Tangeviken gnr. 127 bnr. 30
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Tangeviken gnr. 127 bnr. 30-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Tangeviken eller Viken var opphavleg husmannsplass under Neståker (Lille Breie). Med plassen fylgde rett til å rydde seg to stølar, og 'nyde skog etter behov.'
    Tangeviken ligg i vika innanfor Tangane. Ei tid var plassen kalla Gullikplassen, dvs. dette var husmannsplassen til Gullik på Neståker. Slektsnamnet er Viken.
    Fyrste kjende husmannen var på plass før 1760, men då var det alt hus og herberge i Tangeviken. Han gifte seg med ei jente frå Neståker. Ein kjenner ikkje til kven som rydda plassen. Tangeviken var sjølveigarbruk frå 1777.
    Areal 1865: dyrka jord 4 mål, naturleg eng 16 mål, utslått 16 mål. Avling 3 tunner bygg og 2 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 5 mål, produktiv skog 120 mål, annan utmark 400 mål.
    Hus: Våningshus bygt omkring 1840, påbygt 1940, 1947 og 1970, nytt våningshus 1983, stabbur frå omlag 1795, restaurert 1937, lagerhus 1980.
    Støl. Nystølen (kvar ligg den ???? ### Husdyrhald fram til ..... ?

{6943} År: 1767c

Mari Gulliksdtr. Neståker Tangeviken 1728c-
Foreldre: Gullik Asleson BreieLille/Neståker og Sygni Olsdtr. Krosshaug. (?)
Gm Knut Jonson Strand Neståker 1723-1808
Foreldre: Jon Halvorson Bjella Strand og Birgit Knutsdtr. Ruud Larsgarden Strand.
*Barn
1. Kari Knutsdtr. Strand 13.01. 1754-1755
Døydde av barnekopper.
2. Jon Knutson Strand 27.05. 1756-1799
Gm ... ... ... . Barn: Knut 1790- gm Mette Marie Syversdtr. Opheim i Randers; Marta 1792- ; Jens 1796- ; og to døtre.
    Jon var soldat, både han og rømlingen Syver Henrikson Opheim (Helling) slo seg ned i Randers i Danmark. Om soga til Syver Henrikson, sjå Helling gnr. 20/1 år 1778. Båe hadde mange barn og stor etterslekt i Danmark. (976)
3. Gullik Knutson Strand Tune 11.01. 1761-
Barn m/Gunvor Olsdtr. Kinneberg, Gol: Syver 1792- . (973)
    Gullik vart arrestert 1790 for "Formastelige og og Lovstridige forhold." Bygdefolket klaga over at han kasta ølskåler i hovudet på folk når det var samvære i bygda. Vidare var det noko krangel og slagsmål.
    Gullik vitna 1790 at han hadde vore utan fast tenest i 16 år. Men han dreiv med tinnstøyping, og dei siste par åra hadde han handla med fe og ymse varer.
    Øvrigheita omtala Gullik slik: "En ryggesløs, frygtelig og for den almindelige Sikkerhed skadelig Person." I 1792 vart Gullik dømt til 1 år på Kr.ania tukthus, "for om muelig ved Refselse settes i Forbedring." (1673)61
    I 1801 var Gullik komen attende til bygda, og han var losjerande, ugift gyrtlar (messingslager). Sonen Syver vaks opp på Kinneberg hjå besteforeldra. Etter 1801 ser ein ikkje meir til Gullik i Ål, truleg har han flytt ut.
4. Halvor Knutson Strand Guroplass 06.05. 1764-1825
G 1792 m Gro Torsteinsdtr. Granhagen 1753-1817. G 1818 m Guri Ivarsdtr. Gjeldokk.
    Sjå Guroplass, gnr. 123/31.
5. Knut Knutson Neståker Tangeviken 24.01. 1768-
På lista over "fattige børn" i 1780. Soldat, ugift dagarbeidar og leigesoldat på Tune i 1801.

Knut rekna Larsgarden Strand for å vera sin odel og åsete då onkelen Per Knutson Strand selde sin odel i 1751. Mari vart anmeld i ei skattesak i 1752.
    I 1758 budde Knut på "Gulliksplassen" då han selde ymse jordegods til Eivind Guttormson for 52 rd.
    I 1767 kjøpte Knut Tangeviken hjå Ola Gullikson LilleBreie for 99 rd. Til plassen Tangeviken høyrde hus og herberge og ei slåtte på Tangane, og dessutan vanlege rettar i skog og hamn. (1194) s 179
    I 1769 vart Knut innklaga for retten for ran og vald mot Syver Tolleivson Breie. Knut var sagt opp som husmann, og grytidleg ein morgon i pinsa kom Syver til Tangeviken med arbeidsfolk for å pløge.
    Då sa Knut: "Du skal ikkje koma hit om natta og stela deg til å pløge før du har fått rett på plassen!!" Han hytte etter Syver med øks. Men karane roa seg før nokon vart skadd, og vart samde om at Knut skulle flytte frå Tangeviken når dyra var framfødde neste vår. (1368) s 17
    Knut var enkjemann og almisselem i huset hjå sonen Halvor i 1801.

{6944} År: 1777

Åse Syversdtr. Breie Tangeviken 15.08. 1745-
Foreldre: Syver Tolleivson Øvre Breie og Birgit Torsdtr. Øvre Håheim.
Gm Knut Hermundson Slettemoen Tangeviken 23.02. 1749-
Foreldre: Hermund Knutson Slåtta Slettemoen og Birgit Olsdtr. Åkreslåtta, Hol.
*Barn
1. Hermund Knutson Tangeviken 1776-
2. Syver Knutson Tangeviken 1778-

Knut og Åse gifte seg i 1775. Dei fekk i allefall to barn, som ikkje voks opp.
    Knut selde plassen Tangen til svogeren Tolleiv Syverson Breie.
    Knut kjøpte Tangeviken 1777 hjå Ola Olson Neståker for 99 rd. Han lånte 70 rd, men selde vidare neste år for 120 rd til Torgeir Sundbrei. Hjå svoger Tolleiv Syverson fekk han plassen SlåtteTangen til bruk og eigedom i 1777.
    Plassen Tangen skulle Knut Asleson bruke så lenge han levde, og den årlege leiga på 1 rd skulle Knut Hermundson ha inn til han overtok sjølv. Vidare fekk Knut løyve til å rydde seg to stølar, og 'nyde skog etter behov' under øvre Breie. Overføringa skjedde som arv for Åse, noko vederlag skulle ikkje Tolleiv ha.
    I 1779 lånte Knut 70 rd med pant i Slåttetangen, to kyr og alt lausøyret.

{6945} År: 1778

Torgeir Olson Neståker Tangeviken 11.02. 1753-1793
Foreldre: Ola Sevatson Tune Neståker og ... ... ... .
Gm Sunnev Sveinsdtr. Heggeset Tangeviken 19.03. 1757-
Foreldre: Svein Eirikson Heggeset og Margit Sandersdtr. Kaupang, Hol. (Hol VI s 300)
*Barn
1. Ola Torgeirson Tangeviken Sveinhaug 05.12. 1779-1835
Ugift. Ola var på nordre Sveinhaug frå 1813, sjå Sveinhaug, gnr. 128/1a. Ola kjøpte Urundlie i Hol i 1815.
    Ola reiste ut og slo seg ned på garden Haviken i Sokndalen. Ridevegen frå Krødsherad til Hallingdal gjekk like ved, så Ola dreiv gjestgjevarstugu.
    Ola kom i strid med ein av grannane sine om noko jord og saka kom for retten. Der fekk Ola medhald.
    Dette fall grannen tungt for bringa. Ei tid etterpå vart Ola skoten av grannen, og liket vart senka i Bergsjøen. Men udåden kom for ein dag, og grannen vart dømt frå livet. Før øvrigheita kom så langt, hadde grannen svelt seg i hel i fengselet. (Sjå "NU 2. juni 1908.)
    Broren Torgeir overtok Haviken, men selde og flytte til Sveingard i Sudndalen i 1840.
2. Sissel Torgeirsdtr. Tangeviken Urundlie 11.04. 1784-1849
G 1813 m Ola Asleson Aslegard - Urundlie. Barn: Anne 1817-1889 gm Tore K. Odden, Skurdalen.
    Dei hadde bruket Urundlie eller Hølet i Hovet frå 1830 og fram til dottera og svigersonen overtok kring 1845.
3. Sander Torgeirson Tangeviken 22.10. 1786-1806
4. Svein Torgeirson Tangeviken 13.04. 1789-1793f
5. Margit Torgeirsdtr. Tangeviken Heggeset 26.12. 1792-1887
G 1814 m Sander Eirikson Heggeset, Hol 1782-1855. Barn: Åse 1816- ugift (1 barn ); Sunnev 1818- g 1843 m Ola Ivarson nedre Slåtta i Ustedalen-Uthus; Hans 1820- ; Eirik 1823- til Foss-slåtta, g 1850 m Margit T. Bergo (Skurdalen); Svein 1825- g 1853 m Åse Eivindsdtr. Breiehagajordet; Margit 1828- ug. (1 barn); Anders 1830- til Myrehagen i Skurdalen, gm Anne Olsdtr. Naustedokken.
    Margit og Sander var syskenbarn. Ho døydde på legd i Ustedalen.
6. Torgeir Torgeirson Tangeviken Sveingard 11.08. 1793-1849
G 1818 m Rønnaug Sveinsdtr. nedre Reinton. Sjå neste hushald.

Torgeir og Sunnev gifte seg i 1779. Han skreiv seg då Nossebråten.
    Torgeir fekk skøyte på Tangeviken i 1778 for 120 rd. Torgeir kjøpte eit rudningslende under Tangeviken for 5 rd i 1790.
    Torgeir omkom i 1793. Av frykt for tjuvar hadde bonden i Larsgarden Noss lagt ut ei ladd børse med snoravtrekk i stolphuset. Torgeir kom ein tur om natta han, og fekk heile ladningen i seg. Han vart funnen død i eldhuset i Larsgarden om morgonen.
    Ho Sunnev henta liket på ein kjelke, og stellte til gravferd.
    Buet etter Torgeir var 93 rd. Sunnev bad om få skiftet utsett då ho gjekk med barn. Lausøyret vart selt på auksjon og buet var på 93 rd. Tangeviken vart taksert til 140 rd. Sunnev skøytte Tangeviken til sonen Torgeir i 1812. I 1836 reiste Sunnev til Haviken saman med sonen Torgeir og familien.
   

{6946} År: 1812

Torgeir Torgeirson Tangeviken Tangeviken 11.08. 1793-1849
Foreldre: Torgeir Olson Sundbrei Tangeviken og Sunnev Sveinsdtr. Heggeset.
Gm Rønnaug Sveinsdtr. Reinton Tangeviken 1798-
Foreldre: Svein Levorson Sindrol Reinton og Haldis Olsdtr. Bekkestad nedre Reinton, Hol.
*Barn
1. Torgeir Torgeirson Tangeviken Sveingard 03.03. 1820-
Gm Kari Knutsdtr. Luten 1817-.... . Barn: Ågot 1854- ; Halvor 1840- ; Ågot/Julia 1842c- ; Tilda 1864c- ; Emma 1867c- ; Sarah 1871c- ; Tom 1878c- . (1595)
    Torgeir var konfirmert i Lunner i 1836 som T.T. Svensgarden. (1009)
    Torgeir Sveinsgard vart 1849 innstevna til forliksrådet i Aurland for 100 rd. Truleg i samband med fehandel. (1295)
    Til Am. 1857: La Crosse, Wisconsin.
2. Svein Torgeirson Tangeviken Sveingard 28.09. 1821-
Gm ... ... ... . Til garden Havik i Sokndal. Kom att i 1840. Til Am. 1861.
3. Sunnev Torgeirsdtr. Tangeviken 25.01. 1824-
Gm Knut Knutson Gudbrandsgard Trettestølen 1818- . Barn: Torgeir 1850- ; Knut 1855- ; Svein 1858-1937 gm Jane/Jennie Rauk (6 barn). (1693)
    Sunnev vart konfirmert i Lunner i 1840 som S. T. Svensgarden, 'Meget gode Kundskaber.' (1009)
    Til Am. i 1861. Dei var 11 veker på sjøen. I 1900 budde ho som enkje i Traill Co SD saman med brorkona Kari K. Luten.
4. Svein Torgeirson Tangeviken Sveingard ...... 1826-
Gm Liv Olsdtr. Myrland. Barn: Rønnaug 1855- ; Torgeir 1859- ; Birgit 1862- ; Haldis 1863- ; Ola 1868- ; Svein 1871- ; Stein 1874- . (Hol V s 469 og s 568)
    Svein overtok Sveingard etter faren i 1849. Ei tid hadde han også øvre Myrland. Han var skomakar og garvar. Svein selde garden i 1880 og reiste til Amerika.
5. Haldis Torgeirsdtr. Tangeviken Skaro 15.09. 1828-
Gm Elling Knutson Skaro. (Bror til kaptein Skaro som fall i Borgarkrigen.) Barn: Guro 1848- gm Ola Knutson Øsmundset; Rønnaug 1853-1913 gm Helge Knutson Skøro; Eirik 1855- til Am. gm Birgit Sataøyen; Margit 1858-1947 gm Ole Braaten, Am. ; Anne 1860-1885; Torgeir 1863-1880; Knut 1865-1884; Guri 1869- gm Ola Arneson Skuledokken; Margit 1873-1945 gm Asle Håkonson Skalle. (Hol V s 518)
    Til garden Havik i Sokndalen. Attende til Hol og derfrå til Am. Ho vart over 90 år gamal.
6. Eirik Torgeirson Tangeviken Sveingard 24.11. 1834-
Til garden Havik i Sokndal, sidan heim att til Hol og til Amerika.
7. Ola Torgeirson Tangeviken Sveingard ...... 1838-
Gm Ranaug ... ... . 6 barn: Randine 1872c- ; Thomas 1874c- ; Stene 1879c- ; Lena 1883c- ; ... ; .... . (1595)
    Ola skal vera født i Sokndalen. Han reiste til Amerika som 20 åring saman med sysken og mor. (Hallingen 21 s 34-38) Fattigvesenet overtok farsarven hans,1 spd og 32 ort i 1859, dei hadde hatt fleire uttellingar for han. (780)
    Ola, kalla Store-Ola, budde i Wisconsin. Mora hans kom etter og budde hjå han. I FT 1885 budde Ola i Bellmont & Buxton, Trail Co og mora var hjå han.
8. Ola Torgeirson Tangeviken Thompson 01.04. 1841-1919
G 1869 m Guri Larsdtr. Egge, V. Slidre 1846-1894. Barn: Louis/Ludvig 1870c- jurist; Thomas 1874-1939 gm Julia ... (7 barn); Anette ....- ; William 1875c- kiropraktor i Texas (?); Tilton 1875-1931 jurist; Ole 1877-1942 farma i lag med Gilbert, omkom ved vådeskot; Gilbert 1880-1961 ug. farmar i ND; Randine 1882-1888; Oline 1884-1964 g 1919 m Arnt Bye (3 barn); Gina 1888- gm sheriff Harold Feetham i Minneapolis; Matilde 1892-1921 ug. (1577)
    Til Amerika som 20 åring. I 1868 hadde han kontraktarbeid ved Fort Washworth. Våren 1869 reiste han til Red River Valley, og der tok han land ved Holy Cross. Ola var av dei fyrste norske setlarane i Red River Valley.
    Han bygde seg det fyrste huset og fridde til Guri Egge. Han kjøpte 2 quart land tilleggsjord til farmen. Ola fekk jobb som postmeister for området, og flytta kontoret over på farmen sin.
    Guri døydde i barselseng med det siste barnet i 1894. Ola var heim att til Noreg ein tur i 1891. (1398) 1926 (Hall. Hefte 21 s 34-38) . Han skreiv seg Ola Thompson.
9. Sander Torgeirson Tangeviken Thompson 01.04. 1841-
Gm Kjersti Gulson. (Av Tinn-slekt.) Barn: H. L. ....- ; Thilper 1885- busett Devils Lake, ND gm Johanna Jamtvoll.
    Dei skreiv seg Thompson i Am. (1329) s 573.
10. Stein Torgeirson Tangeviken 07.11. 1843-

Torgeir og Rønnaug gifte seg i 1818. Torgeir var ute i krigen 1807-14.
    Folket hennar Rønnaug sette seg mot giftarmål, men Rønnaug og Torgeir visste kva dei ville, så Torgeir røva henne.
    I 1836 reiste dei til garden Haviken i Soknedalen.
    I 1840 kom Torgeir attende og kjøpte søre Skøro (Sveingard) i Sudndalen. Under buføring frå Sveingardsbotten hausten 1849 gjekk Ola gjennom isen og omkom. Rønnaug reiste til Amerika i 1861 med seks av barna. (Hol V s 567)

{6947} År: 1836

Tolleiv Larsson Noss Brenno Tangeviken 11.01. 1801-1885
Foreldre: soldat Lars Tolleivson Dengerud (ungkar) og Margit Hermundsdtr. Uthus Noss (Jfr. konfirmasjonen 1817.) I fylgje Hol IV s 281 er mora Guri Nilsdtr. Arnegard Noss.
Gm Kristi Trondsdtr. Sundre Tangeviken 13.11. 1803-1861
Foreldre: Trond Syverson Ruud (Nes) Sundre og Margrete Pettersdtr. Holter Rasch, (Nes).
*Barn
1. Kristian Tolleivson Tangeviken Øygarden 20.05. 1828-1912
G 1868 m Barbro Eilevsdtr. Bryplass 1843-1919. Barn: Tolleiv 1869-1954 bonde på nordre Øygarden, g 1902 m Anne Syversdtr. Endrestølen (5 barn); Margit 1871- g 1894 m Nils Larsson Bakkegard Lio; Oluf 1873-1934 underoffiser og stasjonsmeister på Vestfossen, gm Ragnhild Eltun (3 barn); Kristi 1875-1928 g 1913 m Ola Hermannson HelleTeigen; Lars 1877-1933 kjent fotograf (L. K. Ødegaard) og lærar på Nes, gm Kari Dokken (4 barn); Margit 1880- gm Kristian Anderson Lien, frå Sør-Skurdalen, til Hokksund; Guttorm 1883- til Amerika, gm Gro Syversdtr. Åker (2 barn); Kristian 1886-1958 sekretær ved Olso skifterett, gm Emma Thomesen (2 barn). (Hol VI s 580)
    Kristian var murar i 1865. Han kjøpte nordre Øygarden i Hol i 1868.
2. Margit Tolleivsdtr. Tangeviken Breie-øyen 22.11. 1829-
G 1865 m Elling Person Breie-øyen. Sjå Flatmark, gnr. 127/57.
3. Margrete Tolleivsdtr. Tangeviken Hansen 15.08. 1831-
Gm snikkar Kristian Hansen, 'Sjie sogn,' busett i Kr.ania. Ingen barn.
4. Tolleiv Tolleivson Tangeviken Sveinhaug 04.09. 1833-____
Gm Astrid Levorsdtr. Teigen 1821-1905. Sjå nordre Sveinhaug, gnr. 128/1c.
5. Birgit Tolleivsdtr. Tangeviken Myren 03.01. 1836-1917
G 1858 m Gaute Tolleivson Myren, 1834-1909, på nordre Myren i Skurdalen. Barn: Tolleiv 1858-1943 forretningsmann i Drammen, "T. Myhre" som skreiv "Hallingdalens historie," g 1908 m Inglev T. Bergstøl (4 barn); Guro 1861-1890 ug.; Kristian 1864- til Am., gm Guro P. Naustedokken; Gaute 1869-1958 bonde i Groven, g 1896 m Margit T. Naustedokken; Syver 1872-1953 ug. ; Mikkel 1875-1932 bonde på Myren, g 1905 m Gunhild H. Narverud (4 barn); Kirsti 1879- til Am., gm Ivar Skiaker, gm Carl L. Alstad (ingen barn). (Hol VII s 685)
6. Gro Tolleivsdtr. Tangeviken 25.07. 1838-1842
7. Maria Tolleivsdtr. Tangeviken Johansen 09.05. 1841-
Gm Hans Johansen 1831-1910 frå Hid i Sverige, busett i Drammen. Barn: 6.
8. Gro Tolleivsdtr. Tangeviken Brodalen 08.07. 1844-
Gm Arne Andersen, busett på Brodalen, Modum, sidan på Hokksund. Barn: 9.

Tolleiv og Kristi gifte seg i 1828. Tolleiv skal ha vore ein av dei beste skreddarane i si tid. I 1836 kjøpte Tolleiv både Tangeviken og nordre Sveinhaug.
    1844 gav Tolleiv Larsson arvefestebrev på halve Kolbjørnstølen til Torkjell T. Sausgardhaugen for 50 spd og 8 sk årleg.
    Tolleiv og sonen Kristian budde i Tangeviken i 1865. Sonen var murar.

{6948} År: 1880

Asle Olson Djupedokken Tangeviken 31.12. 1837-1921
Foreldre: Ola Olson Tangane Djupedokken og Kari Aslesdtr. Sundrebråten.
Gm Birgit Olsdtr. Eivindsplass Tangeviken 10.01. 1846-1925
Foreldre: Ola Halvorson Halvorstølen (Eivindsplass) Syversteigen og Åse Olsdtr. Hjalmeplass.
*Barn
1. Ola Asleson Tangeviken Grevsgard 14.04. 1868-1940
G 1896 m Birgit Gregorsdtr. Grevsgard 1867-1940. Sjå Grevsgard, gnr. 127/18.
2. Ola Asleson Tangeviken 05.11. 1869-1952
G 1915 m Astrid Larsdtr. Sandåker. Sjå neste hushald.
3. Kari Aslesdtr. Tangeviken Øyno 03.01. 1872-1949
Gm Knut Asleson Øyno, gnr. 115/4.
4. Åse Aslesdtr. Tangeviken 30.06. 1874-
Ugift, Åse budde på Helling, ho dreiv med handarbeid m.m.
5. Ågot Aslesdtr. Tangeviken 1875-
Ågot var ugift og dreiv med handarbeid i 1900. Ukjent lagnad.
6. Margit Aslesdtr. Tangeviken Haugen 06.07. 1876-1951
G 1898 m Embrik Knutson Espegard Haugen, sjå Medgardshaugen, gnr. 69/3.
7. Asle Asleson Tangeviken Skrien 08.04. 1879-
Gm Mari Eilevsdtr. Hallingstad. Sjå Skrien, gnr. 125/12. Asle var fast meteorolog i Strandafjerdingen. Han las av ymse trepinnar på veggen, og hadde brukbare svar når grannane lurte på kva ver som var i vente.
8. Birgit Aslesdtr. Tangeviken Bakken 31.08. 1881-
Gm Andreas Karlsen Bakken, Norderhov. Barn: Borghild ....- ; Ågot ....- ; Alma ....- gm ... ... ; Gunvor 1912- ; Karl "Andersen" 1915- ; Aksel 1920- ; Solveig 1925- ; Harald 1923- . (1040).
    I unge år var Birgit gjætar som skikken var. Ho såg bjørn titt og jamnt. Ein gong tok bjørnen ein geitebukk. 18 år gamal tok ho tenest i Dagali og sidan kom ho til 'jenteauksjon' i Drammen. Bønder frå alle kantar plukka seg ut arbeidshjelp. Ho kom til Hesselberg på Norderhov og der møtte ho møtte Andreas.
    Andreas måtte farte hit og dit for å få arbeid, og familien vart med. I 1939 slo Guri seg til i barndomsheimen hans på Åsa. Andreas var då gått bort.
9. Guri Aslesdtr. Tangeviken 11.01. 1889-
Guri døydde tidleg, - utanfor Ål?

Asle og Birgit gifte seg i 1868. Asle kjøpte Tangeviken 1880.
    Asle var ein håndug kar og visste å nytta tida. Om kveldane sat han ved peisen og brende kol. Det kunne bli opptil 1 settung kol på ei lang kveldsete. Kolet måtte dynkast med vatn om det tok til å låga-brenne. Han selde kolet til ein låsesmed i Hol og fekk vistnok 5 øre pr. settung.
    Asle laga teiner. Om vinteren fekk han ikkje sett vidjene fast i jorda, men han viste råd. Han gjekk til sauestallen og sette vidjene i tallen.
    Asle dreiv også tjørebrenning. Ein gong han var på heimveg med tjøre i ein kagge på ryggen, så gjekk det ikkje betre enn at han snubla. Den varme tjøra rann fram i håret hans. Då var det berre ein ting å gjera: han måtte la seg snauklyppe. Det tok mange veker før håret kom att. (1496)