut Gjermundson Ruud Larsgarden Strand.
    Opphavet til Helge og Ingeborg er uvisst. Fadderane i 1746 var frå a) søre Kvinnegard/Torsgard og b) Knutsgarden Noss. (Mor til Holge kan vera ei ukjent datter til Knut Olson Noss Aslaksgard 1675-1737s og Guri Larsdtr. Holto.)
    Helge fekk 1790 skøyte på 'Langegardslåtta' hjå Eilev Eivindson Medhus (gm Borghild Sveinsdtr. Larsgarden Strand) for 71 rd. Han lånte 199 rd s.å.
    På skiftet etter Ingeborg og Helge i 1801 var det 268 rd å dele. Døtrene fekk plassen Sagvollen og sonen Nils fekk Gjerdnes og kvernene.

{6551} År: 1797

Nils Holgeson Gjerdnes 09.07. 1752-1835
Foreldre: Holge Eilevson Hallebråt Gjerdnes og Ingeborg Nilsdtr. ..... .
Gm Guri Kitilsdtr. Kitilsplass Gjerdnes 25.01. 1767-1842
Foreldre: Kitil Halvorson Granhagen Kitilsplass og Kristi Tomasdtr. Neståker.
*Barn
1. Holge Nilsson Gjerdnes Sagen 16.09. 1798-1867
G 1826 m Margit Olsdtr. Arnegard Noss. Sjå Sagen, gnr. 123/48.
2. Ingeborg Nilsdtr. Strand Skalle 06.04. 1800-1866
G 1830 m Ola Olson Arnegard Noss. Sjå år 1841.
3. Kitil Nilsson Gjerdnes Hefte 21.09. 1806-
G 1839 m Astrid Knutsdtr. Foss, Hol. Sjå neste hushald. Til Nærøy.

Nils og Guri gifte seg i 1797. Guri var i tenest hjå kaptein von Nimb i 1795.
    I 1791 kjøpte Nils kjøpte jordstykket Nossemoen, fehus, 1 1/2 mål åker og påståande skog for 18 rd.
    I 1799 kjøpte Nils (halvparten av) saga i Kulu for 99 rd. Seljaren Per H. Sundre skulle ha rett til fri skjæring. Per ville betale 1 skilling pr. bord om Nils held saga vedlike og skaffa sagmeister.
    I 1829 var det skjøn for å fastsetje sag-skatt. Om denne saga vart opplyst at der var skjæring berre i vårflaumen, og at årleg kvantum vart sett til 14 tylvter. (1315)

{6552} År: 1831

Kitil Nilsson Gjerdnes Hefte 21.09. 1806-
Foreldre: Nils Helgeson Gjerdnes og Guri Kitilsdtr. Kitilsplass.
Gm Astrid Knutsdtr. Foss Gjerdnes 01.03. 1815-
Foreldre: Knut Eilevson Foss og Guri Hansdtr. ... . (Hol VI s 396)
*Barn
1. Nils Kitilson Hefte Skaftnesmoen 07.10. 1838-1918
Gm Marie Sivertsdtr. Årfor 1847-1935. Barn: Nette Marie (Nille) 1881- gm Johannes O. Vennevik (3 barn); Anna Gurine 1883- gm Didrik Andreassen Westgård (5 barn); Teodor 'Heftye' gm ... Knutsdtr. Røso (hennar far: Knut V. Røso gm dotter til Ingrid O. Mørken, Hems.) (1408) s 861, (1235) s 66
    Nils bygde bruket Ålberg i Nærøy. I 1900 var han gardbrukar, sjølveigar og skogsarbeidar på Skaftnesmoen i Foldereid.
2. Knut Kitilson Hefte 15.03. 1841-
Ug. Budde på Risvik i Nærøy.
3. Hans Kitilson Tune Hefte 24.02. 1845-1845
4. Guri Kitilsdtr. Opheim Hefte 14.04. 1847-

Kitil og Astrid gifte seg 1839. Frå før hadde han 1) Kari f. 1836 med Margit Eiriksdtr. Turrhaug og 2) Ågot f. 1836 med Astrid Torsdtr. Strand.
    Utanfor Ål fekk Kitil og Astrid dattera Gurine 1849-1875 ug.
    Kitil hadde overteke Gjerdnes på auksjon i 1831. Men økonomien var trong. Systermannen overtok Gjerdnes i 1841. Kitil og Astrid budde i Hefte nokre år fram til omlag 1843, - sidan var dei innerstar på Tune og i Opheim.
    Kitil og Astrid reiste til Nærøy. Han var husmann eller forpaktar ymse stader i Kolvereid. Dei var m.a. på Skaftnesmoen i Nærøy. Plassen Moen vart deretter kalla Kjel-moen. (Kitil~Kjell) (1596) I s 159, (1620), (Hol VI s 396)
   

{6553} År: 1841

Ingeborg Nilsdtr. Gjerdnes 06.04. 1800-1866
Foreldre: Nils Helgeson Gjerdnes og Guri Kitilsdtr. Kitilsplassen.
Gm Ola Olson Noss Arnegard Vestreim 16.08. 1801-1881
Foreldre: Ola Olson Arnegard Noss og Birgit Knutsdtr. Leksvol.

Ola og Ingeborg gifte seg i 1830. Dei budde i Skalle den fyrste tida, så kjøpte dei Gjerdnes i 1841.
    Ola vart attgift 1872 med enkja Ingeborg Ivarsdtr. Bøkko frå Hol. Ingen barn. Fosterson: Ola Torsteinson Gjerdnes 1859- . Dei kjøpte Vestreim i Hol i 1873 og brukte/leige ut garden fram til sal i 1877.

{6554} År: 1855

Guri Holgesdtr. Gjerdnes 23.11. 1826-1896
Foreldre: Holge Nilsson Gjerdnes og Margit Olsdtr. Arnegard Noss.
Gm Knut Eilevson Toreplass Gjerdnes 22.03. 1822-1876
Foreldre: Eilev Knutson Granhagen Toreplass og Guri Lambertsdtr. Haugerud.
*Barn
1. Ingeborg Knutsdtr. Gjerdnes 03.10. 1854-1867
2. Guri Knutsdtr. Gjerdnes 02.10. 1857-1867
3. Ola Knutson Gjerdnes 25.12. 1860-1923
G 1885 m Astrid Andersdtr. Hove. G 1899 m Birgit Håkonsdtr. Rueslåtten. Sjå neste hushald.
4. Eilev Knutson Gjerdnes Garnes 12.07. 1868-1923
G 1896 m Birgit Arnesdtr. Grøvo, Hol 1866-1908. Barn: Carl 1898-1971 forretningsmann, g 1915 m Sadie Vattendahl; Adolph 1900- gm Pauline Letnes; Gina 1903-1967 gm K. Knutson; Lillian 1906-1984 gm Charles Silver; Oskar 1905-1910; Bergine 1908- Olaf Alfred Hallsteinsgard.
    G 1911 m Borghild Ivarsdtr. Gjeldokk, Lafayette, MN 1882- . Barn: Ivar 1912-1967 redaktør av Oklee Herald, ug.; Oskar 1914- gm Diane Fitzgerald.
    Eilev reiste til Am. 1885. Han tok seg land i Red Lake Co, MN og skreiv seg Garnes. Eilev dreiv butikk og posthus ved sida av farmen. Garnes township er oppkalla etter Eilev.
    Då jarnbanen kom kring 1908 flytta Eilev butikken til Oklee. (1234) Eilev var aktiv i nybyggarmiljøet og ei leiande kraft i drenerings-arbeid og gruvedrift. Han var heim att ein tur 1891-1895.
    Eilev omkom ved ei arbeidsulukke i ei jarngruve ved Evelet. Borghild gifte seg på nytt 1929 med Jon Dokken frå Hemsedal. (1336) (1278)

Knut og Guri gifte seg i 1852. Frå før hadde Knut sonen Lars f. 1848 med Birgit Nilsdtr. Tveitemoen.
    Knut dreiv fehandel. Han kjøpte Gjerdnes i 1855.

{6555} År: 1894

Ola Knutson Gjerdnes 25.12. 1860-1923
Foreldre: Knut Eilevson Toreplass Gjerdnes og Guri Holgesdtr. Gjerdnes.
Gm Astrid Andersdtr. Hove Gjerdnes 04.11. 1854-1898
Foreldre: Anders Olson nedre Hove og Anne Tolleivsdtr. Helling.
Gm Birgit Håkonsdtr. Rueslåtten Gjerdnes 12.07. 1868-1943
Foreldre: Håkon Oleivson Velta Toreplass Rueslåtten og Ågot Eilevsdtr. Toreplass, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Knut Olson Gjerdnes 23.05. 1886-1971
G 1917 m Petra Grindberg, Sioux City f. 1892, ho vart over 100 år. Ingen barn.
    Til Am. i 1903. Teologisk kandidat 1917. Pastor i Foreman, ND. (1032)
2. Anne Olsdtr. Gjerdnes 11.08. 1888-1985
Ugift. Anne reiste til Am. i 1907, frå 1912 var ho lærarinne i Crosby, ND. Ho arbeidde 35 år som misjonær på Madagaskar frå 1923. På sine eldre dagar busett på diakonisseheim i Chicago.
3. Anders Olson Gjerdnes 06.01. 1891-1978
G 1922 m Ragnhild Torgeirsdtr. Rimejorde. Sjå neste hushald.
4. Guri Olsdtr. Gjerdnes Aarset 14.06. 1893-1963
G 1949 m Ole Aarset i Hol ....-1960. (Han var invalid.) Ingen barn.
    Guri var utdanna sjukepleierske og diakonisse. Ho var menigheitsyster i fleire kall. Guri var styrar på gamleheimen i Hol i 20 år. Dei budde sidan på bedehuset i Skottebøl. (1234)
5. Ingeborg Olsdtr. Gjerdnes Helling 21.12. 1895-1992
G 1915 m farmar Knut Helgeson Helling. Barn: Melvin Henry 1917- gm Doris Thomas; Arthur Olaf 1919-2005 snikkar, gm Anne Løkken; Bernhard Oscar 1921- gm Mildred Bengtson; Kenneth Irvine 1924- gm Ruth Thorson; Astrid Irene 1926- gm Lawrence Post, g 1963 m Gordon W. Dick; Andrew Norman 1928- gm Marilyn Thorniley; Ernest Theodore 1931- gm Lois Ball. (1234)
    Knut reiste til Am. i 1908: farmar i Wagner i Montana, var på heimebesøk 1914, gifte seg i 1915. Sidan flytta dei til Pyalupp i Washington. Knut dreiv bygningsarbeid, farming og hønse-avl.
6. Eilev Olson Gjerdnes 26.06. 1897-1915
Eilev var sjukleg og døvstum. Han var under pleie i alle år. (1234)

Ola og Astrid gifte seg i 1885. Ola kjøpte garden hjå mora i 1894 for 2600 kr og kår.
    Ola vart attgift 1899 med Birgit Håkonsdtr.