Bekkestad søre gnr. 129 bnr. 1
Gardsregister Garden Bruksregister Forklaring

Bekkestad søre gnr. 129 bnr. 1-

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =
Fyrste utkast til manus. Meld frå om feil! NB. Hushald i tida før
1750 og etter 1900 er ikkje klargjort for internett. For english readers.

= = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = = =

Bekkestad er nemnt i jordebøkene frå 1577 og framover. (Men utan namn på brukar eller eigar før 1620.) I 1588 vart betalt årleg skatt 1 album slottelending av Bekkestad, og garden var oppført etter Øvre Breie! Dvs. Bekkestad var brukt under øvre Breie.
    I 1670 vart Bekkestad skattlagt som øygard, landskylda var 6 laupsbol.
    Namnet Bekkestad kjem nok av bekken som renn midt over jordet. (Her var kvern i 1762.) Gardsnamnet er truleg av ein yngre type enn dei gamle stad-gardane. Bekkestad vert rekna for å vera ein høgmellomaldergard. (K.O.Solhjell 1987)
    Bekkestad ligg høgt og fritt på ei hylle oppå berget ovanfor Underberget, og grensar mot Hol kommune i vest. Omlag 700 m.o.h. Det er skog og stølsmarker i vest, nord og aust. I sør, nedunder berget, ligg Breiegardane.
    Å koma til Bekkestad var ikkje så enkelt frå gamalt. Vanleg ferdsel gjekk etter stigane gjennom berget. Med ryggsekk. Det fortelst at dåpsbarn vart bundne fast til far sin då dei skulle døypast. På holkeføre var det ikkje tilrådeleg å ta seg fram gjennom berget. ### Lærar Trælnes slo seg i hel i 1956. Her?
    Varer utover det som gjekk i ryggsekk måtte køyrast til (eller frå) øvre Reinton i Hol. Det var gjerne eit samla innkjøp som så vart kippa til gards på vinterføre. Hallande lende gjorde at dei måtte vente til snøen var høveleg stor ein gong etter jul. Så var det å maka og trø til slepa var køyrande med hest. Kring 1920 vart det bygd ein kjerreveg.
    Sumarvegen i berget gjekk opp or Husé (nedre Underberget) og over Slettbakkane. Vintervegen i berget gjekk opp frå Garden, Eikra og over Vesleberget. Fyrst på 1900-talet brukte folket i Bekkestad å skifte sko i Husé på veg til eller frå garden.
    Løypestrengen bygd i 1951 vart eit stort framsteg. I 1970 vart det det arbeidd bilveg fram til Bekkestad. Den går frå øvre Reinton og over Bekkestadhøgda. Straum ########
    Frådeling. Nordre Bekkestad (1 1/2 laupsbol) var frådelt i tida 1723 til 1770 - ### og fram til 1950. Sidan har garden vore samla som frå gamalt.
    Areal 1865: dyrka jord 14 mål, naturleg eng 60 mål, utslått 23 mål. Avling 13 1/2 tunne bygg og 4 1/2 tunne potet.
    Areal 1995: dyrka jord 41 mål, anna areal 40 mål, produktiv skog 300 mål, anna utmark 1620 mål. Buskap 25 vinterfôra sauer.
    Våningshus bygt 1940, kårhus 1988, loft omkr. 1700, låve med fjøs og stall 1935, vedskåle, kvernhus, og badstugu, 5 tømra løer.
    Stølar. Kambestølen og Bekkestadmyri med gml bu på begge.

{7036} År: 1762

Ola Tolleivson Breie Bekkestad 1716c-
Foreldre: Tolleiv Knutson øvre Breie og Gro Olsdtr. Mehus.
Gm Kari Embriksdtr. ... Bekkestad 1720c-1774s
Foreldre: Embrik ... ... og ...
*Barn
1. Tolleiv Olson Sundre Bekkestad 17.10. 1751-1784s
Gm Mari Mikkelsdtr. Underberget. Sjå neste hushald.
2. Gro Olsdtr. Tune 1754-1754
Gro vart ihel-legen.
3. Lars Olson Sundre 15.02. 1756-1756
4. Margit Olsdtr. Bekkestad Dokken 22.10. 1758-
Gm Knut Ellingson Solheimslåtta (OlmeDokken) 1756-1826. Barn: Elling 1788-1872 til nordre Bekkestad, gm Margit Persdtr. Lybekk; Sunnev 1788-1822 (tvilling) hadde fallesjuke. (Hol III s 248)
5. Haldis Olsdtr. Bekkestad Reinton 27.01. 1762-1832
Gm Ola Knutson nedre søre Reinton 1756-1789. Barn: Rønnaug 1787-1801c; Kari 1789- gm Ola Tomasson Kvamshaugen; Ola 1790-1876 bonde i Reinton, gm Ragnhild Olsdtr. øvre Reinton (4 barn), gm Haldis Olsdtr. Medhus (2 barn).
    Gm Svein Levorson Sindrol Reinton. Barn: Levor 1795-1810; Birgit 1796-1882 gm Lars Knutson Sandåker; Rønnaug 1798- gm Torgeir Torgeirson Tangeviken; Ola 1804-1892 bonde på Vindegg og Storedal, gm Birgit Guttormsdtr. Tufto, Ustedalen.
    Ola Knutson var fehandlar, men selde også varer. (Hol III s 48)

Ola og Kari gifte seg i 1755. Fyrste tida budde dei på Tune og sidan på Sundre. Frå før hadde Ola to barn: Sigrid f. 1750 m/Guri Larsdtr. ... og Torstein f. 1747 m/Gjertrud Torsteinsdtr.
    I 1762 kjøpte Ola Tolleivson garden Bekkestad hjå Lars Johanneson for 250 rd og kår. Ola var nærare odelsmann, han hadde no løyst inn godset etter Amund og sat med 4 1/2 lb. Ola kravde gardsyn i Bekkestad i 1763. Husa var: ei forfallen stugu, 5 rd; fehus, stall, sauestall, luer, badstugu, ei eldgamal stugu - ubrukeleg, 1 ort; eit halvt kvernhus. På heimstølen: ei bu. Det var omlag 10 mål eng. (1190) s 512
    I 1773 kjøpte Ola 1 1/2 laupsbol i Bekkestad hjå Amund Herbrandson for 98 rd og eit lite kår.
    I 1770 ville futen ha ny skattetakst på kvernhusa i bygda. Kvernhuset på Bekkestad var av 'så ringe og ubetydelig beskaffenhed' at eigaren hadde liten eller ingen nytta av det, - det meste av tida stod kverna stille. Det vart likevel ei årleg avgift på 4 skilling.
    På skiftet etter Kari i 1774 var det 248 rd å dele på enkjemann og tre barn.
    Det var 641 rd å dele etter Ola. Garden vart selt til svigerson Knut Ellingson Olmedokken for 600 rd.

{7037} År: 1782

Tolleiv Olson Sundre Bekkestad 17.10. 1751-1784s
Foreldre: Ola Tolleivson Breie Sundre Bekkestad og Kari Embriksdtr. ... .
Gm Mari Mikkelsdtr. Underberget Bekkestad 15.02. 1756-1819
Foreldre: Mikkel Olson Rue (Hol) Underberget og Ågot Larsdtr. Underberget.
*Barn
1. Mikkel Tolleivson Bekkestad 28.03. 1779-1833f
Gm Birgit Andersdtr. Leksvol f. 1790.
    Mikkel var 'fraværende med armeen' i 1808. Han var ute i krigen 1807-14.
    Mikkel kom frå Sandefjord i 1820 då det var skifte etter mora. Mikkel slo seg ned på Svanøy, og var død i Bergen stift før 1833. Birgit var enkje og busett nær Svanøy i 1833. NB. Folketeljinga 1865 for Kinn prestegjeld har korkje Birgit eller høvelege Mikkel-barn.
2. Ola Tolleivson Bekkestad 02.12. 1781-1785s
På skiftet etter Ola 28. juni 1785 var det 36 rd å dele på småsyskena.
3. Kari Tolleivsdtr. Bekkestad Sandåker 13.06. 1784-1829
G 1811 m Lars Knutson Sandåker, gnr. 126/1.

I 1782 kjøpte Tolleiv 4 1/2 laupsbol i Bekkestad hjå faren for 395 rd.
    Tolleiv og Birgit fekk tre barn.
    På skiftet etter Tolleiv i 1784 var det 204 rd å dele på enkja og tre små barn, men det var ikkje lausøyre nok til å betale ut gjelda, så garden måtte på auksjon.

{7038} År: 1786

Mari Mikkelsdtr. Underberget Bekkestad 15.02. 1756-1819
Foreldre: Mikkel Olson Rue (Hol) Underberget og Ågot Larsdtr. Underberget.
Gm Svein Olson Noss Bekkestad 02.10. 1746-1789
Foreldre: Ola Sveinson Gunhildgard Noss og Margit Syversdtr. Lappegard.
Gm Tor Knutson Strand Bekkestad 26.12. 1761-1820
Foreldre: Knut Ivarson Nerol (Hol) Fetagarden Strand og Jørand Eilevsdtr. Larsstugu Strand.
*Barn i andre ekteskap
1. Tolleiv Sveinson Bekkestad 18.02. 1787-
I 1838 vart det halde skifte over buet etter Tolleiv. Det heitte då at han hadde vore fråverande i 30 år, og ingen visste kvar. Farsarven hans frå 1789 (104 rd), viste arvingane ikkje kvar var, men morsarven på 98 spd frå 1822 stod i garden Bekkestad.
*Barn i tredje ekteskap
1. Svein Torson Bekkestad 26.08. 1792-1880
G 1821 m Birgit Halvorsdtr. Leksvol. Sjå år 1820.
1. Jørand Torsdtr. Bekkestad Strand 22.03. 1795-1881
G 1827 m enkjemann Ola Knutson Amundsgard Strand, gnr. 123/52.
    G 1838 m Knut Asleson Aslegarden Strand, gnr. 123/2.
1. Ågot Torsdtr. Bekkestad 09.04. 1798-
Truleg død ung.
1. Ågot Torsdtr. Bekkestad Sand 13.12. 1801-1878
G 1832 m Svein Sveinson Sand. Barn i Hol: Svein 1835-5, Kari 1836- gm Svein Olson Haugen, Lien i Hol; Svein 1838-1909 gm Kari Knutsdtr. Lauvrud; Tor 1841-1923 gm Jørand Syversdtr. Tunehago, til Am.
    Svein og Ågot kjøpte deretter gard i Sande i Vestfold. Der fekk dei sonen Elling 1843-1901 gm Anne Hermundsdtr. Løingslåtta, han fraus i hel på Hardangervidda.
    Svein var ein ihuga haugianar, "en isralelitt uden svik" (Sa prost Dybsjord.)

Garden gjekk til auksjon i 1786. Mari og ungane i fyrste ekteskap kjøpte kvar sin halvpart for 320 rd.
    Mari vart attgift 1785 med Svein Olson Noss. Dei fekk ein son. Svein var enkjemann etter Kari Larsdtr. Sundremyren. På skiftet etter Svein i 1789 var det 317 rd å dele på enkje og barna.
    I 1791 vart Mari attgift med Tor Knutson og fekk fire barn med han. I 1801 vart Tor forlikt med Knut Larsson Sundbrei (etter å ha vore i slagsmål): 'Begge parter er venner og vel forenede, det omstevnte angaaende saavelsom alt deres mellemværende.'
    Tor Knutson kjøpte attende den andre parten i garden i 1805.

{7039} År: 1820

Svein Torson Bekkestad 26.08. 1792-1880
Foreldre: Tor Knutson Strand Bekkestad og Mari Mikkelsdtr. Underberget Bekkestad.
Gm Birgit Halvorsdtr. Leksvol Bekkestad 04.07. 1802-1866
Foreldre: Halvor Knutson nordre Leksvol og Guri Eiriksdtr. Tune.
*Barn
1. Tor Sveinson Bekkestad 21.06. 1824-1908
Sjå neste hushald.
2. Halvor Sveinson Bekkestad 13.11. 1825-1889
Halvor var ugift. Han var gardsgut hjå broren Tor. Helsa hans var skral.
3. Mari Sveinsdtr. Bekkestad Underberget 10.11. 1827-1895
G 1846 m Ola Olson Underberget Neståker - Medhus. Sjå Underberget, gnr. 127/22.
4. Tolleiv Sveinson Bekkestad Vesledal 27.08. 1829-1876
G 1864 m Haldis Ivarsdtr. Vesledal, gnr. 7/1.
5. Guri Sveinsdtr. Bekkestad 30.01. 1831-1910
Guri var ugift og budde heime på garden. Guri hadde ei geit som ho onna til i utmarka, mellom anna onna ho i ei skorr i ute i berget, den vart kalla Guri-skorre. "Enslig logerende søster" i 1900.
6. Ågot Sveinsdtr. Bekkestad Halvorstølen 22.02. 1834-1916
G 1862 m enkjemannn Knut Halvorson Halvorstølen, gnr. 127/19.
7. Birgit Sveinsdtr. Bekkestad Djupedokken 11.11. 1836-1898
G 1873 m Ola Olson Breie Djupedokken, gnr. 127/44.
8. Jørand Sveinsdtr. Bekkestad 23.08. 1839-1914
Jørand var ugift. Ho var tenestjente hjå broren Tor, sidan hadde ho kår.
9. Lars Sveinson Bekkestad Halvorstølen 30.07. 1841-1922
G 1868 m Ågot Knutsdtr. Ulshagen. Barn: Svein 1868-1958 lærar/politikar, gm Jørgine Eilevsdtr. Smedsrud, Kr.herad. (4 barn). Sjå barnebarn.
    Lars var inderst på Halvorstølen då han gifte seg. Dei reiste til Amerika 1869: Rothsay, Wilkin Co. MN. Lars var pioner-farmar i Town of Oscar.
10. Gunhild Sveinsdtr. Bekkestad BreieEikro 10.02. 1844-1907
G 1871 m Ola Eirikson Hagajordet Breieeikro, gnr. 127/10.
11. Kari Sveinsdtr. Bekkestad 28.09. 1846-1930
G 1871 m Elling Tolleivson nordre Bekkestad, bnr. 2.
*Barnebarn
1. Svein Larsson Bekkestad Halvorstølen 17.02. 1868-1958
G 1909 m Jørgine Eilevsdtr. Smedsrud, Krødsherad ....-1960. Barn: Leonard Ellef 1911-1969 elektro-arbeidar og formann i Hallinglaget i Am. , gm Lois Armstrong (3 barn); Anne Ågot 1915-1998 ugift lærar, busett El Centro, California; Joseph Sylvester 1916-1948; g 1943 m Myrtle Gudrun Harvego (1 dotter); Gertrude Martha 1920- ugift. (1040)
    Svein budde i Fillmore Co, MN. Han var farmar, lærar og county-comissær.
    Svein gav ei boksamling til Bygdaheimen (no er dei i bygdearkivet), samt pengar til flytting av setustugu på Leksvol. I den stugu var bestemor hans født og oppvaksen. (1040)

Svein og Birgit gifte seg i 1821. Svein hadde vore ute i krigen 1807-14.
    I 1826 sette Svein og grannen Elling dele mellom søre og nordre Bekkestad.
    Svein selde garden 1874 til sonen Tor. Pris: 550 spd.

{7040} År: 1874

Tor Sveinson Bekkestad 21.06. 1824-1908
Foreldre: Svein Torson Bekkestad og Birgit Halvorsdtr. Leksvol.

Tor var ugift bonde i Bekkestad frå 1874. Han kjøpte garden for 550 spd og kår.
    Systrene Jørand og Guri budde også på garden, dei hjelpte til. Den sjuklege broren Halvor fekk kår i 1880.
    Tor selde garden til systersonen Svein Olson Djupedokken, og var sidan tenestgut hjå Svein i mange år. NB. Handelen vart ikkje fullbyrda før på skiftet etter Tor. Då fekk systera Jørand kår. (1819 s 31)