Fjordheim gnr. 123 bnr. 106
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Fjordheim gnr. 123 bnr. 106-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Småbruket Fjordheim ligg truleg nær staden der husmannsplassen Urdehagen (eller Urdeteigen) låg. Ein kunne ein venta at denne plassen låg under Urden (Holtegarden) dvs. søre Strand. Det gjorde den ikkje. Urdehagen var ein plass under nordre Strand.
    På eigedomen Fjordheim funne ei stor tuft (truleg fjøs), ein veg kan ha utsletta ei stugutuft her. (Ola Ellingsgard: 1997 Plassar)
    Ved utskiftinga av innmarka i 1882 vart dette jordstykket utlagt unna resten av garden Strandmyren. Grunnen til dette var truleg gamle tomter og vasskjelde.
    Fjordheim vart frådelt Strandmyren i 1937. Fjordheim har omlag 23 mål innmark, av dette var ca 15 mål dyrka. Bruket vart oppbygd av norsk-amerikanaren Helge Strand. Han fekk med den bygnaden frå Strandmyren og bygde uthus.
    Bruket grensar mot Tunehagen i nord, Haugerud i vest, Strandafjorden i sør og Myljo Tune i aust.
    Fjordheim vart bortleigd i fleire år. Fjordheim vart nedlagt som bustad sidan 1980 omlag.

{6630} År: 1790c

Tolleiv Halvorson Strand 18.02. 1748-1801?
Foreldre: Halvor Olson Halvorsgard Strand og Birgit Olsdtr. Opsata.
Gm Gro Larsdtr. Noss Urdehagen 10.03. 1756-1830
Foreldre: Lars Knutson Noss Torkjellsgard og Ambjørg Larsdtr. Rime.
*Barn
1. Lars Tolleivson Noss 09.06. 1776-1801f
2. Halvor Tolleivson Strand Urdehagen 03.01. 1779-
Halvor var ugift losjerande i dagarbeid på nordre Strand i 1801. Halvor skreiv seg Halvard T. Urdehagen.
    Halvor var ute i krigen 1807-14. Der var ein løytnant som var nokså striks. Ein gong hadde Halvor vitja kjenningar i eit anna kompani, og fekk ei kvass overhaling då løytnanten såg dette. "Går du ikke herifra, så skyter jeg dig ned!" fekk han høyre.
    Halvor svara roleg: "Ja, men då vilde det vel koma nokon og spørja etter skinnet," og så rusla han dit han høyrde heime.
    I 1833 heitte det at Halvor var på livsvarig slaveri. Ukjent årsak.
3. Ambjørg Tolleivsdtr. Strand Brenno 23.02. 1783-1840
G 1807 m Lars Johanneson Helling - Øvrelå, sjå Brennehaugen, gnr. 123/10.
4. Lars Tolleivson Slettemoen Strand 23.02. 1783-
G 1809 m Birgit Knutsdtr. Strand.? Ukjend lagnad.
5. Birgit Tolleivsdtr. Strand 16.07. 1786-
I 1833 heitte det at Birgit budde ute på bygdene .....
6. Lars Tolleivson Strand Randedokken 01.03. 1789-1860
Gm ... ... ... . G 1820 m Ingrid Olsdtr. Bjørøyen. Sjå Randedokken, gnr. 121/7.
7. Birgit Tolleivsdtr. Strand Hushaugen 26.06. 1796-1873
G 1830 m Embrik Holgeson Hushaugen, gnr. 112/15.
8. Haldis Tolleivsdtr. Mykingeie 03.03. 1799-1873
G 1836 m em Tore Olsen ..., frå Nore til Adal eller Audal nordre i Borre 1797-1877. Truleg hadde Haldis og Tore desse barna: Anton 1838- gm Olava Ellefsdtr. Lørje; Tollef 1842-1842.
    Haldis flytta ut til tenest, og var i Åsgårdstrand i 1821. Truleg var det Haldis som fekk sonen Jakop i 1834 med Jakop Isakson Solberg, Borre.
    Tore vart attgift seg i 1874 med enkja Inger Marie Olsdtr Vassenden. (Lillevold, E: Borre bygdebok s 363)

Tolleiv og Gro gifte seg i 1776. Tolleiv var i tenest ved Øvre Hallingdalske Skiløyparkompani i 1773. Han budde hjå foreldra. Som nygifte budde dei på Noss og så på Strand, sidan var dei på Slettemoen i Hol omlag 1783, - dei kom attende til Strand i 1786.
    I 1788 kjøpte Tolleiv ein gardpart i nordre Strand kalla Braaken og rekna for 10 laupsbol. Pris 440 rd. NB. Dattera Haldis vart fødd Myking-eie i 1799.
    Gro gjekk bort som enkje og inderst på Langeland.

{6631} År: 1799


Ivar Eilevson Strand f. 1761 og Sissel Persdatter bygsla plassen Urdehagen under nordre Strand hjå broren hans i 1799. Sjå meir om Ivar og Sissel på Brenno, gnr. 121/6. Ivar vart attgift 1811 med Ambjørg Ivarsdtr. Granhagen, sjå Minna, gnr. 110/57.
    Ivar og Sissel skulle rydde og bygge plassen så godt som "de seg befinder". Tømmer til forhus kunne han hogge i Stranda-skogen, medan tømmer til andre hus måtte han skaffe sjølv. Vedlikehalds-virke derimot kunne hoggast hjå bonden.
    Vesta fjorden låg eit slåttelende "Nordre Strandagroven" - der kunne han sette op forhus. Ivar fekk løyve til å gjerde åkerjorda som var i Urdeteigen, - men ikkje slåttemarka. (1259) s 394