Skrien gnr. 125 bnr. 12
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Skrien gnr. 125 bnr. 12-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Skriu eller Skrien var ein plass eller eit underbruk til øvre Sundbrei. Ein Embrik var visst den fyrste som rydda her.
    Skriu vart frådelt garden i 1878 og selt for 500 kr til Tolleiv Olson Sandåkerøyen.

{6772} År: 1878

Tolleiv Olson Helgelien Skrien 15.02. 1843-1912
Foreldre: Ola Sveinson Strand-Tunehagen Sundre Helgelien og Anne Olsdtr. Bakketeigen.
Gm Anne Sebjørnsdtr. Reistadmoen Skrien ...... 1840-1914
Foreldre: Sebjørn Gullikson Reistadmoen og Guri Olsdtr. Aslegarden Strand (Ål), Sigdal .
*Barn
1. Anne Tolleivsdtr. Skrien Jakopsen 27.06. 1870-
Gm ... Jakopsen, Ålesund. Barn: 9, derav Josephine ....- ; Ted ....- ; Palmer ....- ; Agnes ....- ; Alvina ....- ; ... .
    Til Am. (1044)
2. Ingebjørg Tolleivsdtr. Skrien Underberg 02.09. 1871-1964
Barn: Svein 1897-1972 m/Kristian Syverson Gulsrud Modum; Ola 1901-1989 m/Asle Håkonson Skalle. Sjå barnebarn.
    Gm Knut Torson Underberg, gnr. 127/21.
3. Guri Tolleivsdtr. Skrien Onsager 02.05. 1872-1950
G 1897 m Andrew A. Onsager, Ringerike. Barn: Alfred ....- gm ... ... ; Anne ....-1970 g 1910 m Emil Knain (4 barn).
    Til Am. 1893: Northwood, ND. Til onkelen Gullik Moen. (1044)
4. Birgit Tolleivsdtr. Skrien Hagen 18.12. 1876-
Gm Erik Olson Hagen, Sigdal. Barn: Berit 1903- gm Bernhard Solum, busett i Eggedal; Ola 1907- gm Astrid Haugen, Nore, busett på Hokksund; Anne 1912- gm Bjarne Søland, Eggedal; Guri 1913- gm Hans Myhre, Eggedal; Torleif 1916- gm Kristine Spydevoll, busett i Ski. (1044)
5. Ågot Tolleivsdtr. Skrien Anderson 25.01. 1880-1961
Barn m Knut Kitilson Hagen, Holmen i Sigdal: Kitil 1899- (Ukjent).
    Gm ... Anderson, ... . Til Am. 1905: Castle Rock, Wash.
6. Ola Tolleivson SandåkerØyen Skrien 02.09. 1882-1935
Gm Guri Olsdtr. Hallingstad frå Hol. Ingen barn. Fosterdotter: Kirsten ....-2005 gm Kjell Carpanini.
    Ola dreiv måling og rosemåling i unge år.
    Ola kjøpte SandåkerØyen hjå mora i 1913. Han var ihuga jeger og bar ofte vilt heim att. Frå 1900 og utover tok han del i skisport og skyting. Han dreiv postkøyring til Hol.
    Ola selde Sandåkerøyne og kjøpte eigedomen Sundby, bnr. 137 i 1921. Her dreiv Guri kafe og utleige av rom. Etter brannen på Sundre bygde Skrien nytt hus i 1932, kalla Skrienhuset eller etterkvart Ål Hotel. Postkøyringa held fram.
    Ola og Guri omkom i ei flyulykke på Strandafjorden langfredag 1935. Selskapet Norsk Lufttrafikk dreiv taxi-flyging med ein 5-seter, ein kastevind tok flyet og 4 personar omkom.
    Bror til Guri, Lars Hallingstad overtok eigedomen gjorde den om til Ål Hotell frå 1936. (Oppl. H. Ulshagen)
*Barnebarn
1. Svein Kristianson Skrien 28.01. 1897-1972
G 1923 m Borghild Solberg. Barn: Torleif ....- ; Anne Berit ....- ; Ingebjørg ....- .
    Foreldre: Kristian Syverson Gulsrud, Modum (ungkar f. 1874) og Ingebjørg Tolleivsdtr. Skrien.
    Svein voks opp hjå besteforeldra. Han var med onkelen Ola Skrien og måla frå han var konfirmert. Seinare vart det jarnbaneskule i Bergen og arbeid på Elverum.
2. Ola Asleson Skrien Underberg 01.05. 1901-1989
Barn: Odvar ?Baun?1909 -1973, dugande skiløypar, mor: Inga Baun? (1044)
    Gm Harriet Henriksen, Oslo 1903-1983. (Dvs. datterdatter til Kari Knutsdtr. Lappegard.) Barn: Fridborg 1930c- var gm Kåre Bjørklund, busett i Larvik, Asker (barn: Kai Ove og Henki Frode.)
    Ola tok jarnbaneskulen i Bergen og vart betjent på Ål, på Voss og så telegrafist på Torpo stasjon. Han vart seinare stasjonsmester på Nittedal. Som pensjonist flytta til Larvik og sidan til Asker der dottera var. (895)
    Ola skreiv seg Underberg.

Tolleiv og Anne gifte seg 1869. Dei budde i SandåkerØyen fyrste tida.
    Tolleiv kjøpte Skrien i 1878 for 300 kr. Tolleiv dreiv med havnefe. Han kjøpte fe i Sigdal om våren og hadde dei på fjellbeite til hausten.
    Tolleiv og Anne starta Ål Hotell og dreiv kafe på Sundre.