Tune myljo gnr. 124 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tune myljo gnr. 124 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Myljo Tune er den øvre halvdelen av nordre Tune, også kalla øvre Tune i gamal tid. Landskyld 8 laupsbol. I 1940-åra vart tunet flytta til noverande stad, tidlegare låg det 50 m høgare oppe.
   
    Areal 1865: dyrka jord 23 mål, naturleg eng 40 mål, utslått 46 mål. Avling 22 1/2 tunne bygg og 19 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 30 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 400 mål, anna utmark 50 mål. Leigd jord 23 mål. 52 vinterfôra sauer, sylvrev (til 1993).
    Våningshus bygt 1942, restaurert 1974, driftsbygning 1944, påbygd 1968, stall.
    Stølar: Heimstøl på Klyvset og langstøl på Stokksend. Før utskiftinga 1933 var det også langstølar på Tjønnstølen og Skjelfet. Stølen Tuva i Nord-Skurdalen (medgift til garden) låg til garden frå 1818 til 1859.

{6694} År: 1789

Sevat Eirikson Tune 28.02. 1762-1835
Foreldre: Eirik Sevatson Tune og Birgit Olsdtr. Strand.
Gm Borghild Mikkelsdtr. Underberget Tune 19.03. 1760-1832
Foreldre: Mikkel Olson Rue (Hol) Underberget og Ågot Larsdtr. Åker (Hol).
Gm Lukris Knutsdtr. Strand Bakketeigen 05.11. 1775-1849
Foreldre: Knut Knutson Fetagarden Strand og Kari Olsdtr. Strand.
*Barn
1. Eirik Sevatson Tune 06.03. 1785-1863
Gm Margit Henriksdtr. Øvrejorde. Sjå neste hushald.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Haldis Sevatsdtr. Tune 1787c-1864
G 1814 m Anders Olson Kvinnegard Ellingsgard Tune. Sjå neste hushald.
2. Ågot Sevatsdtr. Tune Bæra 05.02. 1792-1876
G 1832 m Ola Håkonson Ruud Bæra, gnr. 32/11.
3. Guri Sevatsdtr. Tune Hansebråten 06.07. 1794-1865
G 1829 m Guttorm Johanneson Perplassen Hansebråten, gnr. 112/23.
4. Mikkel Sevatson Tune Strand 26.06. 1796-1864
G 1823 m enkje Mari Olsdtr. Lofthus Strand Fetagarden, gnr. 123/53.
    G 1837 m enkje Sofie Karlsdtr. Sundre BreieEikro, gnr. 127/10.
5. Birgit Sevatsdtr. Tune Opheimsjorde 28.05. 1798-1882
G 1826 m enkjemann Eirik Embrikson Opheimsjorde, gnr 22/42.
6. Ola Sevatson Tune Bakke 02.06. 1800-1849
G 1833 m Kristi Olsdtr. Strand. Sjå nordre Bakke, gnr. 49/2.
7. Sevat Sevatson Tune Kleiven 15.05. 1803-1866
G 1833 m Birgit Johannesdtr. Perplass. Sjå Kleiven, gnr. 127/1c.

Sevat overtok halve garden etter mora i 1789. Prisen var 165 rd.
    Sevat overførte garden 1822 til sonen Eirik.
    Sevat vart attgift 1834 med Lukris Knutsdtr. Ho var enkje etter Ola Larsson Bakketeigen og Ola Knutson Leksvol.

{6695} År: 1815

Haldis Sevatsdtr. Tune Rudningen 1787c-1864
Foreldre: Sevat Eirikson Tune og Borghild Mikkelsdtr. Underberget.
Gm Anders Olson Kvinnegard Tune Jøtebakko 19.01. 1777-1839
Foreldre: Ola Olson Arnegard (Votndalen) søre Kvinnegard og Gro Torgeirsdtr. Stakegard.
*Barn
1. Gro Andersdtr. Tune 11.02. 1815-
Gm ... ... , budde i Am. i 1901.
2. Ola Anderson Tune 18.07. 1816-1845
Ola var død som Jøtebråten i 1845.
3. Borghild Andersdtr. Tune Jøtebakko 26.03. 1819-1867
G 1849 m Nils Syverson Kitilbråten Jøtebakken, gnr. 117/5a.
4. Sevat Anderson Tune Rudningen 15.06. 1822-1916
G 1853 m Randi Sveinsdtr. Reinton 1822-1885. Sjå nordre Rudningen, gnr. 120/3.
5. Anne Andersdtr. Tune Jøtebakko 01.04. 1834-
Anne var 'her' då mora var død i 1864. (To av syskena var i Amerika.)
    Truleg var Anne ugift tenestjente på Skartum i Sigdal i FT 1865.

Anders og Haldis gifte seg i 1814. Anders og Haldis hadde ikkje heimel til noko bruk, dei flytta mykje
    Dei var inderstar på Tune i 1815, og på Åker i Hol 1816, på Tune att 1819-1822. I 1834 var Anders husmann i Jøtebakko.
    Haldis var på Rudningen hjå sonen Sevat dei siste åra.

{6696} År: 1822

Eirik Sevatson Tune 06.03. 1785-1863
Foreldre: Sevat Eirikson Tune og Borghild Mikkelsdtr. Underberget.
Gm Margit Henriksdtr. Øvrejorde Tune 1798-1873
Foreldre: Henrik Torsteinson Øvrejorde og Guri Eiriksdtr. Verpe, Hol. (Hol VII s 141)
*Barn
1. Sevat Eirikson Tune 08.08. 1820-1900
Ugift og dauvstum. Sjå neste hushald.
2. Henrik Eirikson Tune 07.05. 1823-1901
Ugift og dauvstum. Sjå neste hushald.

Eirik og Margit gifte seg i 1818. Eirik kjøpte Tune 1822 for 700 spd. Truleg har stølen Tuva fylgd med Margit som medgift. Mor hennar var frå Verpe i Ustedalen.
    Sjå soga om Margit, Henrik og dei underjordiske i Ål IV s 604.
    I 1859 selde Eirik frå Tunestølen (Tuva i Nord-Skurdalen) til Per Sveinunggard. Sidan har denne stølen lege til Sveinunggard.
    På skiftet etter Margit i 1873 var aktiva på 1559 spd, derav 1200 spd for Tune. Husdyr: 1 hest, 4 kyr, 1 kvige, 7 sauer. Ukjent gjeld.

{6697} År: 1874


Brørne Sevat og Henrik Eirikson Tune (sjå førre hushald) fekk skøyte på garden på skiftet etter mora i 1874.
    I folketeteljinga 1875 var arbeidsdelinga på myljo Tune slik: Sevat var gardbrukar og Henrik var budeie og kokk. Dessutan budde legdslemen Ivar Gunnarson Kvinnegardjordet hjå dei, han dreiv med vedhogging.
    I 1878 kom det ein stor stein or berget ovanfor garden. Sevat og Henrik såg steinen slo ned skogen og tok leia mot stallen. Sevat tenkte på hesten og slo ut armane for å møte steinen. Heldigvis skifta steinen litt retning og slo ut eit stykke av muren under loftstugu. (Ål IV s 605)
    Både Sevat og Henrik var dauvstumme. Dei dreiv garden fram til 1887 då dei selde til Eilev Ruud for kr. 3200 og kår.

{6698} År: 1887

Syver Mikkelson Breieeikro Strand 31.08. 1837-1897
Foreldre: Mikkel Sevatson Fetagarden Strand Breieeikro og Sofie Karlsdtr. Sundre Breie.
Gm Gro Persdtr. Jonset Tune 29.09. 1843-1914
Foreldre: Per Kristianson Jonset og Marte Herbrandsdtr. Vestenfor Satalien.
*Barn
1. Margit Syversdtr. Tune Nygard 14.03. 1866-1935
G 1902 m Syver Asleson Eikro, sjå Nygard, gnr. 127/38.
2. Per Syverson Bråten Tune 17.09. 1867-
Gm ... ... . Per S. Tune reiste til Amerika i 1892 saman med Mikkel. Han budde i Dakota i 1901.
3. Mikkel Syverson Bråten Tune 29.11. 1870-
Mikkel reiste til Amerika saman med broren i 1892. Mikkel døydde ugift i Amerika. (1040)
4. Marte Syversdtr. Bråten Bergesen 12.03. 1874-
Gm Teodor Bergesen. Barn: 8. Busett i Lier.
    Marte flytta til Bærum i 1894.
5. Birgit Syversdtr. Bråten Imingen 15.06. 1876-
G 1896 m Ola Olson ... f. på Hadeland 1858 (Mor Birgit Olsdtr. Sandåkerøyen f. 1834). Barn: Kristian 1893- gm Petra Larsen (minst 2 barn); Gro 1896- gm Hans P. Willerstad; Birgit 1898- gm Ola Braaten; Margit 1900- gm Carl C. Svindal; Marie 1903- ; Maria ....- ; Sigurd ....- .. som brukar namnet Imingen.
    Ola var kræmar og vart kalla "Godtkjøpen". Til Bærum i 1895. Budde på plassen Kvetahagen i Uvdal i 1898, sidan på Imingen fram til 1903. Familien flytta frå Uvdal kring 1908, truleg til Kongsberg eller Drammen. (epost Sven Johnsen)
    Dei var også i Beintestugu. Ola var spelemann. Ein gong var han med folket i Kveta på støls-slåtten på Trolltjønnsstulen. Som han låg på vollen og kvilde, fekk han høyre ein slått for sitt indre øyra, fata fela og spelte. Då spelte han det meste av dagen, slåttonna vart det mindre av den dagen. (1224) s 554.
6. Kristian Syverson Bråten Thune 06.04. 1879-1934
G 1908 Strømsø m Kristi Knutsdtr. Hefte 1890-1957. Barn: Sverre 1909-1920c; Ingeborg 1911-1988 gm Sigurd Hval (1 barn); Georg 1913-2000 ugift sjømann, busett i Amerika; Klara 1915-2000 på Nordstrand, g 1933 m Harold Holm (4 barn); Knut 1920-1990 restauratør, gm Aslaug Nærby (2 barn).
    Kristian og Kristi kjøpte gard i Sande. Kristian vart tidleg sjuk, dei selde garden og flytta til Vikersund. Kristi arbeidde på hotel.
7. Syver Syverson Bråten 01.04. 1882-
Ugift. Busett i Oslo og arbeidde som kolportør. (1040)
8. Karl Syverson Bråten Thune 24.05. 1885-1924
G 1917 m Birgit Arnesdtr. Solheim/Styrkestad. Sjå Nyheim, gnr. 110/109.

Syver og Gro gifte seg i 1866. Syver budde i SundreBråten i 1875.
    Syver kjøpte Tune for kr. 3200 i 1887. Han måtte selja garden på auksjon i 1887. Død som husmann i Jonset. I 1900 var Gro husmann utan jord, ho levde av spinning og strikking.

{6699} År: 1899


Eilev Sevatson Ruud (1860-1923) kjøpte Tune i 1899. Garden vart innløyst med odel i 1902.