Kleive gnr. 127 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Kleive gnr. 127 bnr. 1c

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Kleive (eller Kleiven) var husmannsplass under søre Breie. Fyrst nemnt i 1725.
    I matrikkelen 1838 står Kleiven med 2 laupsbol.
    Like ved den gamle stugu i Kleiven ligg ein stor stein med ein liten stein oppå. Dette vart kalla Jutullyftet, og gamle folk kunne fortelja at dette skreiv seg frå den tid då Sangemannen og Langesendjutulen prøvde krefter. (Hol II s 571)
    I 1865 fødde dei 4 kyr, 5 sauer og 6 geiter på plassen. Dei sådde 1 tunne bygg og 1 1/2 tunne potet.
    Stølar. Heimstøl: Mostølen. (Slettemo-stølen?) Langstøl: Plassestølen frå 1786 til 1803, sidan Kleivegjerda i Halldalen.
    Kraftstasjonen til Hol III vart bygd inne i fjellet under Kleive. Med tunellmasse her frå vart granne-eigedomane Odden og Øyen fyllte opp. Her vart lagt industrifeltet Kleivi som vart til i samarbeid mellom kommunane Hol og Ål i 1970-åra. Her er mange fabrikkar og mykje arbeidsplassar.
    Kleiven vart lagt til Hol ved justeringa av kommunegrensene i 1877. Sjå vidare om eigarane i Hol III s 7 til 13.

{6822} År: 1760c

Liv Arnesdtr. Kleiven 1729-
Foreldre: Arne Syverson Slettemoen Kleiven og Guri Olsdtr. Breie?
Gm Syver Syverson Lappegard Kleiven 1717-1792s
Foreldre: Syver Olson Løkensgard Lappegard og Dordei Guttormsdtr. Lappegard.
*Barn i andre ekteskap
1. Syver Syverson Kleiven 07.04. 1749-
2. Guri Syversdtr. Kleiven 17.08. 1752-
3. Kari Syversdtr. Kleiven 09.12. 1753-
Barn m/Ola Johanneson Tufte: Johannes 1773- , døypt i Hol.
4. Margit Syversdtr. Kleiven 13.03. 1757-1758
5. Guri Syversdtr. Kleiven 24.06. 1759-
Guri vart konfirmert i 1776.
6. Syver Syverson Kleiven 14.09. 1760-1820
Gm Anne Guttormsdtr. Sausgard. Sjå neste hushald.
7. Arne Syverson Kleiven Tangane 26.12. 1762-1845
Gm Jørand Olsdtr. Nosseplassen. Sjå Tangane, gnr. 127/3.
8. Guttorm Syverson Kleiven 15.03. 1767-
9. Kari Syversdtr. Kleiven 15.03. 1767-
10. Guttorm Syverson Kleiven Slettemoen 17.01. 1773-1821
G 1816 m Torand Knutsdtr. Arnegard frå Skurdalen. Barn: Kari 1817-
    Guttorm var tambur i 1801.
    Guttorm var i tenest hjå Knut Sundbrei ei tid. Men i 1798 vart han klaga for retten for å ha teke ein hest med låshelde på og ridd til Hol og heim att. Klagar var husbonden Knut Sundbrei. (1407) s 19
    Guttorm døydde i plassen Grønedokken under Slettemoen i 1821.
   

Syver og Liv hadde minst 10 barn. Truleg var det også to som var dødfødde.
    Syver var enkjemann etter Kari Olsdtr. Arnegard. Barn: Dordei Syversdtr. Kleiven 1742-1815 gm Anders Helgeson ... Gudmundsrud. Syver og Kari budde i Åkreslåtta i Hol.
    Syver og Liv brukte halve Kleiven og dreiv jamsides med far hennar.
    Det var rettssak mellom Syver og Birgit Slettemoen i 1751. Då vitna Åse Lappegard at ho vov ein lin-vev for enkjemann Syver Kleiven. I enden av veven var ein liten fletting som Dordei Syversdtr. skulle ha. Birgit meinte at Syver hadde bore seg stygt åt mot Dordei på skiftet etter mora.
    I 1766 kjøpte Syver 1 laupsbol skyldgods i Kleiven for 24 rd hjå Knut H. Breie.
    I 1785 selde Syver plassen Kleiven til sonen Syver.

{6823} År: 1785

Syver Syverson Kleiven 14.09. 1760-1820
Foreldre: Syver Syverson Lappegard Åkreslåtta Kleiven og 2.g Liv Arnesdtr. Kleiven.
Gm Anne Guttormsdtr. Kleiven Strand Bakken 26.05. 1775-1838
Foreldre: Guttorm Olson Medhus (Kvisla) (den fredlause) og Guri Aslesdtr. Sausgard i Lien. (Hol III s 9)
*Barn
1. Syver Syverson Kleiven 01.01. 1798-1884
G 1831 m enkje Ågot Nilsdtr. Krosshaug. Sjå neste hushald.
2. Guri Syversdtr. Kleiven 01.01. 1800-1800
3. Guttorm Syverson Kleiven 08.02. 1801-
Ug. Han budde i Kleiven. Guttorm var lærar ei tid. Han var ein spøkefugl og hadde mange pussige innfall.
    I 1839 var han og broren i forlikskommisjonen vedrørande morsarven.

Syver kjøpte Kleiven 1785 for 70 rd og eit kår. Syver kjøpte Plassestølen i 1786, tidlegare under Neståker, for 15 rd.
    I 1803 makeskifte Syver Plassestølen med Torsten S. Breie og fekk att Halldalen (truleg Kleivegjerda) og 10 rd i mellomlag.
    Om Anne vart fortalt at ho ville ha det så reint og pent i huset. Men så rakk ho ikkje så mykje anna. (Hol III s 9)
    Anne vart attgift 1829 med enkjemann Mikkel Eilevson Strand Bakken. Ho flytte attende til Kleiven som enkje.

{6824} År: 1816

Syver Syverson Kleiven 01.01. 1798-1884
Foreldre: Syver Syverson Kleiven og 2.g Anne Guttormsdtr. Sausgard.
Gm Ågot Nilsdtr. Krosshaug Sando 10.10. 1779-1860
Foreldre: Nils Hermundson Krosshaug og Kari Olsdtr. Gullhagen.

Syver og Ågot gifte seg i 1831. Ingen barn. Ågot var enkje etter Eirik Sevatson Settungsgard Sando.
    Syver kjøpte kjøpte halve Kleiven i 1816, resten fekk han skøyte på i 1829.
    Syver var timremann, han skal ha sett opp loftet i Kleiven.
    Syver var 'stor og førbygd, han var sindig og for roleg fram.' Men då morsarven (50 rd) skulle delast mellom Syver og broren Guttorm (som også budde i Kleiven), havna brørne i forlikskommisjonen!
    Syver stevna 1838 Knut Urden for noko høy (tøy?) som han hadde tileigna seg med urette. Høyet vart attfunne i "Hols Almue- og Kirkestue." (1296)
    Syver og Ågot selde Kleiven 1841 til Sevat Tune og flytta til søre Sveinhaug.

{6825} År: 1841

Sevat Sevatson Tune Kleiven 15.05. 1803-1866
Foreldre: Sevat Eirikson myljo Tune og Borghild Mikkelsdtr. Underberg.
Gm Birgit Johannesdtr. Perplassen Kleiven 08.09. 1805-
Foreldre: Johannes Anderson Leksvol Perplassen og Margit Eivindsdtr. Granhagen. ("Jon-Margit")
*Barn
1. Sevat Sevatson Kleiven 11.02. 1827-1904
G 1867 m Ingebjørg Pålsdtr. Aslegard, Skurdalen. Sjå neste hushald.
2. Borghild Sevatsdtr. Kleiven Sveinhaug 25.06. 1835-
Til Am. i 1872: Black River. Gm Ola Olson Sveinhaug.
3. Mikkel Sevatson Kleiven Solheim 12.04. 1838-
Gm Rangdi Olsdtr. nedre Solheim i Hol 1851-1937. Barn: Ola 1893-1966, ugift bonde i nedre Solheim. (Hol III s 265)
    Mikkel og Rangdi overtok nedre Solheim i Hol.
4. Ågot Sevatsdtr. Kleiven Nelson 09.02. 1841-
Gm ... Nelson. (Hol III s 12)
5. Ola Sevatson Kleiven 14.05. 1842-
Gm Maria ... , Valdres. Til Am. (1296) s 13
6. Eirik Sevatson Kleiven 11.05. 1845-
Eirik budde i Drammen i 1887. Han var fehandlar, i 1900 var han slaktar på Vikersund.
7. Knut Sevatson Kleiven 04.02. 1848-
Ugift handelskar, busett i Gudbrandsdalen i 1887.

Sevat og Birgit gifte seg i 1833. Birgit vart kalla "Kleiva" og hadde lett for å prate.

{6826} År: 1868

Sevat Sevatson Kleiven 11.02. 1827-1904
Foreldre: Sevat Sevatson Kleiven og Birgit Johannesdtr. Perplassen.
Gm Ingebjørg Pålsdtr. Aslegard Kleiven 23.03. 1841-1937
Foreldre: Pål Larsson Aslegard og Anne Knutsdtr. .... , Skurdalen. (Hol VII s 492)

Sevat og Ingebjørg gifte seg i 1867. Barn: Birgit 1868- til Am. ; Sevat 1871- ugift, hadde Kleiven; Anne 1874-1938 gm Nils Nilsson nordre Grøvo (4 barn); Pål 1881-1967 til Grønedokken i Hol, gm Kari Levorsdtr. Teigen (5 barn).
    I unge år dreiv Sevat som skreppekræmar og gjorde god nytte av talegåvene sine. Han var reint ein "buve", vart det sagt. Sevat fekk kjøpte 1/7 (= Øvre og nedre Odden) av søre Sveinhaug og skogremmen "Heimåsen".
    Sevat vart tidleg vanhelsa av gikt. Etter årevis sengelege fekk han hjelp av ein svensk mirakeldokter. Han kom seg på føtene att. Sevat måtte då selja skogremmen sin til kjøpmann Urholt. Men han fekk kjøpt skogen attende noko seinare. (1296)
    Kleiven vart lagt til Hol i 1877. Sjå meir i Hol III s 10 og utover.