Breie nordre gnr. 127 bnr. 17
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Breie nordre gnr. 127 bnr. 17-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Breie er fyrst nemnt i manntalet 1528. I jordeboka frå 1557 skatta garden 2 skinn og 1 album. I jordeboka for Stavanger Stift 1591 står det: 'Breden udj Aals sogen - 1 mæle korn'. 4 kalvskinn var krongods, kalla Kongsparten i øvre/nordre Breie, sjå Neståker.
    Nordre Breie vart kalla nedre Breie fyrst på 1600-talet. Nordre Breie låg truleg i hopehav med øvre Breie frå gamalt. Nemningane øvre og nordre Breie er litt flytande i dei eldste dokumenta, det framgår ikkje når gardane vart sjølvstendige. Frå den opphavlege Breie-garden vart Sandåker og Underberget frådelt. Dessutan Neståker. (Med underbruket Grevsgard.)
    Nordre Breie skatta opphavleg av 10 skinn. Dessutan var det 1 sau annekvart år for noko krongods. I 1616 skatta bonden på Breie av 8 skinn, no var det 1 sau kvart år for krongodset. Garden var bondegods, men Hol kyrkje var medeigar i 3 bismarpund i garden, det galdt ein såkalla kyrkjeteig.
    Frå gamalt var nordre Breie skattlagd som fullgard. I 1641 kom søre Breie i skattelistene. Då vart nordre Breie redusert til halvgard med ei landskyld på 12 laupsbol.
    Noverande tun skal vera frå sist i 1700-åra. Det er fleire gamle hustufter på garden.
    Plassar og frådelte bruk: Sveinhaug og Odden. (Ved frådelinga av Hol prestegjeld i 1877 vart plassane i nordenden av Strandafjorden, lagde til Hol kommune.)
    Areal 1865: Dyrka jord 34 1/2 mål, naturleg eng 52 mål, utslått 124 mål. Avling 30 1/2 tunne bygg og 29 tunner potet.
    Areal 1995: dyrka jord 55 mål, anna areal 42 mål, produktiv skog 2000 mål, anna utmark 20000 mål. 60 vinterfôra sauer.
    Husa. Våningshus, kårhus og loft bygde omkr. 1800, våningshuset er restaurert og påbygt fleire gonger, driftsbygning 1950, ombygd 1978.
    Stølar. Heimstøl Breieslåtta. Langstølar Halldalen og Teinhovdstølen (båe i Halldalen). Nedlagte stølar: Stølsdokkji, Nyebuvollen, Slettane, Veslestølen, Fekjane, og så Torsfeten og Braudi som vart tilkjøpt frå Underberg.
    Nordre Breie kjøpte opp 2/3 partar i Halldalsvatnet (frå Sandåker og Breiehagen) 1886 og har sidan vore eineeigar i Halldalsvatnet. På Breie har dei nytta skogen opp gjennom åra. Dei hadde sagbruk i 1808. I nyare tid har Breiebonden vore aktiv i fleire andelssager, i Sundsåne og til sist i Oddesaga.

{6873} År: 1765


Syver Olson Lofthus Skrattegard (1722-1798) kjøpte nordre Breie i 1765. Syver slo på seg 4 laupsbol i øvre Breie for pant i 1771, dit kom sonen Torstein. I 1777 kjøpte han også søre Breie.
    Syver dreiv fehandel og pengeutlån i stor stil og vart kalla Rike-Sjugurd. Sjå meir om han og familien på Skrattegarden, gnr. 107/9 og Lofthus, gnr. 79/1.
    Syver henta seg ein stein på Strandaeggen og la den i ein husmur. Denne steinen var kalla Strandpila frå gamalt, den stod på skrå på Strandaeggen oppe der vegen gjekk i gamal tid. Syver braut steinen av i jordmålet. Dette kan ha vore ein bautastein. Det er ikkje annan stein på Eggen av denne typa. I dag ligg steinen i fjøsmuren, det viser ingen inskripsjonar. (Mål: 230 * 40 * 15 cm.)
    I fylgje ei gamal segn var det jutulen i Sangenuten, Sangemannen, som kasta Strandpila etter ei brureferd. (Ål I s 103 og 133)
    Som kårmann hadde Syver tinga seg varmt husrom på nordre Breie.
    Sonen Aslak Syverson overtok nordre Breie i 1788. Sonen Svein overtok Sundbrei.

{6874} År: 1788

Aslak Syverson Skrattegard Breie 11.12. 1763-1817
Foreldre: Syver Olson Lofthus Skrattegard Breie og Margit Aslaksdtr. Hove.
Gm Gunhild Embriksdtr. Langegard Breie 13.09. 1767-1803
Foreldre: Embrik Håkonson Langegard og Gunhild Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Birgit Olsdtr. Skjervheim Breie 02.03. 1774-
Foreldre: Ola Torsteinson Sando nordre Skjervheim og Gro Sveinsdtr. Halvorsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Margit Aslaksdtr. Breie Trintrud 14.09. 1794-1882
G 1814 m Ola Eirikson Trintrud Ålrust. Sjå søre Trintrud, gnr. 57/1.
2. Embrik Aslakson Breie 1796-1842
G 1818 m Gro Olsdtr. Sando. G 1834 m Ingeborg Knutsdtr. Fossgard. Sjå neste hushald.
3. Syver Aslakson Breie 1799-
*Barn i andre ekteskap
1. Gro Aslaksdtr. Breie Gjeldokk 03.08. 1811-
G 1831 m Ola Olson nedre Gjeldokk, gnr. 105/2.

Aslak og Gunhild fekk tre barn før ho gjekk bort. Aslak vart attgift 1810 med Birgit Olsdtr. Skjervheim.
    Aslak kjøpte fyrst 1/2 laupsbol i Øvre Breie for 120 rd i 1782. Godset var to åkrar og engstykkene Dalarhaugen og Veslehagen. Aslak fekk skøyte 1788 frå foreldra på garden nordre - nedre Breie og plassen Venedokken (husmann: Eivind Eirikson og kone.) Pris: 898 rd og kår.
    Det var 5000 rd å dele på samfrendeskifte etter Gunhild i 1808. Godset var 1/2 laupsbol i øvre Breie, 12 laupsbol i nordre og nedre Breie, 1 laupsbol og 1/3 sau av søre Breie, og dessutan 1/2 laupsbol i Lille Breie. Vidare var det halvparten i ei sag på vestsida av Strandafjorden.
    Sonen Embrik fekk utlagt jordegodset og saga, og skulle overta halve bruken frå fyllte 18 år (samt kårhaldet til faren og bestemora), medan Margit skulle få 600 rd.
    Buet etter Aslak var på 727 spd. (Då hadde dei tre barna fått 105 spd kvar som heimegifte.)
    Birgit vart attgift 1819 med enkjemann Juul Anderson Tuv frå Hemsedal.

{6875} År: 1815

Embrik Aslakson Breie 1796-1842
Foreldre: Aslak Syverson Breie og Gunhild Embriksdtr. Langegard.
Gm Gro Olsdtr. Sando Breie 07.08. 1796-1831
Foreldre: Ola Eirikson Gullhagen Sando og Mari Olsdtr. Skjervheim.
Gm Ingeborg Knutsdtr. Fossgard Breie 05.10. 1811-1847
Foreldre: Knut Larsson Fossgard og Torand Olsdtr. Dokken, Hol.

Embrik og Gro gifte seg i 1818. Ingen barn. Embrik vart attgift 1834 med Ingeborg Knutsdtr Fossgard. Ingen barn.
    Embrik overtok nordre Breie 12 laupsbol og Lille-Breie (Neståker) 1 1/2 laupsbol i 1815 for 1800 riksbankdalar og kår.
   
    Ingeborg vart attgift. Sjå neste hushald.

{6876} År: 1844

Hermund Asleson Nygard Breie ...... 1809-1891
Foreldre: Asle Hermundson Nygard (Haugastøl) og Kristi Eiriksdtr. Rue, Hol.
Gm Ingeborg Knutsdtr. Fossgard Breie 05.10. 1811-1847
Foreldre: Knut Larsson Fossgard og Torand Olsdtr. Dokken, Hol.
Gm Kari Olsdtr. Storla Breie 1831-1856
Foreldre: Ola Olson Storla og Kjersti Sevatsdtr. Treverket, Gol.
Gm Ingebjørg Vilhelmsdtr. Eidsgard Breie ...... 1832-1890c
Foreldre: Vilhelm Bjørnson Hersgard/Eidsgard og Margit Ivarsdtr. Haukstad, Gol. (Gol VI s 81)
*Barn i andre ekteskap
1. Ingeborg Hermundsdtr. Breie 03.10. 1854-
???
*Barn i tredje ekteskap
1. Kari Hermundsdtr. Breie 26.10. 1859-
Ukjent lagnad.
    Hermund og Ingebjørg sine barn i Skoger: Andreas 1861- ; Eli Marie 1864- ; Vilhelm 1867- ; Hermann 1869- på Tollerød i Skoger, g 1893 m Emilie Unnelsrød (1dotter).
*Barn elles
1. Asle Knutson Nygard Breie ...... 1844-1939
G 1866 m Synnøva Torkjellsdtr. Fosse, Leikanger 1842-1916. Barn: Charles 1867-1894 g 1892 m Emma Olson; Tena Alvina 1869-1913 g 1888 m Halvor Helgeson (Bæra); Henry 1871-1888; Albert 1873-1953 g 1899 m Matilda Johnson; Rose Adella 1875-1963 g 1898 m John H. Swenson; Oscar 1877-1887; Stella 1878-.... g 1900 m Hans Petersen; Anzonettie 1881-.... g 1912 m Lawrence Heimark; Cyrus Alvin 1883-1883. (1327)
    Foreldre: Knut Asleson Nygard og Birgit Andersdtr. Flåten.
    Asle kom til onkelen Hermund Breie i 1850 og vaks opp der. Asle kom på landbruksskule og vart styrar på Torud i Skoger eit par år. Han vart ein ivrig tilhengar av Hans Nielsen Hauge.
    Asle reiste til Amerika i 1865 og kom til Minneapolis. I to år arbeidde han på farmar og gjekk på skule. Så kjøpte han seg ein farm. Asle var ein kjent pionerprest. Han køyrde rundt med eit okse-spann og administrerte fleire menigheiter. Asle hadde ymse tillitsverv. (Hallingen mars 1940)

Ingeborg vart attgift 1844 med Hermund. Ingen barn. Hermund vart attgift 1853 med Kari. Både Ingeborg og Kari døydde i barselseng. På skiftet etter Kari i 1857 vart garden verdsett til 3650 spd.
    Hermund vart attgift 1857 med Ingebjørg Vilhelmsdotter som var enkje etter Jakop Arneson Sørbøl.
    Hermund var lekpredikant, og held mange møter heime på Breie. Den morlause brorsonen Asle voks opp hjå Hermund.
    I 1846 reiste Eirik Olson Ålrust frå Hemsedal odelskrav på Breie. Taksten vart halde i 1847, totalt 1800 spd. Men då var skogen selt til uthogst til ein landhandlar Gregersen.
    Nokon odelsløysing vart det ikkje. Hermund lånte 700 spd hjå Oplysningsvesenets fond i 1851 og kjøpte stølen Halldalen som hadde lege til Sandåker.
    I 1860 fekk Hermund attest for utflytting til Lier for både han og tredje kona og dessutan to døtre. Det vart Skoger i staden for Lier. Hermund og Ingebjørg fekk fire barn til i Skoger.
    I 1865 selde Hermund garden Breie til Tolleiv Larsson. I 1865 budde Hermund og familien på Thorrud i Skoger og der vart dei verande. (1379) 572

{6877} År: 1865

Tolleiv Larsson Skottebøl Breie 15.07. 1841-1914
Foreldre: Lars Tolleivson Noss Skottebøl og Ågot Tolleivsdtr. Opsata.
Gm Kristi Eiriksdtr. Evjen Breie 14.01. 1847-1937
Foreldre: Eirik Hallgrimson Noss Evjen og Barbro Arnfinnsdtr. Evjen.
*Barn
1. Ågot Tolleivsdtr. Breie Myro 25.02. 1865-1943
G 1894 m Ola Anderson Sundre Myro, gnr. 110/47.
2. Barbro Tolleivsdtr. Breie Hove 25.10. 1866-1960
G 1886 m Helge Knutson Bjella Hove. Sjå Midtigarden Bjella, gnr. 104/2.
3. Margit Tolleivsdtr. Breie 31.12. 1868-1938
Ugift. Kva dreiv ho med ???
4. Lars Tolleivson Breie 13.11. 1870-1893
Lars omkom ved eit vådeskot.
5. Eirik Tolleivson Breie 19.05. 1873-1959
G 1899 m Haldis Eiriksdtr. Trintrud. G 1915 m Margit Eivindsdtr. Moen. Sjå neste hushald.
6. Mari Tolleivsdtr. Breie Strand 17.08. 1875-1955
G 1903 m Asle Tolleivson Halvorsgarden Strand, sjå gnr. 123/6.
7. Sissel Tolleivsdtr. Breie 23.12. 1877-1954
Ugift. Sissel var styrar på kaféen Dølaheimen på Ål i mange år.
    Barn m/Paul Kleven: Randi 1903- sjukesyster og styrar på Nes bygdaheim, g 1935 m Einar Ørjansen og busett på Nes. (barn: Gunnar 1938- postmann på Geilo og Ål, gm Solveig Skuggedal, gm Gro Holto; Arne 1941- busett i Oslo, gm Oddveig Klype, Nes). (1044)
8. Guri Tolleivsdtr. Breie 21.03. 1880-____
Tvilling eller dublett??
9. Gudrid Tolleivsdtr. Breie Moren 21.03. 1880-1963
Gm Sven Moren 1871-1938. Barn: Haldis 1907-1995 kjent lyrikar og oversetjar, gm forfattaren Tarjei Vesaas (2 barn); Jon 1909- bonde på Mora, gm Asbjørg Sjølie (3 barn); Torleiv 1911- kunstmålar, gm Eva Winter Hjelm (2 barn); Sigmund 1913- forfattar og styrar ved Elverum Folkehøgskule, gm Sara Margrete Aarskog (2 barn); Gudmund 1913-1927 (tvilling). (Oppl. Uppsataætta)
    Gudrid tok vev- og hand-arbeidskurs på Notodden lærarskule, og ein vinter var ho lærar på Voss Folkehøgskule. Gudrid og Sven budde i Trysil. Sven var diktar og bonde på Mora i Trysil.
10. Arnfinn Tolleivson Breie 21.07. 1883-1960
G 1923 m Kari Karoline Syversdtr. Luksengard. Sjå Tjønndalen, gnr. 123/32.

Tolleiv og Kristi gifte seg i 1864. Tolleiv kjøpte garden i 1865 for 2500 spd. (Svigerfaren hadde handla for han.)
    Tolleiv tok del i ymse bygdestyring. Han var m.a. mykje på takst og på utskiftingar. Og han han sat i forlikskommisjonen. (-rådet.) Sjå Ål II s 238, 319 og 322.
    Tolleiv tok i mot salstømmer, han hadde sagbruk og handla med trelast. Tolleiv hadde godt handelag og likte å lagge.
    Som forteljar hadde Tolleiv store evner. Mehlum skreiv: "Han referer ikke, men går lys levende gjennom fortellingen."