Underberget gnr. 127 bnr. 21
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Underberget gnr. 127 bnr. 21-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Underberget er fyrst nemnt 1575, ein lagrettemann i Ål skreiv seg Underberget. Men Styrk Underberg, som er nemnt i skattelista 1560 under overskrifta 'Aal sogn', er ein skrivefeil. Dette framgår ved at alle dei andre skatteyterane i dette avsnittet er frå Nes, og at ålingane elles står i eit eige avsnitt under 'Hools sogn.' Styrk var på garden Berg, tidlegare kalla Underberg, på Nes. (Nes I s 47)
    Underberget er frådelt nordre/øvreBreie. I skattelistene vart Underberget fyrst nemnt med landskatten i 1612, utan namn på brukar eller eigar. Truleg vart garden brukt under Breie på den tida. I 1646 vart Underberget rekna som odelsgods, nokre år seinare vart garden brukt under Reinton.
    I 1670 var Underberget skattlagt som øygard, og hadde 6 laupsbol i landskyld.
    På vintertinget i 1659 vanta det 4 kalvskinn i futereknskapen. Futen måtte spørja, og han fekk då fylgjande orientering frå 'den menige almue': For lang tid sidan var Breie ein fullgard, og då var det 8 kalvskinn i årleg skatt. Men etter eit skifte vart to særskilte plassar utskilde, Sandåker og Underberget. Desse to skatta no av 5 skinn årleg og Breie 4 skinn.
    Underberget har namnet etter det høge berget ovanfor garden. Merk at namnet har bunden form både i dei eldste kjeldene og daglegtale. Det vert sagt 'Under Bergji', eller 'Garden' (Øvre Underberget), eller 'Huse' (nedre Underberget). Men slektsnamnet i nyare tid har vore Underberg.
    Underberget betalte kvernskatt i 1770. Tunet på øvre Underberget skal ligge på opphavleg stad. Ovanfor tunet er ei slette som vart kalla Mjølkarstad. Her hadde folket på Sundbrei lov til å kvile og mjølke, då dei buførte til langstølane sine.
    Frådelte bruk og plassar: nedre Underberget, bnr. 22 (i tida 1844 til 1958); Djupedokken, bnr. 44 frådelt 1909.
    Areal 1865 (berre øvre garden): dyrka jord 36 mål, utslått 30 mål. Avling 16 tunner bygg og 15 tunner potet.
    Areal 1995 (øvre og nedre garden): dyrka jord 42 mål, produktiv skog 1500 mål, anna utmark 4000 mål. Buskap 50 vinterfôra sauer. (Medrekna i desse areala er både øvre og nedre garden. (bnr. 21 og 22.)
    Stølar. Heimstølar: Nystølen og Eirikslåtta (båe attlagde, Nystølen delvis fråselt til Tangeviken 1906.) Langstølen Torsfeten (vest for Rødungen) vart fråselt 1906 og ligg til nordre Breie. Langstølen Storestølen vart kjøpt i 1935. (? Storestølen bnr. 34 vart fråselt 1899 og ligg til Oslo Lysverker.)

{6911} År: 1753

Mikkel Olson Rue Underberget 1695.-1773
Foreldre: Ola Asgrimson Rue Underberget og Astrid Eiriksdtr. Tune, Hol.
Gm Ågot Larsdtr. Åker Underberget 1729-1805
Foreldre: Lars Vebjørnson nedre Larsgard Åker og Haldis Olsdtr. nedre Åker, Hol.
*Barn
1. Ola Mikkelson Underberget 10.03. 1748-1748
2. Astrid Mikkelsdtr. Underberget Strand 21.06. 1750-1815.
Gm Eilev Knutson Bakken Strand, gnr. 123/58.
3. Haldis Mikkelsdtr. Underberget 25.02. 1753-1787s
Haldis var ugift. På skiftet etter henne i 1787 var det 49 rd å dele på syskena.
4. Mari Mikkelsdtr. Underberget Bekkestad 15.02. 1756-1819
G 1778 m Tolleiv Olson Sundre Bekkestad 1751-1784. G 1785 m em Svein Olson Gunhildgard Noss Bekkestad, gnr. 129/1.
    G 1791 m Tor Knutson Fetagarden Strand Bekkestad.
5. Borghild Mikkelsdtr. Underberget Tune 19.03. 1760-1832
Gm Sevat Eirikson myljo Tune, gnr. 124/8.
6. Ola Mikkelson Underberget 11.09. 1763-1835
Gm Birgit Olsdtr. søre Slettemoen. Sjå år 1789.
7. Birgit Mikkelsdtr. Underberget Halvorstølen 02.02. 1767-1816
Gm Halvor Knutson Halvorstølen, gnr. 127/19.

Mikkel var lagrettemann frå 1748.
    Mikkel kjøpte Underberget i 1753 hjå Ola Knutson Underberget på Nestegard.
    I 1756 kjøpte Mikkel jordstykket Venedokken for 10 rd i 1756 hjå Svein Knutson Breie. Han lånte ut 20 rd til Gullik Neståker i 1760.
    I 1765 kom det odelsstevning frå Hermund Knutson Underberget på Øvremyro. Han fråfall odelskravet mot pant i garden for 710 rd, og Mikkel fekk bruke garden i 19 år. Slik sikra Hermund odelsretten sin inn til vidare.
    I samband med dette vart det halde gardsyn på Underberget i 1766. Lagretten sette årleg avgift til 20 rd.
    På skiftet etter Mikkel i 1773 var det 588 rd å dele på enkje og 6 barn. Garden vart taksert til 500 rd. Ågot vart attgift med Ola Knutson. Sjå neste hushald.

{6912} År: 1775c

Ågot Larsdtr. Åker Underberget ...... 1729-1805
Foreldre: Lars Vebjørnson nedre Larsgard Åker og Haldis Olsdtr. nedre Åker, Hol.
Gm Ola Knutson Strand Underberget ...... 1749-1821
Foreldre: Knut Ivarson Nerol (Hol) Fetagarden Strand og Jørand Eilevsdtr. Larsstugu Strand.

Ågot vart attgift kring 1775 med Ola Knutson. Ingen barn. Fosterson: Svein Eilevson 1789-1822 .
    Ola kjøpte plassen Tangen i 1783 for 240 rd og 3 ort skattehjelp hjå Tolleiv S. Breie. Nedrestølen fylgde med.
    Ola og Ågot selde garden til hennar son i 1789. Dei hadde nedre Åker frå 1802. (Hol VI s 470)
    Ola vart attgift med Guri Olsdtr. Foss 1774- . Barn: Jørand 1808- .

{6913} År: 1789

Ola Mikkelson Underberget 11.09. 1763-1835
Foreldre: Mikkel Olson Rue (Hol) Underberget og Ågot Larsdtr. Åker (Hol).
Gm Birgit Olsdtr. Slettemoen Underberget ...... 1766-1836s
Foreldre: Ola Hermundson søre Slettemoen og Astrid Embriksdtr. Nestegard, Hol.
*Barn
1. Ågot Olsdtr. SletteMoen Underberget 21.02. 1790-1815
Gm Ola Olson Havardsgard Underberget. Sjå år 1811.
2. Astrid Olsdtr. Underberget Flåten 25.11. 1792-1880
G 1813 m Knut Andresson Flåten, Ustedalen 1784-1857. Barn: Margit 1814-1886 til Am. gm Ola Larsson Fossgard - Tollerud 1802-1946, g 1847 m Kitil Larsson Dokken, Skurdalen; Ola 1816-1875 bonde på Flåten, g 1842 m Gunhild Eiriksdtr. Sausgard (9 barn); Birgit 1818-1850 g 1841 m Knut Asleson Nygard-Vestreim; Ågot 1821- til Am. g 1840 m Anders Sanderson Øyo; Birgit 1824-1880 g 1850 m Pål Vebjørnson Hølet-Kaupang; Astrid 1826-1903 gm em Ola Olson Nerolshaugen-Sekshus; Anders 1829-1891 til Am., g 1854 m Astrid Jonsdtr. Uthus; Helge 1832-1864 til Am., g 1857 m Gro Syversdtr. Breieiekro.
    Astrid og Knut hadde Flåten i Ustedalen frå 1807 til 1843 då sonen Ola tok over.
3. Birgit Olsdtr. Underberget Gjeldokk 22.02. 1795-1874
G 1816 m Ivar Anderson øvre Gjeldokk, gnr. 105/1.
    Barn m Knut Tolleivson Noss: Ola 1824-1909 sylvsmed og farmar, til Amerika, gm Borghild Ivarsdtr. Preinsrud. (Knut var dreng på Gjeldokk og Birgit var enkje.)
    G 1829 m Botolv Botolvson Espegard Gjeldokk.
4. Haldis Olsdtr. Underberget Rueslåtta 02.07. 1797-1867
G 1817 m Levor Nilsson Rueslåtta, Hol 1797-1854. Barn: Sissel 1818-1901 gm Arne T. Brattåkerslåtta; Birgit 1821-1846 g 1840 m Syver Asleson Villands-eige (ingen barn); Ola 1822- til Am. g 1855 m Guri Olsdtr. søre Sletto; Nils 1825- til Am. gm ... ; Levor 1827-1873 til Am. ; Astrid 1829-ung; Astrid 1831-1898 til Am. gm ... ... ; Kari 1833- til Am. ; Ågot 1835-1872 til Am. ; Guri 1838-1840; Ola 1841-1848.
    Haldis vart enkje i 1854. Ho selde garden og reiste til Amerika i 1861.
5. Mikkel Olson Underberget Slettemoen ...... 1799-1886
G 1825 m Åse Olsdtr. Nerolshaugen, Hol 1800-1880. Barn: Ola 1828-1829; Birgit 1830- gm Knut Pålson nordre Mehus; Gro 1832- gm Syver Syverson nedre Åker; Ola 1835-1845; Ola 1837-ung; Ågot 1839-1839; Ola 1840-1840; Ågot 1843- gm Svein Olson Reinton Urden; Ola 1845-1906 bonde på Slettemoen, gm Anne Olsdtr. Nedremyr (8 barn).
    I januar 1809 sat Mikkel i arrest på Kongsberg utan oppgjeven grunn. Det vart sendt eit skriv heimanfrå med bøn om frigjeving, då han var kjent som "eit skikkelig menneske... og ganske ustraffelig."
    Mikkel kjøpte søre Slettemoen i 1826. (Hol III s 94)
6. Ola Olson Underberget Slettemoen 10.10. 1802-1874
Gm Margit Guttormsdtr. Tufto (Ustedalen) 1805-1888. Barn: Ola 1832- ; Guttorm 1834- bonde på nordre Slettemoen, g 1858 m Rangdi Sandersdtr. Røo (10 barn); Birgit 1838-1839.
    Ola hadde dessutan eit barn m/Mari Olsdtr. vestre Øyen: Birgit 1824- gm Lars Larsson Steinvoll (Larsgard).
    Ola overtok halve Slettemoen (myljo) hjå faren i 1823. (Hol III s 101 og 140)
7. Margit Olsdtr. Underberget Grønedokken 12.05. 1805-1873
G 1832 m Nils Olson Sveinsgarden Sire 1805-1835. Barn: Margit 1832- ; Birgit 1834- sjå Sveinsgarden Sire gnr. 4/42 år 1806.
    Barn m/Nils Olson Rishovd: Ågot 1839-1866 gm Magnus O. Bergan, Sigdal.
    G 1844 m Ola Torson Lå Tverrånslåtta Grønedokken. Barn: Ola 1844- ugift gjætar, til Sørfjorden i Hardanger.
    Frå 1844 var Margit og Ola i Grønedokken under nordre Slettemoen. Ola Torson skal vera død i Romsdal. Margit var inderst hjå Mikkel Slettemoen i 1865. (Hol III s 177)
8. Guri Olsdtr. Underberget Kvernes 29.11. 1807-
G 1840 m Torstein Guttormson Søre Kaupang, Hol f. 1812. Dei kom til Kvernes i Romsdalen.
9. Embrik Olson Underberget Hognerud 18.12. 1810-1882
G 1859 m Ågot Larsdtr. Randen. Ingen barn. Dei budde i Hognerud i Hol.

I 1789 fekk Ola skøyte hjå stefaren Ola Knutson og mora på Underberget og plassen SlåtteTangen for 496 rd og slikt kår: Låveåkrane eller 5 1/2 tunne godt bygg; 4 kyr og 12 småfe framfødd; 4 pund salt, 1 settung hampefrø, 1 settung potet; varmt hus og oppvarting.
    Ola hadde vore med på felttoget til Bohuslen i 1788, der fekk han eit varigt minne: eine kneet vart knust av eit kjerrehjul.
    I 1803 kjøpte dei søre Slettemoen og i 1810 selde dei Underberget til versonen Ola O. Skarsgard (gm Ågot f. 1790).
    I krigsåra 1807-14 laga Ola dei såkalla 'Mo-setlane' - pengesetlar som galdt for avgrensa tid og mindre summar. Dette var lovleg for private handlande like før Noregs Bank vart skipa i 1816. (Hol III s 92)

{6914} År: 1806


Svein Sveinson Sundbrei (Helst Svein Syverson Sundbrei) kjøpte Underberget i 1806 for 2438 rd. Han selde att i 1811 for 2000 rd.

{6915} År: 1811

Ola Olson Skarsgard Underberget 15.07. 1781-1853
Foreldre: Ola Olson Havardsgard og Guri Syversdtr. Breie.
Gm Kari Aslesdtr. Stave Underberget 13.07. 1777-1807
Foreldre: Asle Larsson nordre Stave og Liv Embriksdtr. Kolbjørnstølen.
Gm Ågot Olsdtr. SletteMoen Underberget 21.02. 1790-1815
Foreldre: Ola Mikkelson Underberg Slettemoen og Birgit Olsdtr. SletteMoen.
Gm Kari Arnesdtr. Bøygard Underberget 23.09. 1792-1883
Foreldre: Arne Knutson søre Bøygard og Liv Guttormsdtr. Bergsgard.
*Barn i fyrste ekteskap
1. Asle Olson Underberget Havardsgard 12.04. 1807-1877
G 1831 m Gunhild Embriksdtr. Langegard. Sjå Havardsgard, gnr. 81/1.
*Barn i andre ekteskap
1. Ola Olson Underberget 18.03. 1811-1888
G 1841 m Ågot Gunnarsdtr. Tune. Sjå neste hushald.
2. Guri Olsdtr. Underberget Trageton 12.07. 1813-1875
G 1833 m Arne Syverson nordre Trageton, Hol 1811-1882. Barn: Syver 1834- lærar, til Am., gm Margit E. Arnegard( 4 barn); Ola 1837- til Am., g 1867 m Kari T. Fosshagen (6 barn); Torbjørn 1840-1893 lærar/fotograf, gm Guri Larsdtr. Isungset (7 barn); Ågot 1842- til Am., g 1864 m Embrik Torsgard-Sundbrei (10 barn); Ola 1845- hadde Underberg 1876 til 1881, bonde på Fosshaugen, gm Jørand P. Fosshaugen; Arne 1848-1911 lærar/klokkar, gm Kari P. Urden; Herleik 1851- ljåsmed, til Am., gm Anne Tolleivsdtr. ... (10 barn); Asle 1854- bonde på Foss, gm Margit H. Åsberg; Helga 1857- til Am., gm Eilev H. Tunehagen. (Hol VI s 144)
3. Ola Olson Underberget Mehus 06.11. 1815-1895
G 1846 m Mari Sveinsdtr. Bekkestad. Sjå nedre Underberg, bnr. 22.
    Ola og Mari kjøpte myljo Mehus i Holet i 1881. Sonen Svein overtok både Mehus og Sundbrei mot kår i 1885. (Hol III s 599)
*Barn i tredje ekteskap
2. Ågot Olsdtr. Underberget Isungset 02.03. 1819-1880
G 1845 m Lars Olson Bardølsgard Isungset, Hol 1818-1897. Barn: Birgit 1846-1894 gm Lars Gunnarson Åker; Margit 1849-1936 gm Syver Ivarson Endrestøl; Kari 1851-1932, gm lærar Ola O. Underberg til Sigdal; Guri 1854-1924 gm Torbjørn Arneson Trageton; Ola 1856-1922 bonde på Isungset, gm Birgit Wilhelmsdtr. Grøndalen (6 barn); Ola 1859-1886 ug.; Anne 1864-1953 gm ljåsmeden Knut Knutson Lauvrud Øyo (3 barn). (Hol VI s 558)
    Lars og Ågot overtok Isungset i 1842. (Hol VI s 678)
2. Liv Olsdtr. Underberget Liabergstølen 16.12. 1822-1870
G 1851 m Halvor Knutson Trageton Liabergstølen (Hovet) 1823-1873. Barn: Knut 1853- til Am., gm ... ... ; Ola 1855-1885 gm Sigrid Knutsdtr. Haugen til Am. ; Helga 1859-1896 sjuk; Halvor 1862-1933 til Am., ug.; Kari 1867-1963 gm Sander Arneson Lisleslett-Liabergstølen.
    Halvor og Liv kjøpte Nedre Liabergstølen i 1852. (Hol V s 110)
2. Syver Olson Underberget Rue 24.10. 1824-
G 1850 m Maren Katrine Halvorsdtr. søre Ulshagen 1831-.... . Barn: Kari 1851- gm Ola J. Trøstheim; Kristi 1854- gm Halvor T. Rue (legatstiftaren); Margit 1856- gm ... Hval; Ola 1860-1931 gm Birgit Ellingsdtr. Breie; Halvor 1863- prest, gm Martine Petersen; Syver 1865-1892.
    Barn i USA: Carl 1868- farmar, gm Åse Skadeland; Maren 1874-1934 gm Elling Ellingson Breie; Albert 1878-1953 gm Geneva Rone.
    Syver var skulehaldar. Dei budde som inderstar fyrst i Ulshagen, sidan på Rue i Hovet og så reiste familien til Worth Co, Iowa i 1867.

Ola og Kari gifte seg i 1806. På skiftet etter Kari i 1807 var det 1464 rd å dele.
    Ola vart attgift 1810 med Ågot Olsdtr. Dei fekk tre barn før ho døydde i barsel.
    Ola gifte seg tredje gong 1818 med Kari Arnesdtr. Dei fekk tre barn.
    Ola vart kalla "Gardmannen". Han hadde Havardsgard, nordre Skarsgard og Randen. Ola delte Underberget i 1844, sonen Ola d.e. fekk øvre garden (bnr. 21) og sonen Ola d.y. fekk nedre (bnr. 22) garden. Ola var lærar ei tid.

{6916} År: 1844

Ola Olson Underberget 18.03. 1811-1888
Foreldre: Ola Olson Havardsgard Underberg og Ågot Olsdtr. SletteMoen.
Gm Ågot Gunnarsdtr. Tune Underberget 05.03. 1817-1902
Foreldre: Gunnar Knutson Noss Tune og Anne Tolleivsdtr. søre Tune.
*Barn
1. Ågot Olsdtr. Underberget 06.03. 1842-1860
G 1859 m Ola Olson Reinton. Sjå neste hushald.

Ola og Ågot gifte seg i 1841. Ola kjøpte halve Underberget, den øvre delen, i 1844.
    Då Ola døydde i 1888 hadde dei ingen livsarvingar.

{6917} År: 1874

Ola Olson Reinton Underberget 07.10. 1832-
Foreldre: Ola Olson Reinton og Ragnhild Olsdtr. øvre Reinton, Hol.
Gm Ågot Olsdtr. Underberget 06.03. 1842-1860
Foreldre: Ola Olson Underberget og Ågot Gunnarsdtr. Tune.
Gm Lukris Knutsdtr. Tune Underberget 18.01. 1845-1924
Foreldre: Knut Gunnarson søre Tune og Astrid Larsdtr. Stave.
*Barn i andre ekteskap
1. Ågot Olsdtr. Underberget 01.12. 1866-1883
2. Ola Olson Underberget 13.08. 1871-____
Ug. Sjå år 1897.
3. Knut Olson Underberget 08.10. 1874-1945
Ugift. Til Am. 1905: York, ND. Knut hadde søre Tune 1914- 27. Han kom att frå Amerika og var på Tune.
4. Ragnhild Olsdtr. Underberget Thune 19.08. 1877-1956
Ugift. Barn m/Halvor Olson Velta, Gol: Ola Halvorson 1904-1980.
    Ragnhild tok søre Tune, gnr. 124/1 på odel, fekk skøyte 1897, men selde att 1899 og budde seinare hjå broren Ola på Underberg.
    Ragnhild og sonen kjøpte garden Tune attende i 1927.

Ola og Ågot gifte seg i 1859, ingen barn. Ho døydde truleg i barsel. Ola vart attgift 1868 med Lukris og fekk fire barn.
    Ola var skreppekræmar og fehandlar. Han kjøpte Underberget 1874, og hadde søre Tune 1878-94.
    Ola selde garden til Ola Arneson Trageton i 1876. Ola Arneson selde garden vidare i 1881 for kr. 4600.

{6918} År: 1881

Knut Sveinson Breie Underberg 07.01. 1853-....
Foreldre: Svein Torsteinson søre Breie og Margit Knutsdtr. Verpe (Hol).
Gm Guri Knutsdtr. Nerolshaugen Underberg 31.05. 1858-
Foreldre: Knut Olson Nerolshaugen og Guri Torsteinsdtr. Øvrejorde, Hol.
*Barn
1. Svein Knutson Underberg 28.11. 1879-
2. Knut Knutson Underberg 10.08. 1881-
3. Margit Knutsdtr. Underberg 18.12. 1883-

Knut og Guri gifte seg i 1879. Knut kjøpte garden 1881 hjå Ola Arneson Trageton.
    I 1884 selde Knut garden til kårmannen Ola Olson og Ågot Gunnarsdtr. for kr. 4940.
    Det var skifte etter Knut i 1889 (men ein ser ikkje at han er gravlagt i Ål).
    Kårenkja Ågot Gunnarsdotter (sjå år 1844) overtok garden. Ho selde Underberget i 1897. Det heller ingen spor etter familien i FT 1900. Truleg utvandra.
   

{6919} År: 1897

Ola Olson Underberg 13.08. 1871-____
Foreldre: Ola Olson Reinton Underberget og Lukris Knutsdtr. Tune.

Ola var ugift. Han kjøpte Underberg i 1897 for kr. 3200. Ola dreiv garden ei tid, så reiste han til Am. i 1901. Ola kom att og bygde seg hus ved Langeland i 1951. (Hol III s 55)

{6920} År: 1900c


Lars Knutson Opheimshagen 1862-1945 hadde Underberget ei tid utan heimel etter 1900.
    Lars hadde også Embriksgarden Opheim og Nupe-Medhus som han selde ut i smått.
    Lars selde frå Nordlid, bnr. 37 (attendekjøpt 1975); Nygard, bnr. 38 (til nordre Breie); Torsfeten, bnr. 39 (til nordre Breie); Nystølen, bnr. 40 (til Tangeviken); Fururemmen, bnr. 41 (til Djupedokken).