Hagaøyne gnr. 128 bnr. 8
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Hagaøyne gnr. 128 bnr. 8-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Hagaøyne var opphavleg slåtte og husmannsplass under Breiehagen, plassen låg på Øynane vest i Strandafjorden. (Sjå innleiinga under SandåkerØyen, gnr. 126/4.)
    Øyne er fyrst nemnt 1804. Hagaøyne frådelt 1897 og selt til Herleik Larsson Jakopsplassen.
    Det var ein djup høl i elva ved Hagaøyen, dei måtte nytte båt for å koma til og frå.
    Husa i Hagaøyne var stugu, loft stallar og låve.
    I 1865 fødde dei 2 kyr og 1 sau på Øyne. Dei sådde 1/2 tunne bygg.
    I 1970 vart Hagaøyne og naboeigedomane på Øynane lagt ut til industrifeltet Kleivi, eigedomen låg omlag der noverande Reimfabrikk ligg. Eigedomen var busett til utpå 1960-talet. Sjå foto av SandåkerØyen, gnr. 126/4, Hagaøyne låg ved skogkrullen nord-sør for SandåkerØyen.

{7024} År: 1804


Halvor Knutson Halvorstølen (1767-1819) kjøpte Øyen (1/4 laupsbol) for 99 rd i 1804 hjå Ola Nilsson Breiehagen. Sjå meir om Halvor under Halvorstølen, gnr. 127/19.

{7025} År: 1850c

Guttorm Eilevson Slettemoe-eie Breiehagen 08.06. 1823-1857
Foreldre: Eilev Lambertson Haugerud (nekta farskapet) og enkje Torand Knutsdtr. Arnegard (Skurdalen) Kleiven.
Gm Anne Aslesdtr. Baklien Hagaøyne 20.06. 1815-1884
Foreldre: Asle Fingarson Baklien og Anne Aslesdtr. Aslegarden Strand.
*Barn
1. Torand Guttormsdtr. Hagaøyen Skomakermoen 26.05. 1850-1917
G 1882 m Eilev Eilevson Skomakarmoen, gnr. 120/8.
2. Eilev Guttormson Hagaøyne Strand 10.05. 1854-
Til Amerika i 1878. "E. G. Strand" let etter seg kone og tre barn.

Guttorm Eilevson var husmann på Hagaøyne. Han døydde av tæring i 1857.
    Anne og ungane sat med plassen i 1865.

{7026} År: 1897

Herleik Larsson Jakopsplassen Hagaøyen 15.04. 1847-1921
Foreldre: Lars Ivarson Brøto (Rukkedalen) Jakopsplassen (Skurdalen) og Kari Larsdtr. Aslegard, Skurdalen.
Gm Inger Halvorsdtr. Kitilsplass Hagaøyen 05.04. 1849-1935
= Inger Kristine. Foreldre: Halvor Olson Ulshagaplassen Kitilsplass og Kari Ivarsdtr. Prestlien.
*Barn
1. Lars Herleikson Hagaøyen Aalsgaard 04.05. 1876-
G 1901 m Hildur Angell Reimers, Bergen 1872- .
    Etter løyve av 1928 tok Lars namnet Aalsgaard. Han var gravør/gullsmed i Bergen.
2. Kari Herleiksdtr. Hagaøyen Håkonsen 08.06. 1878-
Gm Håkon Bertold Håkonsen 1876-1960. Barn: Elida 1899- gm Tarald Taraldsen ( 2 barn).
    Dei budde i Oslo og dreiv Håkonsen vaskeri. (929) (1047) 110/54
3. Kari Herleiksdtr. Hagaøyen Askland 07.01. 1882-
Gm Jon Askland, Bergen. Tre barn. Busett i Amerika.
4. Birgit Herleiksdtr. Hagaøyen 03.09. 1884-1885
5. Halvor Herleikson Hagaøyen 04.11. 1885-1888
6. Olav Herleikson Hagaøyen 06.11. 1887-1905
Olav arbeidde på Ringnes bryggeri. Døvstum.
7. Kristi Herleiksdtr. HagaØyen 27.02. 1890-1963
Sbm Vilhelm Johan Jørgensen. Sjå neste hushald.

Herleik og Inger Kristine gifte seg i 1875.
    Dei var på Jakopsplassen i Skurdalen frå 1874 omlag og fram til auksjonen i 1890. Faren, Lars, fekk tilslaget og let garden gå til Ivar, yngste broren til Herleik.
    Herleik og Kristi var innom på plassen Kulu-tunga (under Rime) før dei kom til Hagaøyen i 1897.
    Herleik var ein ihuga fiskar og fekk dermed oppnamnet Fiske-Herleik. Han var god til å ordlegge seg. Ein pram hadde han laga seg så han kom til og frå HagaØyen.
    (Var det her Syndingshamaren var? Ein stad der dei sunda, dvs. rodde buskapen over elva på veg til og frå langstølane.)