Underberget nedre gnr. 127 bnr. 22
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Underberget nedre gnr. 127 bnr. 22-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Nedre Underberg vart delt frå Underberg i 1844. Skyldmark 1,96 (medan øvre garden hadde 4,09.)
    Nedre Underberg vart oppbygd etter delinga i 1844. Garden vert kalla 'Huse' medan Øvre Underberg vart kalla 'Garden'.
    Areal 1865: dyrka jord 12 mål, naturleg eng 36 mål, utslått 26 mål. Avling 9 1/2 tunne bygg og 7 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: samanslege med areala under øvre Underberg.
    Våningshus bygt 1900, påbygt i 1951 og 1980, stolphus omkr. 1820, to eldhus omkr. 1820, det eine flytta hit i 1912, smie 1845, garasje 1954, fjøs omkr. 1840, låve 1929, påbygd 1962, reidskapshus/verkstad 1986. Fôrtørke og vatningsanlegg.
    Stølar. Langstølen Braute vart fråselt til nordre Breie i 1883. Langstølen Flatåker, gnr. 128/7 tilkjøpt 1888 frå Breiehagen.

{6927} År: 1844

Ola Olson Underberg Mehus 06.11. 1815-1895
Foreldre: Ola Olson Havardsgard Randen Underberg og Ågot Olsdtr. SletteMoen.
Gm Mari Sveinsdtr. Bekkestad Underberget 10.11. 1827-1895
Foreldre: Svein Torson søre Bekkestad og Birgit Halvorsdtr. Leksvol.
*Barn
1. Ågot Olsdtr. Underberg 13.06. 1847-1908f
Ugift. Barn m/ukjent far: Birgit 1882-1965. Ågot var veikhelsa. Dottera Birgit budde i Sletto (Rikansrud) hjå Ola og Birgit. (Systera til Ågot. )
2. Ola Olson Underberg 16.12. 1850-1905
Gm Kari Larsdtr. Isungset 1851- . Barn : Ola 1883-1885; Marie 1884- gm Ingvar Erlandson, Lillestrøm; Olaf 1886- landpostbud Prestfoss; Lars 1890-1939 gm Kristi Olsdtr. Skinnesmoen.
    Ola var lærar og gardbrukar i Sigdal. Kjøpte bruket Tangen i 1898.
3. Birgit Olsdtr. Underberg Sletto 27.02. 1855-1942
G 1880 m Ola Olson Sletto, sjå øvre RikansrudSletto, gnr. 15/6
4. Guri Olsdtr. Underberg Lerberg 26.01. 1859-
Barn: Anne Tomasdtr. Gm Knut Halvorson Lerberg, busett i Blasdell, Word, ND.
5. Svein Olson Underberg 29.07. 1862-1945
G 1901 m Anna Aslesdtr. Grevsgard. Barn: Ola 1902-1983 farmar, g 1933 m Ruth Hove (2 barn); Marie 1904- ug. arbeidde på ein farm i Trail Co. MN. (818), (1676)
    Dei reiste til Amerika: hadde farm ved Fosston, MN.
6. Asle Olson Underberg Medhus 22.05. 1866-1917
G 1889 m Margit Ellingsdtr. Torkjellsgard 1859-1940. Barn: Ola 1890-1947 vanfør; Erling 1891- bonde på søre Mehus, gm Ingebjørg Torsteinsdtr. Haugland (3 barn); Herman 1893-1927 ugift bonde på Mehus.
    Asle og Margit hadde søre Mehus i Holet. (Hol III s 600)
7. Tor Olson Underberg 12.08. 1869-1906
Ugift. Veikhelsa.
8. Mari Olsdtr. Mehus Stein 29.06. 1872-1947
G 1901 m Syver Olson Jegermoen Stein. Sjå Sveinslåtta (Stein), gnr. 37/2.
9. Marie Olsdtr. Underberg Erlandsen 03.10. 1884-
Gm Ingvald Erlandsen, busett i Oslo. Barn: Helga 1910- ; Karentsa Otelie 1912- gm Hans K. Solberg; Inga Marie 1921- gm Ragnar Johansen, gm Sverre Bjerk.

Ola og Mari gifte seg i 1846. Ola kjøpte nedre Underberg i 1844. Fyrste året skal han ha budd i eit eldhus.
    Ola og Mari kjøpte myljo Mehus i Hol 1881. Sonen Svein overtok både Mehus og Sundbrei i 1881.

{6928} År: 1883

Elling Tolleivson Bekkestad 05.08. 1850-1945
Foreldre: Tolleiv Ellingson nordre Bekkestad og Ragnhild Andersdtr. Gudmundsrud.

Han skreiv seg E. T. Bekkestad. Elling gifte seg 1871 med Kari Sveinsdtr. søre Bekkestad. Dei fekk sju barn. Sjå nordre Bekkestad, gnr. 129/2.
    Elling hadde gode evner. Med påskuv og hjelp frå kapellan Irgens kom Elling på lærarskule. Men så fall far hans brått bort. Elling fekk likevel halde fram med lesinga så det vart lærareksamen på Voss våren 1896. 19 år gamal var han lærar. Men han skreiv i eit brev: "Eg stod som ein smed med for liten hamar." Han ville gjerne hatt meir utdanning.
    Elling var lærar i Gol i 4 år, seinare i Ål. Han 'skula' i 48 år derav 44 år i Breiekrinsen.
    Elling kjøpte nordre Bekkestad av mora i 1872. Han selde 1883 og kjøpte nedre Underberg. Som lærar var det greitt å bu like ved skulehuset. (Breie skule.)
    Elling var lærar, bonde og ordførar i Ål frå 1902-10. Elling skreiv på dansk til 1879, sidan nytta han mest dialektfarga nynorsk. Han var i lang tid føraren for Venstre og den drivande krafta i målrørsla. Vidare la han ned mykje arbeid for ungdomslag og fråhaldsrørsle, historielag osv. Han samla mykje stoff til bygdesoga.
    Elling vart noko av ein bygdehovding. Han fekk skipa ungdomslag her før den frilynde rørsla kom for alvor. Han var leiar for venstre og aktiv i den politiske striden i 1880-åra. Han skipa det upolitiske 'Ål Grundlovsforening' som gjekk over til 'Ål Venstre' i 1892.
    Elling fekk Borgardådsmedaljen i sylv 1915 for sitt virke som skulemann og politikar. Frå DNT fekk han Klostermedaljen for innsats i fråhaldslaget. (1241)
    Elling selde Underberg til Svein i 1912.
    I testamentet skriv Elling m.a. føresegner for gravferda si. "Nokon takketaler ynskjer eg ikkje skal haldast, korkje i heimen, i kyrkja eller ved grava. ... Eg har fått meir ros og vellæte i mitt liv enn eg har fortent, so det for vera nok med det."