Sveinhaugen gnr. 128 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Sveinhaugen gnr. 128 bnr. 1a

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Ei slette ved elva under Breiehagen var kalla Kringleslett på 1700-talet. Her var husmannsplass, den fyrste bygslinga var i 1735. Det var ingen årleg leige, men plassen skulle falle attende til Breiehagen etter bygslaren si levetid.
    Namnet Kringleslett går truleg på forma av sletta. Namnet Sveinhaug kjem av fyrste husmannen Svein Torgeirson.
    I 1750 gjorde bøndene på Breie, Sandåker, Sundbrei, Breiehagen og Underberget slik avtale: når Svein og kona er avlidne, så skulle plassen Kringleslett og Gjermundsodden leggast ut til sameige. Dette skulle skje utan betaling sidan plassen var deira gamle eigedom.
    Svein rydda ein heimstøl på vestsida av elva, men det var ikkje etter avtalen heitte det i 1752.
    Avtalen vart endra, i 1763 skøytte 'Oppsidderne på Breen m.f.' Kringleslett med bubeite og to stølar til Nils Olson Breiehagen. Sidan var bruket husmannsplass under Breiehagen fram til salget i 1813.
    Delingar. Søre Sveinhaug vart frådelt 1804. Resten av bruket, omlag 1/3 vart sidan kalla nordre Sveinhaugen.
    Areal 1865: dyrka jord 3 1/2 mål, utslått 12 mål. Avling 2 3/4 tunne bygg og 2 1/2 tunne potet. Dei hadde to kyr og 3 geiter.
    Sveinhaug vart lagt under Hol i 1877 og fekk gnr. 3/2. Sjå Hol III s 22.

{7000} År: 1750c

Randi Olsdtr. Breiehagen Sveinhaugen 1724-1810
Foreldre: Ola Eilevson Breiehagen og Birgit Knutsdtr. Breie.
Gm Asgrim Ivarson Rue Neståker 1716-1756
Foreldre: Ivar Asgrimson Rue Nerol og Haldis Pålsdtr. ......
*Barn
1. Haldis Asgrimsdtr. Breiehagen? Tangane 1749-
Gm Ivar Eirikson Åkreslåtta (Hol) Tangane, gnr. 127/3.
2. Svein Asgrimson Neståker? Breiehagen 02.05. 1751-1800c
G 1776 m Sigrid Holgesdtr. Gjernes. Sjå år 1776.
3. Ola Asgrimson Neståker Sundbrei 31.05. 1753-
G 1806 m Guri Olsdtr. Holto. Sjå Sundbreihaugen, gnr. 125/7a.
4. Gjertrud Asgrimsdtr. Neståker Tangane 15.02. 1756-1831
Gm Ola Eirikson Skalle Tangeviken, gnr. 127/30.

Asgrim Ivarson Rue gifte seg dottera i Breiehagen og kom til plassen Sveinhaug omlag 1750. Asgrim og Randi var på Neståker omlag 1755, og der døydde han i 1756. (Sjå Hol III s 850)

{7001} År: 1763


I 1763 skøytte 'Oppsidderne på Breen m.f.' Kringleslett med bubeite og to stølar til Nils Olson Breiehagen.
    Plassen vart brukt under Breiehagen framover. I manntalet 1775 står det under Breiehagen: 'Hagen-Haugen øde.'
    I 1787 vart plassen bygsla av bror til Nils Olson. Han var nok komen dit i 1781.

{7002} År: 1776

Svein Asgrimson Neståker? Breiehagen 02.05. 1751-1800c
Foreldre: Asgrim Ivarson Rue Sveinhaugen og Randi Olsdtr. Breiehagen.
Gm Sigrid Holgesdtr. Gjerdnes Breiehagen 23.02. 1749-1831
Foreldre: Holge Eilevson Noss Gjerdnes og Ingeborg Nilsdtr. ... .
*Barn
1. Asgrim Sveinson Breiehagen 26.11. 1775-1801f
Truleg død i 1790-åra.
2. Ola Sveinson Breiehagen Gjerdnes 07.02. 1779-1839
G 1817 m enkje Helga Aslesdtr. Ulshagen Hansebråten 1752-1827. Ingen barn. Ola budde hjå mora i Sagen i 1831.
3. Asgrim Sveinson Breiehagen 03.08. 1783-1801f
Truleg død i 1790-åra.

Svein og Sigrid gifte seg 1776. Svein var husmann under Breiehagen, truleg hadde han Sveinhaugen nokre år som nygift.
    Svein døydde truleg som S. A. Hølong i Hol i 1800. (Den einaste med det namnet død før 1800.) Eller han kan vera død i 1790-åra.
    Sigrid og systera Liv fekk utlagt plassen Sagvollen på skiftet etter foreldra i 1801.
    Ho døydde som enkje i Sagen i 1831.

{7003} År: 1781

Ola Olson Breiehagen Sveinhaugen 1731-1809
Foreldre: Ola Eilevson Breiehagen Nerolshaugen og Birgit Knutsdtr. ... .
Gm Anne Olsdtr. ... Sveinhaugen 1741-1807
Foreldre: Ola ... ... og ...
*Barn
1. Ingeborg Olsdtr. Breiehagen 26.05. 1760-
Faddrar: Nils Hagen, Eilev Olson Hagen, Nils Hagens qv., Ågot Underberg, Birgit Gulliksdtr. Breie.
2. Ingeborg Olsdtr. Aslegard 14.06. 1761-
3. Ola Olson Løengen Toresgard 14.06. 1761-1840
G 1801 m Borghild Olsdtr. ... . Ola kjøpte Løengen/Løingen i Hol i 1803. Men bruket vart teke på odel i 1806. Ola kjøpte halve 'Torsgarden i Kvinnegardslia' same året. (Hol III s 501)
    NB. Det skal stå Toresgard, gnr. 89/1.
4. Knut Olson Aslegard 1764-
Knut var ugift losjerande skreddar i Breiehagen i 1801. Død utan arvingar før 1831. (1404) s477
5. Birgit Olsdtr. Aslegard 1768-1830
Barn m/Mikkel Olson ... : Anne Mikkelsdtr. f. 1806 på Norderhov, sjå barnebarn.
    Skiftet etter Birgit i 1830 vart halde på GjermundsHaugen. Truleg skulle det stått GjermundsOdden.
6. Turid Olsdtr. Aslegard Vesleslåtta 1772-1844
G 1808c m Ola Anderson Vesleslåtta, Ustedalen 1772-1832. Ingen barn. (Hol VII s 331)
7. Åse Olsdtr. Sveinhaug Skarsgardshagen 1777-
G 1799 m Syver Larsson Skarsgardshagen-Gjermundhaugen. Sjå Skarsgardhagen, gnr. 92/2.
8. Svein Olson Breiehagen Kampen 1781-
G 1818 m Barbro Aslaksdtr. Kvammen 1787-1861. Svein var i Hardanger i 1818 og 1830. Heitte bruket Kampen? (Ulvik II s 503)
9. Ola Olson Breiehagen Urundlien 1783-1845c
Gm Sissel Torgeirsdtr. Tangeviken. Barn: Anne 1817-1889 gm Tore K. Odden frå Skurdalen - Urundlien (1 dotter).
    Ola overtok Urundlien i Hol etter Ola Torgeirson Tangeviken i 1830. Versonen tok over i 1845. Sissel var enkje før 1849. (Hol V s 389)
*Barnebarn
1. Anne Mikkelsdtr. Sandåker Hakkerud 02.03. 1806-
Barn m/Knut Sveinson Sundbrei: Birgit 1825- ; Ola 1828- ; Knut Knutson 1840-
    Barn: Birgit 1843- m/ Knut Nilsson Syversrud.
    Foreldre: Mikkel Olson .... og Birgit Olsdtr. Aslegard eller Sandåker. Anne var født på Norderhov 1806. Morbror: Knut Olson Aslegard
    Anne budde i Venedokken i 1832. A M Hakkerud vart tildelt korn på kassa i 1846. Anne reiste til Amerika i 1860 med sonen Knut. Truleg var sonen Ola 1828- reist fyrst over. Busett Paint Creek, Allamakee Co Iowa. (918)

Ola og Anne var på Aslegard i Skurdalen frå 1761 til 1780. Dei hadde barn til dåp i 1781 som 'Breiehagen.'
    I 1787 bygsla Ola eit rudningslende nord for plassen Kringleslett hjå broren Nils i 1787 for 1 rd og 1 mark årleg leige. Ola fekk rett til å bygge opp hus og åkrar og eng der han syntes. Rudningslendet skulle utan erstatning falle attende til garden etter Ola og Anne si tid.
    I 1801 var Ola husmann under Breiehagen. Anne døydde i Sveinhaugen i 1807.

{7004} År: 1813

Ola Torgeirson Tangeviken Sveinhaug 05.12. 1779-1835
Foreldre: Torgeir Olson Sundbrei Tangeviken og Sunnev Sveinsdtr. Reinton (Hol).

Ola var ugift. Han kjøpte nordre Sveinhaug i 1813 og selde vidare til bror Torgeir i 1821. Ola kjøpte Urundlien eller Hølet i Hol i 1815. (Hol V s 389)
    Ola reiste ut og slo seg ned på garden Haviken i Sokndalen. Ridevegen frå Krødsherad og til Hallingdal gjekk like ved, så Ola dreiv gjestgjevarstugu. Ola kom i strid om noko jord med ein av grannane sine og saka kom for retten. Der fekk Ola medhald.
    Dette fall grannen tungt for bringa. Han gjekk stad og skaut Ola, og liket vart senka i Bergsjøen. Men udåden kom for ein dag, og grannen vart dømt frå livet. Før øvrigheita kom så langt, hadde grannen svelt seg i hel i fengselet. (Sjå "NU 2.juni 1908)

{7005} År: 1821


Torgeir Torgeirson Tangeviken (1793-1849) hadde Sveinhaug frå 1821 til 1836. Han selde båe bruka til Tolleiv Larsson Noss. Sjå meir under Tangeviken, gnr. 127/30.

{7006} År: 1836


Tolleiv Larsson Noss Arnegard (1801-1885) kjøpte både Sveinhaug og Tangeviken, sjå Tangeviken, gnr. 127/30.
    Sonen Tolleiv overtok Sveinhaug i 1861.

{7007} År: 1861

Tolleiv Tolleivson Sveinhaug 04.09. 1833-
Foreldre: Tolleiv Larsson Noss Sveinhaug Tangeviken og Kristi Trondsdtr. Sundre.
Gm Astrid Levorsdtr. Teigen Sveinhaug 08.12. 1821-1905
Foreldre: Levor Olson GjermundsOdden Teigen og Sunnev Ivarsdtr. Teigen, Hol.
*Barn
1. Levor Tolleivson Sveinhaug 17.04. 1863-1867
2. Tolleiv Tolleivson Sveinhaug 06.01. 1866-1917
Ugift. Tolleiv var svært interessert i politikk, og det vart sagt at han overtok garden 1894 for å få røysterett.
    Tolleiv fekk bygd nytt fjøs på garden, men økonomien bar ikkje. Garden gjekk til auksjon i 1901. Panthavar Ola H. Sato overtok og selde til neste brukar 1902: Aslak Helle. )
    Tolleiv fekk sett seg opp ei liten stugu nordmed vegen. (1296)

Tolleiv og Astrid gifte seg i 1866. Presten skreiv i 1863: "Faderens 1. lm her i bygden. Det siges han skal være far til et barn i Bergen stift."
    Tolleiv reiste til Hardanger for å ta seg arbeid i 1855. Han fekk lagt seg opp pengar så han kunne kjøpe Sveinhaug (og litt skog) hjå faren i 1861 for 100 spd og kår. Tolleiv var netbindar.
    Frå tida i Hardanger hadde han skrive opp ei mengd med viser. Han var flink til å syngja. Tolleiv likte å spela bas der fleire var til stades. (1296)
    Sveinhaugen vart lagt til Hol i 1877. Sjå vidare i Hol III s 25.