Rotebakkdokken gnr. 127 bnr. 28
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Rotebakkdokken gnr. 127 bnr. 28-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Plassen Rotebakkdokken låg under nordre Breie fram til 1773. Sidan under Neståker. Brukaren vart sjølveigar ein gong fyrst på 1800-talet. Gamal skyld 1/2 laupsbol.
    Rotebakkdokken grensar mot Kleive i vest, Strandafjorden i aust og Djupedokken i aust.
    Namnet kjem truleg av det gamle systemet med vedlikehald av bygdavegen, gruppevis hadde bøndene ansvaret for vedlikehaldet av kvar sin veg-rote. I daglegtale heiter det i Dokken.
    Prestgodset i Sandåker, gnr. 126/3 vart tillagt Rotebakkdokken i 1842.
    Areal 1865: dyrka jord 10 mål, utslått 4 mål. Avling 8 1/2 tunne bygg og 6 3/5 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 37 mål, anna areal 10 mål, produktiv skog 300 mål. Buskap 30 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1970, kårhus 1897, stolphus 1872, låve 1828, fjøs 1914, gamal stall flytta 1931, utleigehytte 1984.
   

{6933} År: 1750c

Asle Syverson ... Rotebakkdokken 1700c-
Foreldre: Syver ... ... og ...
*Barn
1. Ambjørg Aslesdtr. Rotebakkdokken 1730c-
Ambjørg var fadder til Guri Embriksdtr. Dokken i 1760 og inderst på nordre Breie i 1762.

Då Asle Syverson var fadder i 1759 vart han skrive som Tange-Dokken!
    Syver Asleson, husmann under nordre Breie, hadde vore sjuk ei tid vart det opplyst i manntalet i 1762. Syver var truleg enkjemann i 1762. Kona er ikkje kjent.

{6934} År: 1773

Ola Gullikson Neståker 1721.-1814
Gm Sunnev Torgeirsdtr. Sundbrei. Foreldre: Gullik Asleson BreieLille/Neståker og Sygni Olsdtr. ... (Krosshaug?)

Ved makeskifte i 1773 fekk Ola Gullikson plassen Rotebakkdokken og 80 rd i byte med garden Lille Breie (Neståker). Han held att halvpart i skog, havn og fiske og dessutan plassen Neståker.
    Sjå meir om Ola og Sunnev på Neståker, gnr. 127/1d.

{6935} År: 1800

Eirik Nilsson Sandåker Rotebakkdokken 29.09. 1758-1825
Foreldre: Nils Knutson Breie Sandåker og Margit Syversdtr. Noss.
Gm Åse Levorsdtr. Helling Rotebakkdokken ...... 1770-1834
Foreldre: Levor Lambertson Gjeldokk Helling og Birgit Toresdtr. Hove.
*Barn
1. Nils Eirikson Rotebakkdokken 27.09. 1795-
Gm Gunhild Embriksdtr. Opheim. Sjå neste hushald.
2. Margit Eiriksdtr. Rotebakkdokken Hagajordet 18.02. 1798-1867
G 1824 m Eirik Olson Tangeviken Venedokken til Breiehagajordet, gnr. 128/1e.
3. Birgit Eiriksdtr. Rotebakkdokken Berg 01.03. 1801-1878
G 1854 m enkjemann Knut Olson Bergsgard 1798-1889 til Håkonset-plassen under Berg i Hol. (Sjå Tråo under Bergsgard, gnr. 43/1a og Hol V s 8)
4. Jørand Eiriksdtr. Rotebakkdokken Gjermundsdokken 03.06. 1805-1856
G 1827 m Ola Olson Gjermundsdokken 1795-1867. Sjå Gjermundsdokken, gnr. 127/21.

Eirik og Åse gifte seg i 1795. Dei kom til Rotebakkdokken omlag 1800. Eirik var husmann med jord i 1801.
    På skiftet etter Åse i 1834 hadde sonen Nils overteke Rotebakkdokken. Han fekk ei kyr og to sauer for å betale skiftet. Resten av lausøyret skulle delast mellom dei svigersønene. Kva fekk den då ugifte systera Birgit som budde på Underberg?

{6936} År: 1830c

Nils Eirikson Rotebakkdokken 27.09. 1795-
Foreldre: Eirik Nilsson Sandåker Rotebakkdokken og Åse Levorsdtr. Helling.
Gm Gunhild Embriksdtr. Opheim Rotebakkdokken 30.09. 1792-
Foreldre: Embrik Botolvson Embrikstugu Opheim og Margit Knutsdtr. Garden Opheim.

Nils og Gunhild gifte seg i 1823. Ingen barn. Dei hadde overteke bruket før 1834.
    I 1842 kjøpte Nils den såkalla Prestparten i Sandåker hjå Andres Kleppo. Ved odelsløysinga på Sandåker i 1843 vart ikkje prestgodset med. Sidan har dette lege til Rotebakkdokken. (Frådelt Prestparten: Sandåkerøyen, bnr. 4, stølen Fjellset og Feten, bnr. 5 frådelt 1856 til eigaren av gnr. 126/1; stølen Halldalen, bnr. 6 frådelt 1856 og selt til nordre Breie m.m.)
    Nils og Gunhild selde bruket 1852 til Eirik Nilsson og reiste til Wisconsin i 1857.

{6937} År: 1852

Eirik Nilsson Sundrelien Rotebakkdokken 16.08. 1808-1892
G 1830 m Liv Olsdtr. Slåtten under Golberg. Foreldre: Nils Eirikson Brenno Sundrelien og Birgit Olsdtr. Saraøyen (Gol).

Eirik Sundrelien (Sjå Kapteinstølen, gnr. 110/56) kjøpte Rotebakkdokken i 1852.
    Eirik kjøpte stølane Breivassstølen og Brennbu (Hol) for 100 spd i 1856.
    Sonen Nils overtok bruket her i 1874.

{6938} År: 1874

Nils Eirikson Sundrelien Rotebakkdokken 09.08. 1834-1908
Foreldre: Eirik Nilsson Rotebakkdokken Sundrelien og Liv Olsdtr. Slåtten.
Gm Margit Tomasdtr. Trageton Rotebakkdokken 25.09. 1835-1892
Foreldre: Tomas Gunvaldson Trageton og Margit Olsdtr. søre Trageton, Hol.
*Barn
1. Eirik Nilsson Rotebakkdokken 14.12. 1862-
Eirik reiste til Amerika i 1881: Canton, SD. Nemnt i 1908.
2. Tomas Nilsson Rotebakkdokken 15.03. 1864-
I 1908 budde Tomas i Iowa.
3. Ola Nilsson Rotebakkdokken 18.10. 1865-
I 1908 budde Ola i Washington.
4. Gunvald Nilsson Rotebakkdokken 03.07. 1867-
I 1891 dreiv Gunvald handel med 'landmannprodukt og kreature'. I 1892 heitte at han flytta til Modum i 1892 for ekteskap.
    Gunvald reiste til Am. i 1894: Chamberlain. Han reiste aleine. Nemnt 1908.
5. Tolleiv Nilsson Rotebakkdokken 11.10. 1869-1878
6. Liv Nilsdtr. Rotebakkdokken Vesleset 26.02. 1872-
G 1894 m Hermann Torkjellson Vesleset. Barn: 'Nic A. Rudd' ....- gm ... ... (2 barn).
    Hermann handla med fe. Dei reiste til Am. før 1897 og farma i Benson Co, ND. Hermann og Liv vart separerte i 1904.
7. Birgit Nilsdtr. Rotebakkdokken Sandbakken 26.12. 1874-1915
Gm baneformann Ola Jakopson Sandbakken. Sjå eige hushald ved jernbanen.
8. Ingeborg Nilsdtr. Rotebakkdokken 06.02. 1876-
Gm Ivar Jonson (Løstegard?) (1047) Til Am. i 1894: .... .
9. Tolleiv Nilsson Rotebakkdokken 26.03. 1879-
I 1908 budde Tolleiv på Eiker.

Nils og Margit gifte seg i 1862. Dei kjøpte Rotebakkdokken 1874 for 300 spd og kår.
    I 1891 var Nils gardbrukar, sjølveigar, tømmermann, snikkar, smed og hjulmakar.
    Nils bygde kårstugu og stolphus i Rotebakkdokken.

{6939} År: 1897

Syver Asleson BreieEikro Rotebakkdokken 26.04. 1866-1955
Foreldre: Asle Syverson Sundbrei Breieeikro og Sissel Syversdtr. Breieeikro.
Gm Birgit Eiriksdtr. Venedokken Rotebakkdokken 22.02. 1874-1965
Foreldre: Eirik Eirikson Venedokken og Anne Ivarsdtr. Flatåker.
*Barn
1. Anne Syversdtr. Rotebakkdokken Bergo 17.09. 1903-1953
Ugift. Anne stellte heime hjå foreldra. Anne dreiv bruket Bergo mange år etter at foreldra gjekk bort.
    Då Anne vart gamal fekk ho seg hus i Dagali. Bruket vart selt til Borgen. (Nore V s 3512)
   
    Syver og Birgit sitt barn i Skurdalen:
    2. Elling Bergo ....-...., utvandra til Amerika, fall i 1. verdskrigen.

Syver og Birgit gifte seg i 1903. Dei overtok Rotebakkdokken utan heimel kring 1897. (Dette året fekk Nils Eirikson kår.)
    Syver og Birgit selde Rotebakkdokken i 1907. Dei kom då til Bergo i Sør-Skurdalen, og fekk skøyte i 1913. (929)