Solvik gnr. 128 bnr. 10
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Solvik gnr. 128 bnr. 10-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Småbruket Solvik vart frådelt Breiehagen kring 1915, sjølve skylddelinga fann stad fyrst i 1935. Til bruket låg jord, skog, støl og fiskerett, dvs. omlag ein halvpart av alle goder som låg til Breiehagen. Ved skylddelinga fekk Solvik 2,82 skyldmark, resten av garden hadde att 2,88.
    Solvik vart bygd opp i åra 1915 til 1930. Her fødde dei 4-5 kyr og hest.
    I 1951 vart frådelt tomta Trekanten (bnr. 15) til Gina Breiehagen.
    Bruket Solvik vart selt attende til garden Breiehagen i 1962. Våningshuset vart frådelt som eigen bustad (Solvik II, bnr. 19) med tomt same året.