Breie søre gnr. 127 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Breie søre gnr. 127 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Søre Breie grensar mot Sandåker og Syversteigen i aust og mot nord Breie mot vest.
    Olaf nordre Breie betalte bygningsskatt for fullgard i 1593. Etter den tid vart søre Breie bygd opp som eigen gard av Ola Eilevson, truleg også far hans.
    Søre Breie kom med i skattelistene i 1641. Då gjekk nordre (øvre ?) Breie ned frå fullgard til halvgard! Garden vart skattlagd som halvgard i 1670. Landskyld 9 laupsbol og dessutan 3 lb. prestegods. NB. Den gamle skylda i Breiegardane vart omskipla då Rike-Sjugurd kjøpte og delte ut att til sønene kring 1780.
    I 1700 kjøpte Eilev på søre Breie 3 laupsbol i nordre Breie (tidlegare krongods, sjå Neståker) hjå Chr. Klæboe på Vikersund. Eit minne om dette ligg enno i stadnamnet Presteparten, ein del av jordet.
    Garden hadde sag i Kvednagroven saman med Eikra og Bekkestad. Truleg same sag og kvern som er nemnt i 1789.
    Frådelte bruk og plassar. Halvorstølen (1767); Breiebakkane og Kleive.
    Opphavleg låg tunet litt lenger mot aust. Sist på 1700-talet bygde Torstein Syverson nytt tun, og i 1960-åra flytte Torstein Sveinson tunet ned til noverande stad.
    Areal 1865: dyrka jord 24 mål, naturleg eng 50 mål, utslått 50 mål. Avling 23 1/2 tunne bygg og 19 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 49 mål, produktiv skog 385 mål.
    Husa. Våningshus bygt 1968, driftsbygning 1960 og eit gamalt loft.
    Stølar. Heimstøl Trøen (ovanfor garden, nedlagt). Tidlegare heimstøl var Halvorstølen. Langstøl er Tullestølen ved vestenden av Rødungen, dessutan Olastølen og Gildredalen som er nedlagde. Fekjastølen vart nemnt i 1782. Den vart lagt til Halvorstølen.
    Vatnet frå Rødungen gjekk med i kraftutbygginga Uste-Nes, og Oslo Lysverker bygde såleis veg til Rødungen i 1965. Før den tid var det 4 timars kløvveg til stølen.
    Tidlegare var Rødungen reservemagasin for Nore-anlegget, den reguleringa skjedde alt i 1928 med senking av 4 meter og oppdemminga av 2,5. (K.O. Solhjell 2006: Hol II)
   

{6807} År: 1763

Ola Halvorson Breie 1728c-
Foreldre: Halvor Eilevson Breie og Guri Knutsdtr. Breiehagen.
Gm Torand Olsdtr. Løken Breie 1731-1804
Foreldre: Ola Ellingson Løken d.e. og Sigrid Johannesdtr. Skrindo.
*Barn
1. Guri Olsdtr. Breie Tangeviken? 16.08. 1761-
Gm Nils Anderson Østerud-eie, .... . Han kvitterte for arv på hennar vegne i 1785. (1206) s 306b
2. Ola Olson Breie 02.09. 1764-
Ola var på lista over "fattige børn" i 1780.
3. Sigrid Olsdtr. Breie Løken 28.06. 1767-1802
Ugift. Død i Løken.

I 1763 overtok Ola Halvorson d.e. noko jordegods i Breie frå faren mot å ta på seg 1/4 av skatt og avgifter. Det var m.a. ein åker som låg i Kongsparthaugen. Faren var svak og gjeldtyngd, men ville ikkje overføre odels og åsetesrett før etter sin død. (1765)
    Ola fekk skøyte på dette: eit jordstykke der han hadde sett opp husa sine, han eller etterkomarar skulle ha rett på å ta 200 lauvkjerv årleg, rett til å rydde åker i dei turre haugane ovanfor garden; heimstølen Storøyne; rett til å rydde seg støl i langmarka; rett til bar, ved, beite. Pris: dei siste 4 år kårytingar, rekna til 40 rd. (1190) s 543
    Ola d.e. kjøpte skyldgods i garden ifylgje skiftet etter mora dat. 1762. Også sonen Ola Halvorson d.y. fekk noko tilsvarande hjå faren.
    Torsdag før mikkelsmess 1763 brann garden med hus og avling for broren Knut Halvorson. Knut kom på vinter-tinget og fekk grannane til å prove at han og familien var 'gerådne udi beklagelige og Fattige Omstendigheter.' (1288)
    I 1766 selde Knut og systrene sin arv i garden til broren Ola d.e.
    I 1767 selde Ola d.e. dette til broren Knut: Kongsparten i Breie, åkeren Langåkermålet med omliggande skog og engeland, heimstølen Halvorstølen og Fekjastølen. Pris: 400 rd. (Meir om Knut, sjå Halvorstølen, gnr. 127/19.)
    I 1767 selde Ola d.y. sin påbuande halvpart i Breie til Ola d.e. for 60 rd. Truleg var det Ola d.y. som hadde vore sengeliggande i fleire år i 1762.
    Ola d.e. selde garden 1777 (3 laupsbol) til Syver Olson på Nordre Breie for 508 rd. Torand Olsdtr. døydde i Tangeviken i 1804.

{6808} År: 1777


Syver Olson Lofthus (1722-1798) på nordre Breie (også kalla kalla 'Rike-Sjugurd') kjøpte også søre Breie i 1777 for 508 rd. Syver selde søre Breie til sonen Torstein i 1782.
    Det vart noko oppstyr på søre Breie ein kveld i romjula 1788. Ivrige medhjelparar på vegner av lensmannen kom på brennevins-kontroll. Folka på garden måtte stå opp, og kontrollørane gav seg til å leite fram drikkesaker. Ei flaske vart drukke opp, ei butelje "pink" vart knust mot skorsteinen av Nils Eirikson.
    Syver leverte frivilligt sitt "brennevins-tøy" og det vart forsegla. Ferda gjekk vidare til Strand og Hove, og det heile tok slike former at futen kravde gransking etterpå. Sjå meir om denne kontrollen under Lars Olson på Amundsgard Strand, gnr. 123/0b år 1781. (1673)s13

{6809} År: 1782c

Torstein Syverson Skrattegard Breie 12.08. 1766-1814
Foreldre: Syver Olson Lofthus Skrattegard og Margit Aslaksdtr. Hove.
Gm Sissel Halvorsdtr. Nestegard Breie 1773-1833
Foreldre: Halvor Embrikson Nestegard og Guri Olsdtr. Havardsgard, Hol.
*Barn
1. Halvor Torsteinson Breie 14.09. 1794-1853
G 1818 m Astrid Embriksdtr. nordre Skrindo. Sjå neste hushald.
2. Syver Torsteinson Breie BreieEikro 18.09. 1796-1833.
G 1824 m Sofia Karlsdtr. Richter (Sundre). Sjå BreieEikro, gnr. 127/10.
3. Ola Torsteinson Breie Strand 13.10. 1799-1879
G 1828 m Jørand Nilsdtr. Nilsegarden Strand, gnr. 123/34. Utvandra til Am. i 1857.
4. Guri Torsteinsdtr. Breie 08.09. 1805-1806
5. Svein Torsteinson Breie 28.01. 1813-1892
G 1835 m Margit Knutsdtr. Verpe. Sjå neste hushald.

Torstein og Sissel gifte seg i 1792. Torstein kjøpte 2 1/2 laupsbol i søre Breie og dessutan slåtta Halvorstølen (1 1/2 lb.) med stølane Fekjastølen og "Blechemyrstølen" for 161 rd i 1782. (1206) s 155b
    Torstein fekk skøyte også på Øvre Breie hjå faren i 1789 for 580 rd.
    Torstein hadde halvpart i ei bekkekvern og ei flaumsag. Torstein fekk rosemålaren Kristen Aanstad til å måle ei stugu.
    I 1797 vart brørne Halvor og Torstein Breie samde om at kvar skulle ha hamn og bubeite i Halldalen etter sine laupsbol-tal. Vidare skulle Torstein få behalde innhegninga kring den nye bua si på Fekjastølen. Og ingen måtte 'ta inn' husmenn på beite. (1407) s 17
    Torstein var ein kjend haugianar. Han vart bøtelagt 1800 og 1801 for 'Ulydighed mod øvrigheden', dvs. han hadde nekta kapteinen for Ålske Kompani skyss på ein sundag. I 1807 vart Torstein avhøyrd om sitt samkvem med predikanten Hans Nielsen Hauge. Torstein opplyste at han hadde sendt ei ku til papirmølla på Eiker og fått papir attende. Og han hadde selt av bøkene til H. N. Hauge på bygda. Vidare vart han også spurt om tilhaldstaden til Ola Torjusson Helling. (Haugianaren på Svanøy) Torstein vitna til beste for Hans Nielsen Hauge i 1810. (1388)
    I krigsåret 1814 inngjekk Torstein ei stor kontrakt på levering av slaktefe til Akershusiske Militære Magasin. Feet kunne Torstein kjøpe i Hallingdal og tilgrensande distrikt, og prisen var 5 riksbankdalar pr. bismarpund kjøt, tilsaman 5000 rbd. Til hjelp skulle Torstein ha med seg Halvor Torsteinson og Asgrim Eilevson, og Ola og Torstein Halvorsøner søre Berg i Vats. Alle karane måtte deportere skøytene på gardane sine som sikkerheit for kjøpesummen. Torstein døydde 1814 på tur med slaktefe, han vart gravlagt i Oslo.

{6810} År: 1824

Halvor Torsteinson Breie 14.09. 1794-1853
Foreldre: Torstein Syverson Breie og Sissel Halvorsdtr. Nestegard (Hol).
Gm Astrid Embriksdtr. Skrindo Breie 18.09. 1796-1889
Foreldre: Embrik Knutson nordre Skrindo og Randi Nilsdtr. Opsata.

Halvor og Astrid gifte seg 1818. Ingen barn.
    Dei sat trongt i det økonomisk. Garden vart fråselt under tvang, deretter overtok broren Svein.

{6811} År: 1844

Svein Torsteinson Breie 28.01. 1813-1892
Foreldre: Torstein Syverson Breie og Sissel Halvorsdtr. Nestegard (Hol).
Gm Margit Knutsdtr. Verpe Breie 06.04. 1811-1898
Foreldre: Knut Eirikson Verpe (til nordre Villand) og Anne Knutsdtr. Skottebøl, Hol.
*Barn
1. Sissel Sveinsdtr. Breie 13.12. 1835-1856
Ugift.
2. Torstein Sveinson Breie 07.02. 1838-1912
G 1868 m Åse Knutsdtr. Nerolshaugen. Sjå neste hushald.
3. Anne Sveinsdtr. Breie 25.05. 1840-1863
4. Knut Sveinson Breie 07.07. 1843-1913
G 1879 m Guri Knutsdtr. Nerolshaugen (Hol). Barn: Svein 1879-1897; Knut 1881- ug.; Margit 1884- g 1907 m Tor Ellingson Bekkestad; Guri 1886-ung ; Sissel 1889- gm Knut Ivarson Gjeldokk; Anne 1892- ug. ; Torstein 1895- hestehandlar.
    Knut og Guri budde på Underberg ei tid, kjøpte så Sindrol i Hol i 1885 og flytte dit.
5. Margit Sveinsdtr. Breie 07.06. 1846-1865
Ugift.
6. Knut Sveinson Breie Underberget 07.01. 1853-....
G 1879 m Guri Knutsdtr. Nerolshaugen. Sjå Underberg, gnr. 127/21.

Svein og Margit gifte seg i 1835. Svein kjøpte garden 1844 hjå broren Halvor.

{6812} År: 1884

Torstein Sveinson Breie 07.02. 1838-1912
Foreldre: Svein Torsteinson Breie og Margit Knutsdtr. Verpe.
Gm Åse Knutsdtr. Nerolshaugen Breie 28.05. 1848-1910
Foreldre: Knut Olson Nerolshaugen og Guri Torsteinsdtr. Øvrejorde, Hol
*Barn
1. Margit Torsteinsdtr. Breie Opheim 23.10. 1868-1941
Gm Håkon Olson Ruud Opheim 1829-1911. Barn: Ola 1895-1964 til Skjeggestad (Ramnes), hadde fagbrev som sandblåsar, gm Martha Mathiesen; Torstein 1896-1917 ugift bonde på Nøtterøy; Håkon 1899- forretningsmann Oslo, gm Rakel Themmen.
    Håkon vart kalla Springar-Håkon og var ein stor handels-kar. Ei tid budde dei på austre Bøen i Tinn. Sidan kom dei til Skjeggestad i Ramnes. Som enkje dreiv Margit garden Sem på Nøtterøy i 10 år.
2. Svein Torsteinson Breie 13.04. 1871-1950
G 1910 m Guri Olsdtr. Halsteinsgard. Sjå neste hushald.
3. Knut Torsteinson Breie 17.02. 1873-1956
Knut var ugift. Han gjekk på ymse dagarbeid.
4. Torstein Torsteinson Breie 07.04. 1878-1901
Ugift.
5. Guri Torsteinsdtr. Breie BreieEikro 01.08. 1881-1961
G 1907 m Svein Olson Breieeikro, gnr. 127/10.
6. Olav Torsteinson Breie 01.10. 1894-1973
G 1922 m Guri Syversdtr. Tune, gnr. 124/8.

Torstein og Åse gifte seg i 1868. Frå før hadde Torstein sonen Ola f. 1864 m Mari Olsdtr. Sørbøen. (1040)