Tune, nordre gnr. 124 bnr. 2
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tune, nordre gnr. 124 bnr. 2-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nordre Tune ligg mellom søre Tune og Tunehagen. Garden vart skattlagt som halvgard med opphavleg 16 laupsbol landskyld.
    Oldfunn. På den delen av garden som vart lagt til myljo Tune vart funne ei branngrav i 1955.
    Etter eit pergamentsbrev hadde nordre Tune ein manns lut i vatnet Lågen. (1056) s 3
    I 1424 var Tune og Kaupang nemnde i eit diplom. I skattelista frå 1605 var Nordre Kaupang slottelende ført opp etter nordre Tune. Denne garden var nyleg frådelt Kaupang på den tida. Samanhengen mellom gardane er uviss, men båe hadde tilknytting til Reinton i Hol. Sjå nedanfor. (Hol VI s 331)
    Frådelt: myljo Tune kring 1680, 8 laupsbol.
    Nordre Tune vart vart pålagt å flytta ut or klynga kring det gamle Tune-tunet ved utskiftinga i 1882. Til flyttinga av våningshus, stolphus, stall, uthus, fjøs, verkstad og badstugu vart løyvd kr. 609 frå fellesskapet.
    Areal 1865: dyrka jord 19 1/2 mål, naturleg eng 32 mål, utslått 36 mål. Avling 18 1/2 tunne bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 40 mål, anna areal 31 mål, produktiv skog 350 mål, anna utmark 31 mål. Buskap: 50 mjølkegeiter, 26 revetisper, 1 hest, høner.
    Våningshus bygt 1978, kårhus 1935, stugu 1749, stolphus frå 1700-talet, låve med fjøs 1948.
    Stølar. Heimstøl på Klyvset og langstøl på Fekjastølen. Før utskiftinga av stølsmarka (1933) var det også langstøl på Stokksend og Djupedal.

{6664} År: 1760


I 1760 kjøpte Ivar Olson Noss nordre Tune hjå Elling Villand for 575 rd.
    Ivar Olson gifte seg 1764 med Birgit Olsdtr. Arnegard Noss. (Sjå Arnegard, gnr. 121/1 og Randedokken, gnr. 121/7.) Ivar selde Tune til Knut Larsson i 1771 for 609 rd.
   

{6665} År: 1771


Knut Larsson nordre Kvinnegard (1737-1860) kjøpte Tune 8 (laupsbol) for 609 rd i 1771.
    Knut kjøpte Aslaksgard Noss (18 lb) for 1400 rd i 1778.
    I 1781 brukte Knut både Tune og Noss. På bygdamuseet finnst ei ættetavle etter Knut og Gro: initialar og årstal for dei 8 fyrste ungane.

{6666} År: 1788


Gunnar Knutson Noss kjøpte nordre Tune i 1788. Han hadde også søre Tune.
    Gunnar delte gardane mellom sønene Ola og Knut.

{6667} År: 1846

Ola Gunnarson Tune 26.06. 1820-1907
Foreldre: Gunnar Knutson Noss Tune og Anne Tolleivsdtr. søre Tune.
Gm Anne Larsdtr. Stave Tune 26.09. 1821-1881
Foreldre: Lars Asleson Stave og Lukris Johannesdtr. Skrindo.

Ola og Anne gifte seg i 1845. Ola overtok nordre Tune hjå faren i 1846.
    Ola bygde varden på nordre Tune. Han bar med seg steinheller lange vegar når han fann noko høveleg.
    Dei gamle rekna at dei måtte fara stillt fram om kveldane av omsyn til dei underjordiske på stølen Djupedal. Anne var plaga av underjordiske då ho støla i Djupedal. Ein dag ho og gjætslejenta ståka frami bue, høyrde dei det vart tømt mjølk or eit kjerald uti mjølkebue.
    "Nei, no ha grisungen stelt te åt meg!" ropte ho. Men grisungen låg og sov inn ved peisladet, han. Ute i mjølkebue stod fleire baler på kant og mjølka fløymde utover tufte.
    Ei gjætslejente, som var åleine i bue på Djupedal ei natt, vart sjuk og måtte sendast heim. Det tok lang tid før ho vart seg sjølv att.
    Ola var ein tjukk stabbe, men lett på foten. Han brukte parykk, og vart dermed kalla "Parykken". (1496)
    Ola og Anne hadde ingen livsarvingar. Dei selde garden til lensmann Falck i 1877 for kr. 4600.

{6668} År: 1877


Lensmann Falck hadde nordre Tune i 5 år. Han selde garden 1883 til Lars Ivarson Fetagarden Strand (1837-1901).
    I 1891 vart garden selt på auksjon til Lars Knutson.

{6669} År: 1891


Lars Knutson søre Tune (1841-1912) kjøpte også nordre Tune på auksjon i 1891. Han dreiv båe gardane fram til 1905.