Storemyr gnr. 125 bnr. 22
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Storemyr gnr. 125 bnr. 22-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kleivehaugane også kalla Storemyr var husmannsplass under nedre Sundbrei frå 1860-åra og fram til 1944. Storemyr ligg oppe i haugane opp for Kleive, dvs. industrifeltet på grensa mellom Ål og Hol.
    Eigedomen ligg utanfor det opphavlege Sundbrei-området på same måten som Perstølen. Til bruket ligg også ein skogrem, bnr. 6.
    Husa er ei gamal stugu og tre uthus. Bruket har vore sporadisk utleigd som bustad etter at det vart nedlagt i 1963.
    Storemyr vart selt attende til garden i 1963.

{6776} År: 1863

Ivar Levorson Teigen Storemyr 19.05. 1820-
Foreldre: Levor Olson Odden Teigen (Slettemoen) og Sunnev Ivarsdtr. Teigen, Hol.
Gm Rønnaug Olsdtr. Sandåkerøyen Storemyr 07.02. 1836-
Foreldre: Ola Klemetson Klemitplassen (Hol) Sandåkerøyen og Turi Torsteinsdtr. Kaupang (Hol).
*Barn
1. Levor Ivarson Storemyr 06.10. 1859-
Gm ... ... , Am. Barn: 2. Levor reiste til Am. i 1886: ........... . Han døydde ung.
2. Sunnev Ivarsdtr. Storemyr Fagernes 07.09. 1860-1921
Gm Torstein Fagernes, Prestfoss 1862-1918. Barn: 8, ingen etterkomarar i fylgje Hol III.
3. Ola Ivarson Storemyr 01.06. 1863-1950
Gm Guri Jonsdtr. Solheim 1874-1909. Barn: Olav 1898-1963 hadde Storemyr; Ivar 1907-1915.
    Gm enkje Birgit Larsdtr. Sausgardshaugen 1879-1954. Ingen barn.
    Ola kjøpte Teigestugu i Hol. Ola var tømmerhoggar og tømmerfløytar. Han var også vegvaktar frå Ålsdelet til Hol kyrkje.
4. Torstein Ivarson Storemyr 24.08. 1867-
Ugift. Til Am. 1889: ..... .
5. Turid Ivarsdtr. Storemyr 17.08. 1872-1959
Ug. Busett i Sigdal.
6. Ola Ivarson Storemyr 17.08. 1872-1962
G 1905 m Margit Olsdtr. Fossgard. Sjå Rotebakkdokken, gnr. 127/28.
7. Astrid Ivarsdtr. Storemyr Revelsby 02.12. 1879-1952
Gm Peder Revelsby, Rakkestad. Barn: 1. Busett i Sigdal.

Ivar og Rønnaug gifte seg 1859. Dei rudde og bygde Kleivehaugane/Storemyr. (Hol III s 113-114)
    Ivar var husmann med jord i 1865.