Sundbrei øvre gnr. 125 bnr. 7
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sundbrei øvre gnr. 125 bnr. 7-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Øvre Sundbrei var det andre åsetet i Sundbrei nemnt i 1677. Retten dømde slik på tinget 23. febr. 1678: Dei framlagte brev synte at det hadde vore to åsete på Sundbrei, dessutan var landskylda så stor at to kunne bu på garden. Håvard Knutson Sundbrei og broren Klemet held likevel fram med å bruke sine delar jamsides. Sjå nedre Sundbrei år 1677.
    Oldfunn. Det skal vera funne ei øks og ei pil under jordarbeid.
    Garden Sundbrei vart ikkje delt før 1723. Øvre Sundbrei fekk 12 1/2 laupsbol.
    Opphavleg låg tunet oppe i bakken omlag 70 m ovanfor noverande tun. Tunet vart flytta 1927-30 til noverande stad. Dei gamle tuftene syner enno.
    Plassar og underbruk: Sundbreijordet (bnr. 9) frådelt 1863; Hollebakken (bnr. 10) frådelt mellom 1866 og 1972); Skriu (bnr. 12).
    Areal 1865: dyrka jord 23 mål, naturleg eng 33 mål, utslått 35. Avling 2 1/2 tunne bygg og 18 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 64 mål, produktiv skog 600 mål. Buskap: 38 vinterfôra sauer, 40 geiter.
    Husa er 2 våningshus, bygde 1927 og 1962, loft omkr. 1730, driftsbygning 1930, reidskapshus 1986.
    Stølar: heimstøl på Gryvset (utan hus), langstølar: Nyestølen og Veslestølen (to vollar, ein støl?) ved Kjærbu ved Rødungen.
    Hollebakkene (bnr. 10) vart attendekjøpt 1972 og Nordre Tangane (gnr. 127/47) vart kjøpt ...... . Sundbrei jakt og fiskerett, bnr. 13 vart fråselt i 1894, men innløyst med jordlova i 1934.

{6739} År: 1755c

Klemet Torgeirson Sundbrei 1716-1772s
Foreldre: Torgeir Klemetson Sundbrei og Guri Olsdtr. Megarden (Tunhovd).
Gm Guro Nilsdtr. Kleppo Sundbrei 1727-1776
Foreldre: Nils Person Kleppo (II) og Guri Johannesdtr. Halsteinsgard, Hovet.
*Barn
1. Haldis Klemetsdtr. Sundbrei 19.09. 1755-1800.
Barn: Ingeborg Hansdtr. 1787-97 m/Hans Isaksen.
    Haldis vitna 13 år gamal om eit slagsmål på garden i 1766. Ho fortalde at ho "på grunn av sin lave alder staver og legger sammen udi Abeseen, men kunde gjøre rede for hvem der havde skapt hende ... ."
    Haldis fortalde dei henta lys og fann farbror hennar Ola Torgeirson besvimt ved ein stokk borte på ein åker. Dei fekk Ola i hus og tok til å stelle såra hans. Meir fekk ho ikkje sjå ... . (Sjå meir om Ola Torgeirson under år 1723.)
    Haldis budde ugift i 1800 i Svelvik eller Bragernes. Ho arva 189 rd etter ein onkel, og var 'forlengst død' i 1808.
2. Ingeborg Klemetsdtr. Sundbrei 08.01. 1758-
3. Torgeir Klemetson Sundbrei 24.02. 1760-1760
4. Torgeir Klemetson Sundbrei 03.12. 1769-1800
Ugift. Sjå neste hushald.

Klemet Sundbrei knivstakk Jon Knutson Rime i 1738. Klemet baud Jon 13 rd i forlikspengar etterpå.
    Klemet hadde tre barn før han gifte seg, det eldste barnet var Torgeir f. 1754 og mora var Astrid Eilevsdtr. Strand. Men i manntalet 1762 står denne Astrid oppført saman med Klemet. Det kan bety at Guro flytta frå Klemet. (Fadderane i 1769 gir ingen haldepunkt for kven som var mora til sonen Torgeir.)
    Også Guro hadde barn frå før: Guro og Nils (saman med Gjermund Anderson Ådalshaugen. Guro stod offentleg skrifte for dette.
    I 1740 makeskifta Klemet til seg retten til fløyting i Halldalselva og dessutan 7 rd frå Knut Knutson Breie mot ein 2 årig åvirkesrett i Halldalsskogen og dessutan Klemet sin fiskerett i vatnet Hølen (nordanfor Breie), samt råderett over Halldalselva med fløytingsdammar m.m. Far hans, Torgeir, hadde lagt stor kostnad i dambygging m.v i Halldalselva.
    Klemet hadde hatt ein samanstøyt med Ola Einarson der båe vart skadde med kniv. På tinget i juni 1744 ville futen granske denne saka, men Klemet let lyse lovleg forfall, - han hadde hogd seg i foten. For dette vart han bøtelagt 45 rd, noko som førte til utlegg i 235/3136 laupsbol i odelsretten hans i halve Sundbrei.
    Bøndene på Sundbrei og Strand tapte ei åstadsak mot Knut Gjestson Sønstegard m.fl. i Numedal 23. juni 1763. Saka held fram 1771 og vart pådømt ved lagtinget i Skien i 1773. Der skulle prokurator Fermand ha møtt for dei, men han kom ikkje. Dermed vart bøndene i Ål ilagt sakskostnader på 65 rd. (1370) s 71
    Guro og sonen lånte 240 rd i 1775 og sette garden i brukeleg pant på 18 år. Panthavar vart pålagt å halde garden i god stand.

{6740} År: 1772

Tolleiv Nilsson Kleppo Sundbrei 1743-1807s
Foreldre: Nils Person Kleppo og Guri Johannesdtr. Hallsteinsgard, Hol.
Gm Anne Sveinsdtr. Kvamen Sundbrei 1752-1793
Foreldre: Svein Person Kvamen og Guro Sandersdtr. øvre Larsgard, Hol.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Nils Tolleivson Sundbrei 19.03. 1775-
*Barn i andre ekteskap
1. Svein Tolleivson Sundbrei 11.10. 1778-
2. Guri Tolleivsdtr. Sundbrei 03.09. 1780-1822
I 1809 heitte det: "svag sjæls- og legemsforfatning". (Hol IV s 156)
3. Birgit Tolleivsdtr. Sundbrei 22.08. 1784-1827
Ugift. "Vanvittig". Sjå Hol IV s 156.

Tolleiv vart attgift med Anne i 1778. Fyrste kona hans var Birgit Andersdtr. søre Nestegard
    Tolleiv hadde Sundbrei i brukeleg pant for systera og sidan den umyndige systersonen.
    Tolleiv vart attgift med Guri Eiriksdtr. Foss. (Hol IV s 155)

{6741} År: 1794c

Torgeir Klemetson Sundbrei 03.12. 1769-1800
Foreldre: Klemet Torgeirson Sundbrei og Guro Nilsdtr. Kleppo.

Torgeir var berre to år på skiftet etter faren i 1772. Formyndar var Johannes Mørk. Det framgår ikkje av skiftet kven som overtok garden i 1772, men av kyrkjebøkene ser ein at onkelen Tolleiv Nilsson Kleppo hadde fire barn til dåpen på Sundbrei i åra 1775 til 1780.
    Torgeir vart myndig kring 1795. Han selde garden til Knut Larsson i 1796.
    I 1799 fekk Torgeir m.fl. slik dom: som lausgjengarar og handelsfolk vart dei dømde til å betala Åse Sundre 57 skilling i vinverd. (Ho var kyrkjeeigaren!)
    I 1800 kjøpte Torgeir 3 laupsbol i Søre Holto hjå Asle Nilsson for 1299 rd. Det fylgde med stølsbu i 'Foldalen' og 2 kvernar med redskap og krøter og innbu. Så døydde han.
    På skiftet etter Torgeir i 1800 heitte det at Torgeir hadde 'anbragt sig på Kvinnegarden pga. sygdom og raseri'. Torgeir hadde lånt ut mykje pengar, - eiga hans var 2506 rd.
    Det vart halde nytt skifte i 1808 då Torgeir var død. Eiga var då 157 rd.

{6742} År: 1796


Knut Larsson Torkjellsgard Noss på nedre Sundbrei kjøpte 1796 Øvre Sundbrei for 996 rd. Knut selde vidare til Torstein Syverson på søre Breie i 1801 for 2300 rd.
    Torstein bygsla bort Øvre Sundbrei 1804, og i 1807 vart garden selt til bror hans, Svein Knutson.

{6743} År: 1807


Svein Syverson Skrattegard (1770-1850) på nedre Sundbrei kjøpte Øvre Sundbrei i 1807.
    Han delte garden i løpenr. 321 og 322. Detaljane om delinga er ikkje kjent. Sønene Ola (år 1813) og Syver (år 1814) fekk kvar sin del.

{6744} År: 1813

Ola Sveinson Sundbrei 12.10. 1794-1824
Foreldre: Svein Syverson Sundbrei og Margit Knutsdtr. Skottebøl.
Gm Margit Sandersdtr. Slettemoen Sundbrei 23.09. 1798-1834
Foreldre: Sander Larsson Nestegard Slettemoen og Gunvor Tolleivsdtr. Slettemoen, Hol.
*Barn
1. Margit Olsdtr. Sundbrei Haugen 17.04. 1819-
G 1853 m Torstein Torgeirson Sausgardshaugen til Leikvoll, gnr. 13/1.

Ola Sveinson nedre Sundbrei var ute i krigen 1807-14. Han kjøpte halve Øvre Sundbrei (løpenr. 321) i 1813. Broren Syver Sveinson Sundbrei hadde den andre halvparten, løpenr. 322.
    Ola og Margit gifte seg i 1816. Dei fekk eit barn. Ola døydde i 1824.
    Margit budde som inderst på fleire stader i Hol og fekk to barn til. (Kari 1829- ; Svein 1832- m/Asle Sveinson Rudningen. (Sjå Ruud, gnr. 95/1)
    I 1828 vart det teke utlegg for 25 rd og Margit vart bøtelagt for ulovleg brennevinssal. Ho kom til Slettemoen att som enkje og inderst og var der til ho døydde i 1834.
    NB. Dattera Margit gifte seg 1853 med Torstein Torgeirson, dvs. dette må vera ein annan ein Torstein Torgeirson Kvale som kjøpte Sundbrei i 1844.

{6745} År: 1814

Syver Sveinson Sundbrei 30.06. 1793-
Foreldre: Svein Syverson Sundbrei og Margit Knutsdtr. Skottebøl.

Syver Sveinson på nedre Sundbrei kjøpte halve Øvre Sundbrei (løpenr. 322) i 1814 for 1385 rd. Han sat med båe eigedomane til sonen Svein overtok i 1838.

{6746} År: 1834

Svein Knutson Skottebøl Tjønndalen 1786-1841
Gm Ambjørg Larsdtr. Torkjellsgard Noss. Sjå meir om familien i Tjønndalen, gnr. 123/32. Foreldre: Knut Olson Skottebøl og Kristi Eiriksdtr. Rikansrud.

Svein Knutson Skottebøl Tjønndalen selde Tjønndalen og Perplassen i 1834, og budde sidan på øvre Sundbrei. Sonen Knut overtok Øvre Sundbrei 1838.

{6747} År: 1837


Knut Sveinson Tjønndalen Sundbrei 1818-1898 kjøpte halve Øvre Sundbrei (løpenr. 321) hjå far sin i 1838. Eiga etter Knut vart selt på auksjon 1844. Han reiste til Am. 1857.

{6748} År: 1844


Torstein Torgeirson Kvale kjøpte halve Øvre Sundbrei (løpenr. 321) på auksjonen etter Knut Sveinson i 1844.

{6749} År: 1847


Ola Olson Ruud kjøpte Øvre Sundbrei for 1000 spd i 1844. Han selde garden vidare for 800 spd i 1847 til Asle Håkonson Storlien.
    Eivind Sveinson Sundbrei Tunehagen (sjå Kolbjørnstølen, gnr. 98/1) makeskifte til seg Sundbrei i 1847 frå Asle Håkonson.
    Eivind selde Sundbrei til sonen Svein i 1851.

{6750} År: 1851

Svein Eivindson Kolbjørnstølen Sundbrei 09.06. 1837-1908
Foreldre: Eivind Sveinson Sundbrei Tunehagen Kolbjørnstølen og 2.g Turid Levorsdtr. Lå.
Gm Haldis Larsdtr. Sandåker Sundbrei 13.11. 1832-1883
Foreldre: Lars Knutson Sandåker og 2.g Birgit Sveinsdtr. Reinton (Hol).
*Barn
1. Birgit Sveinsdtr. Sundbrei Øyen 07.03. 1862-1902
G 1887 m Eirik Olson Øyen Haugo 1861-1945. Barn: Olaf 1888-1912; Svein 1890-1900.
    Dei budde ymse stader. Det fyrste var i Øyen, seinare Rueslåtta Haugadn. På 1900-talet sette dei opp ei lita stugu og uthus på bygsla tomt nedom vegen sør for Hagafoss, kalla Furuheim. Eirik var jordarbeidar, men sjølve hadde dei ingen jordveg.
    Eirik gifte seg att med Olaug Knutsdtr. Ruehagen i 1903 og flytte til Nymoen i Hovet. (Hol III s 301)
2. Turid Sveinsdtr. Sundbrei Slåtto 17.08. 1863-1945
Gm Ola Tomasson Slåtto, Hol 1860-1931. Barn: Haldis 1887-1971 gm Knut Sveinson Sand (3 barn); Tomas 1890-1908; Svein 1892-1975 baneformann, busett på Strømmen, gm Gunhild Håkonsdtr. Nygård (3 barn); Olaf 1895-1978 gm Ågot Knutsdtr. Øyno (2 barn), sjå Sagen, gnr. 123/48; Lars 1897-1898; Anne 1899-1915; Lars 1902-1926c; Arnfinn 1906-1988 fjøsrøktar m.m., gm Agnes Lovise Sørbråten (3 barn); Tomas 1909- bonde i Solheimslien, g 1943 m Ragnhild Jensdtr. Sletto (2 barn). (Hol III s 233)
    Ola og Turid hadde Nordre Lien i Hol.
3. Kari Sveinsdtr. Sundbrei Tune 29.07. 1865-1951
G 1895 m Syver Olson Gretegarden Sundre Tune, gnr. 124/8.
   
    Svein og Haldis sine barn fødde på Solheim i Hol:
   
    4. Eivind Sveinson Solheim 1866-1866
    5. Eivind Sveinson Solheim Sundbrei 1868-1869
    6. Birgit Sveinsdtr. Solheim Larsplass 1869-1938
    Gm Ola Knutson Narvebråten eller Larsplass, Gol 1863-1939. Barn: Helene 1893-1969 g 1916 m Bernhard Olsen Bjørnsen, Nes (7 barn); Kristian 1895-1981; Sigurd 1897-1962 murar i Heggedal, g 1927 m Hilda Marie Hansen (4 barn); Olaf 1899-1980 gardbrukar ved Larvik, g 1925 m Gudrun Furulund (6 barn); Birgit 1902-1904; Kari 1902-1992 gm Olaf Larsson Bergo, Ål (4 barn), sjå Moen gnr. 120/7; Birgit 1906-1989 gm Per Kitilson Medhushaugen (2 barn), sjå Stakegarden gnr. 97/1; Tora 1911-1931.
    Birgit og Ola budde i Sande, så i Skoger. Dei kom til Larsplass i Gol kring 1911. (Gol III s 66)
    7. Haldis Sveinsdtr. Solheim Lien 1871-1915
    Gm Ola Tollerud (1853 - 1909). Barn: Barn: Birgit 1892-1981 gm Gunvald Herleiksplass Tollerud (5 barn); Haldis 1897-1951 gm Gunvald Sjugurdson Haugen (2 barn); Turid 1905-1999 g 1928 m Lars Halvorsen Haugerud, gnr. 123/51.
    G 1913 m Knut A. Lien (1857 - 1930). Barn: Birgit 1913-1993 gm Halvor Syversen Frydenlund (4 barn).
    Dei budde i Tollerud, Skurdalen i Hol.
    8. Anne Sveinsdtr. Solheim Kvinnegard 1873-1960
    Gm Ivar Larsson Kvinnegard, gnr. 96/1.

Svein og Haldis gifte seg i 1862. Svein overtok garden etter faren i 1851, berre 14 år gamal.
    Økonomien var trong på denne tida, Svein måtte selje frå mykje av skogen. Han selde frå Sundbreijordet i 1863 og i 1866 selde han resten av garden Sundbrei for 1040 spd. Svein og Haldis flytte no til Hol der dei kjøpte seg ny gard, Søre Solheim, i 1868. Garden gjekk på tvangsauksjon 1883, men Svein fekk leige garden hjå kjøparane.

{6751} År: 1866

Embrik Olson Torsgard Sundbrei 11.12. 1833-1899
Foreldre: Ola Henrikson Torsgard og Guri Embriksdtr. Settungsgard.
Gm Ågot Arnesdtr. Trageton Sundbrei 17.11. 1842-1913
Foreldre: Arne Syverson Trageton og Guri Olsdtr. Underberg.
*Barn
1. Guri Embriksdtr. Sundbrei Olson 09.04. 1865-1927
G 1882 m Webjørn Olson (Vebjørn Olson Pukerud). Barn: Ola 1884-1955 gm Mabel Nelson; Amanda 1885-1923 gm Elmer William; Edwin 1888- byggmester, gm Amy Anderson; Beata 1890- gm Josef Fossberg, gm Robert Kelly; Albert 1892-1940 gm Alenda Halvorsen Nilsebakken (4 barn); Gilman 1895- ugift farmar; Clara 1897- dreiv restaurant i Los Angeles, gm Josef Jan Elswick (1 dotter), gm Oliver Herleikson; Gina 1899- gm Josef Burry; Clarence 1902- gartnar, gm Mildrid Hansen; Jeanett 1905- eigedoms-sal, gm Bjørn Meling; Luella 1907-1941 gm Mads Teigland. Busett Oakdale, Minn. (1430)
    Til Am. 1879 i lag med foreldra: Northwood.
2. Ola Embrikson Sundbrei 1867-1905.
G 1902 m Guri Herleiksdtr. Kvanneberg. Barn: Elvin 1903-1957 ug. busett på Hokksund; Inga 1905-1986 gm Ivar Rolland (sjå eige hushald jernbanen).
    Guri vart enkje, ho og ungane reiste attende til Noreg 1906. (824)
    Guri vart attgift 1914 m Svein Larsson Bæren. Sjå eige hushald, Bæren.
3. Guri Embriksdtr. Sundbrei 20.06. 1870-1871
4. Guri Embriksdtr. Sundbrei Skiple 06.01. 1872-1933
Gm Ola Skiple, Voss. Barn: Ella 1903-1905c; Almo 1905- g 1938 m Jane McCauley (barn 4); Omer 1906-1911c; Inga 1909- ; Nimb 1913- .
    Dei farma i Oakdale, MN. Familien kom sidan til Northwood, ND. Guri er gravlagd på Northwood Cemetery, Grand Forks, ND.
5. Arne Embrikson Sundbrei Thorsgaard 29.06. 1874-1948
G 1916 m Klara Mørkve, Waybay, SD. Barn: Enock ....- farmar, gm ... ... ; Anna ....- gm Adolf Kordahl; Harold ....- ; Wallace ....- ; Willard ....- . (1430)
    Arne og Klara budde i Northwood, ND. Han skreiv seg "Arne Thorsgaard." Enoch Thorsgard, a state representative.' (800)
6. Knut Embrikson Sundbrei 26.10. 1876-1946.
Gm Anna Kathrina Flissand 1897-1976. Barn: Ernest 1923-1948 doktor, gm Ina Mae Lundquist; Mildred 1925- g 1945 m John Peterson Strand; Kenneth 1927- transportfirma , gm Delores Lorraine Smitske Indegaard; Kathryn 1930- gm Wendell Oliver Erickson; Lloyd 1934- gm Judy Gallagher; Ruth 1937- gm Don William Homme. (800)
    Knut og familien kom til Northwood, ND. Knut dreiv handel med fe og hestar. Etterkvart vart det lastebil-transport mellom Northwood og Fargo. (Hallingen nr 144 s 28)
7. Ola Embrikson Sundbrei 18.03. 1879-
Ugift. Til Am. i 1879. (Hol VI s 152)
   
    Embrik og Ågot sine barn i USA: Henry 1881-1962 gm Agnes Hoversland (4 barn); Beatha 1883-1942 ug. ; Knut 1886-1956 farmar/handelskar, g 1921 m Anna Flissand (Vossa-slekt)(6 barn); Agathe 1888-1957 gm Godtfred Land (ingen barn).

Embrik og Ågot gifte seg i 1864. Embrik slo på seg pantegodset i Sundbrei og overtok garden i 1866.
    Embrik og Ågot reiste til Amerika i 1879 og fekk tre barn til. Dei budde ved Northwood, ND. Embrik starta farming med 40 $ i lomma og tok til med drifte-fe som han selde i Sioux City.
    Ein gong vart Embrik utfordra av ei slåsskjempe. Han redda seg or knipa med eit velretta spark i beste lausddans-stil. Ein annan gong det røynde på var han uheldig. Foten hans vart broten av ein gjeng. Sjå Hallingen nr. 144 s 28.
    Broren Lars Olson f. 1836 (sjå Halleset, gnr. 94/7) brukte garden Sundbrei utan heimel fram til 1880.

{6752} År: 1881c

Eirik Eirikson Lappegard Sundbrei 07.04. 1860-1931
Foreldre: Eirik Torson Lappegard og Anne Gunnarsdtr. Arnegard.
Gm Anne Nilsdtr. Ulshagen Sundbrei 22.11. 1851-1927
Foreldre: Nils Olson Finset Ulshagen og Gunhild Steinarsdtr. Jonsgarden Rotneim.
*Barn
1. Anne Eiriksdtr. Sundbrei 16.03. 1882-1882
2. Nils Eirikson Sundbrei 01.03. 1883-
Til Am. 1903: Reisemål: Dakota.
3. Anne Eiriksdtr. Sundbrei Underberg 07.03. 1885-1966
G 1924 m enkjemann Svein Ellingson Bekkestad Underberg, gnr. 127/22.
4. Gunhild Eiriksdtr. Sundbrei 17.02. 1888-1965
Ugift. Budde på garden hjå broren Olav.
5. Embrik Eirikson Sundbrei 21.04. 1891-....
6. Olav Eirikson Sundbrei 09.03. 1894-1969
Ug. Budde på garden med dei ugifte syskena. Bygningssnikker, arbeidde hjå Langeland.
7. Ola Eirikson Sundbrei 23.01. 1897-1973
Ugift. Sjå neste hushald.

Eirik og Anne gifte seg 1881. Eirik overtok garden utan heimel på den tida.
    Eirik har dyrka opp mykje av jorda. Eirik og Anne overførte garden til sonen Olav i 1927 for kr. 7000 og kår.